Suleiman I av Det osmanske riket

(Omdirigert frå Süleyman I)

Suleiman I den store[a] (fødd 6. november 1494 i Trapezunt, død 6. september 1566 ved Szigetvár i Ungarn) var sultan over Det osmanske riket frå 1520 til han døydde. Under leiarskapet hans starta Det osmanske riket stordomstida si og vart ei verdsmakt. Suleiman vart rekna som ein av de fremste herskarane i Europa på 1500-talet, eit fullverdig motstykke til Karl V av Det tysk-romerske riket, Frans I av Frankrike, Henrik VIII av England og Sigismund II av Polen.

Suleiman den store

Sultan av Det osmanske riket
Regjeringstid1520–1566 (46 år)
Kroning1520
Fullt namnSultan Suleiman Khan
TitlarKalif
Sultan av Sultanar
Skuggen til Gud på jorda,
Cæsar av alle landområda til Roma
Fødd6. november 1494
FødestadTrabzon
Død6. september 1566
DødsstadSzigetvár i Ungarn
GravstadSüleymaniye-moskeen i Istanbul
FøregangarSelim I
EtterfølgjarSelim II
Gift medHurrem Sultan, Mahidevran Sultan, Fülane Hatun, Gülfem Hatun
DynastiHuset Osman
FarSelim I
MorHafsa Sultan
BornŞehzade Mustafa, Şehzade Mehmed, Mihrimah Sultan, Selim II av Det osmanske riket, Şehzade Beyazıt, Şehzade Murad, Raziye Sultan, Șehzade Cihangir, Şehzade Abdullah, Fatma Nur, Şehzade Mahmud, Ahmed

Han leidde personleg dei osmanske hærane i erobringa av Beograd, Rhodos og nesten heile Ungarn, kringsette Wien og la under seg store territorium i Nord-Afrika så langt vest som Marokko og nesten heile Midtausten. For ei kort stund fekk osmanane herredømet til sjøs i Middelhavet, Raudehavet og Persiabukta. Riket heldt fram å ekspandere i eit hundreår etter han døydde.

Innanfor riket var Suleiman kjend som ein rettvis herskar og motstandar av korrupsjon. Han verna kunstnarar og filosofar og vart rekna som ein av dei største islamske poetane i tillegg til at han var ein dyktig gullsmed. I vesten er han kjend som den store og i den muslimske verda som lovgjevaren,[b] eit kallenamn som stamma frå den fullstendige rekonstruksjonen han gjorde av det osmanske rettsystemet.[1]

I regjeringstida hans vart den kjende brua i Mostar, Stari Most, bygd.

Tidlege år endre

Suleiman vart fødd i Trabzon i dagens Tyrkia, ved sørskysten av Svartehavet, truleg den 6. november 1494, men datoen er ikkje nøyaktig dokumentert.[2] Far hans var Şehzade Selim, seinare sultan Selim I. Mor hans var Hafsa Sultan, ein konvertitt til islam av ukjent opphav, som døydde i 1534.[3]:9 Sju år gamal vart han send for å studere vitskap, historie, litteratur, teologi og militære teknikkar ved skulane i slottet i Istanbul og som ung mann heldt han på eit nært venskap med Damat Ibrahim Pasha, ein slave som skulle verte ein av dei mest trufaste rådgjevarane hans, men som enda livet avretta på ordre frå Suleiman.[4][5]

Suleiman si tidlege røynsle i å styre var som guvernør av fleire provinsar. Sytten år gammal vart han guvernør for Kaffa (Feodosia) på Krimhalvøya, deretter Manisa og ei kort tid Edirne.

Under styret til far hans, Selim I, øydela Det osmanske riket det rivaliserande mamelukk-sultanatet, noko som førte til at Syria, Palestina og Egypt vart innlema og heilage byar som Mekka og Medina vart tekne av riket. Selim kravde tittelen Khadim ul Haremeyn, 'tenaren av dei to heilage templa' (den store moskéen i Mekka og profeten sin moské i Medina, dei heilagste stadene i islam) og hevda òg å vere kalifen, «vaktaren av islam» som vart rekna som øvste statsleiar og religiøse leiar i islam, både i sunni- og sjia-retningane. Selim la òg Persia under seg, der leiaren Sjah Ismail I òg hevda å vere kalifen. Han hærtok Egypt saman med Al-Mutawakkil III, den siste kalifen i abbaside-dynastiet, noko som gjorde at Selim kunne skaffe seg emblema til kalifen, eit sverd og profeten Muhammed si kappe.

Difor var Suleiman, i ein alder av 26 då Selim I døydde, herskar over eit langt mektigare rike og sultanat som han ville halde fram med å ekspandere til han døydde 46 år seinare.

Militære erobringar endre

Erobringa av Beograd endre

 
Suleiman under kringsetjinga av Rhodos i 1522. Frå Süleymanname.

Etter at han tok over etter far sin, innleia Suleiman ei rekkje militære erobringar. Først, i 1521, slo han ned eit opprør leia av guvernøren i Damaskus som var utnemnd av osmanane. I august 1521 hadde Suleiman fullført erobringa av byen Beograd og hadde erobra Serbia og rykt djupt inn i hjarta av Sentral-Europa.

Gjenoppbygginga av murane rundt Jerusalem endre

I 1517 hadde det islamske Osmanske riket under Selim I teke Palestina frå egyptiske mamelukkar. Suleiman var så bergteken av byen Jerusalem og forfallet her etter å ha vorte vanrøkt i hundreår då mamelukkane styrte, at han gav ordre om å byggje ein storslagen festningsmur som framleis står rundt gamlebyen.

Rodós endre

Selim I hadde planlagt å gå til åtak på den kristne festninga på Rhodos før han døydde. I 1522 fullførte Suleiman far sin sitt mål då 400 skip førte 200 000 mann til øya. Mot denne styrken hadde Maltesarordenen rundt 7000 soldatar og murane kring byen. Kringsetjinga varte i seks månader og etter at ho var slutt lét Suleiman dei overlevande dra frå øya og trekkje seg tilbake til kongedømet Sicilia. I byte for dette lova riddarane å la Suleiman sine område vere i fred, ein lovnad dei snart braut.

Ungarn endre

 
Plasseringa til Kongeriket Ungarn
 
Suleiman tek imot Isabella Jagiellon og sonen John Sigismund Zápolya, kongen av Ungarn, i 1541. Frå Süleymanname.

Den 29. august 1526 sigra Suleiman over Ludvig II av Ungarn i slaget ved Mohács og osmanske styrkar okkuperte nesten heile Ungarn. Ludvig II vart drepen, og då Suleiman kom over den livlause kroppen av den femten år gamle kongen skal han ha sagt at «eg kom med våpen mot han, men det var ikkje ynsket mitt at han skulle kuttast ned medan han knapt har smakt på det søte livet og kongemakta.»[6]

Under det osmanske åtaket braut den politiske ordenen saman og ein maktkamp fylgde då nokre ungarske adelsmenn føreslo at Ferdinand av Habsburg, som var herskar av nabolandet Austerrike og knytt til Ludvig sin familie gjennom ekteskap, skulle verte konge av Ungarn og viste til tidlegare avtaler om at habsburgarane skulle ta over den ungarske trona dersom Ludvig døydde utan arvingar. Men andre adelsmenn vende seg til adelsmannen Johannes Zápolya som hadde støtte hjå Suleiman og som vart utan respekt hjå dei kristne maktene i Europa. Ein tresidig konflikt fylgde då Ferdinand starta å tryggje styret sitt over så mykje av det ungarske kongedømet som han kunne klare. Dette førte til ei tredeling av landet innan 1541. Suleiman kravde nesten heile dagens Ungarn, kjend som Stor-Alföld, til Det osmanske riket og sette inn familien til Zápolya som herskarar over den sjølvstendige delen Transilvania, ein vasallstat av imperiet. Ferdinand I kravde «kongelege Ungarn», inkludert dagens Slovakia, vestlege Kroatia og områda rundt. Dette vart mellombels grensa mellom habsburgarane og osmanane.

Under Karl V av Det tysk-romerske riket og bror hans Ferdinand, erkehertug av Austerrike, tok habsburgarane tilbake Ungarn. Suleiman invaderte på nytt to gonger, men vart slått tilbake etter omleiringa av Wien i 1529 og 1532. I 1533 vart ei avtale med Ferdinand underskriven. Ho delte Ungarn mellom habsburgarane og Zapolya, men då Zapolya døydde, var Ferdinand utan dei ungarske områda, noko som førte til ein ny kamp for å annektere Ungarn og fleire fredsavtaler som gjenoppretta status quo.

Persia endre

 
Safavidane sitt imperium med grensene i 1512

Då konflikten raste ved grensetaktene til Suleiman sine europeiske område, heldt framgangen fram på ein annan front mot det rivaliserande shiittiske safavide-riket som herska over Persia (som òg omfatta store delar av dagens Irak). Suleiman førte tre felttog mot safavidane. I det første fall den historisk viktige byen Bagdad til Suleiman sine styrkar i 1534.

Det andre felttoget (1548–1549) resulterte i mellombels framgang i Tabriz og Aserbajdsjan og eit vedvarande nærvær i provinsen Van og nokre fort i Georgia.[7]

Under det tredje åtaket i 1555 klarte ikkje styrkane til Suleiman å sjalte ut hæren til sjahen som trekte seg tilbake inn i fjella i Luristan. Dei skreiv under ei avtale ved Amasya der sjahen anerkjende dei eksisterande grensene og lovde å stoppe tokta sine inn i landet til osmanane.[8]

Nord-Afrika og Midtausten endre

Store område i Nord-Afrika vest til Marokko vart òg innlema i riket til osmanane. Berbarstatane Tripolitania, Tunisia, Algerie og Marokko vart autonome provinsar i riket og tente ei leiande rolle i konflikten til Suleiman med Karl V som mislukkast i eit forsøk på å drive ut tyrkarane i 1541. Piratverksemda som vart drive etter dette av berbarpiratane i Nord-Afrika vart ein del av krigane med Spania og den osmanske ekspansjonen førte til herredøme til sjøs i ein kort periode i Middelhavet.

Den osmanske flåten kontrollerte òg Raudehavet og heldt Persiabukta til 1554 då skipa deira tapte mot den portugisiske flåten. Portugisarane ville halde fram å utfordre styrkane til Suleiman om kontrollen over Aden.

Tunis endre

I 1533 vart Khair ad Din, kjend for europearane som Barbarossa (raudskjegg), gjort til øvste admiral i den osmanske flåten som aktivt kjempa mot den spanske marinen. I 1535 vann den tysk-romerske keisaren Karl V (Karl I av Spania) ein viktig siger mot osmanane ved Tunis, men i 1536 allierte Frans I av Frankrike seg med Suleiman mot Karl. Flåten til Karl tapte i 1538 i slaget ved Preveza mot Khair ad Din som dimed sikra det austlege Middelhavet for tyrkarane dei neste 33 åra.

Frans vart overtald til å underskrive ei fredsavtale med Karl V same året, men han allierte seg igjen med Suleiman i 1542. Året etter allierte Karl seg med Henrik VIII og tvinga Frans til å signere våpenkvila i Crepy-en-Laonnois. Karl inngjekk ei avtale med Suleiman for å skaffe seg noko kompensasjon for den kostbare krigen.

Spania erklærte krig mot Frankrike i 1544, bad Frans om hjelp frå Suleiman. Han sende så ein flåte leia av Khair ad Din som sigra over spanjolane og klarte å ta tilbake Napoli frå dei. Suleiman gav han tittelen baylar bey (generalkommandant). Eit resultat av alliansen var den harde sjøduellen mellom Dragut og Andrea Doria som enda med at det nordlege Middelhavet vart verande under europeisk herredøme, medan det sørlege Middelhavet var i muslimske hender.[9]

Malta, eit vendepunkt endre

 
Omleiringa av Szigetvár i ein miniatyr.

Da Johannittarordenen vart reetablert som Maltesarordenen i 1530 førte åtaka deira mot muslimske sjøstyrkar snøgt til at dei kom i konflikt med marinen til osmanarane, som samla ein veldig styrke for å fjerne riddarane frå Malta. I 1565 invaderte dei og starta på den store omleiringa av Malta som byrja den 18. mai og varte til den 8. september (og som er gjeve att i Matteo Perez d'Aleccio sine freskar i St. Michael- og St. George-hallen). I byrjinga såg slaget ut til å verte ein repetisjon av slaget ved Rhodos der nesten alle byene vart øydelagde og rundt halvparten av riddarane miste livet i kamp, men ein forsterkingsstyrke frå Spania gjekk inn i slaget, noko som førte til tapet av 30 000 osmanske soldatar .

Død endre

 
Osmanarane vender tilbake frå Szigetvár etter at Suleiman har døydd.

Etter dette vende han augo mot Ungarn igjen. Han fall før osmanarane sigra i slaget ved Szigetvár i Ungarn.[10]:545 Storvesiren Sokollu Mehmed Pasha heldt dødsfallet hemmeleg til etterfølgjaren Selim II kunne kronast. Kroppen til sultanen blei frakta tilbake til Istanbul og gravlagd der, i eit mausoleum i Süleymaniyemoskeen. Hjartet, levra og andre organ blei gravlagde i Turbék utanfor Szigetvár. Her blei det også bygt eit mausoleum som kom til å bli rekna som ein heilag pilegrimsstad. I løpet av det neste tiåret var det blitt bygd ein moské og eit sufiherberge på staden, og han blei verna av ein betalt garnison på fleire dusin menn.[11]

Lovgjevar endre

 
Suleimaniyemoskéen ruvar over Istanbul.
 
Portrett av Sultan Suleiman den Store frå 1559 av Melchior Lorck. Koparstikk 406 x 287 mm tilhøyrer Statens Museum for Kunst i København

Osmanarane kalla Suleiman Kanuni eller «lovgjevaren». Inskripsjonen på Suleymanie-moskéen i Istanbul, som vart bygd for han, omtalar han som Nashiru kawanin al-Sultaniyye ('spreiaren av dei sultanske lovene'). Det vert sikta til Suleiman si revidering og innføring av sultaniske «kanun»-lover brukt i situasjonar som ikkje direkte var dekte under islamsk sharia: «I islamsk tradisjon, dersom ei sak gjekk utanfor retningslinjene som ligg i sharia, kunne domen i saka verte teken frå liknande saker som var dekte av sharia... ein metode i justistenking...akseptert av dei mest liberale sharia-retningane, hanifisme» som «dominerte osmansk lov.»[12] Etter Suleiman fekk kanun-lovene si endeleg form og lovene vart kjende som kanun-i osmani, dei «osmanske lovene».

Rettferd og likskap endre

Suleiman var kjend for å vere ein rettferd herskar som valde sine underorda etter meritter føre sosial status eller popularitet. Den austerrikske ambassadøren, Ghiselain de Busbecq, skreiv om han: «Når han gjer sine utnemningar, bryr sultanen seg ikkje om velstand eller grad, han dømer heller ikkje anbefalingar eller popularitet. Han vurderer kvar sak på sine eigne merittar og undersøker nøye karakteren, emna og meiningane til mannen som det er snakk om.»[13]

Kulturell tyding endre

Under Suleiman sitt styre vart hundrevis av sultanverna kunstnariske samfunn (kalla Ehl-i Hiref, «dei evnerike samfunna») administrert ved hovudsetet i riket i Topkapi-palasset i Istanbul.

Etter ei tid som lærlingar kunne kunstnarar og handverkarar rykke opp i gradene innan sitt felt og vart betalt løn kvar tredje månad. Lønningsregister som har overlevd viser breidda av Suleiman si omsut for kunsten: «Dei tidlegaste dokumenta, trekt opp i 1526, viser 40 samfunn med over 600 medlemmer. Innan 1600-talet hadde talet samfunn auka og medlemskapet deira hadde stige til rundt 2000. I tillegg til kunstnarane som var tilsett i de imperielle samfunna, hadde Istanbul, som alle viktige senter i riket, forskjellige laug av kunstnarar som tok seg av behov både i landet og i utlandet.»[14]

Diktaren endre

Den britiske historikaren E.J.W. Gibb skreiv at «aldri, sjølv ikkje i Tyrkia, vart det gjeve større oppmuntring til poesi enn under styret til denne sultanen.»[15]

Nokre av Suleiman sine vers, skrive under psevdonymet «Muhibbi», har vorte tyrkiske ordspråk, inkludert dei velkjende «alle siktar mot den same meininga, men mange er utgåvene av soga» og «i denne verda er ei tilstand av god helse den beste tilstand».[16] Han skreiv på tyrkisk, persisk og arabisk.

Islamsk kalligrafi endre

Diwani er ein kalligrafi-variant av den arabiske skrifta, ein kursiv-stil utvikla av Housam Roumi som var mest populær under Suleiman sitt styre. Det vart brukt i den osmanske divan til å skrive alle kongelege resolusjonar, utskrivingar og overføringar og var ei av løyndomane i palasset til sultanen. Reglene for denne skriftforma var ikkje kjende for alle, men avgrensa seg til herrane som nytta ho og nokre få utvalde studentar.

Religiøs toleranse endre

Nokre kristne slavar i Det osmanske riket under Suleiman fekk viktige posisjonar. Ibrahim Pasha vart storvesir i tretten år.

Suleiman heldt fram politikken med religiøs toleranse ovanfor jødar som vart sett i gang av Bayezid II, som hadde teke imot jødar som vart utviste frå Spania i 1492.

I eit brev til pave Paul IV i 1556, bad Suleiman om umiddelbar lauslating av marranoar i Ancona, som stod ovanfor forfølgingar etter at dei kom under paveleg autoritet. Suleiman erklærte dei osmanske borgarar. Paven hadde ikkje noko anna val enn å frigjere dei.[17] Suleiman tilsette òg ein jødisk lege, rabbinaren Moshe Hamon.[18]

I byen Jerusalem førte styret til Suleiman og dei etterfølgjande osmanske sultanane til ein periode med religiøs fred. Jødar, kristne og muslimar nøyt den religiøse fridomen som osmanarane gav dei og det var mogeleg å finne ein synagoge, ei kyrkje og ein moské i same gate. Byen var open for alle religionar.

Merknadar endre

  1. Moderne tyrkisk Süleyman, arabisk سليمان Sulaymān
  2. tyrkisk kanuni, arabisk القانونى, al-Qānūnī

Kjelder endre

  1. «Suleyman the Magnificent». Oxford Dictionary of Islam. Oxford University Press. 2004. 
  2. Lowry, Heath (1993). «Süleymân's Formative Years in the City of Trabzon: Their Impact on the Future Sultan and the City». I İnalcık, Halil; Cemal Kafadar. Süleyman the Second [i.e. the First] and His Time. Istanbul: The Isis Press. s. 21. ISBN 975-428-052-5. 
  3. Fisher, Alan (1993). «The Life and Family of Süleymân I». I İnalcık, Halil; Kafadar, Cemal. Süleymân The Second [i.e. the First] and His Time. Istanbul: Isis Press. ISBN 9754280525. 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. april 2006, henta 2. juli 2008 
  5. Barber, Noel (1973). The Sultans. New York: Simon & Schuster. s. 36. ISBN 0-7861-0682-4. 
  6. http://www.ccds.charlotte.nc.us/History/MidEast/04/embree/embree.htm Arkivert 2006-09-30 ved Wayback Machine. Suleiman finn Ludvig II
  7. http://www.bartleby.com/67/794.html
  8. Avtale mellom osmanarane og safavidane
  9. Maktbalanse i Middelhavet
  10. Ágoston, Gábor (2009). «Süleyman I». I Ágoston, Gábor; Masters, Bruce. Encyclopedia of the Ottoman Empire. 
  11. Ágoston, Gábor (1991). «Muslim Cultural Enclaves in Hungary under Ottoman Rule». Acta Orientalia Scientiarum Hungaricae 45: 197–98. 
  12. Innføring av sultaniske lover, arkivert frå originalen 17. januar 1999, henta 2. juli 2008 
  13. Ghiselain de Busbecq om Suleiman
  14. Kunstnarar under Suleiman I
  15. E.J.W. Gibb om poesi i Det osmanske riket, arkivert frå originalen 9. mars 2006, henta 2. juli 2008 
  16. Tyrkiske ordspråk, arkivert frå originalen 9. mars 2006, henta 2. juli 2008 
  17. Marranoar i Ancona, arkivert frå originalen 12. september 2005, henta 2. juli 2008 
  18. Jødar i Det osmanske riket

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Suleiman I av Det osmanske riket