Julelåt

(Omdirigert frå Julesingel)

Julelåt eller julesingel er eit musikkstykke laga spesielt til jul. Omgrepet er særleg knytt til ulike sjangrar av populærmusikk, og kan visa til nyskrivne stykke eller innspelingar av eldre songar med juletilknytting. Som regel blir julelåtar gjevne ut ganske tett opptil jula.

Instrumentalframføringtrombone av den amerikanske julelåten «The Christmas Song» ved ein innsamlingskonsert.
Dr. Elmo framfører den humoristiske julelåten «Grandma Got Run Over by a Reindeer» med komikaren John Pinette i julenissekostyme.

Det er vanleg å spela julelåtar på radio, i handels-, festleg og privat samanheng ved juletider. Julemusikk kan gje artistar og låtskrivarar gode sal og speleinntekter, i nokre høve i år etter år. I fleire land er det rekna som svært gjævt å nå førsteplassen på hitlista til jul (ofte kjend som «Christmas number one»). I nokre høver blir julelåtar laga og selde eller framførte til inntekt for veldedige føremål. Julelåtar kan også samlast på juleplater, gjevne ut av éi musikkgruppe eller som samleplate.

Innhald

endre

Julelåtar kan vera tradisjonelle julesongar eller laga for å likna på desse, men kan også ha eit vidare innhald. Medan mange tek for seg hendingar knytt til juleevangeliet eller ei vanleg julefeiring, kan ein del julelåtar vera mindre «koselege», som i «Do They Know It's Christmas?», dei kan vera morosame eller ha ein ironisk distanse til jula, som «Julekveld i skogen» eller «Fairytale of New York», eller ha ein politisk bodskap, som «Happy Xmas (War Is Over)».

Julelåtar i Australia

endre

Jul i Australia inneheld element både frå julefeiring frå den nordlege halvkula, og meir lokale delar knytt til lokal årstid og kultur. Julelåtar med australsk innhald er mellom anna «The Three Drovers» av John Wheeler, «Six White Boomers» av Rolf Harris, «Aussie Jingle Bells» av Colin Buchanan og fleire australske versjonar av «Twelve Days of Christmas» der dei europeiske gåvene er bytta ut med australske dyr, personar og hendingar.

Julelåtar i Noreg

endre
 
Per Asplin skreiv «Hei hå, nå er det jul igjen».

I Noreg kan julelåtar omfatta tradisjonelle julesongar og meir kompliserte eller skjemtande songar med julemotiv. Nokre kjende julelåtar er henta frå syngespel eller filmar, som «Sonjas sang til julestjernen» frå Reisen til Julestjernen eller «Hei hå, nå er det jul igjen» frå Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg.

Det er vanleg å framføra eller spela ein del utanlandske julesongar, på originalspråk eller i omsetjing, som svenske «Nu är det jul igen» og «O helga natt» eller engelske «Bjelleklang» og «White Christmas». Samtidig blir det stadig laga nye norske julelåtar.[1]

Julelåtar i Storbritannia

endre

Den britiske musikkindustrien har laga offisielle oversyn over mestseljande låtar kvar veke sidan 1950-talet. Førsteplassen i veka som inneheld juledag har særskild store salstal og er gjev å vinna. Mange år har denne plassen blitt teken av den mestseljande singelen det året, men reine julelåtar, morosame eller veldedige låtar kan også oppnå topplassering.

Mestseljande julesinglar med juletema er mellom anna «Christmas Alphabet» med Dickie Valentine i 1955 og «Mary's Boy Child» med Harry Belafonte i 1957. Den første julesingelen gjeven ut særskild for å tevla om førsteplassen var Slade sin «Merry Xmas Everybody» i 1973. Seinare har «Do They Know It's Christmas?» nådd førsteplassen som veldedig singel ved to ulike høve, framført av ulike supergrupper.

Tydinga av ein storseljande julelåt går fram i romanen About a Boy (1998) av Nick Hornby, der hovudpersonen lever av inntektene frå éin populær julelåt faren hans skreiv, og julefilmen Love Actually (2003), der eitt av plotta dreier seg om ei aldrande rockestjerne sitt forsøk på å nå førsteplassen.

Mykje spelte julelåtar i Storbritannia er elles «All I Want for Christmas Is You» med Mariah Carey, «Last Christmas» med Wham!, «White Christmas» med Louis Armstrong og Bing Crosby, «Driving Home for Christmas» med Chris Rea, «Merry Christmas Everyone» med Shakin' Stevens, «Mistletoe and Wine» med Cliff Richard og «Walking in the Air» med Peter Auty.[2]

Julelåtar i USA

endre

Dei mest spelte julelåtane i USA blir samla og gjevne ut årleg av American Society of Composers and Publishers (ASCAP). Songane er ofte sekulære i tonen, med meir vekt på vinter, julefeiring og liknande. Svært mange av dei mest populære låtane er skrivne av jødar, som ikkje har tradisjon for å feira jul.[3] Lista under oppgjev dei 25 mest spelte julelåtane i dei første 5 åra etter 2000:[4]

Rangering Song Komponist(ar) År Framført av mellom anna
1 «The Christmas Song» («Chestnuts Roasting on an Open Fire») Mel Tormé, Robert Wells 1944 Mel Tormé, Nat King Cole, Connie Francis
2 «Have Yourself a Merry Little Christmas» Ralph Blane, Hugh Martin 1944 Frank Sinatra, Connie Francis, Ella Fitzgerald
3 «Winter Wonderland» Felix Bernard, Richard B. Smith 1934 Connie Francis, Frank Sinatra, Bing Crosby, Eurythmics
4 «Santa Claus Is Coming to Town» J. Fred Coots, Haven Gillespie 1934 Perry Como, Bruce Springsteen & The E Street Band
5 «White Christmas» Irving Berlin 1940 Bing Crosby
6 «Let It Snow! Let It Snow! Let It Snow!» Sammy Cahn, Jule Styne 1945 Vaughn Monroe, Frank Sinatra, Dean Martin, Doris Day
7 «Jingle Bell Rock» Joseph Carleton Beal, James Ross Boothe 1957 Bobby Helms, Brenda Lee
8 «The Little Drummer Boy» Katherine K. Davis, Henry V. Onorati, Harry Simeone 1941 Ray Conniff singers, Bing Crosby, Johnny Cash
9 «Sleigh Ride» Leroy Anderson, Mitchell Parish 1948 The Ronettes, The Andrews Sisters
10 «Rudolph the Red-Nosed Reindeer» Johnny Marks 1939/1949 Gene Autry
11 «It's the Most Wonderful Time of the Year» Edward Pola, George Wyle 1963 Andy Williams
12 «I'll Be Home for Christmas» Walter Kent, Kim Gannon, Buck Ram 1943
13 «Silver Bells» Jay Livingston, Ray Evans 1950
14 «Rockin' Around the Christmas Tree» Johnny Marks 1958 Brenda Lee, Mel & Kim
15 «Feliz Navidad» José Feliciano 1970 José Feliciano
16 «Blue Christmas» Billy Hayes, Jay W. Johnson 1957 Elvis Presley, Beach Boys, Bobby Vee
17 «Frosty the Snowman» Steve Nelson, Walter E. Rollins 1950 Gene Autry
18 «A Holly Jolly Christmas» Johnny Marks 1964/5 Burl Ives, Michael Bublé, Lady Antebellum
19 «It's Beginning to Look a Lot Like Christmas» Meredith Willson 1951 Perry Como and The Fontane Sisters, Bing Crosby
20 «I Saw Mommy Kissing Santa Claus» Tommie Connor 1952 Jimmy Boyd
21 «Here Comes Santa Claus» (Right Down Santa Claus Lane) Gene Autry, Oakley Haldeman 1947 Gene Autry, The Andrews Sisters, Elvis Presley
22 «Carol of the Bells» Peter J. Wilhousky, Mykola D. Leontovych 1921/47 Robert Shaw Chorale, The Carpenters
23 «Do They Know It's Christmas? (Feed the World)» Midge Ure, Bob Geldof 1984 Band Aid, Band Aid II, Band Aid 20
24 «(There's No Place Like) Home for the Holidays» Bob Allen, Al Stillman 1954 Perry Como, The Carpenters
25 «Santa Baby» Joan Ellen Javits, Philip Springer, Tony Springer og Fred Ebb 1953 Eartha Kitt

Kjelder

endre
  1. «Kjører ned julenissen i heftig julelåt», adressa.no (13 desember 2013); Marie Komissar, «God jul fra Sirkus Eliassen og mP3» nrk.no (11 desember 2012); «Röyksopp gir ut julelåt», Nordnytt (09.12.2010), nrk.no.
  2. Survey Reveals White Christmas As Most Memorable Christmas Song: But Mariah Carey’s Hit Most Played», December 14, 2010 press release. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. Nate Bloom, «The Jews Who Wrote Christmas Songs», InterfaithFamily.com (desember 2006-2012).
  4. «ASCAP Announces Top 25 Holiday Songs – "The Christmas Song (Chestnuts Roasting...)" Tops List». Ascap.com. Henta December 18, 2011. . Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.