Sola

stjerne i midten av solsystemet
(Omdirigert frå Solskiva)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sola (fleirtyding).
Sola
Sola
Observasjonelle data
Snittavstand frå jorda 149,6·106 km
Visuell lysstyrke (V) −26,8m
Absolutt magnitude 4,8m
Baneparametrar
Snittavstand frå
senteret til Mjølkevegen
2,5·1017 km
(26 000 lysår)
Galaktisk periode 2,26·108 år
Fart 217 km/s
Fysiske eigenskapar
Diameter 1,392·106 km
(109 · jordas)
Flattryktheit 9·10-6
Overflateareal 6,09·1012 km²
(11 900 · jordas)
Volum 1,41·1018 km³
(1 300 000 · jordas)
Masse 1,9891·1030 kg
(332 950 · jordas)
Tettleik 1,408 g/cm³
Overflatetyngdekraft 273,95 m/s2
(27,9 G)
Unnsleppingsfart
frå overflata
617,54 km/s
Overflatetemp. 5780 K
Temperaturen til koronaen 5 millionar K
Omtrentleg kjernetemperatur 13,6 millionar K
Luminositet (LS) 3,827·1026 W
Snitt intensitet (IS) 2,009·107 Ws/m2r
Rotasjonskarakteristikkar
Aksehelling 7,25°
(til ekliptikken)
67,23°
(til det galaktiske planet)
Rektasensjonen
til nordpolen [1]
286,13°
(19 t 4 min 31,2 s)
Deklinasjonen
til nordpolen
63,87°
Rotasjonsperiode
ved ekvator
25,3800 døgn
(25 d 9 t 7 min 12,8 s) [2]
Rotasjonsfart
ved ekvator
7174 km/t
Fotosfærisk samansetting
Hydrogen 73,46 %
Helium 24,85 %
Oksygen 0,77 %
Karbon 0,29 %
Jern 0,16 %
Neon 0,12 %
Nitrogen 0,09 %
Silisium 0,07 %
Magnesium 0,05 %
Svovel 0,04 %

Sola er stjerna som ligg i sentrum av solsystemet. Jorda og andre himmellekamar, som planetar, asteroidar, meteoroidar, kometar og støv, går i bane rundt sola. Sola står for meir enn 99 % av massen i solsystemet, og energien som ho ståler ut, støttar nesten alt liv på jorda gjennom fotosyntese. Varmen frå sola er den drivande krafta i klimaet og vêret på jorda, og ho står for 1/3 av tidvasseffektane – resten står månen for. Gjennom solstrålane er ho hovudkjelda for det meste av energien ein bruker på jorda, og mange kulturar har derfor vyrdt sola som ein guddom.

Sola er sett saman av 74 % hydrogen, 25 % helium, mens resten er spor av tyngre grunnstoff. Sola er ca. 4,6 milliardar (109) år gammal og omtrent midt i hovudserien.[1] Ved fusjon vert omtrent 700 millionar tonn hydrogen gjort om til 695 millionar tonn helium i sekundet, mens 5 millionar tonn vert gjort om til elektromagnetiske bølgjer, i hovudsak gammastråling. Sola vil fortsetje med dette i ca. 5 milliardar år til før ho vert ei raud kjempe, og deretter endar kjernen som ein kvit dverg som gradvis vert kjølt ned over milliardar av år. Samtidig kastast dei ytre laga av som ei planetarisk tåke som vert strødd ut og er synleg i nokre titusen år.

Sola brenn om lag 25 % meir lyssterkt no enn då solsystemet var ungt. (Dette kunne fått store konsekvensar for livet på planeten vår, men takk vere små, eincella skaldyr som foraminifar, som absorberer karbondioksid når regn fører det med seg ut i havet, påverkar ikkje den auka varmestrålinga klimaet på jorda.)

Symbolikk

endre

Det astronomiske symbolet for sola er ein sirkel med ein prikk inni  ).

 
Solnedgang over havet
Solsystemet
 SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Solen (DNP)». Institutt for teoretisk astrofysikk. Arkivert frå originalen 12. mars 2009. Henta 3. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sola
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.