Grunnstoffet titan
- Sjå òg: Titan (fleirtydingsside)
Titan er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Ti og atomnummer 22. Det er eit transisjonsmetall og er plassert i gruppe 4 i periodesystemet. Stoffet vart oppdaga av ulike forskarar på 1790-talet. Namnet kjem frå titanane, som var ei gudeslekt av himmelens og jordas born i gresk mytologi, og jordas første søner i romersk mytologi.
Bruk av titan
endreTitan har høg styrke i forhold til vekta, og blir brukt åleine eller i legeringar som materiale til romrakettar, jetfly, ubåtar, verktøy samt tennis- og squash-racketar. Vanlege titanlegeringar inneheld jern og aluminium. Det kjemiske stoffet titandioksid har ein stabil, kvit farge og er mykje brukt i måling.
Historie
endreTitan vart oppdaga i england av William Gregor i 1791. Han oppdaga grunnstoffet i mineralet ilmenitt. Omtrent samstundes laga Franz Joeseph Muller ein liknande substans utan at han greidde å identifisera stoffet. Fleire år seinare vart grunnstoffet igjen oppdaga uavhengig av dette. Denne gong av Martin Heinrich Klaproth som gav det namnet titan.
Reint metall har vore vanskeleg å utvinna, og vart først danna i 1910. Først i 1946 vart det brukt utanfor laboratorium, etter at William Justin Kroll viste at kommersiell produksjon kan skje ved reduksjon av titantetraklorid med magnesium etter Krollprosessen.
Førekomst og produksjon
endreTitan førekjem blant anna i mineralet ilmenitt, som er råstoff for titanproduksjon i Noreg. Dei viktigaste norske titanprodusentane er Titania A/S, Tinfos, og Kronos Titan A/S.
Kjemi
endreTitan har vanlegvis oksidasjonstal 4 i sambindingar, men kan òg ha oksidasjonstal 3.
Titanmetall er dekt av eit oksidlag som vernar det. Metallet kan brenna i luft. Da vert titandioksid og titannitrid danna.
Ti + O2 → TiO2 2Ti + N2 → TiN
Titan reagerer vanlegvis ikkje med basar.
Isotopar
endreTryggleik
endreSjå også
endreBakgrunnsstoff
endre- WebElements.com - titan