Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1967
Lyn vart noregsmeister etter at dei vann over Rosenborg med 4–1 29. oktober. Målskårarar for Lyn var Ola Dybwad-Olsen som skåra i det 10. minutt på straffe, Harald Berg som skåra i det 25 og i det 42. minutt og Knut Berg som skåra i det 52. minutt på straffe. For Rosenborg Odd Iversen i det 34. minutt.
Sesong | 1967 | ||
---|---|---|---|
Tittelforsvarar | Fredrikstad | ||
Finaledato | 29. oktober | ||
Vinnar | Lyn (7. tittel) | ||
Finalist | Rosenborg | ||
Finaleresultat | Lyn - Rosenborg 4–1 | ||
Arena | Ullevaal Stadion i Oslo | ||
Finaledommar | Ivar Hornslien | ||
Tilskodarar | 27 389 | ||
← 1966
1968 → |
27 389 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Ullevaal Stadion i Oslo. Baneforholda var dårlege med mykje gjørme. Dommar var Ivar Hornslien. Dette var sjuande gongen Lyn vann noregsmeisterskapen.
Lyns vinnarlag: Svein Bjørn Olsen, Jan Rodvang, Kjell Saga, Helge Østvold, Knut Kolle, Svein Bredo Østlien, Andreas Morisbak, Jan Berg, Harald Berg, Ola Dybwad-Olsen, Knut Berg, Reidar Tessem, Tom Ørehagen og Sveinung Aarnseth.
Rosenborg: Tor Røste Fossen, Knut Jenssen, Kåre Rønnes, Kjell Hvidsand, Nils Arne Eggen, Svein Haagenrud, Jan Christiansen, Tore Pedersen, Harald Sunde, Odd Iversen og Birger Thingstad.
2. runde
endre
|
|
3. runde
endre
|
|
4. runde
endre
|
|
Kvartfinalar
endre- Brann – Steinkjer 1-0
- Mjøndalen – Lyn 2-4
- Rosenborg – Fredrikstad 7-2
- Viking – Vålerengen 0-1
Semifinalar
endre- Lyn – Vålerengen 4-0
- Rosenborg – Brann 3-1