Endemiske fuglar på New Zealand
Av om lag 365 registrerte fugleartar[1] på New Zealand er 73 endemiske artar,[2] inkludert 12 artar som berre er endemiske som hekkande artar (hekkeendem). Ein slik art hekkar på ein særskilt og avgrensa lokalitet, men rører seg elles over eit ikkje-avgrensa område, typisk for nokre artar av stormfuglar. Karakterisktisk for fuglefaunaen i landet er at det er få attlevande landartar, ca. 97,[3] og det er berre 44 artar av sporvefuglar, 32 om ein tar bort talet på introduserte artar i historisk tid.
Utvikling av endemisme på New Zealand
endreDet store innslaget av endemisme i landet er utprega både i faunaen og i floraen, til dømes er 20 av 21 biologiske slekter av steinfluger endemiske[4] og rundt 76 % av karplantane (plantar utanom mosar) er endemiske, alle reptilar og amfibium er endemiske.[5]
New Zealand blei isolert frå resten av dagens kontinent for meir enn 80 millionar år sidan under oppløysinga av Gondwana.[6] Om artsmangfaldet på New Zealand i utgangspunktet var eit utval av artar i Australia, har New Zealand og Australia seinare gjennomgått ulike omformingar i økosystema grunna klimatiske og geologiske omskiftingar slik at økosystema utvikla seg på ulike måtar. Den lange isolasjonen førte med seg at plantar og dyr utvikla seg på New Zealand utan monaleg konkurranse frå artar frå dei andre kontinenta, og det har medverka til at både plante og dyreliv var sårbart då introduserte artar kom med mennesket for meir enn 700[7] år sidan. I dag har nær 90 av dei 365 fugleartane i landet status som sårbare eller truga, og berre ca. 22 artar av dei 73 endemiske er livskraftige.[2]
Oversyn endemiske familiar og artar
endreDet finst seks fuglefamiliar med nolevande artar der heile familietaksonet er endemisk til New Zealand, og desse er
- kivifamilien, Apterygidae
- kakapofamilien, Strigopidae, ein familie av papegøyefuglar
- klatresmettfamilien, Acanthisittidae, to artar og ein nyleg utdøydd
- mohuafamilien, Mohouidae, er ei slekt med tre artar[8]
- kokakofamilien, Callaeidae, tre artar og
- stitsjfuglfamilien, Notiomystidae, ein einaste art
Moaer, Dinornithidae, var òg endemiske til New Zealand, men alle artane blei utrydda i historisk tid.
Artslista
endreArtslista under tar med nolevande artar. Gråklatresmett, Xenicus longipes, er med jamvel om arten er rekna som sannsynleg utrydda. Utvalet i lista er elles etter New Zealand bird checklist - Avibase, rekkjefølgja er etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[9] og norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[10]
- Orden Struthioniformes - Strutsefuglar
- Familie Apterygidae - Kiviar
- Sørbrunkivi, Apteryx australis, Southern Brown Kiwi, sårbar
- Okaritokivi, Apteryx rowi, Okarito Brown Kiwi, kritisk truga
- Nordbrunkivi, Apteryx mantelli, North Island Brown Kiwi, sterkt truga
- Dvergkivi, Apteryx owenii, Little Spotted Kiwi, nær truga
- Flekkivi, Apteryx haastii, Great Spotted Kiwi, sårbar
- Orden Anseriformes - Andefuglar
- Familie Anatidae - Svaner, gjæser og ender
- Maorirustand, Tadorna variegata, Paradise Shelduck,
- Kaskadeand, Hymenolaimus malacorhynchos, Blue Duck, sterkt truga
- Bronseand, Anas aucklandica, Auckland Islands Teal, sårbar
- Campbelland, Anas nesiotis, Campbell Islands Teal, sterkt truga
- Koparand, Anas chlorotis, Brown Teal, sterkt truga
- Maoridukkand, Aythya novaeseelandiae, New Zealand Scaup,
- Orden Podicipediformes - Dukkarar
- Familie Podicipedidae - Dukkarar
- Maoridukkar, Poliocephalus rufopectus, New Zealand Grebe, sårbar
- Orden Sphenisciformes - Pingvinar
- Familie Spheniscidae - Pingvinar
- Gulaugepingvin, Megadyptes antipodes, Yellow-eyed Penguin, sterkt truga
- Skogpingvin, Eudyptes pachyrhynchus, Fiordland Penguin, hekkeendem
- Orden Procellariiformes - Stormfuglar
- Familie Diomedeidae - Albatrossar
- Chathamalbatross, Thalassarche eremita, Chatham Albatross, hekkeendem
- Familie Procellariidae - Stormfuglar
- Magentapetrell, Pterodroma magentae, Magenta Petrel, hekkeendem
- Chathampetrell, Pterodroma axillaris, Chatham Petrel, hekkeendem
- Flaggermuspetrell, Pterodroma cookii, Cook's Petrel, hekkeendem
- Maoripetrell, Pterodroma pycrofti, Pycroft's Petrel, hekkeendem
- Fjellpetrell, Procellaria parkinsoni, Parkinson's Petrel, hekkeendem
- Westlandpetrell, Procellaria westlandica, Westland Petrel, hekkeendem
- Grårygglire, Puffinus bulleri, Buller's Shearwater, hekkeendem
- Maorilire, Puffinus huttoni, Hutton's Shearwater, hekkeendem
- Familie Hydrobatidae - Stormsvaler
- Maoristormsvale, Fregetta maoriana, New Zealand Storm Petrel, kritisk truga[11]
- Orden Suliformes - Suler, skarvar og fregattfuglar*
- Familie Phalacrocoracidae - Skarvar
- Vorteskarv, Phalacrocorax carunculatus, Rough-faced Shag, sårbar
- Bronseskarv, Phalacrocorax chalconotus, Bronze Shag, sårbar
- Chathamskarv, Phalacrocorax onslowi, Chatham Islands Shag, kritisk truga
- Aucklandskarv, Phalacrocorax colensoi, Auckland Islands Shag, sårbar
- Campbellskarv, Phalacrocorax campbelli, Campbell Islands Shag, sårbar
- Bountyskarv, Phalacrocorax ranfurlyi, Bounty Islands Shag, sårbar
- Kvithalsflekkskarv, Phalacrocorax punctatus, Spotted Shag,
- Svarthalsflekkskarv, Phalacrocorax featherstoni, Pitt Island Shag, sterkt truga
- Orden Falconiformes - Falkar
- Familie Falconidae - Falkar
- Maorifalk, Falco novaeseelandiae, New Zealand Falcon, nær truga
- Orden Gruiformes - Tranefuglar
- Familie Rallidae - Rikser
- Wekarikse, Gallirallus australis, Weka, sårbar
- Aucklandrikse, Lewinia muelleri, Auckland Islands Rail, sårbar
- Takahe, Porphyrio mantelli, Takahe, sterkt truga
- Orden Charadriiformes - Vade-, måse- og alkefuglar
- Familie Charadriidae - Loer, boltitar og viper
- Rustbuklo, Charadrius obscurus, Red-breasted Dotterel, sterkt truga
- Fjærelo, Thinornis novaeseelandiae, Shore Plover, sterkt truga
- Skeivnebblo, Anarhynchus frontalis, Wrybill, sårbar
- Familie Haematopodidae - Tjeldar
- Nyzealandtjeld, Haematopus finschi, South Island Oystercatcher,
- Chathamtjeld, Haematopus chathamensis, Chatham Oystercatcher, sterkt truga
- Todrakttjeld, Haematopus unicolor, Variable Oystercatcher,
- Familie Recurvirostridae - Avosettar og stylteløparar
- Svartstylteløpar, Himantopus novaezelandiae, Black Stilt, kritisk truga
- Familie Scolopacidae - Sniper og spovar
- Kortnebbdvergrugde, Coenocorypha pusilla, Chatham Islands Snipe, sårbar
- Snaresdvergrugde, Coenocorypha huegeli, Snares Island Snipe,
- Familie Laridae - Måsar
- Maorimåse, Chroicocephalus bulleri, Black-billed Gull, sterkt truga
- Nyzealandmåse, Chroicocephalus scopulinus, Red-billed Gull,
- Maoriterne, Chlidonias albostriatus, Black-fronted Tern, sterkt truga
- Orden Columbiformes - Duefuglar
- Familie Columbidae - Duer
- Chathamdue, Hemiphaga chathamensis, Chatham Island Pigeon
- Maoridue, Hemiphaga novaeseelandiae, New Zealand Pigeon, nær truga
- Orden Psittaciformes - Papegøyefuglar
- Familie Strigopidae - Kakaer
- Familie Psittaculidae - Parakittar
- Antipodeparakitt, Cyanoramphus unicolor, Antipodes Parakeet, sårbar
- Skarlakspanneparakitt, Cyanoramphus hochstetteri, Reischek's Parakeet
- Gulkroneparakitt, Cyanoramphus auriceps, Yellow-fronted Parakeet, nær truga
- Chathamparakitt, Cyanoramphus forbesi, Chatham Islands Parakeet, sterkt truga
- Maoriparakitt, Cyanoramphus malherbi, Malherbe's Parakeet, kritisk truga
- Orden Cuculiformes - Gaukefuglar
- Familie Cuculidae - Gaukar
- Langhalekoel, Eudynamys taitensis, Long-tailed Koel, hekkeendem
- Orden Passeriformes - Sporvefuglar
- Familie Acanthisittidae - Klatresmettar
- Skogklatresmett, Acanthisitta chloris, Rifleman,
- Gråklatresmett, Xenicus longipes, Bush Wren, kanskje utrydda
- Fjellklatresmett, Xenicus gilviventris, South Island Wren, sårbar
- Familie Meliphagidae - Honningetarar
- Tuihonningetar, Prosthemadera novaeseelandiae, Tui,
- Maorihonningetar, Anthornis melanura, New Zealand Bellbird,
- Familie Acanthizidae - Tornsmettar
- Igatagerygone, Gerygone igata, Gray Gerygone,
- Kvitpannegerygone, Gerygone albofrontata, Chatham Island Gerygone,
- Familie Callaeidae - Kokakoar
- Nordkokako, Callaeas wilsoni, North Island kokako, nær truga
- Nordsalrygg, Philesturnus rufusater, North Island saddleback, nær truga
- Sørsalrygg, Philesturnus carunculatus, South Island saddleback, nær truga
- Familie Notiomystidae - Stitsjfugl
- Stitsjfugl, Notiomystis cincta, Stitchbird, sårbar
- Familie Pachycephalidae - Plystrarar
- Kvithovudmohua, Mohoua albicilla, Whitehead,
- Gulhovudmohua, Mohoua ochrocephala, Yellowhead, sterkt truga
- Pipipi, Mohoua novaeseelandiae, Pipipi,
- Familie Rhipiduridae - Viftestjertar
- Maoriviftestjert, Rhipidura fuliginosa, New Zealand Fantail,
- Familie Petroicidae - Flugeskvettar
- Maoriflugeskvett, Petroica macrocephala, Tomtit,
- Stripeflugeskvett, Petroica australis, New Zealand Robin,
- Mangereflugeskvett, Petroica traversi, Chatham Robin, sterkt truga
- Familie Locustellidae - Sumpsongarar
- Bregnesongar, Megalurus punctatus, Fernbird
Kjelder
endre- «New Zealand bird checklist - Avibase - Fuglar; Sjekklister frå heile verda». Denis Lepage. Henta 20. oktober 2013.
- R. M. McDowall (Mai, 1969). «Extinction and Endemism in New Zealand Land Birds NZETC». Tuatara (Victoria University of Wellington) 317 (1). Henta 20. oktober 2013.
- Mairi Jay (1999). «Conservation of Biological Heritage - Implications for New Zealand and Australia» (PDF). Australian Planner 36 (1): 42–48.
Referansar og fotnotar
endre- ↑ LePage New Zealand bird checklist listar 369 artar, men eit fåtal av desse er utdøydde i seinare tid
- ↑ 2,0 2,1 Status i LePage New Zealand bird checklist
- ↑ McDowall, s 4
- ↑ Ian McLellan (8. mars 2006). «Endemism and Biogeography ff New Zealand Plecoptera (insecta)» (PDF). Illiesia 2 (2): 15–23.
- ↑ Mairi Jay, 1999
- ↑ «Break-up of Gondwana – Evolution of plants and animals – Te Ara Encyclopedia of New Zealand». Arkivert frå originalen 21. oktober 2013. Henta 20. oktober 2013.
- ↑ Wilmshurst, J. M.; Anderson, A. J.; Higham, T. F. G.; Worthy, T. H. (2008). «Dating the late prehistoric dispersal of Polynesians to New Zealand using the commensal Pacific rat». Proceedings of the National Academy of Sciences 105 (22): 7676. Bibcode:2008PNAS..105.7676W. doi:10.1073/pnas.0801507105.
- ↑ «Phylogenetic relationships of the genus Mohoua, endemic hosts of New Zealand’s obligate brood parasitic Long-tailed Cuckoo (Eudynamys taitensis) - Springer». Henta 20. oktober 2013.
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ Maoristormsvala er ikkje lista i Avibase, men er del av Clementslista versjon 6