Iransk geografi

Iransk geografi
IranOMC.png
Kart over Iran
Kart over Iran
Plassering
Land Iran
Koordinatar 32°N 53°EKoordinatar: 32°N 53°E
Totale landegrenser 5 894 km
Grenseland Afghanistan (921 km), Armenia (44 km), Aserbajdsjan (432 km), Aserbajdsjan (Nakhitsjevan) (179 km), Irak (1599 km), Pakistan(959 km), Tyrkia (534 km), Turkmenistan (1 148 km)
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

1 648 195 km²
1 531 595 km²
116 600 km²
Kystlinje 2 440 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Damavand 5 610 moh
Kaspihavet -28 moh
Lengste elv Karun
Største innsjø Urmiasjøen
Arealbruk
Dyrkbar mark 10,87 %
Permanente avlingar 1,19 %


Anna 87,93 % (2012 est.)
Irrigert land 87 000 km2 (2009)
Naturressursar
Petroleum, naturgass, kol, krom, kopar, jernmalm, bly, mangan, sink, svovel
Naturfarar
periodisk tørke, flaum, sandstorm, jordskjelv langs vestgrensa og i nordaust.
Miljøproblem
Luftforureining, særskild i urbane område frå køyretøy, raffineri og industri; avskoging, ørkenspreiing, oljeforureining i Persiabukta, tap av våtmarksområde til tørke; jordverdimink (salinering); utilstrekkeleg tilførsel av drikkevatn i somme område, vassforureining frå rå kloakk og industriavfall; urbanisering.

Geografisk ligg Iran i Vest-Asia og grensar til Kaspihavet, Persiabukta og Omanbukta. Fjella i landet har vore med å forme den politiske og økonomiske historia i landet i fleire hundreår. Fjella ligg kring fleire vide nedslagsfelt med store jordbruksområde og byar. Fram til 1900-talet, då store jernbanar og vegar vart lagt gjennom fjella mellom byane, var desse dalføra relativt isolerte frå kvarandre.

Plasseringa til Iran

Typisk har ein stor by dominert kvart dalføre, og det var eit komplekst økonomisk forhold mellom byen og dei hundrevis av landsbyane kring byen. I dei høgareliggande fjellområda praktiserte stammeorganiserte grupper transhumans, og flytta med sauer og geiter mellom tradisjonelt etablerte sommar- og vinterbeite. Det finst ingen store elvesystem i landet og historisk føregjekk samferdsla med karavanar som følgde ruter som kryssa tronge dalar og fjellpass. Fjella hindra òg lett tilgang til Persiabukta og Kaspihavet.

Med eit areal på 1 648 000 km², er Iran det 18. største landet i verda. Iran deler den nordlege grensa si mot tre tidlegare statar i Sovjetunionen: Armenia, Aserbajdsjan og Turkmenistan. Desse grensene strekkjer seg over meir enn 2 000 km, inkludert 650 km med kystlinje mot sørkysten av Kaspihavet. I vest grensar landet til Tyrkia i nord og Irak i sør og endar ved Arvand Rud.

Kystlinja mot Persiabukta og Omanbukta strekkjer seg over 1 770 km i sør. I aust ligg Afghanistan i nord og Pakistan lengst sør. Den diagonale avstanden frå Aserbajdsjan i nordvest til Sistan og Balutsjistan i søraust er kring 2 333 km.

TopografiEndra

 
Iran om natta
 
Topografi i Iran

Topografien i Iran består av kuperte fjellområde kring høgtliggande, indre basseng. Hovudfjellkjeda er Zagrosfjella, ei rekkje parallelle ryggar innimellom sletter som kryssar landet frå nordvest til søraust. Mange av toppane i Zagros strekkjer seg over 3 000 moh og i den sørlege, sentrale regionen av landet er det minst fem toppar over 4 000 meter over havet.

Der Zagros går inn i det søraustlege Iran, fell høgda raskt til under 1 500 moh. Langs kystsletta ved Kaspihavet er det ei anna fjellkjede, dei smale, men høge Alborzfjella. Det vulkanske Damavand med ei høgd på 5 610 moh ligg i sentrum av Alborz, og er ikkje berre det høgaste fjellet i landet, men òg det høgaste fjellet i Eurasia vest for Hindu Kush.

Sentrum av Iran består av fleire lukka basseng som i lag vert kalla det sentrale platået. Den gjennomsnittlege høgda på dette platået er kring 900 moh, men fleire fjell her tårnar over 3 000 moh. Den austlege delen av platået er dekt av to saltørkenar, Dasht-e Kavir (Den store saltørkenen) og Dasht-e Lut. Utanom spreidde oasar er desse ørkenane folketomme.

Delar av det nordvestlege Iran er ein del av Det armenske høglandet, som strekkjer seg inn i andre delar av nabolanda Tyrkia, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia.[1]

Iran har to større område med lågland: Khuzestansletta i sørvest og kystsletta ved Kaspihavet i nord. Førstnemnde er ei omtrent trekanta forlenging av Mesopotamiasletta og er kring 160 km brei. Ho strekkjer seg kring 120 km inn frå kysten og stig berre til nokre få meter over havet, fram til dei første åsane i Zagros. Det meste av Khuzestansletta er myrlendt.

Den kaspiske sletta er både lengre og smalar. Ho strekkjer seg 640 km langs breidda av Kaspihavet, men er ikkje meir enn 50 km på det breiaste, og somme stader ikkje meir enn 2 km. Sør for Khuzestad og kysten mot Omanbukta er det eigentleg ingen sletter sidan Zagros her strekkjer seg heilt til kysten.

Det er ingen store elvar i landet. Av dei mindre elvar er det berre ei som er farbar, den 830 km lange Karun, med grunne båtar som kan fare frå Khorramshahr til Ahvaz, ein avstand på kring 180 km. Andre elvar er Karkheh, som er 700 km lang og munnar ut i Tigris; og Zayanderud, som er 300 km lang. Fleire andre permanente elvar munnar ut i Persiabukta, medan fleire småelvar spring ut i det nordvestlege Zagros eller Alborz og renn ut i Kaspihavet.

På det sentrale platået er det fleire sesongbaserte elvar, der elveleia ligg tørrlagde i større delar av året. Dei vert fyllte opp under snøsmeltinga i fjella på våren og flyt gjennom permanente kanalar, før dei munnar ut i saltsjøane, som plar å tørke inn om sommaren. Det finst ein permanent saltsjø, Urmiasjøen i nordvest. Denne sjøen er så salt at han er livlaus. Det finst òg fleire tilknytte saltsjøar langs grensa til Afghanistan i provinsen Sistan og Balutsjistan.

KlimaEndra

Med 11 av dei 13 klimasonene i verda, er klimaet i Iran variert,[2] og varierer frå tørt og halvtørt, til subtropisk langs kysten av Kaspihavet og dei nordlege skogane.[3] Lengst nord i landet (den kaspiske kystsletta) går temperaturane sjeldan under null grader og området er fuktig det meste av året. Sommartemperaturane her går sjeldan over 29 ºC.[4][5] Årsnedmøren er 680 mm i den austlege delen av sletta og meir enn 1 700 mm i vest. Gary Lewis i Dei sameinte nasjonane har sagt at «Mangel på vatn er den største tryggleiksutfordringa i Iran i dag».[6]

I vest kan busetnadane i Zagros få lågare temperaturane, med strenge vintrar og dagleg temperaturar under null grader med kraftig snøfall. Dei austlege og sentrale områda er tørre med mindre enn 200 mm nedbør i året og enkelte ørkenar.[7] Den gjennomsnittlege sommartemperaturen går sjeldan over 38 ºC.[4] Kystslettene ved Persiabukta og Omanbukta i Sør-Iran har milde vintrar og særs fuktige og varme somrar. Årsnedbøren her varierer frå 135 til 355 mm..[4]

Det kalde asiatiske høgtrykket bølgjer sør og nord i løpet av vinteren, og temperaturane kan bli både høgare enn 15 °C og lågare enn -20 °C. Lågtrykk kjem frå Middelhavet om lag ein gong eller to i veka frå januar til mars, og gjev litt regn eller snø. Det meste av landet har likevel mindre enn 250 mm nedbør i løpet av eit normalt år. Når dei nordlege områda møter vêrfrontar frå Asia kan kysten av Kaspihavet, og særleg dei vestlege områda, få mykje gråvêr. Enkelte område her har meir enn 100 nedbørsdagar og ein normal årsnedbør på meir enn 2000 mm.

Det indre platået, inkludert Teheran, har stort sett nordvestleg vind om sommaren og i forhold til høgd over havet er dette området eit av dei varmaste i verda. Fukta er som regel låg, bortsett frå kysten av Persiabukta, som har like høg fukt og temperatur som Kuwait og Qatar, og har eit subtropisk klima. Dei lågareliggjande områda mot sørvest, ved grensa til Irak, er endå varmare.

Dyre- og plantelivEndra

 
Kart over biotopar i Iran ██ Skogssteppe ██ Skog ██ Halvørken ██ Ørkenlågland ██ Steppe ██ Salte myrområde

7 % av landet er skogkledd. Dei største skogane finn ein i fjellsidene opp frå Kaspihavet og består av eik, ask, alm, sypress og andre verdifulle tre. På sjølve platået finst område med kratteik opp i fjellskråningane med best vasstilførsel, og landsbyinnbyggjarar dyrkar frukthagar og dyrkar platan, poppel, pil, valnøtt, bøk, lønn og morbær. Villplanter og kratt dukkar opp i det karrige landet om våren og vert nytta til beite, men sommarsolen brenn dei så bort. I følgje FAO-rapportar[8] er dei viktigaste skogstypane i Iran og områda dei ligg i:

  1. Kaspiske skogar i nord – 19 000 km²
  2. Kalksteinsfjellskogar i nordaust (einerskogar) – 13 000 km²
  3. Pistasjeskogar i aust, sør og søraust – 26000 km²
  4. Eikeskogar sentralt og i vest – 35 000 km²
  5. Krattskog i Kavirområdet (ørken) sentralt og nordaust – 10 000 km²
  6. Subtropisk skog langs sørkysten som Haraskogane – 5 000 km²

Dyrelivet i Iran er mangfaldig med dyreartar som bjørn, gaseller, villsvin, ulv, sjakal, gaupe og rev. Av husdyr finn ein sau, geit, kveg, hest, vassbøffel, esel og kamel. Fasan, høns, stork, ørn og falk er fuglar ein finn i Iran.

I 2001 var 20 av pattedyrartane og 14 av fugleartane i Iran utryddingstrua. Blant dei finn ein balutsjistanbjørn (Ursus thibetanus gedrosianus), ein underart av asiatisk svartbjørn, persisk dådyr, snøtrane, karett, grøn havskjelpadde, kaspisk kobra, latifishoggorm, dugong og delfin. Den [[asiatisk gepard|asiatiske geparden]] er kritisk utryddingstrua og utrydda alle andre stader enn sentralt i den nordaustlege delen av Iran.

Iran mista alle sine asiatiske løver og kaspiske tigrar tidleg på 1900-talet. Syrisk villesel har òg døydd ut. Det finst derimot mykje av syrisk brunbjørn i fjella, villsau og geiter, gaseller, persisk villesel, villsvin, persisk leopard og rev.

Den persiske leoparden er sagt å vere den største av alle underartane av leopardar i verda. Dei held seg i same området som besoargeit i Alborz og Zagros, i tillegg til mindre fjell på det iranske platået. Talet på leopardar er lågt på grunn av tap av leveområde, færre byttedyr og at dyra er skilde frå kvarandre.[9]

Økosystem og biosfæreEndra

Det biologiske mangfaldet i Iran er rangert som det 13. beste i verda.[10] Det finst 272 bevaringsområde i Iran, som dekkjer i alt 17 millionar hektar, styrt av miljødepartmentet i landet. I tillegg finst det nasjonalparkar, verneområde og naturlege dyrereservat, alle meint å verne dei genetiske ressursane i landet.

Ramsarstadar (23/06/75) Areal (km²)
Anzali våtmarkskompleks,[11] Gilan 150
Arjanenga,[12] Fars 22
Gurigölsjøen,[13] Aust-Aserbajdsjan 1,2
Kobisjøen,[14] Vest-Aserbajdsjan 12
Parishan,[12] Fars 40
Miankalehhalvøya, Gorganbukta, Lapoo-Zaghmarz Ab-bandan[15] Mazandaran 1000

Sjå ògEndra


KjelderEndra

  1. «Armenian Highland». Henta 28. februar 2015. 
  2. «Geographical Data». Scientific Information Database. 2014. 
  3. Kiyanoosh Kiyani Haftlang; Kiyānūsh Kiyānī Haft Lang (2003). The Book of Iran: A Survey of the Geography of Iran. Alhoda UK. s. 17. ISBN 978-964-94491-3-5. 
  4. 4,0 4,1 4,2 R. Nagarajan (2010). Drought Assessment. Springer Science & Business Media. s. 383. ISBN 978-90-481-2500-5. 
  5. «Weather and Climate: Iran, average monthly Rainfall, Sunshine, Temperature, Humidity, Wind Speed». World Weather and Climate Information. Arkivert frå originalen 22. september 2015. Henta 1. mars 2021. 
  6. Moghtader, Michelle (3. august 2014). «Farming reforms offer hope for Irans water crisis». Reuters. Arkivert frå originalen 7. august 2014. Henta 2. mars 2021. 
  7. Sharon E. Nicholson (2011). Dryland Climatology. Cambridge University Press. s. 367. ISBN 978-1-139-50024-1. 
  8. FAO reports
  9. http://www.presstv.com/detail.aspx?id=122532&sectionid=3510212
  10. «Iran's environment in danger». Arkivert frå originalen 2012-03-12. Henta 21. desember 2012. 
  11. «Ramsar Information Sheet: Anzali Wetlands Complex», henta 3. mars 2021
  12. 12,0 12,1 «Ramsar Information Sheet: Lake Parishan and Dashte-Arjan», henta 3. mars 2021
  13. «Ramsar Information Sheet: Gurigölsjøen», henta 3. mars 2021
  14. «Ramsar Information Sheet: Kobisjøen», henta 3. mars 2021
  15. «Ramsar Information Sheet: Miankalehhalvøya, Gorganbukta and Lapoo-Zaghmarz Ab-bandans», henta 3. mars 2021

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Iransk geografi