Klor
Klor (frå gresk chloros, grøn) er eit grunnstoff med atomnummer 17 og kjemisk symbol Cl. Det er eit ikkje-metall som opptrer i gassform ved romtemperatur. Ein finn det i gruppe 17 i periodesystemet saman med dei andre halogena. Klor er reaktivt og kan ha mange oksidasjonstal i kjemiske sambindingar.
Særlege kjenneteikn endre
Klor er eit sterkt oksiderande, bleikande og desinfiserande stoff. Gassen av det reine grunnstoffet er gulgrøn, to og ein halv gong så tung som luft, har ei sterk og ubehageleg lukt, og er svært giftig.
Klor er eit av dei mest elektronegative grunnstoffa etter oksygen og fluor.
Bruk endre
Klorgass har vorte brukt til kjemisk krigføring under den første verdskrigen.
Reingjeringsmiddel som klorin inneheld hypokloritt.
Historie endre
Klor vart oppdaga av Carl Wilhelm Scheele i 1774.
Biologisk rolle endre
Klor i form av klorid (Cl-) er nødvendig for pattedyr og plantar. Magesyra inneheld saltsyre (HCl).
Førekomst endre
Det finst store mengder klor i naturen i form av salt og andre sambindingar. Nokre av desse er nødvendige for dei fleste typar liv, blant dei menneskekroppen.
Sambindingar endre
Kloridion frå oppløyste klorsalt utgjer rundt 1,9 % av massen av sjøvatn. I Dødehavet er konsentrasjonen endå større.
Viktige sambindingar:
Isotopar endre
Tryggleik endre
Klorgass er giftig.
Sjå også endre
Bakgrunnsstoff endre
- WebElements.com - klor
- Klor Arkivert 2005-02-04 ved Wayback Machine.