Vipe

(Omdirigert frå Vipa)
Vipe

Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: EN Sterkt truga

Viper Illustrasjon av Johann Friedrich Naumann, 1905
Viper
Illustrasjon av Johann Friedrich Naumann, 1905

Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Klasse: Fuglar
Orden: Storkefuglar
Familie: Lofamilien
Slekt: Vanellus
Art: V. vanellus
Vitskapleg namn
Vanellus vanellus

Vipe (Vanellus vanellus) er ein fugl i lofamilien.

KjenneteiknEndra

 
Artsskildring
Foto: Andreas Trepte

Vipa er 28–31 cm lang, har ein lang fjørtopp på hovudet. Oversida på fuglen er grøn-svart med metall-glans, medan undersida er kvit med ein rustbrun undergump. Andletet er kvit med svarte striper. Hoa har mindre fjørtopp på hovudet sitt. Ho er lett å kjenne igjen medan ho flyg med dei breie, butte vengene sine.

Global utbreiingEndra

Vipa finst frå Island i vest via Storbritannia og Skandinavia til det nordvestre Sibir i aust.

Norsk utbreiingEndra

Vipa kan ein sjå mykje på Sørlandet, og hekkar sjeldan over 1000 moh. Frå Nordland og lenger nord, ser ein ho mest med kysten. Av alle norske vadefuglar er vipa den som ein finn mest nær jordbruk, landskap med kort gras og myrar. Dette er område som vipa blir knytt til.

ForplantingEndra

 
Vipereir med egg.

Hannen er aggressiv i hekketida. Hoa rugar på egga medan hannen jagar vekk inntrengjarar. Reiret er lagt i ei grop i bakken og er bygd opp av strå. Egga blir lagde i april – mai og dei blir ruga på i om lag 1 månad. Ungane forlet reiret ganske fort. Dei blir passa nøye på til dei er 5 veker gamle. Då kan dei fly.

NæringEndra

Vipa et mest makk, men den tek også ein god del insekt og sniglar. I fjæra finn ho kreps, muslingar og børstemark som ho tek.

Trekk og tilpassingEndra

I mars kan ein sjå hannen med eit akrobatiske spel, som er eit teikn på at våren har kome. Saman med tjeld og stare er vipa ein av dei fyrste som kjem tilbake til Noreg etter at alle trekkfuglane reiste til varmare strøk. På denne tida kan det vere mykje snø, og ho oppheld seg mykje i fjæra. Etter at snøen er reist kan dei begynne med fluktspelet sitt og markere territoriet sitt. I og med at vipa startar hekkinga tidleg, blir mange reir øydelagde av vatn frå snøen. Bestanden i Noreg er i all hovudsak trekkfuglar, og trekkjer til Dei britiske øyane og kontinentet i slutten av oktober.

Vipa er fylkesfugl i Rogaland fylke.

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vipe
Vipe
Namn på andre språk
SvenskTofsvipa
DanskVibe
EngelskLapwing, Northern Lapwing, Peewit, Green Plover
TyskKiebitz
FranskVanneau huppé
SpanskAvefría, avefría europea
RussiskTsjibis (Чибис), pigalitsa (пигалица)