Opna hovudmenyen

Vingsersjant (forkorting v/sjt.) er ei tidlegare militær grad i Luftforsvaret. Den tilsvarte oversersjant i Hæren og kvartermeister I klasse i Sjøforsvaret. Det var den nest høgaste sersjantgrada i Noreg. Den var plassert mellom sersjant og stabssersjant. Ein vingsersjant var som regel ein sersjant, ofte med teknisk bakgrunn, med fleire års tenestetid. Distiksjonen var tre vinklar med ei vassrett stripe over.

Gradene vingsersjant og stabssersjant opphøyrde 1. juli 1975 og befalet fekk høvesvis offisersgradene fenrik og løytnant. Hærordninga av 1. januar 1977 gjorde at dei eldste av dei gamle stabssersjantane fekk kapteins grad.

Sjå ogsåEndra