Nordiske dialektar

Nordiske dialektar, eller nordgermanske dialektar, er ei gruppe ulike lokale dialektale variantar av den nordiske greina av den germanske språkfamilien, som tradisjonelt sett blir tala i nordlege Europa (Norden). Desse blir ofte omtala som folkemål, talemål, målføre, allmugespråk eller liknande.

Dialektane har utvikla seg frå norrønt og har gjennomgått ulike endringar i ulike delar av Norden. I Island utvikla det seg til dømes ingen dialektar takka vere samhaldet, det felles Alltinget og den tidleg blomstrande litteraturen. På den skandinaviske halvøya var det framfor alt innanfor kvart landskap eller distrikt, og på kyrkjebakken innanfor kvart sokn, at talespråket vart forma folk imellom.

Adolf Noreens klassifisering endre

I byrjinga av 1900-talet gjorde Adolf Noreen eit forsøk på å dele opp dei nordiske dialektane i Noreg og Danmark utan å ta altfor mykje omsyn til politiske grenser. Ifølgje klassifiseringa hans deler ein dei nordiske dialektane slik:

  • Sørskandinavisk (Sydskandinaviska), dei nordiske måla som blir tala i Sør-Sverige, Danmark og i Sør-Slesvig. Denne gruppa skil seg i tre retningar:
    • Sørsvenske mål eller austdanske mål, talemåla i Skåne, Blekinge, søre Småland, søre Halland og på Bornholm.
    • Danske øymål, dei talemåla som blir brukte i Danmarks øyverd (utanom Bornholm).
    • Jysk, måla som blir tala på Jylland (Nørre- og Sønderjylland, bla. a. i Sør-Slesvig).

I så vel den politiske som den språklege klassifiseringa utgjer færøysk og islandsk to eigne grupper, der færøysk er særmerkt av stort dialektmangfald, medan islandsk berre har små, regionalt betinga uttaleskilnader, men ingen eigentlege dialektar.

Seinare klassifisering endre

Dei nordiske dialektane endrar seg mykje meir enn skriftspråka. Dei grensene som finst for ulike drag hjå dialektane, fell berre til ein viss del saman med grensene som skriftspråka utgjer. At riksgrensene er språkgrenser, kjem i stor grad av tilhøve frå den seinare tida. Det svenske språkområdet har markerte grenser korkje mot dansk eller norsk. Frå ein historisk ståstad finst det einast eitt nordisk språk, og det har geografiske variasjonar. Slik er dei sørskånske dialektane nærskylde med dialektane på søre Sjælland, og dialektane på Bornholm liknar mykje på dei sørskånske. Dei dialektane som blir tala aust i Noreg, heng ihop med värmländsk og med dialektane i Västerdalarna. Dei jemtlandske dialektane kan ein sjå som ein lekk mellom trøndersk og dialektane som blir tala ved den norrlandske kysten.

Dagens skandinaviske dialektar brukar ein – gjennom å leggje større vekt på dei politiske grensene (som iallfall delvis også er språkgrenser) – å dele inn i norske, svenske og danske dialektar.

 
Norske dialektar: nordnorsk i gult, trøndersk i mørkeblått, vestlandsk i raudgult og austlandsk i lysare blått

Nordiske dialektar i til dømes Sverige kallar ein da svenske dialektar, ikkje fordi dei nødvendigvis er variantar av svensk, men fordi dei er nordiske dialektar som hovudsakleg blir brukte i Sverige (eller i områda som tidlegare har vore svenske, t.d. Finland). Nordiske dialektar i Noreg er ifølgje denne klassifiseringa såleis norske dialektar, nordiske dialektar i Danmark er danske dialektar og nordiske dialektar på Færøyane er færøyske dialektar.

Norsk endre

Norske dialektar deler ein vanlegvis inn i følgjande to hovudkategoriar (Austnorsk og Vestnorsk) i tillegg til å dele i fire underkategoriar:

  • Austnorsk
    • Austlandsk
    • Trøndersk eller trøndsk
  • Vestnorsk
    • Vestlandsk
    • Nordnorsk
 
Svenskspråklege kommunar i Finland

Svensk endre

Svenske dialektar deler ein hovudsakleg inn i seks hovudgrupper:

  • Norrlandsk (Norrländska mål)
  • Austsvensk (Östsvenska mål)
    • Finlandssvensk (inndelt i ein nordleg og ein sørleg del)
    • Estlandssvensk
  • Sveamål
  • Götamål
  • Sørsvensk (Sydsvenska mål)

Sidan visse talemål, som bohuslänsk, jemtsk og härjedalsk ikkje alltid fullstendig kan plasserast i ei av gruppene, utgjer dei ei "anna"-gruppe.

 
Danske dialektar

Gutnisk endre

Gotlandske dialektar deler ein inn i to grupper:

  • Eigentlege gutamål
  • Fårömål

Dansk endre

Dei danske dialektane deler ein vanlegvis inn i tre grupper:

  • Vestdansk, jysk
  • Øymål
  • Austdansk, til denne gruppa reknar ein i Danmark ofte dei såkalla sørsvenske dialektane.

Språk eller dialektar endre

Nordiske dialektar står i kontrast til nordiske språk, som omfattar dei standardspråka som ein seinare har skapt av ulike nordiske dialektar. Det skriftspråket som vart laga til for svensk, gjekk ut frå sveamål. Det nynorske skriftspråket gjekk ut frå tradisjonelle norske dialektar, medan bokmål vart basert på riksdansk, som stammar frå dei danske øymåla, framfor alt dei frå Sjælland. Sverige skil seg frå Danmark og Noreg ved at riksspråket her i høgare grad har vorte eit tala språk som har trengt unna dei opphavlege dialektane. Ein brukar å seie at dei tre standardspråka viser større innbyrdes likskapar enn kva dei nordiske dialektane gjer innanfor kvart land. No har dei tre standardspråka rett nok hatt stor innverknad på dialektane. Detta gjeld særleg dansk på Island og på Færøyane (og fram til ein god bit inn på 1800-talet også i store delar av Noreg), men detta forsvann i og med den språklege purismen som vart gjennomført. For Færøyane sin del innførte Hammershaimb på midten av 1800-talet ein særskilt ortografi som var basert på den islandske ortografien. Hammershaimb la, ved sidan av naudsynte bokstavar, til det overflødige teiknet ð, som på den tida ikkje lenger vart uttala på Færøyane. I Noreg var særleg skriftspråket sterkt påverka av dansk. Av den grunn ville Ivar Aasen på 1800-talet innføre eit meir norsk språk med vekt på dialektane, og arbeidet hans resulterte i nynorsk.

Felles for dei nordiske dialektane er at dei alle manglar eit einskapleg skriftspråk, noko som ofte blir kravd for å skulle reknast som språk. Statusen til älvdalsmålet har derfor vorte omdiskutert i den seinare tida, ettersom målet er den einaste nordiske dialekten som ein har utvikla ein eigen ortografi for. Også andre svenske dialektar utan eigen ortografi, som skånsk og jemtsk, har av enkelte talspersonar vorte haldne fram som eigne språk.

Gutnisk har mangla skriftspråk i mange hundre år, ettersom dansk og svensk har vorte nytta på Gotland under den danske, høvesvis den svenske overhøgda.

Kjelder endre