Isolar II-turneen 1978
Isolar II-turneen 1978 Turné av David Bowie | ||
David Bowie på scenen i Oslo, 5. juni 1978. | ||
Stad | Nord-Amerika Europa Australia New Zealand Japan | |
Tilknytt(e) album | Low og "Heroes" | |
Startdato | 29. mars 1978 | |
Sluttdato | 12. desember 1978 | |
Talet på konsertar | 78 | |
Konsertkronologi | ||
---|---|---|
Isolar-turneen 1976 (1976) |
Isolar II-turneen 1978 | Serious Moonlight-turneen (1983) |
Isolar II-turneen i 1978,[1] oftare kjend som Low/Heroes-turneen eller Stage-turneen,[2] var ein verdsturné av David Bowie. Turneen opna 29. mars 1978 i San Diego Sports Arena og fortsette gjennom Nord-Amerika, Europa og Australia, før han enda i Nippon Budokan i Japan den 12. desember 1978.
Turnéutvikling og songutval
endreOpphavleg var Brian Eno meint å vere ein del av turneen, men måtte kaste inn handkle på grunn av helseproblem. Bandet hadde berre to veker på seg til å øve for turneen. Carlos Alomar var bandleiar på turneen og dreiv øvingane.[3]
Setlista for konsertane bestod av songar frå albuma frå året før, Low og "Heroes", medan den andre halvdelen av kvar konsert opna med fem songar på rad frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Bowie fekk bandet til å lære seg alle songane på Ziggy Stardust på øvinga, men dei andre av desse songane vart ikkje spelte på turneen. Den instrumentale «Art Decade» følgde ofte etter Ziggy Stardust-songane, som var eit roleg spor etter energien på Ziggy Stardust-songane.[3] Spor frå albumet Station To Station i 1976 var avslutningsnummer. Seint i 1980-åra rekna Bowie somme av songane han spelte på turneen som noko «tunge og klossete», og refererte særskild til somme av dei lange instrumentalane som «Warszawa.»[4]
Ein kort pause delte vanlegvis konserten i to delar. På den andre delen gjekk Bowie kledd i ein drapert frakk i slangeskinn og «store kvite bukser.»[3]
Setdesign
endreDet sterke lysrøyra frå den førre turneen i 1976 vart utvikla vidare til å bestå av store bur av lysrøyr, som gjekk kring heile scenen. Desse pulserte stemningsfullt under dei langsame instrumentalane og blinka febrilsk under dei kjappare songane.
Turnéhendingar
endreKonserten i Marseille vart forstyrra av då sikringane til PA-anlegget gjekk (tilfeldigvis under songen «Blackout»).[3]
Under den australske delen av turneen spelte Bowie dei første konsertane sine i Australia og den første større utandørskonserten sin.[2] For dei første to konsertane var klaverspelaren Dennis Garcia vikar for Roger Powell, som hadde ein tidlegare avtale med Utopia.
Konsertopptak
endreKonsertane i Providence Civic Center i Boston Garden og Philadelphia Spectrum vart spelte inn for konsertalbumet Stage. Turnepianisten Sean Mayes hugsa at for desse konsertane tok dei ned tempoet (på dei fleste songane) for innspelinga. Det var den einaste kvelden dei gjorde dette.[3]
Konserten 10. april 1978 i Dallas Convention Center vart filma for eit fjernsynsprogram kalla «David Bowie on Stage», der seks av songane vart sende på TV: «What in the World», «Blackout», «Sense of Doubt», «Speed of Life», «Hang On to Yourself» og «Ziggy Stardust». Konsertane i Earls Court i London i England vart filma av David Hemmings, og utdrag vart sendt på det britiske TV-programmet The London Weekend Show. Filmen er enno ikkje komen ut. Konserten i NHK Hall i Tokyo i Japan den 12. desember 1978 vart filma og sendt på det japanske TV-showet The Young Music Show.
Den siste konserten i Earls Court vart teken opp med RCA sitt mobile opptaksutstyr og det var første gongen songen «Sound and Vision» vart framført på konsert. Seinare kom denne ut på samlealbumet Rarestonebowie i 1995. Songen vart ikkje framført igjen før under Sound+Vision-turneen i 1990.
På Record Store Day den 21. april 2018 vart albumet Welcome to the Blackout (Live London ’78) gjeve ut. Det vart spelt inn i Earls Court den 30. juni og 1. juli 1978.[5][6]
Turnébandet hugsa at «alle konsertane vart teken opp» for Bowie sitt private bruk, og at lydbanda vart nøye passa på av Alomar.[3]
Setliste
endreDette er ei typisk setliste for alle konsertane på turneen, med nokre få unntak. Opphavleg var det planlagt at heile albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars suklle framførast i midten av konserten.
- «Warszawa»
- «"Heroes"»
- «What in the World»
- «Be My Wife»
- «The Jean Genie»
- «Blackout»
- «Sense of Doubt»
- «Speed of Life»
- «Breaking Glass»
- «Beauty and the Beast»
- «Fame»
- «Five Years»
- «Soul Love»
- «Star»
- «Hang On to Yourself»
- «Ziggy Stardust»
- «Suffragette City»
- «Rock 'n' Roll Suicide»
- «Art Decade»
- «Station to Station»
- «Stay»
- «TVC 15»
Ekstranummer:
Turnéband
endre- David Bowie – vokal, chamberlin
- Adrian Belew – sologitar, korvokal
- Carlos Alomar – rytmegitar, korvokal, musikalsk leiar[7]
- George Murray – bassgitar, korvokal
- Dennis Davis – trommer, perkusjon
- Roger Powell – klaverinstrument, Moog Taurus basspedalar, synthesizer, korvokal (utanom 11–14. november 1978)
- Dennis Garcia – klaverinstrument, synthesizer (berre 11–14. november 1978)
- Sean Mayes – piano, strykarensemble, korvokal
- Simon House – elektrisk fiolin
Turnémannskap
endre- Jan Michael Alejandro – bandteknikar (Pre Jan-Al Cases)
- Vern «Moose» Constan – bandteknikar
- Rob Joyce – scenemanager
- Leroy Kerr – bandteknikar
- Edd Kolakowski – piano- og klaverteknikar (Australia, New Zealand og Japan)
- Buford Jones – FOH-miksar
- Townsend Wessinger– lydmannskap frå Showco
- Billy King– lydmannskap frå Showco
- Russell Davis– lydmannskap frå Showco
- Randy Marshall– lydmannskap frå Showco
- Glenn George– lydmannskap frå Showco
- Lonnie McKenzie – Showco
- Warren Cunningham – lysmannskap frå Showco
- Dirk Arnold - lysmannskap frå Showco
- Rick Hunnicuut – lysmannskap frå Showco
- John Mitchell – lysmannskap frå Showco
- Juan Gonzales – lysmannskap frå Showco
- Kevin Di Piazza – lysmannskap frå Showco
- Richard Brown– lysmannskap frå Showco
- Kevin Randall– riggmannskap frå Showco
- J. Smith– riggmannskap frå Showco
- Lyle Centola– riggmannskap frå Showco
- Morris Lyda – produksjonskonsulent
- David Bernstein – lasteguru
- Mike Brady – sjåfør og livvakt for Bowie
- George, Stuart (Stuey) - livvakt for Bowie
- Eric «B» Barrett – turnémanager og lysdesigner
- Ronn Roberts – assistent for turnémanager
- Pat Gibbons – turnémanager og rekneskapsførar
- Richard Boote & Gwyn Lawrence - sjåførar i Europa
- Coco Schwab – personleg assistent for Bowie
Turnédatoar
endreSongar
endre
FråThe Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Frå Aladdin Sane Frå Diamond Dogs Frå Young Americans
|
Frå Low
Frå "Heroes"
Andre songar:
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Isolar II-turneen 1978» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pimm Jal de la Parra, David Bowie: The Concert Tapes, P.J. Publishing, 1985, ISBN 90-900100-5-X
- Kevin Cann, David Bowie: A Chronology, Vermilion, 1983, ISBN 0-09-153831-9
- David Buckley, Strange Fascination: The Definitive Biography of David Bowie, Virgin Books, 1999, ISBN 1-85227-784-X
- ↑ Sean Mayes, Life on Tour with David Bowie: We Can Be Heroes, Independent Music Press, 2003, ISBN 978-1-897783-17-7
- ↑ 2,0 2,1 Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, ISBN 1-903111-73-0
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 David Currie, red. (1985), David Bowie: The Starzone Interviews, England: Omnibus Press, ISBN 0-7119-0685-8
- ↑ Isler, Scott (August 1987), «David Bowie Opens Up – A Little», Musician: 60–73
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 1. mars 2018. Henta 2. mars 2018.
- ↑ «Rare and unreleased David Bowie albums set for Record Store Day 2018 - NME». 1. mars 2018.
- ↑ Jones, Dylan (2017), David Bowie: A Life, Crown/Archetype
- ↑ 8,0 8,1 «Billboard Box Office 15. april 1978» (PDF).
- ↑ «Billboard Box Office 22. april 1978» (PDF).
- ↑ «Billboard Box Office 29. april 1978» (PDF).
- ↑ «Billboard Box Office 6. mai 1978» (PDF).
- ↑ «Billboard Box Office 13. mai 1978» (PDF).