Unge Venstre
Unge Venstre (Norges Unge Venstre) er ungdomspartiet til det politiske partiet Venstre, og vart stifta 27. januar 1909, med Anders Kirkhusmo som den første leiaren. Omar Svendsen-Yagci har vore leiar for ungdomspartiet sidan 2024.[2]
Unge Venstre | |||
| |||
Moderparti | Venstre | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
Partileiar(ar) | Ane Breivik | ||
Generalsekretær | Ingrid Andresen | ||
Grunnlagt | 1909 | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Medlemstal | 994 (2022)[1] | ||
Ideologi | Sosialliberalisme, proeuropeisk |
Formålsparagraf
endreUnge Venstres Formålsparagraf[3] lyder:
Norges Unge Venstre byggjer på den liberale ideologien. Organisasjonen arbeider for å fremma ein radikal politikk, tufta på ei liberal samfunnsforståing. Formålet er å samle oppslutning om organisasjonens idéar blant ungdom. Norges Unge Venstre er ein sjølvstendig ungdomsorganisasjon som samarbeider med Venstre.
Organisasjonen
endreUngdom mellom 12 og 35 år kan bli medlemmer i Unge Venstre, forutsett at dei deler organisasjonen sitt politiske syn. Samarbeidet med Venstre er tett. Leiaren av Unge Venstre er automatisk med i sentralstyret i Venstre - dette gjeld på alle plan frå den nasjonale organisasjonen til fylkeslag og lokallag.
Politisk er Unge Venstre ein liberal organisasjon, som står for ein stor grad av personleg og økonomisk fridom for enkeltmennesket, men samtidig er tilhengjarar av offentleg utdanning og velferdsordningar. Miljøpolitikk har òg lenge vore eit viktig politikkområde for Unge Venstre.
Unge Venstre går i motsetning til moderpartiet Venstre inn for norsk medlemskap i EU, sidan landsmøtet i Bergen i 2000.
Unge Venstre er medlem av desse internasjonale organisasjonane
- International federation of Liberal Youth (IFLRY)
- European Liberal Youth (LYMEC)
Medlemstal
endreÅrstal | Tal på betalande medlemmar |
---|---|
2016 | 1415 |
2015 | 1581 |
2014 | 1551 |
2013 | 1501 |
2012 | 1685 |
2011 | 1652 |
2010 | 1018 |
2009 | 800 |
2008 | 714 |
2007 | 768 |
2006 | 696 |
2005 | 677 |
Partileiing
endreResultat i skuleval
endreFylke | 2015 | 2013 | 2011 | 2009 | 2007 | 2005 | 2003 | 2001 | 1999 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Akershus | 7.5 % | 8.8 % | 8.8 % | 10.2 % | 4.8 % | 2.7 % | 2.0 % | 2.9 % | 2.9 % |
Aust-Agder | 6.0 % | 5.4 % | 5.8 % | 2.9 % | 3.5 % | 2.5 % | 6.4 % | 5.2 % | 11.1 % |
Buskerud | 3.6 % | 4.4 % | 4.0 % | 4.6 % | 5.2 % | 2.0 % | 1.8 % | 2.9 % | 4.4 % |
Finnmark | 8.6 % | 5.0 % | 5.3 % | 2.1 % | 1.6 % | 1.1 % | 2.3 % | 1.6 % | 3.9 % |
Hedmark | 5.2 % | 7.9% | 8.4% | 8.1 % | 7.3 % | 4.2 % | 7.6 % | 2.8 % | 5.2 % |
Hordaland | 6.4 % | 9.3 % | 7.6 % | 9.1 % | 8.2 % | 4.8 % | 3.4 % | 4.8 % | 5.7 % |
Møre og Romsdal | 8.7 % | 5.2 % | 6.9 % | 4.0 % | 4.6 % | 3.8 % | 3.9 % | 3.6 % | 4.3 % |
Nord-Trøndelag | 8.5 % | 6.7 % | 4.8 % | 2.6 % | 2.0 % | 1.7 % | 2.4 % | 2.6 % | 1.7 % |
Nordland | 4.3 % | 4.8 % | 4.8 % | 4.6 % | 5.4 % | 1.4 % | 1.9 % | 1.7 % | 2.8 % |
Oppland | 3.7 % | 3.7 % | 6.3 % | 4.7 % | 6.6 % | 2.9 % | 2.5 % | 2.1 % | 3.1 % |
Oslo | 10.3 % | 7.8 % | 9.4 % | 8.6 % | 7.0 % | 5.5 % | 5.2 % | 2.7 % | 2.8 % |
Rogaland | 7.2 % | 7.0 % | 6.4 % | 7.1 % | 5.4 % | 4.3 % | 5.8 % | 11.0 % | 15.3 % |
Sogn og Fjordane | 7.8 % | 11.9 % | 8.1 % | 4.5 % | 4.2 % | 2.8 % | 5.9 % | 2.7 % | 4.9 % |
Sør-Trøndelag | 5.5 % | 4.3 % | 6.0 % | 2.8 % | 2.1 % | 1.9 % | 1.6 % | 2.3 % | 2.2 % |
Telemark | 4.0 % | 5.6 % | 6.6 % | 3.1 % | 4.9 % | 2.2 % | 1.9 % | 3.8 % | 3.5 % |
Troms | 5.8 % | 4.6 % | 5.7 % | 4.9 % | 2.7 % | 2.9 % | 2.5 % | 1.5 % | 1.3 % |
Vest-Agder | 6.2 % | 6.4 % | 4.2 % | 4.0 % | 4.3 % | 3.0 % | 2.8 % | 2.7 % | 5.0 % |
Vestfold | 5.1 % | 6.7 % | 7.7 % | 4.1 % | 3.2 % | 1.8 % | 2.7 % | 1.2 % | 2.0 % |
Østfold | 4.1 % | 4.4 % | 6.5 % | 3.8 % | 2.8 % | 1.6 % | 1.8 % | 2.5 % | 1.8 % |
Totalt | 6.5 % | 6.7 % | 6.8 % | 6.0 % | 5.0 % | 3.1 % | 3.4 % | 3.5 % | 4.6 % |
Kjelde[4] |
Kjelder
endre- ↑ https://framtida.no/2023/03/14/medlemstal.
- ↑ «Omar Svendsen-Yagci blir ny leder i Unge Venstre» (på norsk bokmål). NRK. Henta 6. november 2024.
- ↑ "Unge Venstres vedtekter", arkivert frå originalen 3. november 2012, henta 15. mai 2016
- ↑ "Samfunnsveven.no", arkivert frå originalen 13. februar 2012, henta 15. mai 2016
- Delar av denne artikkelen bygger på «Unge Venstre» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2006.