OGAE Second Chance Contest 2019

OGAE Second Chance Contest 2019 (OGAE SCC 2019) var den trettifjerde gongen OGAE Second Chance Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Udine i Italia, etter at Italia vann tevlinga i 2018, med songen «Il mondo prima di te» av Annalisa.[1]

OGAE Second Chance Contest 2019
Dato
Vertskap
Stad Udine i Italia
Deltakarar
Deltakarland 24
Debuterte Australia
Attende Kroatia
Moldova (ROW)
Trekte seg Kviterussland
Malta
Polen
San Marino
Sveits
Vinnar
OGAE Second Chance Contest
OGAE Second Chance Contest 2018 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg OGAE Second Chance Contest 2020

For å kunne deltake i OGAE Second Chance Contest 2019 måtte ein ha delteke i ein av dei nasjonale finalane i Eurovision Song Contest 2019; men om ein hadde vunne ein nasjonal finale kunne ein ikkje deltake i OGAE Second Chance Contest.

24 land deltok i tevlinga. Australia deltok for fyrste gong i OGAE Second Chance Contest, medan Kroatia og Moldova (for OGAE Rest of the World) returnerte til tevlinga. Kviterussland, Malta, Polen, San Marino og Sveits, som deltok i 2018, deltok ikkje i 2019-utgåva av OGAE Second Chance Contest. Sjølv om Ukraina trekte seg frå 2019-utgåva av Eurovision Song Contest, kunne dei deltake i denne tevlinga.[1]

Frankrike vann OGAE Second Chance Contest for fyrste gong, med songen «Tous les deux» av Seemone.[2]

BidragaEndra

Nr. Land[2] Artist Song Språk Plass Poeng Nasjonal finale
Plass
01   Kroatia Lorena Bućan «Tower of Babylon» Engelsk 14 40 2
02   Tsjekkia Barbora Mochowa «True Colours» Engelsk 8 108 3
03   Ungarn The Middletonz «Roses» Engelsk 22 5 Uplassert
04   Latvia Edgars Kreilis «Cherry Absinthe» Engelsk 21 12 6
05   Danmark Julie og Nina «League of Light» Engelsk og grønlandsk 6 159 2
06   Albania Mirud «Nënë» Albansk 15 36 Uplassert
07   Estland Lumevärv med Inga «Milline päev» Estisk 20 14 5
08   Sverige Anna Bergendahl «Ashes to Ashes» Engelsk 3 272 10
09   Portugal Surma «Pugna» Portugisisk 24 0 5
10   Moldova (ROW) Maxim Zavidia «I Will Not Surrender» Engelsk 19 24 2
11   Finland Darude med Sebastian Rejman «Superman» Engelsk 23 3 2
12   Noreg Mørland «En livredd mann» Norsk 7 128 Uplassert
13   Island Friðrik Ómar «Hvað ef ég get ekki elskað?» Islandsk 18 24 2
14   Romania Bella Santiago «Army of Love» Engelsk 10 75 3
15   Ukraina Kazka «Apart» Engelsk 12 65 3
16   Frankrike Seemone «Tous les deux» Fransk 1 294 2
17   Serbia Ivana Vladović og Wonder Strings «Moja bol» Serbisk 17 28 5
18   Tyskland Aly Ryan «Wear Your Love» Engelsk 5 185 4
19   Storbritannia Kerrie-Anne «Sweet Lies» Engelsk 13 62 Uplassert
20   Australia Electric Fields «2000 and Whatever» Engelsk og pitjantjatjara 4 242 2
21   Spania María Villar «Muérdeme» Spansk 11 71 2
22   Italia Il Volo «Musica che resta» Italiensk 2 292 3
23   Slovenia Ula Ložar «Fridays» Engelsk 16 35 Uplassert
24   Litauen Monika Marija «Light On» Engelsk 9 88 2

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

KjelderEndra