Opna hovudmenyen

Oversersjant (forkorting o/sjt.) er ei grad som tidlegare fanst i Hæren og som tilsvarte vingsersjant i Luftforsvaret og kvartermeister I klasse i Sjøforsvaret. Det var den nest høgaste sersjantgrada i Noreg og var plassert mellom sersjant og stabssersjant. Ein oversersjant var som regel ein sersjant, ofte med teknisk bakgrunn, med fleire års tenestetid. Distiksjonen var tre vinkler med ei vassrett stripe over.

Gradene oversersjant og stabssersjant opphøyrde 1. juli 1975 og befalet fekk høvesvis offisersgradene fenrik og løytnant. Hærordninga av 1. januar 1977 gjorde at dei eldste av dei gamle stabssersjantane fekk kapteins grad.

Sjå ogsåEndra