Nato-alfabetet

(Omdirigert frå NATOs fonetiske alfabet)

NATO-alfabetet, ofte misvisande omtala som eit fonetisk alfabet, er ein vanleg måte å bokstavere ord på. Det blir brukt innafor NATO, og dermed også det norske militæret.

NATO-alphabetet og Morsealfabetet.

Den internasjonale teleunionen (ITU), Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO) og andre organisasjonar rår til at det «det fonetiske alfabetet til Nato» vert brukt. Bakgrunnen er at ITU og ICAO har utarbeidt to praktisk tala like bokstaveringsalfabet som seinare er tekne i bruk av m.a. Nato og ei rekkje andre instansar (det finst somme små skilnader mellom tilrådingane, sjå tabellen under.).

Alfabet og uttale

endre
Bokstav Ord Uttale[1] Bokstav Ord Uttale
A Alfa [ˈalfa] S Sierra [siˈɛra]
B Bravo [ˈbravo] T Tango [ˈtaŋɡo]
C Charlie [ˈtʃali] eller [ˈʃali] U Uniform [ˈjunifɔm] eller [ˈunifɔm]
D Delta [ˈdɛlta] V Victor [ˈvɪkta]
E Echo [ˈɛko] W Whiskey [ˈwɪski]
F Foxtrot [ˈfɔks.trɔt] X Xray [ˈɛks.rei̯]
G Golf [ˈɡɔlf] Y Yankee [ˈjaŋki]
H Hotel [hoˈtɛl] Z Zulu [ˈzulu]
I India [ˈɪndia] 0 Zero (ICAO)
Nadazero (ITU)
[ˈziro]
[ˈnaˈdaˈzeˈro]
J Juliett [ˈdʒuliˈɛt] 1 One (ICAO)
Unaone (ITU)
[ˈwan]
[ˈuˈnaˈwan]
K Kilo [ˈkilo] 2 Two (ICAO)
Bissotwo (ITU)
[ˈtu]
[ˈbiˈsoˈtu]
L Lima [ˈlima] 3 Three (ICAO)
Terrathree (ITU)
[ˈtri]
[ˈteˈraˈtri]
M Mike [ˈmai̯k] 4 Four (ICAO)
Kartefour (ITU)
[ˈfoa]
[ˈkaˈteˈfoa]
N November [noˈvɛmba] 5 Five (ICAO)
Pantafive (ITU)
[ˈfai̯f]
[ˈpanˈtaˈfai̯f]
O Oscar [ˈɔska] 6 Six (ICAO)
Soxisix (ITU)
[ˈsɪks]
[ˈsɔkˈsiˈsɪks]
P Papa [paˈpa] 7 Seven (ICAO)
Setteseven (ITU)
[ˈsɛvən]
[ˈseˈteˈsɛvən]
Q Quebec [keˈbɛk] 8 Eight (ICAO)
Oktoeight (ITU)
[ˈei̯t]
[ˈɔkˈtoˈei̯t]
R Romeo [ˈromio] 9 Nine (ICAO)
Novenine (ITU)
[ˈnai̯na]
[ˈnoˈveˈnai̯na]

Norske bokstavar

endre

Til norske bokstar kan ein bruka:

Æ: Ægir (Forsvaret: Ærlig)
Ø: Ørnulf (Forsvaret: Østen)
Å: Ågot (Forsvaret: Åse)

I tillegg til dette finst det også eit eige norsk stavingsalfabet.

Kjelder

endre
  1. DIN 5009:2022-06, Anhang B: Buchstabiertafel der ICAO („Radiotelephony Spelling Alphabet“)