San Marino i Eurovision Song Contest

San Marino debuterte i Eurovision Song Contest i 2008 og har delteke tretten gongar. I debutåret kom San Marino på sisteplass i sin semifinale som, saman med sisteplassen i 2017 og 2023, er den dårlegaste plasseringa til landet i Eurovision Song Contest. På tretten forsøk har San Marino berre kvalifisert seg til finalen tre gongar: i 2014, 2019 og sist i 2021. Den beste plasseringa til San Marino er 19.-plassen frå 2019.

San Marino

(2012–i dag)
Offisielt San Marino

Radiotelevisione della Repubblica di San Marino
Uttakingar
Nasjonalt 3
Internt 10
Deltaking
Debutår 2008
Deltakingar 13
Beste resultat
Semifinalen 8 (2019)
Finalen 19 (2019)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2008, 2017 og 2023)
Finalen 24 (2014)
Poeng
Semifinalane 583
Finalane 141
Totalt 724

Historikk endre

I juni 2007 kunngjorde den sanmarinske kringkastaren SMRTV dei ønskte å deltake i Eurovision Song Contest i nær framtid. Fem månader seinare bekrefta kanalen at San Marino skulle delta i Eurovision Song Contest 2008. Deira fyrste bidrag, «Complice» av gruppa Miodio, havna på sisteplass i den fyrste semifinalen med berre fem poeng.

Etter mykje fram og tilbake valde SMRTV å trekkje seg frå tevlinga i 2009 og 2010. Årsaka var ifylgje kringkastaren ein vanskeleg økonomisk situasjon i selskapet.[1]

I 2011 var San Marino tilbake igjen og har delteke kvart år sidan. Den sanmarinske songaren Valentina Monetta deltok tre år på rad og lykkast å få San Marino til finalen på hennar tredje forsøk, 2014. Fram til 2019 var dette den einaste gongen San Marino har delteke i ein Eurovision Song Contest-finale. Monetta var også den fyrste sidan den austerrikske songaren Udo Jürgens i 1966 til å deltake i Eurovision Song Contest tre år i strekk.

Bidrag endre

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  2008 Miodio «Complice» Italiensk Ikkje kvalifisert 5 19
  2011 Senit «Stand By» Engelsk 34 16
  2012 Valentina Monetta «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» Engelsk 31 14
  2013 Valentina Monetta «Crisalide (Vola)» Italiensk 47 11
  2014 Valentina Monetta «Maybe» Engelsk 14 24 40 10
  2015 Michele Perniola og Anita Simoncini «Chain of Lights» Engelsk Ikkje kvalifisert 11 16
  2016 Serhat «I Didn't Know» Engelsk 68 12
  2017 Valentina Monetta og Jimmie Wilson «Spirit of the Night» Engelsk 1 18
  2018 Jessika med Jenifer Brening «Who We Are» Engelsk 28 17
  2019 Serhat «Say Na Na Na» Engelsk 77 19 150 8
  2020 Senhit «Freaky!» Engelsk Tevling avlyst
  2021 Senhit med Flo Rida «Adrenalina» Engelsk 50 22 118 9
  2022 Achille Lauro «Stripper» Italiensk og engelsk Ikkje kvalifisert 50 14
  2023 Piqued Jacks «Like an Animal» Engelsk 15 0

Galleri endre

Røystehistorikk endre

Finalane endre

San Marino har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Italia 118
02   Hellas 82
03   Russland 50
04   Aserbajdsjan 49
05   Sverige 48
  Ukraina

San Marino har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Albania 18
02   Georgia 17
03   Aserbajdsjan 16
04   Hellas 13
05   Polen 12

Semifinalane (2008-2021) endre

San Marino har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Hellas 76
02   Nederland 54
03   Moldova 46
04   Noreg 44
05   Malta 43

San Marino har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Albania 41
02   Malta 38
03   Hellas 33
04   Aserbajdsjan 31
  Montenegro

Kringkasting, kommentatorar og poengutdelarar endre

År Kommentator(ar) Poengutdelar(ar)
SMtv San Marino Radio San Marino SMtv Web TV SMtv San Marino
  2008 Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa) Ingen kommentator Roberto Moretti
Inga kringkasting frå 2009 til 2010
  2011 Lia Fiorio (italiensk, alle showa) Ingen kommentator Ingen kommentator Nicola Della Valle
  2012 Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa) Monica Fabbri
  2013 Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa) John Kennedy O'Connor
  2014 John Kennedy O'Connor og Jamarie Milkovic (engelsk, alle showa) Michele Perniola
  2015 TBA TBA TBA Valentina Monetta

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Viniker, Barry (18. desember 2008). «San Marino leaves Eurovision Song Contest». ESCToday. Henta 20. desember 2016. 

Kjelder endre