Jofamilien

fuglefamilie
(Omdirigert frå Stercorarius)

Jofamilien (Stercorariidae) er ein biologisk familie av måsefuglar. Dei har kraftige og krokete nebb og spisse venger. Familien består av ei biologisk slekt, Stercorarius.

Jofamilien
Polarjo Foto: Patrick Coin
Polarjo
Foto: Patrick Coin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Jofamilien Stercorariidae

Jofamilien samlar i alt sju sjøfuglar som i stor grad lever pelagisk på verdshava når dei ikkje er på land for å hekke. Det finst fire nordlege artar og tre sørlege. Dei sørlege er store fuglar, ein av dei nordlege, storjo, er òg ein stor joart, dei tre andre nordlege artane er monaleg mindre med slankare kroppsform og forlenga midtre halefjører i hekkedrakt. Alle joar hekkar på bakken, og som gruppe hekkar joane sirkumpolart både på den nordlege og sørlege halvkula. Dei nordlege artane hekkar i arktiske strøk og nærliggjande tempererte område. I sør hekkar joar på Antarktis, på antarktiske og subantarktiske øyar og i nærliggjande tempererte område. Hekkehabitata er på øyar, på snaufjell, kystheier og tundra. Dei er langdistanseflyttfuglar, og streiffuglar av sørjoar blir jamvel observerte på Amundsen-Scott-basenSørpolen.[1][2]

Skildring

endre

Joar er middels til store fuglar, fjørdrakta er mest i gråbrunt og skittenkvitt, ofte med kvite teikningar på vengene.[3] Nokre av artane har både ein lys og ein mørk morf, samt ein mellomfase. Kjønna er like. Dei varierer i storleik frå fjelljo, Stercorarius longicauda, ​​på 310 gram, til sørhavsjo, Stercorarius antarcticus, på 1,95 kg. I gjennomsnitt er ein jo ca. 56 cm lang, og måler 121 cm i vengespenn.[treng kjelde] Dei har lange nebb med ein nedbøygd tupp som store måsar, og symjehud på føtene med skarpe klør. Dei store joartane ser ut som store, mørke måsar. Vaksne individ av dei tre minste artane fjelljo, tjuvjo og polarjo får karakteristiske halespyd av sentrale halefjører. Joane er sterke, akrobatiske flygarar og er generelt aggressive i disposisjon.

Utanfor hekkesesongen lever joane av fisk og åtsel. Mange er delvis kleptoparasittar, opptil 95 % av fangsten for overvintrande fuglar skjer ved å jage måsar, terner og andre sjøfuglar for å stele fangstane deira. Dei større artane som storjo, kan òg jamleg drepe og ete vaksne fuglar, til dømes lundar og måsar, og har vore registrert å drepe fuglar så store som ein gråhegre.[4] På hekkeområda vil dei tre meir slanke nordlege hekkefuglane ofte ete lemen. Artane som hekkar i Sørishavet beitar i stor grad på fisk som dei kan fange i nærleiken av hekkekoloniane. Egg og ungar av andre fuglar er ei viktig matkjelde for dei fleste joartane i hekketida.[3] I dei sørlege hava og i Antarktis-regionen, vil nokre joartar og spesielt sørjo beite på avfall i hekkekoloniar til pingvinar og sel, nokre gonger tar dei levande pingvinungar. I desse områda synest joane å vike for dei monaleg større kjempepetrellane.[treng kjelde]

Taksonomi

endre

Joane er medlemmer av den biologiske ordenen vade-, måse- og alkefuglar, dei er derfor nærskylde til mellom anna måsar og terner, alkefuglar og saksenebbar. Basert på genetikk, åtferd og fjørlus, kan det generelle tilhøvet mellom artane best uttrykkjast ved å plassere alle artar i éi slekt.[5] Studiar av mitokondrie DNA viser at polarjo og storjo er nærare nærskylde til kvarandre enn dei er til fjelljo, tjuvjo og til dei sørlege artane.[6]

Artsliste etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [8]

Artsnamn Vitskapleg namn Utbreiing
Storjo Stercorarius skua Hekkar kystnært i arktisk del av nordvestre Eurasia; overvintrar i Sør-Atlanteren og Nord-Atlanteren medrekna Middelhavet.
Kaneljo Stercorarius chilensis Hekkar på kysten av Chile og sørlege Argentina; trekker nordover til tropiske farvatn, så langt nord som utanfor Ecuador og Bahia i Brasil.[9]
Sørjo Stercorarius maccormicki Hekkar på kysten av Antarktis, trekker nordover til Nord-Atlanteren, nordlege Stillehavet og nordlege Indiahavet.
Sørhavsjo Stercorarius antarcticus Hekkar på Den antarktiske halvøya, sirkumpolart på subantarktiske øyar inkludert Aucklandøyane og Chathamøyane, FiordlandSørøya på New Zealand og andre øyar i landet; på søraustre kysten av Argentina Falklandsøyane, Tristan da Cunha og Gough Island. Overvintrar i Sør-Atlanteren og spreitt på sørlege hav.
Polarjo Stercorarius pomarinus Hekkar sirkumpolart på arktisk tundra, overvintrar på sørlege hav.
Tjuvjo Stercorarius parasiticus Hekkar kystnært sirkumpolart tempererte eller arktisk område, overvintrar på sørlege hav.
Fjelljo Stercorarius longicaudus Hekkar sirkumpolart frå nordre Skandinavia over Sibir til arktisk del av Nord-Amerika, overvintrar sør for ekvator utanfor Sør-Amerika og Afrika.

Kjelder

endre
  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, (2005) ISBN 978-0-14-302040-0
  • Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.

Referansar

endre
  1. Beatrice Axelrod, Observations of south polarskuas at dome C c/o Field Biology Program Bell Museum of Natural History University of Minnesota
  2. Alerstam, Thomas (25. mars 1993). Bird Migration. Cambridge University Press. s. 143. ISBN 9780521448222. 
  3. 3,0 3,1 Harrison, Colin J.O. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 109. ISBN 1-85391-186-0. 
  4. Short notes: Grey Heron killed by Great Skua Arkivert 2013-01-19 ved Wayback Machine. Scottish Birds, Autumn 1999, 20(1):40
  5. AOU (2000). Forty-second supplement to the American Ornithologists' Union Check-list of North American Birds. The Auk 117(3):847–858.
  6. Cohen, Baker, Belchschmidt, Dittmann, Furness, Gerwin, Helbig , de Korte, Marshall, Palma, Peter, Ramli, Siebold, Willcox, Wilson and Zink (1997). Enigmatic phylogeny of skuas. Proc. Biol. Sci. 264(1379): 181–190.
  7. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 
  8. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  9. Denis Lepage Avibase - Bird Checklists of the World Henta 4. januar 2013

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jofamilien