Blood, Sweat & Tears

(Omdirigert frå Blood Sweat & Tears)


Blood, Sweat & Tears er ei jazzrockgruppe frå USA og Canada. Gruppa har vore aktiv i nærare femti år (2015), med eit kortare avbrot. Ho er særleg kjend for musikken frå sist i 1960-åra til tidleg 1970-tal, der ein på framifrå vis kombinerte lydelement tradisjonelt knytt til rockegrupper, med ulike blåseinstrument. Gruppa spelte inn songar av av folk og grupper som Laura Nyro, James Taylor, The Band, The Rolling Stones og eldre musikarar som Billie Holiday og Erik Satie. I musikkarrangementa tok ein også inn musikk frå Thelonious Monk og Sergej Prokofjev.

Blood, Sweat & Tears
Blood, Sweat & Tears.png
Gruppe i 1972
OpphavNew York i USA
Aktiv1967–1981, Sidan 1984
Sjanger
Plateselskap
Medlemmer
  • Brad Mason
  • Jonathan Powell
  • Keith Paluso
  • Glenn McClelland
  • Dylan Elise
  • Ken Gioffre
  • Ric Fierabracci
  • Julian Coryell
  • Michael Boscarino

Blood, Sweat & Tears vart danna i 1967 i New York City. Sidan oppstarten har gruppa/orkesteret gått gjennom mange endringar kva gjeld personell, og har vore innom ei mengd musikkstilar. Gruppa er aller mest kjend for å ha smelta saman uttrykk frå rock, blues og popmusikk, som i lag med jazz-improvisasjonar og markerte arrangement for blåsarrekka, skapte ein hybrid som vart kjend som jazz-rock. Til skilnad frå jazz-fusion-grupper, som i større grad la vekt på virtuose innsmett der dei enkelte musikarane viste sine evner som utøvarar, attåt noko eksperimentering med elektrisk instrument, var songane til Blood, Sweat & Tears prega av at stildraga frå rock, pop og R&B/soul-musikk var samla i eit heile, framført som av eit «big band», der ein innimellom la til element frå såkalla klassisk musikk komppnert i det 20. hundreåret.

Gruppa sitt andre album, Blood, Sweat & Tears, som kom ut i desember 1968 vert rekna som eit hovudverk. Det inneheld kjende songar som «And When I Die» av Laura Nyro, og «Spinning Wheel» av den dåverande vokalisten i gruppa, David Clayton-Thomas.

Al Kooper-tidaEndra

Al Kooper, Jim Fielder, Fred Lipsius, Randy Brecker, Jerry Weiss, Dick Halligan, Steve Katz og Bobby Colomby skipa det originale bandet.[1] Skipinga av bandet var inspirert av «brass-rock»-ideane til The Buckinghams og produsenden deira, James William Guercio, i tillegg til Maynard Ferguson Orchestra frå tidleg i 1960-åra.

Al Kooper var den første bandleiaren, noko han insisterte på å bli etter erfaringane sine med The Blues Project, det førre bandet hans med Steve Katz,[1] som var organisert som eit likestilt kollektiv. Jim Fielder kom frå Frank Zappa sitt The Mothers of Invention og hadde spelt ei kort stund med Buffalo Springfield. Kooper var kjend som bidragsytar til kjende innspelingar med Bob Dylan, Jimi Hendrix og andre, og var med å gjere Blood, Sweat & Tears raskt kjend i den musikalske motkulturen i midten av 1960-åra.

Kooper, Colomby, Katz og Fielder spelte ein konsert som ein kvartett i The Village Theatre (som kort tid etter fekk namnet Fillmore East) i New York City den 16. september 1967, med James Cotton Blues Band som oppvarming. Fred Lipsius kom så med i bandet ein månad seinare. Etter eit par konsertar til som kvintett, henta Lipsius inn Dick Halligan, Randy Brecker og Jerry Weiss, som var hornspelarar i New York som Lipsius kjende frå før. Den endelege besetninga debuterte på Cafe Au Go Go 17. til 19. november 1967, og byrja å spele fast på The Scene veka etter. Bandet vart ein hit hos publikum, som likte den nyskapande blandinga av jazz, syrerock og psykedelia.

Etter å ha fått kontrakt med Columbia Records, gav gruppa ut Child Is Father to the Man. Plateomslaget vart rekna som ganske nyskapande og synte bandmedlemmane sitjande og ståande med barneliknande utgåver av seg sjølv. Albumet selde jamt og trutt, trass i kunstnariske skilnader mellom dei opphavlege medlemmane som førte til fleire endringar i besetninga til det andre albumet. Colomby og Katz ønskte å flytte Kooper over til klaverinstrument og nytte han som komponist, og hente inn ein sterkare vokalist for gruppa. Dette førte til at Kooper slutta i april 1968.[2] Han vart plateprodusent for Columbia, men arrangerte somme songar for det neste BS&T-albumet.[3][4] Trompetistane i gruppa, Randy Brecker og Jerry Weiss, slutta òg og vart erstatta av Lew Soloff og Chuck Winfield.[1] Brecker vart med i bandet til Horace Silver i lag med broren Michael, og dei skipa sidan sine eigne, blåsardominerte grupper som Dreams og The Brecker Brothers. Jerry Weiss skipa eit liknande band i Ambergris.

David Clayton-Thomas-tidaEndra

Då Kooper slutta i gruppa, byrja Colomby og Katz å leite etter ein ny vokalist, og vuderte Alex Chilton (som då nettopp hadde slutta i soul-rock-gruppa The Box Tops, men skipa i staden Big Star),[5] Stephen Stills og Laura Nyro. Til slutt fall valet på David Clayton-Thomas, ein kanadisk songar fødd i Surrey i England.[6] Visesongaren Judy Collins hadde visstnok sett Clayton-Thomas spele på ein klubb i New York City og vart så rørt av framføringa ahns at ho fortalte Colomby og Katz om han.[2] Dei drog for å sjå Clayton-Thomas spele og vart så imponert at dei tilbaud han rolla som frontmann i Blood Sweat & Tears. Trombonisten Halligan byrja å spele orgel og Jerry Hyman kom inn og tok over på trombone. Med dei nye trompetistane Soloff og Winfield debuterte det ni mann store bandet på Cafe Au Go Go den 18. juni 1968, der dei spelte dei to neste vekene.

Det andre albumet til gruppa, Blood, Sweat & Tears, vart produsert av James William Guercio og kom ut seint i 1968. Det var meir pop-orientert og hadde færre komposisjonar av bandet. Plata gjekk raskt til toppen av listene og vann Grammyprisen for årets album i USA, og slo The Beatles sitt Abbey Road, blant dei nominerte.[1] Det kom ut tre hitsinglar frå Blood, Sweat & Tears: ein versjon av Berry Gordy og Brenda Holloway sin «You've Made Me So Very Happy», Clayton-Thomas sin «Spinning Wheel» og ein versjon av Nyro sin «And When I Die».[1] Kvar av desse singlane nådde andreplassen på Billboard Magazine Hot 100-lista og låg inne på lista i 13 veker.

Den suksessrike perioden til bandet i 1969 kulminerte med ei framføring på Woodstockfestivalen, der bandet var ein av hovudattraksjonane.[2] Filmmannskapet til festivalen filma opningsnummeret deira, «More and More», men manageren deira på den tida, Bennett Glotzer, gav dei ordre om å skru av kamera og forlate scenen sidan bandet ikkje hadde gått med på å få betaling til å bli filma.

Sjølv om Blood, Sweat & Tears fekk kommersiell suksess i lag med liknande band som Chicago og Electric Flag, hadde bandet vanskar med å oppretthalde statusen sin som eit motkulturikon på ei tid då sjefar i plateselskap rekna dette som eit nyttig verktøy til å lokke unge kjøparar. Dette vart forsterka av at bandet drog ut på ein turné sponsa av United States Department of State i Aust-Europa i mai og juni 1970.[2] Alle som frivillig samarbeidde med staten på denne tida vart særs upopulære og bandet vart latterleggjort for dette.[2] Det er no kjend at utanriksdepartemtentet kravde ein slik turné i byte mot å gje Clayton-Thomas visum.[2]

Etter dei kom attende til USA, gav gruppa ut Blood, Sweat & Tears 3 (juni 1970), produsert av Roy Halee og trommeslagaren Colomby. Albumet vart nok ein suksess,[2] og gav hittar som ein versjon av Carole King sin «Hi-De-Ho» og ein annan Clayton-Thomas-komposisjon kalla «Lucretia MacEvil». Sjølv om albumet vart eit suksessrikt forsøk på å gjenskape den store blandinga av stilartar på det førre albumet, valte bandet igjen å fokusere nesten utelukkande på coversongar. Platemeldingane på denne tida fokuserte nesten uteulukkande på at bandet frivillig hadde samarbeid med den amerikanske staten, utan å bry seg om å diskuterte den faktiske musikken.[2] Imageproblema deira vart forsterka då bandet valte å spele på Caesars PalaceLas Vegas Strip, som vart rekna som ein av dei mest kommersielle stadane for ei gruppe som ikkje var involvert i radikal politikk.

Seint i 1970 spelte bandet inn musikk for filmen The Owl and the Pussycat , med Barbra Streisand og George Segal i rollene, og dette øydela ytterlegare statusen bandet hadde hatt i undergrunnsmiljøa.

Etter denne kontroversielle perioden, slo gruppa seg ned i San Francisco i januar 1971 med jazzsaksofonisten Don Heckman som produsent. Dave Bargeron erstatta Jerry Hyman, og dei spelte inn materiale som danna grunnlaget for det fjerde albumet deira, BS&T 4 (juni 1971). For første gongen sidan debutalbumet bestod albumet stort sett av songar bandet hadde skrive sjølv. Dei inkluderte òg ein song av det tidlegare medlemmet, Al Kooper med «Holy John (John the Baptist)». Med mange fengande musikalske idear og forskjellige stemningar (på songar som «Go Down Gamblin'», «Lisa, Listen to Me», «High on a Mountain», «Redemption»), gjekk BS&T 4 inn på albumlistene og selde til gullplate. Likevel gjekk ingen av singlane på plata inn på topp 30 på singellista og etter det fjerde albumet vart platesalet dårlegare.[2]

Jerry Fisher-tidaEndra

Etter å ha spelt ein siste konsert i Anaheim Convention Center den 31. desember 1971, slutta Clayton-Thomas tidleg i januar 1972 for å gå solo. Han vart erstatta ein kort periode av Bobby Doyle og så Jerry Fisher, som vart frontmann i den neste inkarnasjonen av Blood, Sweat & Tears. Fred Lipsius slutta òg og vart ei kort tid erstatta av Joe Henderson, før Lou Marini slo seg ned i den nye besetninga. Eit anna grunnleggjande medlem, Dick Halligan, slutta og vart erstatta av jazzpianisten Larry Willis (frå Cannonball Adderley Quintet), og den svenske gitaristenGeorg Wadenius, frå det populære svenske bandet Made in Sweden, kom med i bandet som sologitarist.

Den nye utgåva av Blood, Sweat & Tears gav ut New Blood i september 1972, som flytta gruppa heilt over til jazzfusion. Albumet nådde topp 40 på albumlista og gav ein hitsingel, «So Long Dixie», som nådde 44. plassen. Albumet inneheld òg ein versjon av Herbie Hancock-komposisjonen «Maiden Voyage», med gitarsolo av Georg Wadenius.

I januar 1973 slutta Katz for å satse på ein karriere som produsent (for Lou Reed og andre). Winfield slutta òg, og i mars vart han erstatta av Tom Malone.

Det neste albumet til Blood, Sweat & Tears, No Sweat (juni 1973), heldt fram jazzfusionstilen og nytta seg av intrikate blåsarar. Tom Malone var berre i gruppa ei kort stund og slutta for å gje plass til jazztrompetisten John Madrid. Men Madrid var likevel berre ei kort stund i bandet og var aldri i studio med dei. Både Madrid og Soloff slutta seint i 1973, og den nye hornspelaren og arrangøren Tony Klatka kom inn for det neste albumet, Mirror Image (juli 1974), i tillegg til vokalisten og saksofonisten Jerry LaCroix (tidlegare i Edgar Winter's White Trash), saksofonisten Bill Tillman, bassisten Ron McClure og den vandrande originale bassisten Jim Fielder. Innspelinga var ei blanding av Philly Soul og albuma til Herbie Hancock sitt Headhunters sine album på midten av 1970-åra, i tillegg til element av jazzfusiongruppa til Chick Corea, Return to Forever.

Jerry LaCroix slutta i BS&T for å bli med i Rare Earth etter å ha spelt den siste konserten sin med dei i Wollman Rink i Central Park i New York den 27. juli 1974. Luther Kent, ein bluessongar frå New Orleans, vart henta inn som erstattar for LaCroix.

Nye utgåverEndra

Mot slutten av 1974 meinte Jerry Fisher at han var trøytt av dei mange turneane til BS&T, så Bobby Colomby og managerenFred Heller, fekk det til slik at David Clayton-Thomas kom attende, i håp om å ta bandet skulle oppnå den same suksessen som tidlegare. Clayton-Thomas gjekk med på dette og møtte den noverande gruppa på ein konsert i Milwaukee, medan Jerry Fisher og Luther Kent framleis var i bandet. Alle dei tre songarane enda opp på scenen føre eit entusiastisk publikum.

Det neste albumet, New City kom ut i april 1975 med Clayton-Thomas attende som frontmann. Halvparten av songane var coverversjonar (Janis Ian, Randy Newman, The Beatles, Blues Image) og halvparten originale songar. Den nye hornspelaren Joe Giorgianni kom med for New City, som nådde høgare på albumlista (47. plassen) enn dei tidlegare albuma deira sidan New Blood. Dette kom hovudsaklag av at singelversjonen deira av Beatles-songen «Got to Get You into My Life», nådde 62. plassen på singellista. Plata selde likevel ikkje så godt som det kommersielle høgdepunktat deira i 1969-1971.

 
Bassisten Jaco Pastorius med Jorma Kaukonen (attende, venstre) på scenen i Lone Star i New York City.

Sommaren 1975 spelte BS&T inn eit konertalbum som kom ut i Europa og Japan året etter som In Concert. Det same albumet kom ut i USA under namnet Live and Improvised i mai 1991. Albumet hadde ein forskjellig gitarist på kvar kveld: Georg Wadenius, Steve Khan og Mike Stern, der sistnemnde tok over permanent ei tid. Jazzperkusjonisten Don Alias var òg med på konsertalbumet. Etter innspelinga slutta Joe Giorgianni og vart erstatta av Forrest Buchtel (tidlegare i bandet til Woody Herman).

Kring same tid oppdaga Bobby Colomby den talentfulle bassisten Jaco Pastorius i Florida. Ha produserte det første soloalbumet til Pastorius hausten 1975, som kom ut våren 1976. Seint i 1975 turnerte Pastorius med BS&T som erstattar for Ron McClure og då McClure slutta tidleg i 1976, fekk Colomby Pastorius inn permanent i bandet, men han vart berre verande i tre månader. 1. april 1976 vart han i staden med i Weather Report, der han vert verdskjend. Då Pastorius slutta i BS&T, vart han ei kort stund etterfølgd av Keith Jones, før Danny Trifan kom inn i bandet.

I 1975 fekk Blood, Sweat & Tears tilbodet om å spele på ein jazzkonsert i Newport i Rhode Island. Byen såg på bandet som eit «rockeband» og var uroa over at det ville tiltrekkje eit bøllete publikum. Dei truga med å trekkje attende konsertløyvet om ikkje Blood, Sweat & Tears vart fjerna frå programmet. Til slutt sjuande og sist klarte berre konsertarranøgrane å tvinge arrangementet vidare via eit rettspåbod. Den påfølgjande rettsaka nådde heilt til høgsteretten.[7]

I juli 1976 kom More Than Ever, produsert av Bob James med gjestevokal av Patti Austin. Fleire studiomusikarar frå New York spelte på albumet, som pianistenRichard Tee, gitaristane Eric Gale og Hugh McCracken, trompetisten Jon Faddis og Eric Weissberg (banjo, dobro). Det selde derimot skuffande. Etter at det berre nådde 165. plassen droppa Columbia Records bandet. På denne tida var Bobby Colomby, det einaste originale medlemmet som var att i BS&T, og han slutta å turnere med gruppa. Don Alias var då den einaste perkusjonisten i bandet, før han òg slutta og Roy McCurdy kom inn.

I 1977 fekk BS&T kontrakt hos ABC Records og dei byrja å arbeide på det neste albumet sitt, Brand New Day (november 1977). Albumet var samprodusert i lag med Bobby Colomby. Den direkte involveringa til Colomby med gruppa minka etter denne utgjevinga, sjølv om han då var den einaste som hadde rettane til namnet Blood Sweat and Tears. Brand New Day fekk positiv kritikk, men selde ikkje særleg godt. Samstundes vart det sagt at BS&T spelte inn eit instrumentalt album med Tony Klatka, Forrest Buchtel, Dave Bargeron, Bill Tillman, Larry Willis, Danny Trifan, Roy McCurdy og Mike Stern, men dette albumet vart det aldri noko av.

I 1977 fortsette endringane i BS&T-besetninga. Stern, Trifan, McCurdy, Buchtel og Tillman slutta alle og vart erstatta av høvesvis Randy Bernsen, Neil Stubenhaus, Michael Lawrence og Gregory Herbert. Barry Finnerty tok så over på gitar og Chris Albert på trompet då Bernsen og Lawrence slutta nær slutten av 1977.

I januar 1978 drog gruppa på turné i Europa, men denne enda brått då den 31 år gamle saksofonisten Gregory Herbert døydde av ein overdose i Amsterdam den 31. januar 1978. Sjokkert over denne hendinga, drog gruppa heim og tok ein pause.

I 1979 fekk manageren Fred Heller, som hadde fått mange førespurnader om bandet kunne spele konsertar, David Clayton-Thomas til å halde fram som Blood, Sweat & Tears med ei heilt ny besetning, som bestod av han sjølv og andre kanadiske musikarar (Kenny Marco – gitar, David Piltch – bass, Joe Sealy – klaverinstrument, Bruce Cassidy – trompet, flygelhorn, Earl Seymour – saksofon, fløyte, Steve Kennedy – saksofon, fløyte og Sally Chappis – trommer. Harvey Kogan erstatta etter kort tid Kennedy og Jack Scarangella overtok for Chappis.

Gruppa fekk kontrakt med Avenue Records-etiketten LAX (MCA Records), med ei litt anna besetning: David Clayton-Thomas (vokal, gitar), Robert Piltch (gitar), David Piltch (bass), Richard Martinez (klaverinstrument), Bruce Cassidy (trompet, flygelhorn), Earl Seymour (saksofon, fløyte), Vernon Dorge (saksofon, fløyte) og Bobby Economou på trommer, og med produsenten og arrangøren Jerry Goldstein, spelte dei inn albumet Nuclear Blues (mars 1980). Albumet var nok eit forsøk på å gjenoppfinne gruppa, der bandet prøvde seg på funk som minna om artistar som Tower of Power eller War (som BS&T spelte konsertar med i 1980). Albuemt vart av mange rekna som det minst karakteristiske albumet til Blood, Sweat & Tears.

På denne tida vart det spelt inn eit nytt konsertalbum i The Street Scene i Los Angeles den 12. oktober 1980 (seinare gjeve ut som Live i februar 1995). Robert og David Piltch slutta kort tid etter konserten og det same gjorde Richard Martinez. Dei vart erstatta av Wayne Pedzwiatr på bass, Peter Harris på gitar og Lou Pomanti på klaverinstrument. Og Mic Gillette (frå Tower of Power) erstatta Cassidy på trompet mot slutten av 1980. Etter endå ein turné, mellom anna i Australia, vart denne utgåva av gruppa oppløyst i 1981.

Sidan han ikkje hadde rettane til namnet Blood Sweat & Tears, prøvde Clayton-Thomas seg på ei mislukka solokarriere i 1983 etter å ha teke ein pause frå musikken. Dette skapte komplikasjonar dei første månadane då konsertarrangørar ønskte å hyre gruppa hans, men brukte namnet Blood, Sweat & Tears på plakaten. Manageren hans på den tida, Larry Dorr, forhandla ein lisensavtale mellom seg sjølv og Bobby Colomby i 1984 om rettane til å turnere med bandnamnet.[8]

20 år seinare turnerte Clayton-Thomas med stadig forskjellige musikarar som «Blood, Sweat & Tears» før han gav seg med bandet i november 2004. I dag bur han i Canada og held stundom konsertar under sitt eige namn.

Bandet fortsette utan Clayton-Thomas. Sidan seint i 2005 har bandet turnert verda over med ei ny besetning. Frå 2008 til 2010 spelte til og med Steve Katz i gruppa som spesiell gjest. I 2011 var BS&T og Chicago i lag hovudattraksjonane på ein jazzfestival i Stuttgart i Tyskland. Dei spelte igjen i lag på Gretna Heritage Festival i Gretna i Louisiana den 5. oktober 2013.

Frå 2013 til 2018 var Bo Bice frontmann i Blood Sweat and Tears. I 2018 valte gruppa å erstatte Bice med den tidlegare Tower of Power-songaren Tom Bowes, som òg hadde sunge med BS&T i juli-november 2012.

MedlemmarEndra

  • Keith Paluso: vokal
  • Brad Mason: trompet
  • Jonathan Powell: trompet
  • Ken Gioffre: saksofon, fløyte
  • Mike Boscarino: trombone
  • Dylan Elise: trommer
  • Ric Fierabracci: bass, vokal
  • Julian Coryell: gitar, vokal
  • Glenn McLelland: klaverinstrument

Tidlegare medlemmarEndra

Dei første åtte

Andre medlemmar

  • David Clayton-Thomas: vokal, gitar (1968–1972, 1974–1981, 1984–2004)[9]
  • Lew Soloff: trompet, flygelhorn (1968–1973)†
  • Chuck Winfield: trompet, flygelhorn, korvokal (1968–1973)
  • Jerry Hyman: trombone, blokkfløyte (1968–1970)
  • Dave Bargeron: trombone, tuba, blåseinstrument, bass, korvokal (1970–1978)
  • Bobby Doyle: vokal, piano (1972)†
  • Joe Henderson: tenorsaksofon (1972)†
  • Lou Marini Jr.: tenor & sopransaksofon, fløyte (1972–1974)
  • Larry Willis: klaverinstrument (1972–1978)†
  • Georg Wadenius: gitar, vokal (1972–1975)
  • Jerry Fisher: vokal (1972–1974)
  • Tom Malone: trombone, trompet, flygelhorn, altsaksofon, bass (1973)
  • John Madrid: trompet, flygelhorn (1973)
  • Jerry LaCroix: vokal, altsaksofon, fløyte, munnspel (1974)†
  • Ron McClure: bass (1974–1975, 1976)
  • Tony Klatka: trompet, blåseinstrument (1974–1978)
  • Bill Tillman: altsaksofon, fløyte, klarinett, korvokal (1974–1977)†
  • Luther Kent: vokal (1974)
  • Joe Giorgianni: trompet, flygelhorn (1974–1975)
  • Jaco Pastorius: bass (1975–1976)†
  • Steve Khan: gitar (1975)
  • Mike Stern: gitar (1975–1977)
  • Keith Jones: bass (1976)
  • Danny Trifan: bass (1976–1977)
  • Forrest Buchtel: trompet (1975–1977)
  • Don Alias: perkusjon (1975–1976)†
  • Roy McCurdy: trommer (1976–1977)
  • Jeff Richman: gitar (erstatta for Stern i 1976)
  • Randy Bernsen: gitar (1977)
  • Barry Finnerty: gitar (1977–1978)
  • Neil Stubenhaus: bass (1977–1978)
  • Gregory Herbert: saksofon (1977–1978)†
  • Michael Lawrence: trompet (1977)†
  • Chris Albert: trompet (1977–1978)
  • Bobby Economou: trommer (1977–1978, 1979–1981, 1994–1995)
  • Kenny Marco: gitar (1979)
  • David Piltch: bass (1979–1980)
  • Joe Sealy: klaverinstrument (1979)
  • Bruce Cassidy: trompet, flygelhorn (1979–1980)
  • Earl Seymour: saksofon, fløyte (1979–1981)†
  • Steve Kennedy: saksofon, fløyte (1979)
  • Sally Chappis: trommer (1979)
  • Harvey Kogan: saksofon, fløyte (1979)
  • Jack Scarangella: trommer (1979)
  • Vernon Dorge: saksofon, fløyte, vuvuzela (1979–1981)
  • Robert Piltch: gitar (1979–1980)
  • Richard Martinez: klaverinstrument (1979–1980)
  • Wayne Pedzwater: bass (1980–1981)
  • Peter Harris: gitar (1980–1981)
  • Lou Pomanti: klaverinstrument (1980–1981)
  • Mic Gillette: trompet (1980–1981)†
  • James Kidwell: gitar (1984–1985)
  • Jeff Andrews: bass (1984–1985)
  • Taras Kovayl: klaverinstrument (1984–1985)
  • Tim Ouimette: trompet, blåseinstrument (1984–1985)
  • Mario Cruz: saksofon, fløyte (1984–1985)
  • Ricky Sebastian: trommer (1984–1985)
  • Steve Guttman: trompet (1985–2005)
  • Dave Gellis: gitar (1985–1990, 1996, erstattar – 1998, 2005–2016, 2017, 2018)
  • Ray Peterson: bass (1985–1986)
  • Scott Kreitzer: saksofon, fløyte (1985–1986)
  • Teddy Mulet: trombone (1985–1986), trompet (2005–2013)
  • Barry Danielian: trompet (1985–1986, 2013–2014)
  • Richard Sussman: klaverinstrument (1985–1987)
  • Randy Andos: trombone (1986)
  • Tom Timko: saksofon, fløyte (1986–87, 1995, 1998–2001, 2005–08, 2009–10)
  • Tom DeFaria: trommer (1985–1986)
  • John Conte: bass (1986–1987)
  • Steve Conte: gitar (1986, 2013)
  • Jeff Gellis: bass (1987–1990)
  • Charley Gordon: trombone (1987, 1988–1994, 2001, 2013–2014)
  • Dave Panichi: trombone (1987–1988, 1997–1998)
  • Glenn McClelland: klaverinstrument (1987–1993, 1998, sidan 2005)
  • Dave Riekenberg: saksofon, fløyte (1987–1990, 1995–1998)
  • Jerry Sokolov: trompet (1987–1994)
  • Graham Hawthorne: trommer (1987–1988, 1989–1991)
  • Van Romaine: trommer (1988–1989)
  • Nick Saya: trommer (1991)
  • Neil Capolongo: trommer (1991–1993)
  • Peter Abbott: trommer (vikar tidleg i 1990-åra)
  • Wayne Schuster: saksofon, fløyte (1990–1991)
  • Larry DeBari: gitar, vokal (1990–1997)†
  • Gary Foote: bass (1990–1994, 1996–2004, 2005–2012)
  • Jack Bashcow: saksofon, fløyte (1992)
  • Tim Ries: saksofon, fløyte (1992–1993, 1993–1995)
  • Matt King: klaverinstrument (1994–1998)
  • Mike Mancini: klaverinstrument (vikar 1980- og 1990-åra)
  • Henry Hey: klaverinstrument (vikar midten av 1990-åra)
  • Cliff Korman: klaverinstrument (vikar i midten av 1990-åra)
  • Mike DuClos: bass (1994–1996)
  • Jonathan Peretz: trommer (1995–1997)
  • Craig Johnson: trompet (1994–1998)
  • Matt Milmerstadt: trommer (1995, 1998)
  • Tom Guarna: gitar (1997–1998)
  • Jon Owens: trompet (1998–2000)
  • Charles Pillow: saksofon, fløyte (vikar – 1998)
  • Brian Delaney: trommer (1997–1998, 2001)
  • Dave Stahl: trompet (vikar – 1995–1999)
  • Winston Byrd: trompet (vikar – 1998)
  • Dave Pietro: saksofon, fløyte (vikar – 1998)
  • Dale Kirkland: trombone (1995–96, 1998, 1999–2001, 2002–06, vikar – 2007)
  • Pat Hallaran: trombone (1998–1999)
  • James Fox: gitar (1998–2000)
  • Dan Zank: klaverinstrument (1998–2000)
  • Zach Danziger: trommer (1998–2001)
  • Joe Mosello: trompet (2000–2002)
  • Gil Parris: gitar (2000)
  • Gregg Sullivan: gitar (2000–2004)
  • Phil Magallanes: klaverinstrument (2000–2001)
  • Andrea Valentini: trommer (2001–2012)
  • Darcy Hepner: saksofon, fløyte (1999 vikar, 2001–2004)
  • John Samorian: klaverinstrument (2001–2003)
  • Nick Marsione: trompet (2002–2004, vikar – 2015)
  • Eric Cortright: klaverinstrument (2003–2004)
  • Leo Huppert: bass (2004)
  • Steve Jankowski: trompet (2005–2013)
  • Rob Paparozzi: vokal, munnspel (2005–2011)
  • Scottie Wallace: vokal (vekselvis med Rob P. – 2005–2006)
  • Thomas Connor: vokal (vikar – 2006 & 2007, 2012, tidleg 2017)
  • Tommy Mitchell: vokal (vikar 1 show 2007)
  • Jens Wendelboe: trombone (2006–2013)
  • Chris Tedesco: trompet (vikar for Mulet – 2007)
  • Brian Steel: saksofon (vikar – 2008)
  • Bill Churchville: trompet (vikar – 2008)
  • Ken Gioffre: saksofon (2010–2015, sidan 2016)
  • Jon Pruitt: klaverinstrument (vikar for McClelland – 2010)
  • Ralph Bowen: saksofon (vikar for Gioffre – 2011)
  • Dave Anderson: bass (vikar for Foote – 2011, kom inn 2012–2013)
  • Jason Paige: vokal (2011–2012)
  • Bernard Purdie: trommer (spelte på ein song i 2011)
  • Tom Bowes: vokal (2012, 2018)
  • David Aldo: vokal (2012–2013)
  • Joel Rosenblatt: trommer (2012–2015, vikar for Elise - juni 2017)
  • Bo Bice: vokal (2013–2018)
  • Jon Ossman: bass (2013–2014)
  • Michael Davis: trombone (2013)
  • Carl Fischer: trompet (2013–2015, 2016)
  • Dan Levine: trombone (2014 & 2015 – vikar, 2016–2018)
  • Dillon Kondor: gitar (vikar – 2014-2016, 2017–2018)
  • Buster Hemphill: bass (2014–2016, 2018 - vikar)
  • Trevor Neumann: trompet (2014–2016)
  • Brandon Wright: saksofon (2014 – vikar)
  • Dylan Elise: trommer (sidan 2015)
  • Mike Cottone: trompet (2015–2016)
  • Mike Boscarino: trombone (2015–2016, 2018, 2019)
  • Ric Fierabracci: bass vokal (Sidan 2016)
  • Brad Mason: trompet- MD (2015, sidan 2016)
  • Leonardo Amuedo: gitar (2016)
  • Jonathan Powell: trompet (2017-2019)
  • Mark Miller: trombone (2017, 2018 - vikar)
  • Adam Klipple: klaverinstrument (2017 & 2019 - vikar)
  • Frank David Greene: trompet (2017 - vikar)
  • Anibal Rojas: saksofon (2017 & 2019 - vikar)
  • Bryan Davis: trompet (2017 - vikar)
  • Brian Bonvissuto: trombone (2017 - vikar)
  • Greg Mayo: gitar (2018 - vikar)
  • Julian Coryell: gitar vokal (2018, 2019 - vikar)
  • Ozzie Melendez: trombone (2018 - vikar)
  • Chris Rodriguez: gitar vokal (2019)
  • Keith Paluso: vokal (sidan 2019)
  • Sam Ryan: vokal (2019 - vikar)

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

År Album Plassering

US

Salstrofé
1968 Child Is Father to the Man
  • Utgjeve: Februar 1968
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: John Simon
47[10] USA: Gullplate
1968 Blood, Sweat & Tears 1[11] US: 4 x platina
1970 Blood, Sweat & Tears 3
  • Utgjeve: Juni 1970
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: Bobby Colomby and Roy Halee
1[12] USA: Gullplate
1971 B, S & T 4
  • Utgjeve: Juni 1971
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: Don Heckman, Roy Halee og Bobby Colomby
10[13] USA: Gullplate
1972 New Blood
  • Utgjeve: September 1972
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: Bobby Colomby
32[14]
1973 No Sweat
  • Utgjeve: Juni 1973
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: Steve Tyrell
72[15]
1974 Mirror Image
  • Utgjeve: Juli 1974
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: Henry Cosby
149[16]
1975 New City
  • Utgjeve: April 1975
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: Jimmy Ienner
47[17]
1976 More Than Ever
  • Utgjeve: Juli 1976
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: Bob James
165[18]
1977 Brand New Day
  • Utgjeve: November 1977
  • Selskap: ABC
  • Producers: Bobby Colomby and Roy Halee
205
1980 Nuclear Blues
  • Utgjeve: Mars 1980
  • Selskap: MCA LAX Records
  • Produsent: Jerry Goldstein

KonsertalbumEndra

År Album
1976 In Concert
  • Utgjeve: February 1976
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: Bobby Colomby, leiande produsent: Jimmy Ienner
1991 Live And Improvised
  • Utgjeve: 7. mai 1991
  • [recorded 1975]
  • Selskap: Columbia
  • Produsent: Bobby Colomby. Medprodusent: Jimmy Ienner
1995 Live
  • Utgjeve: February 1995
  • [recorded live at The Street Scene, Los Angeles, on 12. oktober 1980]
  • Selskap: Avenue
  • Produsent: Jerry Goldstein

SinglarEndra

Månad og år Singel (A-side, B-side) Plassering Salstofé Album
US AC R&B UK
Mai 1968 «I Can't Quit Her»
med «House In The Country»
Child Is Father to the Man
Mars 1969 «You've Made Me So Very Happy»
med «Blues – Part II»
2[11] 18 46 35 Blood, Sweat & Tears
Mai1969 «Spinning Wheel»
med «More and More»
2[11] 1 45
August 1969 «And When I Die»
med «Sometimes In Winter»
2[11] 4
August 1970 «Hi-De-Ho»
med «The Battle»
14[20] 14 Blood, Sweat & Tears 3
Oktober 1970 Lucretia Mac Evil
med «Lucretia's Reprise»
29[12] 39
Juli 1971 «Go Down Gamblin'»
med «Valentine's Day»
32[13] B, S & T 4
Oktober 1971 «Lisa, Listen To Me»
med «Cowboys and Indians»
73[13] 33
September 1972 «So Long Dixie»
med «Alone»
44[14] New Blood
Desember 1972 «I Can't Move No Mountains»
med «Velvet»
103
September 1973 «Roller Coaster»
med «Inner Crisis»
No Sweat
November 1973 «Save Our Ship»
med «Song For John»
Mai 1974 «Tell Me That I'm Wrong»
med «Rock Reprise»
83[20] Mirror Image
Mai 1975 «Got to Get You into My Life»
med «Naked Man»
62[17] New City
September 1975 «Yesterday's Music»
med «No Show»
September 1976 «You're The One»
med «Heavy Blue»
106 6 More Than Ever
Oktober 1977 «Blue Street»
med «Somebody I Trusted (Put Out The Light)»
Brand New Day
Mars 1980 «Nuclear Blues»
med «Agitato»
Nuclear Blues

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 149. ISBN 1-85227-745-9. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Eder, Bruce (2007). «Blood, Sweat & Tears». VH1. Henta 1 mai 2020. 
  3. «Blood, Sweat and Tears Biography | Rolling Stone». Rollingstone.com. Henta 1 mai 2020. 
  4. «Blood, Sweat & Tears - Biography | Billboard». billboard.com. Henta 1 mai 2020. 
  5. Jovanovic, Rob. Big Star: The Story of Rock's Forgotten Band. London: Fourth Estate, 2004. ISBN 0-00-714908-5
  6. «David Clayton-Thomas - Biography | Billboard». Billboard.com. Henta 1 mai 2020. 
  7. City of New Port v. Fact Concerts, Inc., 453 U.S. 247 (1981)
  8. «Blood, Sweat & Tears Discography & Biography». Replay Records. 2007. Arkivert frå originalen 2007-12-29. Henta 26. desember 2007. 
  9. David Clayton-Thomas intervjua på Pop Chronicles (1970)
  10. «Child Is Father to the Man - Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 «Blood, Sweat & Tears - Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 
  12. 12,0 12,1 «Blood, Sweat & Tears 3 - Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 
  13. 13,0 13,1 13,2 «Blood, Sweat & Tears 4 - Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 
  14. 14,0 14,1 «New Blood - Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 
  15. «No Sweat - Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 
  16. «Mirror Image - Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 
  17. 17,0 17,1 «New City - Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 
  18. «More Than Ever - Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 
  19. 19,0 19,1 19,2 «Gold & Platinum». RIAA (på engelsk). Henta 20. januar 2019. 
  20. 20,0 20,1 «Blood, Sweat & Tears | Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 1 mai 2020. 

BakgrunnsstoffEndra