Seremonielle grevskap i England

(Omdirigert frå Seremonielt grevskap)

Dei seremonielle grevskapa i England (engelsk ceremonial counties) er område i England som får utnemnt ein statthaldar (Lord-Lieutenant), ein personleg representant for den britiske monarken. Grevskapa er definert av regjeringa, og følgjer i utgangspunktet grensene for administrative grevskap; i mange tilfelle er det seremonielle ofte større enn det administrative, for enkelte byer er sjølvstyrte einingar som ikkje er underlagt eit grevskap. Når ein omtalar eit grevskap som ein geografisk eining, er det oftast det seremonielle ein siktar til.

Kart endre

  1. Northumberland
  2. Tyne and Wear
  3. Durham
  4. Cumbria
  5. Lancashire
  6. North Yorkshire
  7. East Riding of Yorkshire
  8. South Yorkshire
  9. West Yorkshire
  10. Stor-Manchester
  11. Merseyside
  12. Cheshire
  13. Derbyshire
  14. Nottinghamshire
  15. Lincolnshire
  16. Rutland
  17. Leicestershire
  18. Staffordshire
  19. Shropshire
  20. Herefordshire
  21. Worcestershire
  22. West Midlands
  23. Warwickshire
  1. Northamptonshire
  2. Cambridgeshire
  3. Norfolk
  4. Suffolk
  5. Essex
  6. Hertfordshire
  7. Bedfordshire
  8. Buckinghamshire
  9. Oxfordshire
  10. Gloucestershire
  11. Bristol
  12. Somerset
  13. Wiltshire
  14. Berkshire
  15. Stor-London
  16. Kent
  17. East Sussex
  18. West Sussex
  19. Surrey
  20. Hampshire
  21. Isle of Wight
  22. Dorset
  23. Devon
  24. Cornwall
 
Ikkje vist: City of London, ligg innanfor Stor-London.

Historie endre

Etter at det i 1888 vart oppretta nye styringsorgan og einingar – grevskapsråd (county council) og grevskapsvalkrins (county borough) – vart løytnantskapet reformert. Nokre stader hadde lenge hatt ein kongeleg løytnant, som til dømes Bristol, men andre stader nytta ein dei tradisjonelle grevskapa som basis for å opprette seremonielle grevskap. Dei administrative grevskapa vart sett saman med sjølvstyrte valkrinsar; det seremonielle Leicestershire består av det administrative Leicestershire pluss grevskapsvalkrinsen Leicester. Område som vart delt, som Suffolk (delt i East Suffolk og West Suffolk, vart halde som eitt seremonielt grevskap.

Skilnaden mellom dei tradisjonelle og dei nye grevskapa er i dei fleste tilfelle ikkje så stor, men nokre byar vart flytt, anten i 1888 eller på seinare tidspunkt. Den einaste store skilnaden er at ein tidlegare hadde Grevskapet London; i 1965 vart Stor-London (Greater London) oppretta, og løytnantskapet Middlesex vart avskaffa som følgje av dette.

I 1974 vart grevskapsvalkrinsane avskaffa, og det vart gjort ei større reform av dei administrative grevskapa. Fleire grevskap vart oppløyst og fordelt på andre i 1990-åra: Avon, Cleveland, Hereford and Worcester, og Humberside.

Definisjonar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre