Tyrkia i Eurovision Song Contest

Tyrkia debuterte i Eurovision Song Contest i 1975 og deltok til saman 34 gongar inntil landet trekte seg frå tevlinga i 2012 på ubestemt tid. Tyrkia har vunne tevlinga éin gong, i 2003Sertab Erener deltok med songen «Everyway That I Can». Tyrkia har òg hamna på sisteplass tre gongar, to av dei utan poeng.[1]

Tyrkia
EuroTurquía.svg
Offisielt Tyrkia

TRT
Uttakingar
Nasjonalt 26
Internt 8
Deltaking
Debutår 1975
Deltakingar 34
Beste resultat
Semifinalen 1 (2010)
Finalen 1 (2003)
Verste resultat
Semifinalen 13 (2011)
Finalen Sist (1975, 1983 og 1987)
Poeng
Semifinalane 790
Finalane 1 996
Totalt 2 786

HistorikkEndra

Det var Tyrkia si statlege kringkastar, TRT, som deltok i Eurovision Song Contest på vegne av Tyrkia. Tyrkia debuterte i 1975 og kom då på ein sisteplass med «Seninle bir dakika», framført av Semiha Yankı. Tyrkia hadde liten suksess i tevlinga fram til 2000, og dei einaste topp ti-plasseringane Tyrkia hadde var ein niandeplass i 1986 og ein tredjeplass i 1997. Fyrst då landet gjekk over til å syngje på engelsk i 2003, fekk landet sin fyrste siger i Eurovision Song Contest då Sertab Erener og «Everyway That I Can» slo Belgia og Russland med høvesvis to og tre poeng.[2]

Sigeren var starten på ein lang periode med høge plasseringar for Tyrkia. På heimebane i 2004 kom gruppa Athena på ein fjerdeplass. To nye fjerdeplassar følgde i 2007 og 2009, og i Oslo i 2010 kom gruppa maNga på ein andreplass. I 2011 klarte ikke Tyrkia å kvalifisere seg til finalen; dette var fyrste og einaste gongen at Tyrkia ikkje kvalifiserte seg til finalen sidan semifinaleordninga vart innført i 2004.

Tyrkia trekkjer segEndra

Ved fleire anledningar har Tyrkia stått over tevlinga, fyrste gongen i 1976 og 1977. I 1979 hadde Tyrkia valt både song og artist, men landet trakk seg frå tevlinga kort tid før finalen. Årsaka var at finalen skulle haldast i Jerusalem, og dei arabiske nabolanda kravde at den tyrkiske regjeringa måtte trekkje landet frå tevlinga, på grunn av den arabiske konflikten med vertsnasjonen Israel.[3][4]

I 1994 var ikkje Tyrkia kvalifisert for finalen på grunn av den dårlege plasseringa året før, men frå 1995 deltok Tyrkia kvart einaste år fram til og med 2012.

I desember 2012 offentleggjorde TRT at dei ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Den tyrkiske regjeringa grunngav avgjerda med at dei ikkje var fornøgde med dei nye røystereglane i tevlinga. Tyrkia har ikkje delteke sidan, og TRT har førebels ingen planar om å deltake i Eurovision Song Contest igjen.

BidragaEndra

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  1975 Semiha Yankı «Seninle bir dakika» Tyrkisk 3 19
  1978 Nilüfer og Grup Nazar «Sevince» Tyrkisk 2 18
  1979 Maria Rita Epik og 21. Peron «Seviyorum» Tyrkisk Trekt
  1980 Ajda Pekkan «Petr'Oil» Tyrkisk 23 15
  1981 Modern Folk Trio og Ayşegül «Dönme dolap» Tyrkisk 9 18
  1982 Neco «Hani?» Tyrkisk 20 15
  1983 Çetin Alp og the Short Waves «Opera av Çetin Alp & the Short Waves» Tyrkisk 0 19
  1984 Beş yıl önce, on yıl sonra «Halay» Tyrkisk 37 12
  1985 MFÖ «Didai didai dai» Tyrkisk 36 14
  1986 Klips ve Onlar «Halley» Tyrkisk 53 9
  1987 Seyyal Taner og Lokomotif «Şarkım sevgi üstüne» Tyrkisk 0 22
  1988 MFÖ «Sufi» Tyrkisk 37 15
  1989 Pan «Bana bana» Tyrkisk 5 21
  1990 Kayahan feat. Demet Sağıroğlu «Gözlerinin hapsindeyim» Tyrkisk 21 17
  1991 İzel Çeliköz, Reyhan Karaca og Can Uğurluer «İki dakika» Tyrkisk 44 12
  1992 Aylin Vatankoş «Yaz bitti» Tyrkisk 17 19
  1993 Burak Aydos «Esmer yarim» Tyrkisk 10 21
  1995 Arzu Ece «Sev» Tyrkisk 21 16
  1996 Şebnem Paker «Beşinci mevsim» Tyrkisk 57 12 69 7
  1997 Şebnem Paker og Grup Ethnic «Dinle» Tyrkisk 121 3
  1998 Tüzmen «Unutamazsın» Tyrkisk 25 14
  1999 Tuğba Önal og Grup Mistik «Dön artık» Tyrkisk 21 16
  2000 Pınar Ayhan og The SOS «Yorgunum anla» Tyrkisk og engelsk 59 10
  2001 Sedat Yüce «Sevgiliye son» Tyrkisk og engelsk 41 11
  2002 Buket Bengisu og Group Safir «Leylaklar soldu kalbinde» Tyrkisk og engelsk 29 16
  2003 Sertab Erener «Everyway That I Can» Engelsk 167 1
  2004 Athena «For Real» Engelsk 195 4 Vertsnasjon
  2005 Gülseren «Rimi rimi ley» Tyrkisk 92 13 Topp 12 året før
  2006 Sibel Tüzün «Süper star» Tyrkisk og engelsk 91 11 91 8
  2008 Mor ve Ötesi «Deli» Tyrkisk 138 7 85 7
  2009 Hadise «Düm tek tek» Engelsk 177 4 172 2
  2010 maNga «We Could Be the Same» Engelsk 170 2 118 1
  2011 Yüksek Sadakat «Live It Up» Engelsk Ikkje kvalifisert 47 13
  2012 Can Bonomo «Love Me Back» Engelsk 112 7 80 5

RøystehistorikkEndra

FinalaneEndra

Tyrkia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Bosnia-Hercegovina 129
2   Storbritannia 126
3   Irland 119
4   Spania 118
5   Tyskland 86

Tyrkia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Tyskland 170
2   Frankrike 151
3   Nederland 132
4   Belgia 108
5   Sveits 104

SemifinalaneEndra

Tyrkia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Makedonia 48
2   Bosnia-Hercegovina 46
3   Bulgaria 43
  Georgia
5   Armenia 31

Tyrkia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Bulgaria 50
  Sveits
3   Storbritannia 49
4   Makedonia 46
5   Albania 42

GalleriEndra

Eurovision Song Contest i TyrkiaEndra

År Sted Arena Programleiar
2004   Istanbul Abdi İpekçi Arena Korhan Abay og Meltem Cumbul

ReferansarEndra

  1. «Turkey – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016. 
  2. «Eurovision Song Contest 2003». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016. 
  3. «Eurovision Song Contest 1979». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016. 
  4. «Eurovision Song Contest 1979». BBC. Henta 2. desember 2016. 

KjelderEndra