Kristiansund kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
(Omdirigert frå Fosna)

Kristiansund kommune (eldre namn Fosna) er ein bykommune med om lag 24 526 innbyggjarar per 1. januar 2016 på ytre Nordmøre i Møre og Romsdal. Byen ligg i havgapet og har totalareal på 87 km² etter samanslåinga med Frei frå den 1. januar 2008. Før kommunesamanslåinga utgjorde Kristiansund dei tre øyane Innlandet, Nordlandet og Kirklandet/Gomalandet på til saman 22 km², og frå 1964 fiskeværet Grip — eit fråflytt lite fiskerisamfunn og ein gong den minste kommunen i Noreg.

Kristiansund kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Kristiansund
Areal 87,44 km²
 - land 86,21 km²
 - vatn 1,23 km²
Folketal 24 404  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Kjell Neergård (Ap)
Kommunenr. 1505
Kart
Kristiansund kommune
63°06′41″N 7°43′55″E / 63.11152°N 7.73198°E / 63.11152; 7.73198
Wikimedia Commons: Kristiansund
Nettstad: kristiansund.kommune.no

Venskapsbyar endre

Geografi endre

Kristiansund har fire «land», eller øyar;

Attåt desse fire «landa» finst øya Skorpa austom Goma og nordom Nordlandet, og Grip med sine øyar og holmar uti havet nordom Kristiansund.

Frå 1. januar 2008 vart Frei kommune slegen saman med Kristiansund. Frei hadde i 2007 5428 innbyggjarar.

Historie endre

Nokre av dei eldste funna frå steinalderen er funne i Kristiansund, som opphavleg vart kalla Fosna. Fosnakulturen går heilt tilbake til kring 8000 f.Kr., då fosnafolket drog skinnbåtane sine på land, knekte skjel og veida, og slo seg til ved bredda av Atlanterhavet. Istida var på retur. Desse ytre distrikta vart tidleg isfrie, og i havet fanst rikeleg føde. Ein hadde òg tilgang på flint og andre harde bergartar. Ein har gjort fleire funn frå fosnakulturen i kommunen, mellom anna ved Voldvatnet. Det første funnet vart gjort så tidleg som i 1909 av Anders Nummedal.

På slutten av 1600-talet kom frislendaren Jappe Ippes med kunnskapar om tørking av saltfisk til Noreg. Den 11. august 1691 fekk han eit kongeleg privilegiebrev som gav han løyve til å drive med tilverking og eksport av klippfisk i Kristiansund og på Tustna. Det store oppsvinget kom likevel ikkje før skotten John Ramsay overtok etter Jappe. «Alle» fekk arbeide på «bergan». Båtane kom inn frå havet med salta fisk som måtte vaskast. Etterpå skulle fisken fraktast til ny salting og stabling oppe på berga. Fisken vart no liggjande i press i rundt to veker for at saltlaken skulle renne av.

Kristiansund fekk offisiell bystatus den 29. juni 1742 av kong Christian VI, under namnet Christianssund. Byen utvikla seg snøgt og vart ein føregangsby, særleg på fiskehandel. Dette trekte mange utlendingar til byen, særleg frå England og Skottland. I åra etter 1776 bygde byen opp ein stor skipsflåte med fleire skipsverft og reiparbane. Vidare fram mot 1806 hadde næringslivet i Kristiansund ei eksplosjonsarta utvikling, der byen vart tilført enorme rikdomar.

Folketalsutvikling endre

Kristiansund var den største byen og den største kommunen i Møre og Romsdal etter folketal fram til det første tiåret av 1900-talet, då Ålesund vart større.[1] I 1969 passerte òg Molde i folketal, og Kristiansund har sidan då vore den tredje største kommunen i fylket.[2][3]

Folketalsutvikling for noverande Kristiansund kommune frå 1900:

1900[1] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[2][6][7] 1.1.1961[2][6][7] 1.1.1971[2][6] 1.1.1981[2][6] 1.1.1991[2][6] 1.1.2001[2][6] 1.1.2010[8]
13341a 16609a 16056a 14975a 16537a 19040a 21107 22132 22073 22319 23238
a Talet omfattar ikkje Dale krins, som var del av gamle Bremsnes kommune fram til 1964, då han vart del av Kristiansund kommune. Dette området hadde då 963 innbyggjarar. Det omfattar heller ikkje krinsane Dale, Bolga og Valen, som var del av gamle Bremsnes kommune fram til 1964, då dei vart del av gamle Frei kommune. Desse områda hadde då 884 innbyggjarar. Talet omfattar ein del av Aspøya som var del av gamle Frei kommune fram til 1964, då det vart overført til Tingvoll kommune. Dette området hadde då 147 innbyggjarar.

Folk frå Kristiansund endre

Folk frå Kristiansund vert kalla «kristiansundarar».

Diverse endre

I 1876 vart sundbåten oppretta i Kristiansund. Dette er ein ferjebåt som fraktar passasjerar mellom dei fire øyane. Båten tar berre nokre få personar, men er vorten eit populært transportmiddel i Kristiansund.

Den lokale avisa heiter Tidens Krav.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Folkemengd i Kristiansund 1. januar kvart år frå 1951 til 2008, frå Statistisk sentralbyrå
  3. Folkemengd i Molde 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Folkemengd på Frei 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd på Grip 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. Folkemengd i Kristiansund 1. januar kvart år frå 2008, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre

Utdanning endre

Kultur og underhaldning endre

Idrett og friluftsliv endre

Kommunikasjon og transport endre