Fotballkampen Noreg-England i 1981

Fotballkampen Noreg – England i 1981 var ein kvalifiseringskamp i gruppe 4 til VM i fotball 1982. Kampen var både Noreg og England sin nest siste kamp i kvalifiseringsgruppa i den europeiske VM-kvalifiseringa.[1] Resten av laga i gruppa, Ungarn, Romania og Sveits, hadde kampar tilgode mot både England og Noreg i kvalifiseringsgruppa. Kampen vart avvikla onsdag 9. september 1981Ullevaal Stadion i Oslo.

Radio- og TV-kommentatorar

endre

Kampen blei kommentert over NRK Radio med 1. omgangen på P2 (19.00–19.55) og 2. omgangen på riksprogramkanalen P1 (19.55–20.50)[2] av Bjørge Lillelien og sidekommentator Terje Dalby,[3]NRK TV (1. omgang 18.55–19.29 og 2. omgang 19.55–20.45) av Arne Scheie[4] med intervjuarane på indre bane Dan Børge Akerø og Knut Th. Gleditsch etter kampslutt. I Storbritannia blei kampen send live på ITV, med kommentatorane Brian Moore og Ron Atkinson.[5]

Utropet frå Lillelien då dommaren blåste av kampen har seinare blitt verdskjent og klippet av kommenteringa til Lillelien blei innlemma i Noregs dokumentarv i 2012, eit register over dei viktigaste dokumenta i norsk historie.[6] Registeret er ei nasjonal utgåve av verdsminne-programmet til UNESCO (Memory of the World).

Der blåser han! Der blåser han! Norge har slått England 2-1 i fotball! Vi er best i verden! Vi er best i verden! Vi har slått England 2-1 i fotball! Det er aldeles utrolig! Vi har slått England! England, kjempers fødeland – Lord Nelson, Lord Beaverbrook, Sir Winston Churchill, Sir Anthony Eden, Clement Attlee, Henry Cooper, Lady Diana, vi har slått dem alle sammen, vi har slått dem alle sammen. Maggie Thatcher, can you hear me? Maggie Thatcher, jeg har et budskap til deg midt under valgkampen, jeg har et budskap til deg: Vi har slått England ut av verdensmesterskapet i fotball. Maggie Thatcher, som de sier på ditt språk i boksebarene rundt Madison Square Garden i New York: –Your boys took a hell of a beating! Your boys took a hell of a beating! Maggie Thatcher: Norge har slått England i fotball! Vi er best i verden! It's Norway two. England one. What a fabulous night for football! Vær så god, studio!
—Bjørge Lillelien, 9. september 1981
   
Bryan Robson (t.v.) fyrste målskårar i kampen.
Hallvar Thoresen (t.h.) siste målskårar og matchvinnar i kampen.

I 2002 kåra den britiske avisa The Observer dette utropet til den beste prestasjonen av ein kommentator nokonsinne.[7]

   
Phil Neal (t.v.) også omtala som Phil «Gris» Neal av B. Lillelien.
Tom «Tommy» Lund (t.h.), den eigentlege målskåraren av utlikninga for Noreg i kampen.

Englands Bryan Robson scora det fyrste målet i kampen etter 14 minutt. I det 34. minutt utlikna Roger Albertsen, og eitt minutt før pause gjekk Noreg opp i leiinga etter at Hallvar Thoresen scora.[5] Kampen hadde avspark kl. 19 og blei send direkte på TV i sin heilheit, bortsett frå det siste kvarteret av fyrste omgang der Noreg snudde kampen og pausen. Då gjekk nemleg Dagsrevyen og det blei stille frå Ullevaal, men begge gongane Noreg scora avbraut programleiar Einar Slyngstad og opplyste om måla, det andre med «Norges bredeste glis».[8]

Eit anna kanskje ikkje fullt så kjent sitat frå same kamp av same kommentator er følgjande utsegn:

Så blir han felt av grisen Phil Neal. Rampen Phil Neal sparker Tommy overende bakfra. Phil «Gris» Neal! Begynn å ta igjen gutter! Begynn å ta igjen! Engelskmennene har ramp både på banen og tribunen. Tom Lund gikk forbi to engelskmenn, Phil Neal overfalt ham bakfra! For en gris! For en fotballramp Phil Neal er! Dette skal han ha igjen gutter, ta ham ved første anledning.
—Bjørge Lillelien, 9. september 1981[9]

[10]

Kampstatistikk

endre
9. september 1981
19:00
Noreg   2−1   England Ullevaal Stadion, Oslo
Tilskodarar: 28 500
Dommar: Jerzy Kacprzak (Polen)
Ass.: Andrzej Libich (Polen)
0 0 0 Aleksander Suchanek (Polen)
S. Grøndalen   13'
R. Albertsen   34'
H. Thoresen   44'
Allworldcup.narod.ru rapport
Englandstats.com rapport
Fotball.no rapport
Br. Robson   14'
Målvakt: 1 : Tore Antonsen
Forsvar: 2 : Bjarne Berntsen; 3 : Åge Hareide; 4 : Einar Aas; 5 : Svein Grøndalen
Midtbane: 6 : Roger Albertsen; 8 : Hallvar Thoresen  ; 7 : Anders Giske
Angrep: 11 : Tom Lund; 10 Pål Jacobsen; 9 : Arne Larsen Økland
Innbyttarar: 16 : Arne Dokken for T. Lund (75 min); 13 : Trond Pedersen for A. Larsen Økland (87. min)
Trenar:   Tor Røste Fossen
Målvakt: 1 : Ray Clemence
Forsvar: 2 : Phil Neal; 4 : Phil Thompson; 5 : Russel Osman; 3 : Mick Mills
Midtbane: 6 : Bryan Robson; 8 : Trevor Francis; 10 Glenn Hoddle
Angrep: 9 : Paul Mariner; 7 : Kevin Keegan  ; 11 : Terry McDermott
Innbyttarar: 16 : Peter Barnes for G. Hoddle (65 min); 15 : Peter Withe for P. Mariner (77. min)
Trenar:   Ron Greenwood

Referansar

endre
  1. Arbeiderbladet, 9. sep. 1981 VM-tabellen, side 34
  2. Arbeiderbladet, 9. sep. 1981 Radio Onsdag, 9. september, side 35
  3. Arbeiderbladet, 9. sep. 1981 Fotball, side 35
  4. Arbeiderbladet, 9. sep. 1981 TV i dag, Onsdag, 9. september, Norsk TV, side 35
  5. 5,0 5,1 «England Match No. 557 - Norway - 9 September 1981 - Match Summary and Report». www.englandfootballonline.com. Henta 21. mai 2016. 
  6. «Radioprogram: Norge slår England 2–1 i fotball 1981 - Norges dokumentarv - kulturradet.no». www.kulturradet.no. Henta 21. mai 2016. 
  7. «The 10 greatest bits of commentary ever». Observer Sport Monthly. 6. oktober 2002. Henta 23. mars 2014. 
  8. NRK. «30 år siden Norge var best i verden». NRK. Henta 21. mai 2016. 
  9. Sigve Kvamme (1. februar 2009). «- Har han for liten shorts, eller er han bare feit?». Dagbladet. Henta 22. mai 2016. 
  10. «Tom Lund blir taklet bakfra av Phil "Grisen" Neal». NRK. 8. november 2013. Henta 1. november 2020. 

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre