Generalfeltmarskalk
Generalfeltmarskalk (tysk Generalfeldmarschall, forkorta GFM) var den høgaste militære grada i den tyske, preussiske, sachsiske og austerriksk-ungarske hæren. Den blei berre tildelt aktive offiserar i krig. I motsetnad til andre offiserar, var generalfeltmarskalkar politisk utnemnde. Grada hadde fleire privilegium, mellom anna permanent eskorte. I 1870 blei prins Friedrich Karl og kronprins Friedrich Wilhelm dei første preussiske prinsane som blei utnemnde til generalfeltmarskalkar. I 1854 hadde grada Generaloberst blitt innført for å bli tildelt prins Wilhelm i fredstid; dette var ei grad med dei same privilegia, men formelt lågare rangert.
Den tilsvarande grada i marinen var storadmiral. Desse gradene er ikkje blitt brukt sidan den andre verdskrigen, og dei høgaste gradene i den tyske hæren og marinen i dag er general og admiral.
Grada som generalfeltmarskalk eksisterte i kurfyrstedømet og kongeriket Sachsen uavhengig av Preussen til dette blei ein del av det republikanske Tyskland i 1918.
Nokre kjende generalfeltmarskalker
endreKurfyrstelege Brandenburg og Preussen
endre- 1670 - Georg Reichsfreiherr von Derfflinger (1606-1695), slo tilbake svenskane ved Fehrbellin
- 19. oktober 1813 - Gebhard Leberecht Fürst Blücher von Wahlstatt "Fremste marskalk" (1742-1819), øvstkommanderande for dei prøyssiske arméane i Slaget ved Waterloo
Tyskland (1870-1918)
endre- 28. oktober 1870 - Friedrich Wilhelm von Preußen (1831-1888), hærførar i den tysk-franske krigen, tysk keisar og konge av Prøyssen i 1888
- 16. juni 1871 - Helmuth Graf von Moltke (1800-1891), «Den store tause», sjef for hærens overkommando
- 1. januar 1911 - Alfred Graf von Schlieffen (1833-1913), Sjef for hærens generalstab, hjernen bak Schlieffen-planen
- 2. november 1914 - Paul von Hindenburg (1847-1934), sjef for hærens generalstab, seinare president i Weimarrepublikken
- 27. januar 1915 - Karl von Bülow (1846-1921)
- 22. juni 1915 - August von Mackensen (1849-1945), populær tysk hærførar
Tyskland (1936-1945)
endre- (L) = høyrer til Luftwaffe -
- 20. april 1936 - Werner von Blomberg (1878-1946), forsvarsminister 1933-1935, krigsminister: 1935-1938
- 4. februar 1938 Hermann Göring (1893-1945, sjølvmord) (L), øvstkommanderande for Luftwaffe
- 19. juli 1940 - Wilhelm Keitel (1882-1946, avretta), sjef for Wehrmachts overkommando
- 19. juli 1940 - Günther von Kluge (1882-1944, sjølvmord), høgare offiser i hæren (Heeresgruppenführer)
- 19. juli 1940 - Erwin von Witzleben (1881-1944, avretta), arméførar
- 19. juli 1940 - Erhard Milch (1892-1972) (L), generalinspektør for Luftwaffe
- 19. juli 1940 - Gerd von Rundstedt (1875-1953), høgare offiser i hæren (Heeresgruppenführer) og øvstkommanderande i vest
- 22. juni 1942 - Erwin Rommel "Ørkenreven" (1891-1944, tvungen til sjølvmord), øvstkommanderande for det tyske Afrikakorpset (seinare Hærgruppe Afrika) og Hærgruppe B i Nord-Frankrike
- 31. januar 1943 - Friedrich Paulus (1890-1957), øvstkommanderande for den 6. armé, kapitulerte i Stalingrad
- 1. februar 1943 - Ewald von Kleist (1881-1954), kommandant for panzergruppe Kleist, seinare Hærgruppe A, måtte avgå i 1944 på grunn av usemje
- 16. februar 1943 - Wolfram Freiherr von Richthofen (L), høgare offiser i Luftwaffe (Luftflottenführer)
- 1. mars 1944 - Walter Model (1891-1945, sjølvmord), høgare offiser i hæren (Heeresgruppenführer)
- 25. april 1945 - Robert Ritter von Greim (L), høgare offiser i Luftwaffe (Luftflottenführer) og mot slutten av krigen Göring sin etterfølgjar som øvstkommanderande for Luftwaffe
sjå også: