Jugoslavia i Eurovision Song Contest
Jugoslavia debuterte i Eurovision Song Contest i 1961. Landet deltok kvart år fram til det vart oppløyst i 1992, med unntak av 1977 til 1980 og 1985. Bidraga vart valt i den nasjonale finalen, Jugovizija. I 1989 vann Riva med songen «Rock Me».
| |||||
---|---|---|---|---|---|
(1961–1991) | |||||
(1992) | |||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 27 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 1961 | ||||
Deltakingar | 27 | ||||
Beste resultat | |||||
Finalen | 1 (1989) | ||||
Verste resultat | |||||
Finalen | Sist: 16 (1964) | ||||
Poeng | |||||
Finalane | 969 | ||||
Totalt | 969 |
Etter at Slovenia, Kroatia, Makedonia og Bosnia-Hercegovina lausreiv seg frå Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia i 1992, danna dei to attverende landa Serbia og Montenegro Den føderale republikken Jugoslavia. Difor deltok berre Serbia og Montenegro under namnet Jugoslavia i 1992. Dei to landa deltok ikkje att i tevlinga før i 2004 under namnet Serbia og Montenegro. Sidan 2007 har dei to landa delteke kvar for seg, som Serbia og Montenegro. Slovenia, Kroatia og Bosnia-Hercegovina debuterte i 1993, berre to år etter den siste deltakinga som Jugoslavia. Makedonia debuterte i 1998, men forsøkte å få delteke allereie i 1996.
Bidraga
endreRøystehistorikk
endre
|
|
Galleri
endre-
Lola Novaković i Luxembourg by i 1962
Vertskap
endreÅr | Stad | Arena | Programleiar |
---|---|---|---|
1990 | Zagreb | Koncertna dvorana Vatroslav Lisinski | Helga Vlahović og Oliver Mlakar |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Jugoslavia i ESC» frå Wikipedia på bokmål, den 14. februar 2011.
Føregangar Sveits |
Vinnar av Eurovision Song Contest 1990 |
Etterfylgjar Italia |