Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1965

Skeid vart noregsmeister i fotball 1965 etter at dei vann over Frigg med 2–1 den 7. november. Dette var den 3. finalekampen i 1965 etter at de to første enda uavgjort. Målskårarar for Skeid var Terje Gulbrandsen og Pål Sæthrang. For Frigg skåra Erik Schønfeldt.

60. NM i fotball for menn
Sesong1965
TittelforsvararRosenborg
Finaledato7. november
VinnarSkeid (7. tittel)
FinalistFrigg
FinaleresultatSkeid - Frigg 2–1
ArenaUllevaal Stadion i Oslo
FinaledommarSverre Eugen Olsen
Tilskodarar8 990
1964
1966

8 990 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Ullevaal Stadion i Oslo. Dommar var Sverre Eugen Olsen. Dette var sjuande gongen Skeid vann ein noregsmeisterskap, og einaste gongen to lag frå same by har møtt kvarandre i ein finale.

Kampfakta 1. finalekamp 24. oktober. 2–2. Målskårarar for Skeid var Trygve Bornø som skåra i det 60. minutt og Kai Sjøberg som skåra i det 114. minutt. For Frigg skåra Tore Fjeldstad i det 14. minutt og Arne Bergersen som skåra i det 111. minutt. 18 821 tilskodarar såg kampen på Ullevaal. Dommar var Finn Bolstad.

Kampfakta 2. finalekamp 31. oktober. 1–1. Målskårar for Skeid var Pål Sæthrang som skåra i det 75. minutt. Målskårar for Frigg var Per Pettersen som skåra i det 25. minutt. 8 826 tilskodarar såg kampen på Ullevaal. Dommar var Rolf Hansen.

Skeids vinnarlag: Kjell Kaspersen, Ragnar Næss, Kjell Wangen, Jan «Jonas» Gulbrandsen, Frank Olafsen, Finn Thorsen, Erik Mejlo, Per Egil Bjørnsen, Terje Gulbrandsen, Trygve Bornø, Kai Sjøberg, Pål Sæthrang, Terje Kristoffersen.

Friggs lag: Ebbe Gysler, Anders Svela, Tore Børrehaug, Jon Birch-Aune, Åge Solvang, Erik Hagen, Ole Erik Hansen, Tore Fjeldstad, Per Pettersen, Arne Bergersen og Erik Schønfeldt.

3. runde endre

   

4. runde endre

 

Kvartfinalar endre

Semifinalar endre

Finalar endre

Kjelder endre