Fjellrev

pattedyrart
(Omdirigert frå Polarrev)
Fjellrev
Fjellrev på Svalbard. Foto: Michael Haferkamp
Fjellrev på Svalbard.
Foto: Michael Haferkamp
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Fjellrev
Utbreiinga av Fjellrev
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Hundefamilien Canidae
Stamme: Rev Vulpini
Slekt: Vulpes
Art: Fjellrev V. lagopus
Vitskapleg namn
Vulpes lagopus

Fjellreven (Alopex lagopus), også kjend som melrakke, kvitrev og polarrev, er ein liten reveart som held til i heile det nordlege polarområdet, lenger sør hovudsakleg i fjella. Bestanden har gått kraftig tilbake i Noreg i moderne tid, og er på raudlista rekna som sterkt truga.

Skildring endre

Den fullvaksne reven er 45–67 cm lang med ein hale på om lag 30 cm i tillegg. Han veg mellom 2,4 og 8,0 kg. Kroppen og beina er korte og fasongen avrunda for å halda varmetapet så lite som mogleg. Øyra er små og avrunda. Heile dyret, også fotsolane, er dekt av hår, og pelsen er den tjukkaste noko arktisk dyr har, sett i tilhøve til storleiken. Dyret toler ekstrem kulde, og kan la seg snø ned i svært dårleg vêr.

 
Fjellrev i sommarpels strekkjer seg.
Foto: Brian Anderson
 
Vinterkledd fjellrev i snøen.
Foto: Ansgar Walk

Det finst to ulike typar pelsfarge som begge skifter med årstidene. Den eine er kvit om vinteren, den andre blågrå eller brun. Kvitreven er mest vanleg, ein reknar med at rundt 95 % av alle fjellrevane har denne fargetypen. Om sommaren blir desse revane brune på ryggen og låra, medan undersida blir gul. Blåreven er einsfarga også om sommaren, og varierer mellom lyse- og mørkebrunt.

Levemåte endre

 
Revunge i vinterpels.

Reven er tilpassa eit hardt liv i eit kaldt klima. Han toler lange periodar med svolt, et alt han kjem over, og kan gå langt for å få tak i føde. Mat som blir til overs om hausten kan han lagra i urer og steinsprekkar. Elles et reven òg kadaver, gjerne restar av dyr drepne av isbjørn.

Levetida i vill tilstand er 6-10 år. Paringstida er i mars og april med eit svangerskap på rundt 50 dagar. Ungane blir avvende når dei er rundt ein og ein halv månad gamle, og ein og ein halv månad etter dette har dei fleste forlate hiet.

Dyra er territoriale, men kan dela hi, og desse kan vera store og gamle. Ein har funne at hia i Noreg i gjennomsnitt er 363 m² store og har 27 opningar. Hia skil seg gjerne frå resten av landskapet ved å vera frodigare, grunna mange års gjødsling frå dyra.

Levestader og trugsmål endre

 
Detaljert kart over utbreiingsområdet til fjellreven.

Fjellreven held til i arktiske strøk og på alpin tundra. Han finst i Skandinavia ned til høgfjellet sør i Noreg, i fjellstrøka i Sverige, nord i Finland og lengst nord på Kolahalvøya i Russland og austover gjennom dei arktiske delane av Sibir heilt til Kamtsjatkahalvøya nord i Stillehavet, og i arktiske område av Nord-Amerika. Dessutan finn ein reven på ei rekkje øyar i nordområda, som Grønland, Island, Jan Mayen, Svalbard, Spitsbergen, Barentsøya/Edgeøya, Bjørnøya og andre arktiske øyar.

Den største bestanden i Noreg inneheld 15–30 dyr og lever på Børgefjell. Dette er kanskje den einaste funksjonelle gruppa av fjellrev i landet.

Som i Noreg er arten truga i Sverige, Finland, på Bjørnøya og Jan Mayen. På Svalbard og Island og i Canada og Russland finst det fleire revar. Her finst likevel ei anna fare; oppsamling av miljøgifter i dyra, som mellom anna kan føra til sterilitet.

Fjellrev er sterkt truga på fastlandet.[1] Reven blei freda i Noreg i 1930, men talet er framleis svært lågt, og på det norske fastlandet fanst det berre rundt 50 revar i 2004. Truleg har den brutale fangsten før fredinga og matmangel etterpå ført til dette låge talet. Dei siste åra har vore betre for fjellreven og 2011 vart det dokumentert 40 kull og fødd minimum 270 kvelpar. I underkant av halvparten av kulla er fødd av tisper som er sett ut i Dovrefjell, Sylane og Finse gjennom Avlsprogrammet for fjellrev.[2]

Den vakre, mjuke pelsen til fjellreven har lenge vore ettertrakta. Mellom 1880 og 1910 blei det fanga rundt to tusen revar årleg, og arten blei nesten utrydda. Forskarar trur at dette førte bestanden under det kritiske nivået for arten. Dei få revane som blei igjen klarte ikkje å halda kontakten med kvarandre, og populasjonen blei ikkje større. Bestanden kan òg ha blitt skada ved innavl.

I tillegg kjem konkurranse frå raudreven, ein større og sterkare art, som har utvida leveområdet sitt sidan 1870-åra på grunn av ei auke i gjennomsnittstemperaturen sidan då, og som ikkje har naturlege fiendar no når ulven er nær utrydda. Denne reven kan òg ha blitt lokka opp i fjellet på grunn av fleire kadaver av sau og reinsdyr.

Systematikk endre

Fjellreven er den einaste arten i slekta Alopex. Det er gjort framlegg om å klassifisera han i revefamilien, med namnet Vulpes lagopus, men nemninga Alopex er stort sett framleis halden i hevd. Det latinske ordet lagopus tyder harelabb og viser til dei hårete potane til reven.

Referansar endre

  1. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av fjellrev Vulpes lagopus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 9. mars 2022. 
  2. http://www.miljostatus.no/Tema/Naturmangfold/Fjellrev/ Arkivert 2015-01-23 ved Wayback Machine. Miljøstatus 2011

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fjellrev