Glimmer

(Omdirigert frå Kråkesølv)

Glimmer (òg kalla uformelt kråkesølv) er ei gruppe mineral som til vanleg opptrer i tynne flak. Dei har særeigne kløyveigenskapar, og kan lett delast opp i enda tynnare og tynnare flak. Dette er sjiktsilikat. Glimmermineral er vanlege i gneisar og metamorfe skiferar (glimmerskifer).

Glimmer
Stein med glimmer

Glimmer er mykje mjukare enn kvarts og feltspat. Saman utgjør desse minerala delar av bergarten granitt. Dei to vanlegaste glimmerminerala er muskovitt og biotitt.

Klassifisering av glimmer endre

Kjemisk har glimmer formelen:[1]

X2Y4–6Z8O20(OH,F)4
der X er K, Na, eller Ca. Mindre vanleg er Ba, Rb, eller Cs
Y er Al, Mg eller Fe. Mindre vanleg er Mn, Cr, Ti, Li, osv.
Z er hovudsakleg Si eller Al, men kan òg vere Fe3+ eller Ti

Strukturelt kan glimmer klassifiserast som dioktahedrisk (Y = 4) og trioktahedrisk (Y = 6). Dersom X ionet er K eller Na er glimmeren ein vanleg glimmer. Dersom X ionet er Ca er glimmeren klassifisert som ein sprø glimmer.

Dioktaedriske glimmer endre

Vanleg glimmer:

Sprøtt glimmer:

Trioktaedriske glimmer endre

Vanleg glimmer:

Sprøtt glimmer

Andre typar glimmer endre

Glimmer med vatn og varierande ioneinnhald mellom sjikta:

  • hydro-muskovitt med H3O+ og K på X-plassen.
  • Illitt med K mangel i X site og tilsvarande mer Si på Z-plassen.
  • Phengitt med Mg eller Fe2+ substituerer for Al på Y-plassen og ei tilsvarande auke i Si på Z-plassen.

Kråkesølv endre

Kråkesølv er ei uformell nemning for sølvaktige, blanke skjel, blad eller plater av fargelaus glimmer (vanlegvis muskovitt). Gylne flak av forvitra mørk glimmer (biotitt), og det messingfarga, sprø og harde mineralet pyritt (svovelkis) kan nokre gonger takast for å vere gull, og vert gjerne kalla kråkegull (engelsk fool's gold).

Funn endre

I 2005 produserte Kina mest glimmer; opp imot 1/3 av verdsproduksjon tett følgd av USA, Sør-Korea og Canada, rapporterer British Geological Survey.

Glimmer er mykje utbreidd og ein finn det i magmatiske, metamorfe og sedimentære bergartar. Store glimmerkrystallar som blir nytta mange stader har vorte utvunne frå granittiske pegmatitter.

Fram til 1800-talet var store glimmerkrystallar ganske sjeldne og dyre på grunn av små førekomstar i Europa. Prisane på glimmer fall drastisk då store førekomstar vart funne og brote i Afrika og Sør-Amerika tidleg på 1800-talet.

Eigenskapar og bruk endre

 
Isolasjonsskiver av glimmer for effektransistorar

Glimmer tåler høg varme og er ein god isolator. Derfor har den blitt mykje brukt til pakningar i elektriske apparat som brødristarar, og anna elektrisk materiell som skal tåle høg temperatur.

Glimmer har ein høg dielektrisk styrke og er svært kjemisk stabilt, noko som gjer at det blir nytta i glimmerkondensatorar til høgfrekvens-utstyr. Glimmer blir òg nytta som elektrisk isolatormateriale i høgspenningsutstyr. Glimmerisolatorar vert nytta for elektriske feltstyrke opp til 60 kV/mm.

Fordi glimmer tåler høg varme opp til minst 600 °C, vert det nytta det i staden for glas i omnsruter (marieglas). Glimmer vert òg nytta som isolator i elektriske leiarar i elektriske kablar som må vere brannfaste – som til dømes for naudlys.

Glimmer kan kjøpast i flak og er lett å klippe opp.

Glimmer i forhistorisk tid endre

 
Hand utskoren av glimmer av Hopewell-kulturen (Nord-Amerika, 200 f.Kr.-500 e.Kr.)

Glimmer har vore kjent og nytta sidan steinalderen til m.a. å få leirtøy til å glimre.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Deer, W. A., R. A. Howie and J. Zussman (1966) An Introduction to the Rock Forming Minerals, Longman, ISBN 0-582-44210-9

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Glimmer