Artikkelnamn for kommunar endre

Ein gong i hadeikum for nynorsk Wikipedia kom ei avgjersle om at kommuneartiklane skulle namngjevast utan 'kommune’ i artikkelnamnet., som til dømes Ringerike for Ringerike kommune. Så finst det somme unntak frå regelen, eg veit om Gran kommune, Lom kommune, Sola kommune, men her kan vere fleire. Ikkje alle skribentar er klar over alle unntak, dei skriv artiklar der peikarar går til gran, lom og sola når dei meiner å peike til kommunar, sokn, tettstader, sentre eller andre administrative fenomen.

Eg gjev framlegg om alle artikkelnamn for kommunar skal få forma <kommunenamn kommune>. Grunngjevinga for det er at artikkelnamn utan 'kommune' fell saman med så mange ulike fenomen som:

  • ein by, eit senter eller ein stad med same namn innanfor kommunegrensene, eller i ein heilt annan kommune
  • eit sokn, prestegjeld eller liknande
  • eit landskap eller anna avgrensa geografisk område som ikkje samsvarar med kommunen sin geografisk utstrekning
  • andre fenomen som t.d. dei i biologien eller meir generelle substantiv

Flytting av kommuneartiklar frå <kommunenamn> til <kommunenamn kommune> vil krevje mykje innsats, i alle høve om det skal gjerast manuelt, men gevinsten er langt betre orden på omgrepa og det vil gjere det lettare å danne nye artiklar om t.d. tettstader og geografiske område i kommunar der det er namnekollisjon i dag. Roar 9. mai 2009 kl. 14:59 (CEST)Svar

Verkar rett, og godt grunngjeve. --Ekko 9. mai 2009 kl. 15:21 (CEST)Svar
Samd med Roar, Namngjevingspolitikken me har no gjev uheldige biverknadar for somme tettstader, som Lindås og Vaksdal og moglegvis nokre fleire Anders 9. mai 2009 kl. 15:31 (CEST)Svar
Hjartans samd, eg har fundert ein del på Vartdal, dette er både ei tidlegare kommune, og bygda Søre-Vartdal som også blir kalla berre Vartdal og som for ordens skuld ligg i det geografiske området Vartdal også kalla Vartdalsstranda. Arbeidet med å flytte hovudartiklane er jo svært overkommeleg, 430 kommunar går på eit blunk. Det tar nok lenger tid å få orden på dei fleste lekkjer, vi bør jo ikkje legge inn omdirigering utan å ha tenkt oss om i det konkrete tilfellet. Kan fleirtydingssider vere ei løysing? --Egil Arne 9. mai 2009 kl. 16:11 (CEST)Svar
Einig — og trur dette med fordel kan utvidast til kategorinamn òg. (Begynner derimot å helle til oppfatninga at artiklar om enkeltspråk er minst like bra utan «... språk» i namnet.) -- Olve Utne 9. mai 2009 kl. 17:31 (CEST)Svar


I skipsartiklane skriv eg noko slikt som dette:

Artikkelen om garden/grenda/tettstaden(stryk det som ikkje passar) Fjomdal: :Denne artikkelen handlar om garden/grenda/tettstaden Fjomdal. For kommunen med same namn, sjå [[Fjomdal kommune]].
Artikkelen Fjomdal kommune: :For garden/grenda/tettstaden Fjomdal, sjå [[Fjomdal]].

Hamnar ein på feil artikkel, er det såleis lett å kome på rett køyr att, og over tid vil feile lenkjer kanskje verta retta.Anders 9. mai 2009 kl. 16:29 (CEST)Svar

Anders sitt forslag verkar som ein enkel måte å unngå kaos. Eg synest vi skal gjere det slik når (!) vi startar å endre på kommuneartiklane. --Egil Arne 9. mai 2009 kl. 16:41 (CEST)Svar

Flytt frå «kommunenamn» til «kommunenamn kommune» endre

Sogn og Fjordane endre

Generelt endre

I samband med gjennomføringa av dette lurar eg på om det er ein bra idé at nokon lagar og kjører eit skript som går gjennom alle artiklar i hovudrommet, søkjer etter tekststrengar:
  '[[<kommunenamn>]] kommune'
og endrar slike førekomstar til:
  '[[<kommunenamn> kommune]]'
Det vil spare mykje manuelt arbeid. Finst det nokon wikipedant som har kunnskap og hugnad til å ta fatt på eit slikt skript / bot? Roar 6. november 2009 kl. 08:07 (CET)Svar

Du kan nytte replace.py som finnes i Pywikipedia-rammeverket. Elles er det jo særs enkelt å lenkje kommune-/stadsartiklane mot kvarandre, slik eg skisserte ovanfor. Anders 6. november 2009 kl. 13:03 (CET)Svar
Viss nokon gjer det med bot så styr unna kommunane med fleirtydige namn, det vil seie dei som alt ligg på «namn kommune» og «namn i fylke/landskap».
Det gjeld
  • Kvalsund – Kvalsund kommune
  • Berg – Berg kommune
  • – Bø i Vesterålen og Bø i Telemark
  • Herøy – Herøy på Helgeland og Herøy på Sunnmøre
  • Frøya – Frøya i Sør-Trøndelag
  • Aure – Aure kommune
  • Rauma – Rauma kommune
  • Sande – Sande på Sunnmøre og Sande i Vestfold
  • Eid – Eid kommune
  • Flora – Flora kommune
  • Førde – Førde kommune
  • Leikanger – Leikanger kommune
  • Selje – Selje kommune
  • Vik – Vik kommune
  • Årdal – Årdal kommune
  • Fjell – Fjell kommune
  • Os – Os i Hordaland og Os i Østerdalen
  • Sund – Sund kommune
  • Lund – Lund kommune
  • Sola – Sola kommune
  • Strand – Strand kommune
  • Time – Time kommune
  • Tinn – Tinn kommune
  • Hol – Hol kommune
  • Nes – Nes i Buskerud og Nes i Akershus
  • Ål – Ål kommune
  • Nittedal – Nittedal kommune
  • Ski – Ski kommune
  • Ås – Ås kommune
  • Våler – Våler i Østfold og Våler i Hedmark
  • Gran – Gran kommune
  • Lom – Lom kommune
  • Sel – Sel kommune
  • Vang – Vang kommune
Dessutan er eg på veg til å verte ferdig med kommunane i Sogn og Fjordane, og dei lenkjene som no går til t.d. Bremanger og Høyanger er meint å gå dit, stort sett, så ikkje endre på lenkjer til:
--Jorunn 6. november 2009 kl. 15:14 (CET)Svar

Lista Planlagte endringar viser endringar som kan utførast. Lista er lang, og sortert på fylke og kommune. Sogn og Fjordane, ferdig, og Finnmark, nesten ferdig, er ikkje med. Det er tatt omsyn til fleirtydige namn m.m. som nemnt over. --Roar 14. januar 2010 kl. 20:04 (CET)Svar

Tilbake til siden «Kommunar i Noreg».