Norske fylkesblomar
Norske fylkesblomar er blomar som er vedtekne som representative for dei norske fylka.
Professor Olav Gjærevoll initierte arbeidet med fylkesblomane i 1987, då han var leiar av Norsk botanisk forening. Foreininga sette i samarbeid med dei botaniske musea og styret i Det norske hageselskap opp ei liste med framlegg til fylkesblomar for kvart fylke. Framlegga vart sende fylkesmannen i kvart fylke vinteren 1989. I nokre fylke godkjende fylkesmannen valet av fylkesblom, i andre fylke vart framlegget teke opp politisk i fylkestinget eller i fylkesutvalet. Mot slutten av 1990-talet hadde ein, med enkelte justeringar av det opphavlege forslaget, kome fram til ei liste som var allment akseptert. Lista inneheldt også ein utvald art for Svalbard. Alle artane er presenterte i boka Norges fylkesblomster av Inger Gjærevoll (Tapir forlag, 1999).
I Sverige har dei hatt ei tilsvarande liste over «landskapsblommor» sidan 1908.[1] Også Finland har slike landskapsblomar.[2] Mange andre land har tilsvarande lister med nasjonale eller regionale blomar.[3]
Oversyn
endreFylkesblomane er:
Fylke | Bilete | Norsk namn | Vitskapleg namn |
---|---|---|---|
Østfold | Liljekonvall | Convallaria majalis | |
Akershus | Blåveis | Hepatica nobilis | |
Oslo | Bakkekløver | Trifolium montanum | |
Hedmark | Geitrams | Chamerion angustifolium | |
Oppland | Mogop | Pulsatilla vernalis | |
Buskerud | Kvit nykkerose | Nymphaea alba | |
Vestfold | Bøk | Fagus sylvatica | |
Telemark | Søstermarihand | Dactylorhiza sambucina | |
Aust-Agder | Vivendel | Lonicera periclymenum | |
Vest-Agder | Sommareik | Quercus robur | |
Rogaland | Klokkelyng | Erica tetralix | |
Hordaland | Kusymre | Primula vulgaris | |
Sogn og Fjordane | Revebjølle | Digitalis purpurea | |
Møre og Romsdal | Bergfrue | Saxifraga cotyledon | |
Sør-Trøndelag | Reinrose | Dryas octopetala | |
Nord-Trøndelag | Marisko | Cypripedium calceolus | |
Nordland | Raudsildre | Saxifraga oppositifolia | |
Troms | Ballblom | Trollius europaeus | |
Finnmark | Molte | Rubus chamaemorus | |
Svalbard | Svalbardvalmue | Papaver cornwallisense |
(Namnsetjing etter Artsdatabanken sin artsnavnebase[4])
Sjå òg
endreKjelder
endre- Litteratur
- Gjærevoll, Inger (1999). Norges fylkesblomster. Trondheim: Tapir Forlag. ISBN 82-519-1507-4.
- Referansar