Sportsklubben Brann i 1963
Sesongen 1963 var den første sesongen etter den norske eliteserien vart endra til ti lag og kalla 1. divisjon. Brann vart seriemeistrar dette året, for andre året på rad, men det skulle ta 43 år til Brann tok gullet på ny, i 2006.
Sesongen 1963 | |||
Styreleiar | Ingolf Handeland Olsen | ||
---|---|---|---|
Hovudtrenar | Oddvar Hansen | ||
Stadion | Brann Stadion | ||
NM i fotball | 4. runde | ||
Toppskårar | Liga: Roald Jensen (10 mål) Alle: Roald Jensen (16 mål) | ||
Høgast tilskodartal | 20 897 mot Fredrikstad 19. mai 1963 | ||
Lågast tilskodartal | 10 750 mot Gjøvik-Lyn 28. juli 1963 | ||
Snitt tilskodartal | 15 658 | ||
|
Brann deltok òg i Norgesmeisterskapen i fotball for menn 1963, men vart slått ut i fjerde runde.
Forsesongen
endreDette var den første fotballsesongen i Noreg som gjekk frå våren til hausten og Brann byrja utetreninga denne sesongen 8. januar på Brann Stadion, men is- og snø dekka banane i Bergensområdet.[1]
Sesongbilettane i 1963 kosta 100 kr, som var dyrt for folk flest på denne tida. Tinginga måtte skje skriftleg. Kortet gav tilgjenge til dei ni heimekampane, og forkjøpsrett til privat- og cupkampar, i tillegg til eventuelle landskampar på Brann Stadion. Brann hadde selt 400 partoukort i 1962 og håpa å selje meir denne sesongen ved å tilby avbetaling på billettane. Med dette ønskte ein å kunne finansiere sitjetribune under tak på eine langsida av Brann Stadion.[2]
Den første treningskampen til Brann gjekk mot eit samansett krinslag frå Rogaland på Figgjo i Stavanger, mellom anna med landslagskeeperen Olav Nilsen.[3] Den faste keeperen Ivar Farestvedt og angrepsspelaren Roald «Kniksen» Jensen var begge skadde til kampen.[4] Det var venta mykje publikum til kampen, men banen var dekt med is og snø, og banemannskapet kjempa hardt for å få banen spelbar.[3] Halvparten av overskotet etter kampen gjekk til Viking-spelaren Håkon Kindervaag, som måtte amputere eine foten.[3] Kring tusen tilskodarar møtte opp. Brann vann kampen 5-1 etter å ha leia 4-0 til pause. Rolf Birger «Pesen» Pedersen scora tre mål, og Roald Jensen scora to. Jensen skal ha teke det forsiktig sidan han hadde vore skadd og det var tvilsamt om han skulle spele kampen i det heile. Kampen føregjekk på eit hardt islag, men Brann stilte i kortbukser og korterma skjorte, medan Rogalandslaget stilte i lange treningstøy i første omgangen. I andre omgangen kom òg Rogalandslaget ut på banen i korte drakter.[5]
I mars kom Bjørn Odmar Andersen til klubben frå Ørn. Han avtente verneplikta si då og ønskte å gjere dette ved Haakonsvern, og samstundes spele for Brann.[6]
Ein planlagd treningskamp mot Ørgryte i Gøteborg den 10. mars vart ikkje noko av, då reisa vart for dyr og Ørgryte ikkje kunne binde seg til ein returkamp i Bergen seinare på året.[2] Heller ikkje ein potensiell treningskamp mot Aalborg i Danmark vart noko av. 31. mars var det planlagt ein treningskamp mot Viking i Stavanger, men telen sat hardt i grasbanen, og reservebanen var dekt av is og snø. Viking meinte at dei ikkje kunne invitere Brann til å spele på grus og kampen vart avlyst.[7] 2. april starta ei lynturnering for lag kring Bergen. Brann møtte Årstad i første runde[8] og gjekk vidare på straffesparkkonkurranse (3-1) etter at kampen enda 0-0. Brann stilte med eit B-prega lag. Årstad burde derimot ha vunne etter å ha fått ei scoring annullert «ved en misforståelse mellom dommeren og linjemannen».[9] Ballen hadde vore over mållinja, linjemannen såg det, men markerte det ikkje etter regelverket, som tredde i kraft akkurat den veka. Brann meinte i ettertid at Årstad burde få lov å gå vidare i cupen, men dette vart det ikkje teke omsyn til.[10] Brann møtte då Varegg i neste kamp, men tapte denne 1-0. Varegg gjekk vidare og vann 6-4 mot Hardy i finalen av 1. avdeling.[11]
Berre nokre dagar seinare spelte Brann den første kampen for sesongen på Brann Stadion føre 8 800 tilskodarar i ein treningskamp mot Skeid. Etter at Skeid hadde vore best i første omgangen, vann Brann 4-0 etter scoringar av mellom andre Kniksen og Pesen.[12] Alt tirsdag 9. april spelte Brann mot Vålerengen. Etter at Bjørn Odmar Andersen scora i debutkampen sin, Brann leia 1-0 til pause og auka til 2-0 kort tid etter, enda kampen uavgjort 2-2.[13] Etter påske vart det spelt treningskamp mot Lyn på Brann Stadion føre 11 500 tilskodarar. Kampen enda 0-0, men var prega av stygt spel og Roald «Kniksen» Jensen vart utvist tidleg i andre omgangen etter å ha blitt felt av Arild Gulden på veg fram i angrep og svara med å skubbe han overende. Bergens Tidene var ikkje nådig og skreiv: «Hvis man vil gjøre fotballen til en pøbelsport, er det bare å fortsette på den galei man har slått inn på...I går hadde man bare en ekkel følelse av at det var amatører som var ute og lekte barskinger. Det var smågutter som skrev stygge ord på veggen og mente de var noe til karer. Og så var det tvert om bare latterlige.»[14] Berre ei veke seinare spelte Brann mot Lyn att på Ullevaal Stadion i siste treningskampen før sesongen starta. Dei tapte då 2-0 etter to seine Lyn-scoringar.[15]
Sesongen
endreVårsesongen
endreBrann opna sesongen borte mot nyopprykka Gjøvik-Lyn, som spelte i 1. divisjon for første gongen. Sidan dei møtte serievinnarane frå året før, møtte over ti tusen tilskodarar opp for å sjå kampen som Gjøvik-Lyn vann 2-0. Dette var tredje kampen til Brann på rad utan scoring. Roald «Kniksen» Jensen vart passa ekstra godt på av venstrevingen til Gjøvik-Lyn, Knut Solbrækken, eller «Kniksen med frakk», som Bergens Tidene skreiv. Han fekk derfor ikkje utretta stort i kampen.[16]
I den første heimekampen for året gjekk det derimot særs mykje betre for Brann, som slo Frigg heile 8-1. Det var mykje snakk om taktikk før kampen og om Frigg kom til å markere ut Roald «Kniksen» Jensen slik Gjøvik-Lyn hadde klart i den første kampen. Anders Svela fekk i oppgåve å punktmarkere Jensen, men fekk etter kort tid magekrampe slik at han måtte bytast ut alt etter ti minutt med Tore Børrehaug, som ikkje hadde suksess med markeringsoppgåva si. Børrehaug vart springande mykje mellom og Brann-åtaket fekk mykje rom og tok ein storsiger føre 17 000 tilskodarar med tre mål av Kniksen før pause.[17]
Den tredje runden vart spelt borte mot Skeid fredag 11. mai. Kampen kom i gang i flotte sommartemperaturar og etter 2-0 til Lyn og ei redusering til 2-1 av Brann tidleg i første omgang, vart kampen avbroten av dommaren etter berre 20 minutt på grunn av eit kraftig torevêr og eit skybrot som dekka heile banen med vatn. Det var snakk om å spele omkampen alt dagen etter, men sidan alle spelarane på denne tida var amatørar, kunne ikkje Brann stille med det beste laget sitt då fleire av spelarane måtte heim og på jobb dagen etter. Kampen vart derfor utsett til 30. mai, då resultatet vart det same som då den første kampen vart avbroten, 2-1 til Skeid.[18]
Den fjerde runden vart spelt på Brann stadion mot Fredrikstad. Bergenspressa hadde håp om ei gjentaking av kampen mot Frigg, sidan Fredrikstad hadde hatt ein ganske dårleg start på sesongen. Føre over 20 000 tilskodarar tok derimot Fredrikstad kommandoen og gjekk opp i 1-0 leiing like før pause med Per Kristoffersen. Dei dominerte òg det meste av andreomgangen før Rolf Birger Pedersen sprang med ballen over heile banen og aleine med keeper sette ballen i mål til utlikning for Brann, ti minuttar før slutt. Det var stor semje blant publikum om at Brann hadde vore heldige og Bergens Tidende skreiv: «I den halvtimen av andre omgang da Fredrikstad herjet som verst med dem, kunne man registrere et merkelig biologisk fenomen. Samtidig som Brann-spillerne fløy omkring som forskremte høns, stakk de billedlig hodet i sanden som strutser og håpet at faren skulle gli over. Skjønt sand og sand - det var i en bløt gjørme de søkte tilflukt». Det hadde regna mykje i tida før kampen.[19]
Bortekampen mot Viking i femte runden 22. mai stod i fare for å bli utsett på grunn av store nedbørsmengder i dagane før og ein bane som var så blaut at det ikkje var mogeleg å få banen oppmerkt.[20] Kampen vart spelt og enda 1-1 etter at Viking hadde teke leiinga tidleg i 2. omgang. Brann hadde dominert første omgangen og burde ha leia.[21] Den neste heimekampen enda særs dårleg for Brann. Dei møtte Lyn som då låg på andreplassen i serien og tapte heile 6-0. Ein tredjedel av serien var då spelt, Brann hadde berre teke fire poeng og låg tredje sist på tabellen, seks poeng bak Lyn som leia serien (hugs det var to poeng per seier på den tida).[22]
4. juni 1963 var det landskamp på Brann Stadion mellom Noreg og Skottland. Noreg vann kampen overraskande 4-3 føre 17 000 tilskodarar.
Etter den dårlege perioden til Brann i mai var det klart at noko måtte gjerast. Trenar Oddvar Hansen sette derfor inn to debutantar på laget som skulle møte Steinkjer den 9. juni, nemleg Tore Nortvedt og Torgeir Hauge. Dette såg ut til å gjere godt, for Brann vann kampen 3-0.[23] Kampen vart spelt i nydeleg sommarvêr og rett etter kampen vart Brannspelarane - framleis i Branndraktene - køyrde rett til badestranda.[24] Framgangen heldt fram mot Sarpsborg på heimebane 16. juni, då Brann vann heile 7-1, med to mål kvar av Rolf Birger Pedersen og Roald «Kniksen» Jensen og eit kvar av nykomaren Torgeir Hauge, Roald Paulsen og Bjørn Odmar Andersen. Bergens Tidende var likevel ikkje særleg imponert og skreiv mellom anna: «Ingen skal tro at det var et wonderteam som lekte seg til seieren. Det var nok atskillig å ergre seg over - for mye vil som kjent ha mer.»[25] Framgangen heldt fram med bortesiger 4-2 mot Vålerengen 24. juni på Bislett stadion.[26]
I juni spelte 'Brann òg to cupkampar. I 1. runde slo dei Trane 7-0 på Krohnsminde og i 2. runde Fana heile 9-0 på Brann Stadion, der Kniksen scora fem av måla.[27]
Sommarpause
endreEtter kampen mot Vålerengen var det sommarpause. Denne brukte Brann med å spele ein kamp i Djervs jublieumsturnering, i høvet 50 årsjubileet til klubben. Dei møtte Os på Brann stadion 27. juni og vann 3-1.[28] Veka etter spelte Brann treningskamp på stadion mot danske Sydjyske Fodbold Alliance og vann 4-0.[29] Berre to dagar seinare, 5. juli, spelte Brann mot Årstad på Brann stadion i Tranes jubileumsturnering. Brann vann kampen 2-1 med eit reserveprega lag.[30] Tidleg i juli drog Brann to veker på treningsleir i Etne. Det var opphavleg meininga at dei skulle fokusere på trening, men enda opp med å spele fem treningskampar mot Åkra, Etne, Odda, Halsnøy og eit krinslag frå Sunnhordland. Mot Halsnøy vann dei heile 17-0.[31][32][33][34]
I sommarpausen byrja òg ei utbygging av Brann stadion, då det vart bygd ståtribune i den søraustre svingen, der det tidlegare berre hadde vore ein skråning. Det vart òg planlagd for ein sitjetribune som skulle stå ferdig til våren 1964.[35]
Haustsesongen
endreBrann starta haustsesongen med heimekamp mot Gjøvik-Lyn 28. juli. Etter tap i vårkampen fekk Brann revansje med ein 3-1 siger i ein noko amper kamp.[36]
I mars hadde Brann fått tilbod om å spele treningskamp mot nederlandske DOS frå Utrecht i august. DOS var då trent av Willy Kment som hadde vore norsk landslagstrenar fram til 1962.[37] Dette vart stadfesta tidleg i juli.[26] Dette vart sidan stadfesta og datoen for privatkampen vart sett til 2. august. Den nederlandske landslagsspelaren van der Linden spelte mellom anna på dette laget. To dagar før møtte dei Vålerengen og slo dei 7-2. Føre 8 000 tilskodarar vann nederlendarane 3-1.
Den første bortekampen denne hausten gjekk mot Frigg, som Brann hadde knust 8-1 på våren. Frigg fekk derimot revansje og vann 4-3 etter at Brann hadde leia kampen to gonger. Sigersmålet skal ha vore av tvilsam art då Steinar Johannesen på Frigg skaut ballen i underkanten av tverrliggaren og ned føre mållinja. Dommaren dømde ballen i mål.[38] Brann drog så til Bryne for den tredje runden i cupen og gjekk vidare med 2-1 etter å ha hamna under etter berre to minuttars spel.[39]
Brann låg no på fjerdeplassen og skulle møte Skeid heime. Bergenspressa var framleis oppteken av at Brann ikkje måtte unngå nedrykk, for det var ikkje mange poeng ned til nedrykksplassen. Brann vann heimekampen 2-1 etter at Skeid hadde spelt heile andreomgangen med ein mann mindre etter å ha gjort alle byta sine og Jan Gulbrandsen måtte ut med strekk.[40] Dei klatra då til tredjeplassen, tre poeng bak Lyn på første. Brann drog så til Fredrikstad der dei etter scoring tre minuttar ut i kampen berre klarte 1-1.[41] Kniksen scora begge måla til Brann i heimesigeren mot Viking 24. august, der dei vann 2-1. Dette var den 200. kampen til Rolf Birger Pedersen for Brann.[42]
September vart starta med tap i fjerde runde av cupen for tredjedivisjonslaget Sagene frå Oslo. Sagene vann 1-0 etter eit massivt Brannpress som ikkje resulterte i mål, inkludert ein straffemiss av Kniksen. Siste gongen desse laga møtte kvarandre, i fjerde runde i 1953, hadde Sagene òg slått ut Brann og ein snakka om at Brann hadde eit Sagene-kompleks. Bergens Tidende konkluderte med at Brann hadde undervurdert motstandaren.[43]
Brann låg fire poeng bak serieleiaren Lyn i byrjinga av september, men 8. september møttest dei to laga til ein avgjerande kamp på Ullevål stadion. Med siger kunne Lyn i praksis sikre seriemeisterskapen. Brann spelte derimot ein av dei beste kampane sine denne sesongen og vann 3-1. Oslo-avisene meinte at dette kunna ha vore den beste kampen til Brann sidan krigen, medan Bergens Tidende skreiv «Lyn ble spurv i tranedans i toppmøtet mot Brann på Ullevål».[44] Lyn-fansen meinte at det hadde vore feil av Lyn å leggje kampen til Ullevål og ikkje Bislett som vanleg.[44] Brann var no berre to poeng bak Lyn i kampen om seriemeisterskapen med tre kampar att og ein var samde om at begge laga hadde eit tøft program.
10. september var det andre kamp og finale i jubileumsturneringa til Djerv. Brann møtte Djerv sjølv på Brann stadion og vann 1-0.[45] Brann møtte så Steinkjer til seriekamp i Bergen og vann 3-0 føre 17 000 tilskodarar. Samstundes tapte Lyn mot Fredrikstad og Brann tok dermed over tabelltoppen med like mange poeng som Lyn, men betre målskilnad.[46] Dette var første gongen denne sesongen at Brann toppa tabellen. Etter denne kampen var det to veker til neste seriekamp, sidan kvartfinalane i cupen skulle spelast helga etter. Brann ønskte å halde kampformen ved like og sette opp ein privatkamp mot Haugar i Haugesund. Det var lenge tvilsamt om kampen kunne spelast på grunn av store nedbørsmengder i dagane før, som gjorde grasbanane på heile Vestlandet ubrukelege. Brann vann denne kampen 6-2.
I den nest siste serierunden spelte Brann borte mot Sarpsborg. Brann fekk berre med seg eitt poeng i kampen som enda 1-1, men samstundes tapte Lyn borte mot Gjøvik/Lyn og Brann toppa dermed framleis tabellen, eitt poeng føre Lyn. Brann kunne dermed sikre gullet med siger i siste heimekampen mot Vålerengen den 13. oktober.[47] Brann trengde berre å unngå å tape for å ha god sjansen på gullet. Brann hadde mykje betre målskilnad enn Lyn, og hadde Brann spelt uavgjort, måtte Lyn ha vunne med minst ti mål for å gå forbi. Brann slo derimot Vålerengen 3-1 etter to tidlege scoringar i første omgang.[48]
Brann ønskte ikkje å avslutte sesongen med siste seriekampen og planla ein privatkamp mot Bodø/Glimt og ein turné til Nederland og Tyskland i november. Fleire Oslo-lag ønskte òg å møte Brann til treningskamp. I tillegg var det snakk om at landslaget skulle spele treningskamp mot Brann før dei skulle spele mot Sveits og Skottland.[49] Det vart aldri noko av turneen i Nederland og Tyskland, og heller ikkje ein mogeleg kamp i Skottland vart noko av, så Brann skrinla heile utanlandsturen sin denne hausten. Det var likevel planen å trene fram til jul, og spele fleire kampar om vêret tillet det.[50]
Kampen mot Bodø/Glimt vart spelt 20. oktober og enda 3-0 til Brann.[51] 9. november spelte Brann mot cupmeistrane Skeid på Brann stadion. Sidan det var tidleg mørkt på denne tida, vart det sett opp provisoriske flaumlys og kampen gjekk seint på ettermiddagen denne laurdagen. Skeid feide over Brann og vann heile 7-0 føre kring 8 000 tilskodarar.[52] Berre tre dagar seinare spelte Brann mot det norske militærlandslaget. Kampen enda 4-4 etter at Brann hadde leia 3-0. Denne kampen gjekk òg i flaumlys.[53]
Tropp
endreMerknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.
Overgangar
endreVinter
endre
Inn: Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.
|
Ut: Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.
|
Trenings- og privatkampar
endre3. mars 1963 | Rogaland krinslag | 1 – 5 | Brann | Stavanger | ||
Sigurd Voll | Rolf Birger Pedersen 3 Roald «Kniksen» Jensen 2 |
Stadion: Figgjo Tilskodarar: Ca. 1000 | ||||
2. april 1963 | Årstad | 0 – 0 (1 – 3 på straffar) | Brann | Bergen | ||
Stadion: Møhlenpris Tilskodarar: 1700 | ||||||
3. april 1963 | Varegg | 1 – 0 | Brann | Bergen | ||
Olav Norevik | Stadion: Møhlenpris Tilskodarar: 2300 | |||||
6. april 1963 | Brann | 4 – 0 | Skeid | Bergen | ||
18:00 | Roald Paulsen 52' Rolf Birger Pedersen ca. 60' (str.) Roald Jensen 67' Leif Amundsen 75' |
[12] | Stadion: Brann Stadion Tilskodarar: 8 800 Dommar: Arnold Nilsen, Nymark | |||
9. april 1963 | Vålerenga | 2 – 2 | Brann | Bergen | ||
19:00 | Bjørn Odmar Andersen 37' Leif Amundsen 50' |
[13] | Einar Bruno Larsen 66' Leif Eriksen 74' |
Stadion: Brann Stadion Tilskodarar: 8 600 Dommar: Ole Bøe, Sandviken | ||
16. april 1963 | Brann | 0 – 0 | Lyn | Bergen | ||
19:00 | Roald Jensen 50' | Stadion: Brann Stadion Tilskodarar: 11 500 | ||||
21. april 1963 | Lyn | 2 – 0 | Brann | Oslo | ||
Ole Stavrum, to mål mot slutten | [15] | Stadion: Ullevaal Stadion Tilskodarar: 7 342 Dommar: Erling Rolf Olsen, Skeid | ||||
Djervs jubileumsturnering 27. juni 1963 | Brann | 3 – 1 | Os | Bergen | ||
Øivind Eriksen (2 mål), Kjell Ellingsen | [28] | ? | Stadion: Brann Stadion Tilskodarar: Dommar: Ole Bøe, Sandviken | |||
Onsdag 3. juli 1963 | Brann | 4 – 0 | Sydjyske Fodbold Alliance | Bergen | ||
Bjørn Odmar Andersen Roald Paulsen Rolf Birger Pedersen Roald Paulsen |
[29] | Stadion: Brann Stadion Tilskodarar: 4 471 Dommar: Ole Bøe, Sandviken | ||||
Tranes jubileumsturnering Fredag 5. juli 1963 | Brann | 2 – 1 | Årstad | Bergen | ||
Kjell Ellingsen 26' Roald Paulsen 80' |
[29] | Steinar Karlsen 17' | Stadion: Brann Stadion | |||
Torsdag 11. juli 1963 | Åkra | 0 – 3 | Brann | Åkrehamn | ||
[31] | Torgeir Hauge 13' Torgeir Hauge 15' Torgeir Hauge 66' |
Stadion: Åkrehamn idrettsplass Tilskodarar: Ca. 2 000 Dommar: Finn Osmundsen, Haugar | ||||
Laurdag 13. juli 1963 | Etne IL | 1 – 6 | Brann | Etne | ||
Stadion: Etne idrettsplass | ||||||
Onsdag 17. juli 1963 | Odda | 2 – 8 | Brann | Odda | ||
Ernst Høy Jan From |
[32] | Rolf Birger Pedersen (3 mål) Roald Jensen (2 mål) Roald Paulsen (2 mål) Bjørn Odmar Andersen (1 mål) |
Tilskodarar: 1100 Dommar: Torstein Kollanes, Tyssedal | |||
Torsdag 18. juli 1963 | Halsnøy | 0 – 17 | Brann | Halsnøy | ||
[33] | Tilskodarar: 300 | |||||
Lørdag 20. juli 1963 | Sunnhordland kretslag | 2 – 4 | Brann | Etne | ||
19:00 | Jan From 31' Jan From 69' |
[34] | Rolf Birger Pedersen 7' Roald Jensen 78' Roald Paulsen 79' Roald Jensen 83' |
Stadion: Etne idrettsplass Tilskodarar: ca. 450 Dommar: Finn Osmundsen, Haugar | ||
Privatkamp Fredag 2. august 1963 | Brann | 1 – 3 | VV DOS | Bergen | ||
19:30 | Leuten 18' Trygve Andersen 20-40' (sm.) van der Linden 62' |
[54] | Bjørn Odmar Andersen ca. 43' | Stadion: Brann Stadion Tilskodarar: 8 000 Dommar: Arnold Nilsen, Nymark | ||
Djervs jubileumsturnering Tirsdag 10. september 1963 | Djerv | 0 – 1 | Brann | Bergen | ||
18:15 | [45] | Rolf Birger Pedersen | Stadion: Brann Stadion Tilskodarar: ca. 1 000 | |||
29. september 1963 | Haugar | 2 – 6 | Brann | Haugesund | ||
Alf Grindheim 30' Jon Aspen 83' |
Roald Jensen 19' Arild Hetløen 22' Roald Jensen 29' Ellingsen 55' Leif Amundsen 72' Roald Jensen 75' |
Stadion: Haugesund Stadion Tilskodarar: 2 320 | ||||
Søndag 20. oktober 1963 | Brann | 3 – 0 | Bodø/Glimt | Bergen | ||
13.00 | Rolf Birger Pedersen 14' Bjørn Odmar Andersen 30' Torgeir Hauge ca. 33' |
[51] | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 8 500 Dommar: Ole Bøe, Sandviken | |||
Laurdag 9. november 1963 | Brann | 0 – 7 | Skeid | Bergen | ||
16:30 | [52] | Pål Sætrang (4 mål) Kai Sjøberg (3 mål) |
Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 8 000 Dommar: Birger Nilsen, Grüner | |||
Mandag 11. november 1963 | Brann | 4 – 4 | Militære landslag | Bergen | ||
19:00 | Roald Jensen 10' Roald Paulsen 26' Roald Jenssen ca. 29' Torgeir Hauge 60' |
[53] | Håkon Olav Blengsli 55' Jan Berg 61' Jan Berg 64' Bjørn Odmar Andersen 85' (sm.) |
Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 1 798 Dommar: Bjørgulv Iversen, Brann | ||
Konkurransar
endre1. divisjon
endre- For meir om dette emnet, sjå 1. divisjon fotball for menn 1963.
Oppsummering
endreTotalt | Heime | Borte | |||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kmp | S | U | T | MF | MM | MS | Png | S | U | T | MF | MM | MS | S | U | T | MF | MM | MS |
18 | 10 | 4 | 4 | 46 | 27 | +19 | 34 | 7 | 1 | 1 | 29 | 13 | +16 | 3 | 3 | 3 | 17 | 14 | +3 |
Kjelde: sjå under
Bane: B = Borte; H = Heime. Resultat: S = Siger; U = Uavgjort; T = Tap; Ut = Utsett.
Resultat etter runde
endreRunde | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Bane | B | H | B | H | B | H | B | H | B | H | B | H | B | H | B | H | B | H |
Resultat | T | S | T | U | U | T | S | S | S | S | T | S | U | S | S | S | U | S |
Plassering | 10 | 4 | 6 | 6 | 6 | 8 | 7 | 4 | 2 | 3 | 4 | 3 | 3 | 3 | 2 | 1 | 1 | 1 |
Kjelde: sjå under
Bane: B = Borte; H = Heime. Resultat: S = Siger; U = Uavgjort; T = Tap; Ut = Utsett.
Kampar
endre1. runde 29. april 1963 | Gjøvik/Lyn | 2 – 0 | Brann | Gjøvik | ||
18:00 | Erik Johansen 75' Erik Johansen 87' |
[16] | Stadion: Gjøvik stadion Tilskodarar: 10 437 Dommar: Erling Rolf Olsen, Skeid | |||
2. runde 4. mai 1963 | Brann | 8 – 1 | Frigg | Bergen | ||
18:00 | Roald Paulsen 9' Roald Jensen 13' Rolf Birger Pedersen 23' Roald Jensen 41' Bjørn Odmar Andersen 49' Roald Paulsen 68' Arild Hetløen 82' Roald Paulsen 89' |
[17] | Steinar Johannessen 81' | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 17 071 Dommar: Rolf Hansen, Skiens-Grane | ||
3. runde 30. mai 1963 | Skeid | 2 – 1 | Brann | Oslo | ||
18:00 | Kai Sjøberg 28' Kjell Schau Andreassen 89' (sm.) |
[18] | Kjell Wangen 19' (sm.) | Stadion: Bislett stadion Tilskodarar: 18 534 | ||
4. runde 19. mai 1963 | Brann | 1 – 1 | Fredrikstad | Bergen | ||
13:00 | Rolf Birger Pedersen 80' | Per Kristoffersen ca. 43' | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 20 897 Dommar: Birger Nilsen, Grüner. | |||
5. runde Onsdag 22. mai 1963 | Viking | 1 – 1 | Brann | Stavanger | ||
Alf Svendsen ca. 50' | [21] | Roald Paulsen ca. 55' | Stadion: Viking stadion Tilskodarar: 10 600 Dommar: Hans Granelund | |||
6. runde 26. mai 1963 | Brann | 0 – 6 | Lyn | Bergen | ||
13:00 | [22] | Finn Seemann 1' Finn Seemann 10' Roald Muggerud 15' Tore Stavrum 46-60' Tore Hansen 46-60' Tore Hansen 46-60' |
Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 14 704 Dommar: Johan Riseth, Namsos | |||
7. runde Søndag 9. juni 1963 | Steinkjer | 0 – 3 | Brann | Steinkjer | ||
[23] | Bjørn Odmar Andersen 8' Roald Paulsen 46-55' Roald Paulsen 60' |
Stadion: Steinkjer stadion Tilskodarar: 7 813 Dommar: Birger Nilsen, Grüner | ||||
8. runde Lørdag 15. juni | Brann | 7 – 1 | Sarpsborg | Bergen | ||
17:00 | Rolf Birger Pedersen 5' Rolf Birger Pedersen 21' Torgeir Hauge 22' Roald Jensen 48' Roald Jensen 62' Roald Paulsen 66' Bjørn Odmar Andersen 70' |
[25] | Martin Kjølholt 12' | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 12 016 Dommar: Kåre Furulund, Løren | ||
9. runde Mandag 24. juni 1963 | Vålerengen | 2 – 4 | Brann | Oslo | ||
Leif Eriksen 6' Leif Eriksen 54' (str.) |
[26] | Trygve Andersen 20' Rolf Birger Pedersen 30' Odd Oppedal 45' Roald Paulsen 82' |
Stadion: Bislett stadion Tilskodarar: 13 409 Dommar: Walther Østnes, Lillestrøm | |||
10. runde Søndag 28. juli 1963 | Brann | 3 – 1 | Gjøvik-Lyn | Bergen | ||
Rolf Birger Pedersen 12' Roald Jensen 40' Torgeir Hauge 72' |
[36] | Erik Johansen 8' | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 10 750 Dommar: Birger Nilsen | |||
11. runde Mandag 24. juni 1963 | Frigg | 4 – 3 | Brann | Oslo | ||
Trond Hoftvedt ca. 37' Trond Hoftvedt 45' (str.) Steinar Johannesen 51' Steinar Johannesen ca. 73' |
[38] | Rolf Birger Pedersen ca. 27' Roald Jensen ca. 40' Bjørn Odmar Andersen ca. 68' Bjørn Odmar Andersen ca. 75' |
Stadion: Bislett stadion Tilskodarar: 10 855 Dommar: Johan Riseth | |||
12. runde Søndag 18. august 1963 | Brann | 2 – 1 | Skeid | Bergen | ||
13:00 | Rolf Birger Pedersen 24' Roald Jensen 82' |
[40] | Kai Sjøberg 8' | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 12 584 Dommar: Trygve Dahlgren | ||
13. runde 21. august 1963 | Fredrikstad | 1 – 1 | Brann | Fredrikstad | ||
Jan Aas 44' | [41] | Bjørn Odmar Andersen 3' | Stadion: Fredrikstad stadion Tilskodarar: 9 214 Dommar: Kåre Furulund, Løren | |||
14. runde Laurdag 24. august 1963 | Brann | 2 – 1 | Viking | Bergen | ||
17:00 | Roald Jensen 46' Roald Jensen 65' |
[42] | Gunnar Tiller 30' | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 15 733 Dommar: Bjørn Borgersen, Mercantile | ||
15. runde 8. september 1963 | Lyn | 1 – 3 | Brann | Oslo | ||
Jan Eriksen 54' | [44] | Rolf Birger Pedersen 49' Roald Paulsen 55' Roald Jensen |
Stadion: Ullevål stadion Tilskodarar: 11 088 Dommar: Kjell Bruun, Ørn | |||
16. runde 22. september 1963 | Brann | 3 – 0 | Steinkjer | Bergen | ||
13:00 | Roald Jensen 4' Torgeir Andersen 20' Torgeir Hauge 70' |
[46] | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 17 133 Dommar: Hans Granlund, Heggdal | |||
17. runde Søndag 6. oktober 1963 | Sarpsborg | 1 – 1 | Brann | Sarpsborg | ||
Martin Kjølholt 55' (str.) | [47] | Roald Paulsen ca. 30' | Stadion: Sarpsborg stadion Tilskodarar: 7 192 Dommar: Bjørn Borgersen, Mercantile | |||
18. runde Søndag 13. oktober 1963 | Brann | 3 – 1 | Vålerengen | Bergen | ||
13:00 | Bjørn Odmar Andersen 2' Bjørn Odmar Andersen 17' Leif Amundsen |
[48] | Leif Eriksen 47' | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 20 030 Dommar: Leif Gulliksen, Ørn | ||
Tabell
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Brann | 18 | 10 | 4 | 4 | 46–27 | 19 | 24 |
2 | Lyn | 18 | 10 | 3 | 5 | 38–28 | 10 | 23 |
3 | Skeid | 18 | 9 | 2 | 7 | 41–26 | 15 | 20 |
4 | Fredrikstad | 18 | 7 | 6 | 5 | 32–25 | 7 | 20 |
5 | Frigg | 18 | 6 | 6 | 6 | 31–40 | −9 | 18 |
6 | Sarpsborg | 18 | 6 | 5 | 7 | 26–35 | −9 | 17 |
7 | Viking | 18 | 6 | 5 | 7 | 26–37 | −11 | 17 |
8 | Vålerengen | 18 | 7 | 2 | 9 | 44–37 | 7 | 16 |
9 | Steinkjer | 18 | 5 | 4 | 9 | 23–34 | −11 | 14 |
10 | Gjøvik-Lyn | 18 | 5 | 1 | 12 | 29–47 | −18 | 11 |
Cupen
endre- For meir om dette emnet, sjå Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1963.
1. runde Torsdag 6. juni 1963 | Trane | 0 – 7 | Brann | Bergen | ||
19:00 | Rolf Birger Pedersen (2 mål) Torgeir Hauge (2 mål) Roald Jensen Trygve Andersen eitt sjølvmål |
Stadion: Krohnsminde stadion Tilskodarar: 421 Dommar: Egill Hansen, Bergens/Sparta | ||||
2. runde Fredag 21. juni 1963 | Brann | 9 – 0 | Fana | Bergen | ||
18:00 | Roald Jensen (5 mål) Kjell Ellingsen (2 mål) Rolf Birger Pedersen |
Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 1600 Dommar: Ole Bøe, Sandviken | ||||
3. runde 11. august 1963 | Bryne | 1 – 2 | Brann | Bryne | ||
18:00 | Torbjørn Reime 2' | [39] | Leif Amundsen 8' Arild Hetløen 52' |
Stadion: Bryne stadion Tilskodarar: 8 500 Dommar: Sigurd Thornes, Viking | ||
4. runde 1. september 1963 | Brann | 0 – 1 | Sagene | Bergen | ||
13:00 | Roald Jensen | [43] | Erik Johnsen ca. 35' | Stadion: Brann stadion Tilskodarar: 12 395 Dommar: Walter Østnes, Lillestrøm | ||
Brann 2
endreAndrelaget til Brann spelte i ein regional pokalserie.
Kampar
endrePokalkamp Torsdag 18. april 1963 | Brann 2 | 2 – 0 (0-0) | Djerv | Bergen | ||
19:00 | Kjell Ellingsen, to mål siste kvarteret | [55] | Stadion: Brann Stadion Tilskodarar: ca. 200 | |||
Pokalkamp Søndag 21. april 1963 | Brann 2 | 2 – 2 | Baune | Bergen | ||
Arne Viste Torgeir Hauge |
? | Stadion: Brann Stadion Tilskodarar: ca. 700 | ||||
Pokalkamp Onsdag 24. april 1963 | Brann 2 | 2 – 1 | Baune | Bergen | ||
19:00 | Stadion: Brann Stadion Dommar: Kjell Skevenes, Trane | |||||
Søndag 29. april 1963 | Arna | 1 – 2 | Brann 2 | Arna | ||
19:00 | Kleppestø | Øivind Eriksen Torleif Nilsen |
Stadion: Arna stadion Dommar: Bjørn Blindheim, Arna | |||
Fredag 3. mai 1963 | Brann 2 | 4 – 0 | Fana | Bergen | ||
18:00 | H. Sjursen Tor Larsen (2 mål) Kjell Ellingsen |
[56] | Stadion: Brann Stadion Dommar: Nils E. Jensen, Laksevåg | |||
Pokalkamp Søndag 5. mai 1963 | Odda | 1– 2 | Brann | Odda | ||
Stadion: Odda stadion Tilskodarar: ca. 400 Dommar: Torstein Kollanes, Tyssedal | ||||||
Pokalserie Torsdag 16. mai 1963 | Brann 2 | 3–0 | Fjell | Bergen | ||
Torgeir Hauge 23' Torgeir Hauge 53' Torgeir Hauge 77' |
Stadion: Brann stadion Dommar: Asbjørn Nilsen, Årstad | |||||
Pokalserie Torsdag 30. mai 1963 | Brann 2 | 3 – 0 | Trane | Bergen | ||
Øivind Eriksen (to mål i 1. omgangen og eitt i 2.) | Stadion: Brann stadion Dommar: Egil Handeland, Minde | |||||
Pokalserien Lørdag 15. juni | Brann 2 | 2 – 1 | Odda | Bergen | ||
20:00 | Leif Amundsen 7' Leif Amundsen 30' |
[25] | Arild Holm 12' | Stadion: Brann stadion Dommar: Victor Magnussen, Djerv | ||
Spelarstatistikk
endreKampar og mål
endreNr. | Nas | Pos | Spelar | Total | Tippeligaen | Cupen | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kampar | Mål | Kampar | Mål | Kampar | Mål | ||||
AS | Roald Jensen | 22 | 16 | 18 | 10 | 4 | 6 | ||
AS | Rolf Birger Pedersen | 22 | 13 | 18 | 10 | 4 | 3 | ||
AS | Bjørn Odmar Andersen | 21 | 8 | 18 | 8 | 3 | 0 | ||
MS | Trygve Andersen | 21 | 4 | 18 | 2 | 3 | 2 | ||
FS | Gunnar Tiller | 21 | 0 | 18 | 0 | 3 | 0 | ||
AS | Roald Paulsen | 19 | 8 | 17 | 8 | 2 | 0 | ||
MV | Arthur Larsen | 20 | 0 | 17 | 0 | 3 | 0 | ||
MS | Odd Oppedal | 14 | 1 | 13 | 1 | 1 | 0 | ||
FS | Tore Nordtvedt | 12 | 0 | 12 | 0 | 0 | 0 | ||
AS | Torgeir Hauge | 13 | 7 | 10 | 4 | 3 | 3 | ||
Harald Gundersen | 10 | 0 | 10 | 0 | 0 | 0 | |||
Per Pettersen | 9 | 0 | 9 | 0 | 0 | 0 | |||
AS | Leif Amundsen | 13 | 2 | 9 | 1 | 4 | 1 | ||
FS | Arild Hetløen | 7 | 2 | 5 | 1 | 2 | 1 | ||
MS | Kjell Schou-Andreassen | 6 | 0 | 5 | 0 | 1 | 0 | ||
MV | Ivar Farestvedt | 1 | 0 | 1 | 0 | 0 | 0 | ||
MV | Sigurd Antonsen | 2 | 0 | 1 | 0 | 1 | 0 | ||
Kjell Ellingsen | 1 | 2 | 0 | 0 | 1 | 2 |
Målskårarar
endreNr. | Posisjon | Namn | 1. divisjon | Cupen | Total |
---|---|---|---|---|---|
1 | AS | Roald Jensen | 10 | 6 | 16 |
2 | AS | Rolf Birger Pedersen | 10 | 3 | 13 |
3 | AS | Bjørn Odmar Andersen | 8 | 0 | 8 |
AS | Roald Paulsen | 8 | 0 | 8 | |
5 | AS | Torgeir Hauge | 4 | 3 | 7 |
6 | MS | Trygve Andersen | 2 | 2 | 4 |
7 | AS | Leif Amundsen | 1 | 1 | 2 |
AS | Arild Hetløen | 1 | 1 | 2 | |
AS | Kjell Ellingsen | 0 | 2 | 2 | |
10 | MS | Odd Oppedal | 1 | 0 | 1 |
TOTAL | 45 | 16 | 61 |
Kjelder
endre- Larsen, Jan Erik (1988). Fra mål til ytterste fortvilelse. ISBN 8299176204.
- Bergens Tidende sitt arkiv på nett. Vitja 7. til 11. februar 2019.
- ↑ «Engelske tilstander på bergenske baner, men fotballtreningen er i gang». Bergens Tidende. 9. januar 1963. s. 16.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 2,0 2,1 «Fra stå- til sittetribune under tak på Brann Stadion». Bergens Tidende. 19. januar 1963. s. 11.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 3,0 3,1 3,2 «Brann møter Rogalands "kretslag" på Figgjo». Bergens Tidende. 28. februar 1963.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Brann starter opp søndag på Figgjo». Bergens Tidende. 27. februar 1963. s. 16.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Brann ser ut til å bli gode i år også». Bergens Tidende. 4. mars 1963. s. 14. Henta 7. februar 2019.
- ↑ «Bjørn Odmar Andersen i Brann». Bergens Tidende. 20. mars 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Stadion-åpningen i fare». Bergens Tidende. 28. mars 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Lynturneringens 1. avdeling innleder i dag». Bergens Tidende. 3. april 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Hardy, Djerv, Varegg og Brann gikk videre i lynturneringen». Bergens Tidende. 3. april 1963.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Brann ville helst ikke - men må spille i dag». Bergens Tidende. 4. april 1963.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Praktheading skaffet Varegg finaleplass i lynturneringen». Bergens Tidende. 3. april 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 12,0 12,1 «Branns 2. omgang fortalte at formkurven er stigende». Bergens Tidende. 8. april 1963. s. 8.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 13,0 13,1 «Brannspillet i vranglås i 2. omgang trass i 2-0». Bergens Tidende. 10. april 1963.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Stopp dette tøvet i tide». Bergens Tidende. 17. april 1963. s. 8.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 15,0 15,1 «Lyns to scoringer kom i omgangen da Brann hadde størst overtak». Bergens Tidende (krev abonnement). 22. april 1963.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 16,0 16,1 «Gjøvik/Lyns innsatsvilje skapte suksessen». Bergens Tidende (krev abonnement). 29. april 1963.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 17,0 17,1 «Branns 5 løpere scoret like meget som serien 45 øvrige tilsammen». Bergens Tidende. 6. mai 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 18,0 18,1 «Hvordan kan et så godt lag spille så dårlig?». Bergens Tidende. 31. mai 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Brann - Fredrikstad». Bergens Tidende. 20. mai 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Viking-Brann blir split». Bergens Tidende. 23. mai 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 21,0 21,1 «Det burde blitt Brann-seier». Bergens Tidende. 24. mai 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 22,0 22,1 «Lyn spilte så det sa seks». Bergens Tidende. 27. mai 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 23,0 23,1 Iversen, Bjørgulv (10. juni 1963). «Brann-laget samlet seg - og spilte ut Steinkjer». Bergens Tidende. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ Larsen 1988, s. 91
- ↑ 25,0 25,1 25,2 «Storseieren gav lite grunnlag for vurdering av lagene». Bergens Tidende. 17. juni 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 26,0 26,1 26,2 «En av sesongens beste seriekamper». Bergens Tidende. 25. juni 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Brann lekte seg gjennom 2. runde». Bergens Tidende. 22. juni 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 28,0 28,1 «Brann slo Os 3-1». Bergens Tidende. 28. juni 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 29,0 29,1 29,2 «Underholdende, men stort sett lite fotball». Bergens Tidende. 3. juli 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Årstad hadde fortjent minst uavgjort mot reservespekket Brannlag». Bergens Tidende. 6. juli 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 31,0 31,1 «Brann skaffet Åkrahamn ny publikumsrekord». Bergens Tidende. 12. juli 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 32,0 32,1 «Brann slo Odda 8-2». Bergens Tidende. 18. juli 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 33,0 33,1 «Brann scoret 17 mål mot Halsnøy». Bergens Tidende. 19. juli 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 34,0 34,1 «Brann fikk problemer, men slo Sunnhordland kretslag 4-2». Bergens Tidende. 22. juli 1963. s. 11.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Brann utbygger Stadion for en halv million». Bergens Tidende. 4. juli 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 36,0 36,1 «Brann-Gjøvik/Lyn». Bergens Tidende. 20. juli 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Nederlands topplag mot Brann i aug.?». Bergens Tidende (krev abonnement). 2. april 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 38,0 38,1 «Rettferdig Frigg-seier, men tvilsomt seiersmål». Bergens Tidende. 7. august 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 39,0 39,1 Birkestrand, Odd (12. august 1963). «Brann avsluttet rundekampen på Bryne i ren oppvisning». Bergens Tidende. s. 7.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 40,0 40,1 «Fra storspill til rotet middelmådighet på Stadion». Bergens Tidende. 19. august 1963. s. 9.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 41,0 41,1 Iversen, Bjørgulv (20. august 1963). «Brann kunne ha ledet 2-0 etter 10 minutters spill». Bergens Tidende. s. 9.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 42,0 42,1 «Branns 2. omgang gjorde laget fortjent til seieren». Bergens Tidende. 26. august 1963. s. 9.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 43,0 43,1 «Sagene kopierte 4. runde fra 1953 - slo Brann 1-0». Bergens Tidende. 20. sepetmber 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 44,0 44,1 44,2 Iversen, Bjørgulv (9. september 1963). «Lyn ble spurv i tranedans mot Brann på Ullevål». Bergens Tidende. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 45,0 45,1 «Brann måtte slite for krystallet». Bergens Tidende. 11. september 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 46,0 46,1 «Brann-Steinkjer». Bergens Tidende. 23. september 1963. s. 9.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 47,0 47,1 Madsen, Alf (7. oktober 1963). «Sarpsborg ville ha poeng - og fikk fortjent det ene». Bergens Tidende. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 48,0 48,1 «Branns raske scoringer ødela nesten spenningen». Bergens Tidende. 14. oktober 1963. s. 9.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Brann mot landslaget cupfinaledagen?». Bergens Tidende. 15. oktober 1963. s. 9.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Militærlandslaget har flere 1. divisjonsspillere». Bergens Tidende. 11. november 1963. s. 12.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 51,0 51,1 «Brann for halv maskin uten problemer mot Bodø/Glimt». Bergens Tidende. 21. oktober 1963. s. 9.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 52,0 52,1 «Nådeløst flomlys over Branns forsvars-svakhet». Bergens Tidende. 14. oktober 1963. s. 11.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ 53,0 53,1 «Militærlandslaget snudde 0-3 til 4-4 i god annen omgang». Bergens Tidende. 12. november 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Brann gav DOS hard kamp, nederlenderne vant 3-1». Bergens Tidende. 3. august 1963. s. 11.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «De strakk seg ikke lenger enn fellen rakk». Bergens Tidende. 19. april 1963.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ «Brann II - Fana 4-0». Bergens Tidende (krev abonnement). 4. mai 1963. s. 10.
|access-date=
requires|url=
(hjelp)