Klaseammunisjonskonvensjonen

Klaseammunisjonskonvensjonen (engelsk Convention on Cluster Munitions) er ei internasjonal avtale som forbyr all produksjon, lagring, innkjøp, eksport og bruk av klaseammunisjon. Avtala forpliktar òg landa som sluttar seg til å bidra med støtte til offer for klaseammunisjon og til rydding av område der det er brukt slik ammunisjon. Konvensjonen vart vedteken av 107 statar i Dublin den 30. mai 2008, etter ein rask internasjonal prosess som vart starta av Noreg i november 2006. Konvensjonen vart underteikna av 94 statar i Oslo 3. desember 2008. Konvensjonen tredde i kraft 1. august 2010. Per april 2022 hadde 110 statar ratifisert og 13 andre statar signert konvensjonen.

Jens Stoltenberg på underteikningsseremonien for konvensjonen om klaseammunisjon i Oslo 3. desember 2008.

Bakgrunn endre

Klaseammunisjon vart først brukt i stort omfang under krigane i Søraust-Asia på 1960- og 1970-talet. Som ein respons på korleis nytta av både klaseammunisjon og napalm ramma sivile hardt i desse krigane, prøvde fleire mindre og mellomstore statar å forhandla fram restriksjonar på bruk av konvensjonelle våpen med inhumane konsekvensar.

Eit resultat av dette var Våpenkonvensjonen (Convention on Certain Conventional Weapons, CCW), som vart klar i 1980. Trass i at bruken av klaseammunisjon var ein av grunnane til forhandlingane, klarte ikkje statane som deltok å verta samde om restriksjonar på bruken av denne ammunisjonstypen. Ei hovudårsak til det, var argument om at klaseammunisjon hadde svært stor militær nytteverdi og at det ikkje var grunn til særskilde restriksjonar på bruken av dei.

På 1980-talet flytta merksemda seg over til det globale landmineproblemet. Landminer var òg regulerte av CCW-avtala, men stadig fleire aktørar kravde eit totalforbod framfor regulering av bruk. Dette var ikkje mogleg å få til innanfor CCW-avtala, og som følgje lanserte ein koalisjon av statar (blant anna Canada, Sør-Afrika og Noreg) og fleire humanitære organisasjonar ein eigen prosess, Ottawa-prosessen, for å få etablert eit totalforbod, Minekonvensjonen.

Klaseammunisjon vart brukt i aukande omfang frå 1990 og framover, spesielt i Irak, Afghanistan, Serbia og Libanon. Humanitære organisasjonar og menneskerettsgrupper som Raudekrossen, Norsk Folkehjelp og Human Rights Watch pressa på for å få til eit forbod mot klaseammunisjon i CCW, utan hell. Etter kvart støtta fleire statar tanken om at eit forbod var vegen å gå, men praksisen om konsensus i CCW førte til at dei statane som ynskte å hindra eit slikt forbod hadde veto.

Hausten 2006 bestemte Noreg seg for å invitera til ein prosess utanfor CCW for å få til eit forbod mot klaseammunisjon. 49 statar deltok på ein konferanse om klaseammunisjon i Oslo 22.-23. februar 2007, saman med representantar for SN, Raude Kross og Cluster Munition Coalition, koalisjonen av Ikkje-statlege organisasjonar, som arbeidde for eit forbod. 46 av statane slutta seg til ei politisk fråsegn om å forhandla fram eit nytt internasjonalt instrument som skulle forby bruk av klaseammunisjon innan utgangen av 2008. Dette vart gjort gjennom ein serie internasjonale konferansar fram til sluttforhandlingane i Dublin i mai 2008.

Den nye klaseammunisjonskonvensjonen var den første globale konvensjonelle nedrustingsavtalen sidan Minekonvensjonen frå 1997. Suksessen med desse to prosessane står i kontrast til det etablerte nedrustingssystemet, som SN sin nedrustningskonferanse CD og CCW, der det hadde skjedd lite det siste tiåret. Ein vesentleg skilnad er at medan dei tradisjonelle nedrustingsforuma er svært lukka prosessar der ikkje-statlege aktørar har lite tilgjenge, bygga både mine- og klase-prosessane på prinsippet om openheit og likeverdig deltaking frå ekspertar frå sivilsamfunnet, offera og dei ramma områda.

Land som har ratifisert klaseammunisjonskonvensjonen endre

 
Land som har ratifisert avtale er farga lilla

Klaseammunisjonskonvensjonen tredde i kraft 1. august 2010, og vart dermed juridisk bindande for dei statane som har ratifisert han, og ein del av internasjonal lov og rett. Følgjande land har ratifisert konvensjonen per per april 2022:[1]

  •   Vatikanstaten (3. desember 2008)
  •   Irland (3. desember 2008)
  •   Noreg (3. desember 2008)
  •   Sierra Leone(3. desember 2008)
  •   Laos (18. mars 2009)
  •   Austerrike (2. april 2009)
  •   Mexico (3. mai 2009)
  •   Nederland (2. juni 2009)
  •   Albania (16. juni 2009)
  •   Spania (17. juni 2009)
  •   Tyskland (8. juli 2009)
  •   Luxembourg (10. juli 2009)
  •   San Marino(10. juli 2009)
  •   Japan (14. juli 2009)
  •   Zambia (12. august 2009)
  •   Kroatia (17. august 2009)
  •  Slovenia (19. august 2009)
  •   Uruguay (24. september 2009)
  •   Malta (24. september 2009)
  •   Frankrike (25. september 2009)
  •   Burundi (25. september 2009)
  •   Malawi (7. oktober 2009)
  •   Makedonia (FYR) (8. oktober 2009)
  •   Nicaragua (2. november 2009)
  •   New Zealand (22. desember 2009)
  •   Belgia (22. desember 2010)
  •   Montenegro (25. januar 2010)
  •   Danmark (12. februar 2010)
  •   Burkina Faso (16. februar 2010)
  •   Moldova (16. februar 2010)
  •   Samoa (28. april 2010)
  •   Storbritannia (4.mai 2010)
  •   Ecuador (11. mai 2010)
  •   Seychellane (20. mai 2010)
  •   Lesotho (28. mai 2010)
  •   Fiji (28. mai 2010)
  •   Komorane (28. juli 2010)
  •   Antigua og Barbuda (23. august 2010)
  •   Bosnia-Hercegovina (7. september 2010)
  •   Monaco (21. september 2010)
  •   Tunisia (28. september 2010)
  •   Kapp Verde (19. oktober 2010)
  •   Saint Vincent og Grenadinane (29. oktober 2010)
  •   Guatemala (3. november 2010)
  •   Libanon (5. november 2010)
  •   Guinea-Bissau (29. november 2010)
  •   Panama (29. november 2010)
  •   Chile (16. desember 2010)
  •   El Salvador (10. januar 2011)
  •   Ghana (3. februar 2011)
  •   Nederland (23. februar 2011)
  •   Portugal (9. mars 2011)
  •   Mosambik (14. mars 2011)
  •   Litauen (24. mars 2011)
  •   Bulgaria (6. april 2011)
  •   Costa Rica (28. april 2011)
  •   Botswana (27. juni 2011)
  •   Grenada (29. juni 2011)
  •   Senegal (3. august 2011)
  •   Cookøyane (23. august 2011)
  •   Afghanistan (9. september 2011)
  •   Swaziland (16. september 2011)
  •   Italia (21. september 2011)
  •   Trinidad og Tobago (21. september 2011)
  •   Tsjekkia (22. september 2011)
  •   Den dominikanske republikken (20. desember 2011)
  •   Mauritania (1. februar 2012)
  •   Elfenbenskysten (12. mars 2012)
  •   Honduras (21. mars 2012)
  •   Sverige (23. april 2012)
  •   Togo (22. juni 2012)
  •   Ungarn (3. juli 2012)
  •   Kamerun (12. juli 2012)
  •   Sveits (17. juli 2012)
  •   Peru (26. september 2012)
  •   Australia (8. oktober 2012)
  •   Nauru (4. februar 2013)
  •   Liechtenstein (4. mars 2013)
  •   Tsjad (26. mars 2013)
  •   Andorra (9. april 2013)
  •   Bolivia (30. april 2013)
  •   Irak (14. mai 2013)
  •   Saint Kitts og Nevis (13. september 2013)
  •   Belize (2. september 2014)
  •   Republikken Kongo (2. september 2014)
  •   Guinea (21. oktober 2014)
  •   Guyana (31. oktober 2014)
  •   Palestina (2. januar 2015)
  •   Paraguay (12. mars 2015)
  •   Canada (16. mars 2015)
  •   Sør-Afrika (28. mai 2015)
  •   Slovakia (24. juli 2015)
  •   Rwanda (25. august 2015)
  •   Island (31. august 2015)
  •   Colombia (10. september 2015)
  •   Somalia (30. september 2015)
  •   Mauritius (1. oktober 2015)
  •   Cuba (6. april 2016)
  •   Palau (19. april 2016)
  •   Madagaskar (20. mai 2017)
  •   Benin (10. juli 2017)
  •   Sri Lanka (1. mars 2018)
  •   Namibia (31. august 2018)
  •   Filippinane (3. januar 2019)
  •   Maldivane (27. september 2019)
  •   Niue (6. august 2020)
  •   Saint Lucia (15. september 2020)

Kjelder endre

  1. «UN Treaty Collection». Arkivert frå originalen 7. mars 2021. Henta 3. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff endre