Mårhund

pattedyrart
Mårhund
Mårhund
Mårhund
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med svært høg risikoUtbreiinga av mårhund
Utbreiinga av mårhund
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Hundefamilien Canidae
Stamme: Canini
Slekt: Nyctereutes
Art: Mårhund N. procyonoides
Vitskapleg namn
Nyctereutes procyonoides

Mårhund (Nyctereutes procyonoides), også kjend som vaskebjørnhund, er eit rovdyr i hundefamilien, som er som ein rev på storleik.

Mårhunden er harmlaus for menneske, men kan vera berar av rabies.

Skildring endre

 
Mårhundar.

Det vitskaplege namnet til mårhunden tyder 'nattevandrar som liknar ein vaskebjørn'. Forskarar trur linja som mårhunden høyrer til skilde lag med dei andre canidane for om lag 7–10 millionar år sidan.

I storleik er mårhunden som ein liten rev, og har i pelsmakeringar og utsjånad kan han likna mykje på ein vaskebjørn (Procyon lotor), og også ein del på grevling (Meles meles). Mårhunden er, som raudreven og grevlingen, ein altetar, og truleg er dei tre konkurrentar i kosten, men i kva grad veit me ikkje. Han har eit lite hovud og eit spisst snuteparti med 42–44 tenner i kjeven (3/3, c 1/1, p 4/4, m 2-3/3). Rovtennene er reduserte i storleik, mens molarane er forholdsvis store.

Mårhunden har ei skulderhøgd på om lag 38–51 cm. Kroppslengda er om lag 50–68 cm frå snuten til halerota, og halen er om lag 13–25 cm. Vekta er normalt om lag 4–6 kg om sommaren, og 6–10 kg om vinteren (opp mot 12 kg har blitt målt). Europeiske dyr ser ut til å vera noko større enn sine asiatiske slektningar. I Kina veg tispa i snitt 0,5 kg meir enn hannen.

Pelsen er tett og mjuk. Markeringane på hovudet inkluderer kvitt på den fremre delen av snutepartiet og i andletet, og svart pels ikring augo. Svarte markeringar strekker seg òg over rundt skuldrene og ned langs sidene som eit kross. Øyrene er runde og små og har svarte kantar. På kroppen ellers er pelsen mørk brun til gulbrun i farge, men den kan variera ein del frå stad til stad og årstid til årstid. På buken er pelsen lysare, mens på brystet og nedover beina er han mørkebrun til svart. Den buskete halen er nesten svart på oversiden og lys gulbrun under. Pelsen blir ofte mørkare i farge så vel som tjukkare om vinteren.

Habitat endre

Mårhunden likar seg best i tett vegetasjon, siv, myrland og tett underskog, og trivst i temperert klima i høgder frå havnivå og opp mot 3000 moh. Han er sky, men han kvir seg ikkje for å trengja seg inn på folks eigedommar for å stela matrestar og liknande.

Utbreiing endre

 
Fotspor av ein mårhund.

Mårhunden høyrer opphavleg heime i Asia (Nord-Kina, Nord-Vietnam, Korea og Japan), men blei introdusert til Aust-Sibir i Russland. Derifrå blei han i periodar 1927–1957 spreitt vidare Vest-Russland, og sidan òg til store delar av Skandinavia. Han etablerte seg raskt i Finland og spreidde seg sidan til Sverige. Han har òg nådd Noreg, der mårhunden er uynskt.

Mårhund er framleis ikkje rekna som etablert i Noreg, og berre avgrensa etablert i Sverige (hovudsakleg i Norrbotten og nordre Västerbotten). I 1983 blei det funne ein daud mårhund i Jakobsnes aust for Kirkenes, den fyrste som var registrert i Norge.[1] Sidan har arten spreidd seg. I 2007 blei det blant anna skote fleire individ i Midt-Noreg, som truleg hadde kome frå den svenske populasjonen.

Det er uklart kor mange mårhundar det er i Noreg. Foreløpig tyder mye på at det berre er snakk om enkeltindivid.[2] Utviklinga i Noreg avheng av spreiinga av den finske og svenske bestanden. Arten er uynskt i norsk fauna, og det er tillate å jakta på mårhund året rundt. I Framandartlista 2018 blei arten plassert i kategorien svært høg risiko på grunn av stort invasjonspotensial og høg økologisk effekt.[3][4]

Åtferd og formeiring endre

 
Mårhundar i Polen.

Mårhunden har vintersvevn. Den går normalt i dvale i laupet av november og vaknar opp igjen tidleg i april, litt etter klimaet på kvar stad. Vintersvevn er heilt nødvendig for at dette dyret skal overleva, fordi det ikkje kan klara å lagra nok feitt til å overleva utan. Eit individ kan auka kroppsvekta med opp mot 50 % før vintersvevnen tek til.

Mårhunden lever truleg i par eller små grupper beståande av foreldre og årets kvalpar. Det blir likevel rapportert at dei kanskje ferdast åleine på dagtid. Tidlegare trudde ein at han stort sett var nattaktiv, men seinare studiar har vist at han kan vera døgnaktiv. Det er òg mogleg at dette varierer frå område til område.

Dyret kan ikkje bjeffa, men er likevel ganske vokale. Dei kommuniserer med kvin-, klynk, knurr- og murrelydar i tillegg til kroppsspråk og markeringar. Mårhunden er sky og ikkje særleg stridlyndt og gøymer seg heller enn å slåst, og det hender han kan spela daud om han blir gått til åtak på.

Tispa ber kvalpane i om lag 60 dagar, og når dei er fødd, hjelper båe foreldra til med å passa dei. Under svangerskapet og den fyrste tida etter fødselen er matsankinga oppgåva til hannen.

I snitt lever berre ein prosent av mårhundane til dei vert 5 år gamle, og maksimal levetid i vill tilstand er normalt 7–8 år, sjølv om dei i særskilde tilfelle kan bli opptil 10 (i fangenskap 13) år gamle. I Finland døyr 88 % av mårhundane i laupet av det fyrste leveåret.

Ernæring endre

Mårhunden er ein opportunistisk altetar, ein såkalla omnivor. Han jaktar og lever av fisk, smågnagarar, fuglar, amfibium, insekt og fugleegg. Han er dyktig til å symja og kan dykka for å finna den maten han ynskjer. Det er òg kjend at han et slangar, firfisler, molluskar og krabbar så vel som røter, lauv, knollar, nøtter, frø, frukt og bær med meir.

Underartar endre

Per 2006 blei seks underartar godkjende. Somme forskarar har ymta om at dei to japanske underartane (gjerne kalla tanuki) N. p. albus og N. p. viverrinus kanskje kan vera ein eigen art. Dei har færre kromosom enn dei kontinentale underartane og skil seg dessutan i både fenotype og åtferd.

Kjelder endre

Referansar
  1. «Mårhund», artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 6. juli 2022 
  2. Tore Solstad (2. september 2012). «Mange observasjoner av mårhund». Statens naturoppsyn. NRK, Trøndelag. Henta 21. april 2014. 
  3. «Mårhund Nyctereutes procyonoides». Fremmedartsbasen 2018. Artsdatabanken. Henta 9. februar 2020. 
  4. Bevanger, K. (2012). «Mårhund Nyctereutes procyonoides» (PDF). Artsdatabankens faktaark (61). ISSN 1504-9140. 

Bakgrunnsstoff endre