Opna hovudmenyen

Vinnarar av Eurovision Song Contest

Wikimedia-listeartikkel

Vinnarar av Eurovision Song Contest gjev oversyn over vinnarane av Eurovision Song Contest. 67 songar har vunne tevlinga som vert arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Det har vorte nytta mange ulike røystesystem sidan starten i 1956. Felles for desse er at poenga har vorte tildelt av juryar eller fjernsynssjåarar. Vinnaren er den songen som får flest poeng. Under den fyrste tevlinga i 1956 vart det ikkje gjeve poeng, men røyster, og berre vinnaren vart offentleggjort.

Det har vore 63 tevlingar med éin vinnar, og éi tevling (1969) med fire vinnarar. 27 ulike land har vunne, med Sveits som det fyrste. Landet som har flest sigrar er Irland som har vunne sju gonger. Av dei landa som enno ventar på å vinne er Kypros det som har delteke flest gongar, og var med for 36. gong i 2017. Fram til då hadde Portugal denne rekorden, med 48 deltakingar utan siger.

Den einaste personen som har vunne meir enn éin gong som artist er Johnny Logan, som representerte Irland med «What's Another Year» i 1980 og «Hold Me Now» i 1987. Logan er også ein av berre fem låtskrivarar som har skrive meir enn eitt vinnarbidrag, «Hold Me Now» i 1987 og «Why Me?» i 1992, framført av Linda Martin. Dette gjer Logan til den einaste personen som har tre sigrar i tevlinga, anten som songar, låtskrivar eller begge delar. Dei fire andre låtskrivarane med meir enn eitt vinnarbidrag er Willy van Hemert (Nederland i 1957 og 1959), Yves Dessca (Monaco i 1971 og Luxembourg i 1972), Rolf Løvland (Noreg i 1985 og 1995) og Brendan Graham (Irland i 1994 og 1996).

Dei som vinn Eurovision Song Contest får ei unik moglegheit til å fremje ei internasjonal karriere. Det er likevel ikkje mange artistar som har vorte store internasjonale stjerner. Mellom dei som har fått mest suksess etter å ha vunne tevlinga finn ein ABBA som vann for Sverige i 1974 med «Waterloo» og Céline Dion som vann for Sveits i 1988 med «Ne partez pas sans moi».

VinnararEndra

År Vertsby Vinnarland Artist Vinnarsong Poeng Del av mog-
lege poeng
Margin4 Andreplass
1956   Lugano   Sveits Lys Assia «Refrain» 1 1 1 berre fyrsteplassen
vart kunngjort
1957   Frankfurt am Main   Nederland Corry Brokken «Net als toen» 31 34,4 % 15,56   Frankrike
1958   Hilversum   Frankrike André Claveau «Dors, mon amour» 27 30,0 % 3,33   Sveits
1959   Cannes   Nederland Teddy Scholten «Een beetje» 21 21,0 % 5,00   Storbritannia
1960   London   Frankrike Jacqueline Boyer «Tom Pilibi» 32 26,7 % 5,83   Storbritannia
1961   Cannes   Luxembourg Jean-Claude Pascal «Nous les amoureux» 31 20,7 % 4,67   Storbritannia
1962   Luxembourg   Frankrike Isabelle Aubret «Un premier amour» 26 57,8 % 28,89   Monaco
1963   London   Danmark Grethe Ingemann og
Jørgen Ingemann
«Dansevise» 42 56,0 % 2,67   Sveits
1964   København   Italia Gigliola Cinquetti «Non ho l'età» 49 36,3 % 23,70   Storbritannia
1965   Napoli   Luxembourg France Gall «Poupée de cire,
poupée de son
»
32 20,9 % 3,92   Storbritannia
1966   Luxembourg   Austerrike Udo Jurgens «Merci Chérie» 31 20,3 % 9,80   Sverige
1967   Wien   Storbritannia Sandy Shaw «Puppet On A String» 47 29,4 % 15,63   Irland
1968   London   Spania Massiel «La, la, la» 29 18,1 % 0,63   Storbritannia
19692   Madrid   Spania Salome «Vivo cantando» 18 12,0 % 0,00 ingen andreplass2
  Frankrike Frida Boccara «Un jour, un enfant»
  Nederland Lennie Kuhr «De troubador»
  Storbritannia Lulu «Boom Bang A Bang»
1970   Amsterdam   Irland Dana «All Kinds Of Everything» 32 29,1 % 5,45   Storbritannia
1971   Dublin   Monaco Séverine «Un banc, un arbre, une rue» 128 75,3 % 7,06   Spania
1972   Edinburgh   Luxembourg Vicky Leandros «Apres toi» 128 75,3 % 8,24   Storbritannia
1973   Luxembourg   Luxembourg Anne-Marie David «Tu te reconnaitras» 129 80,6 % 2,50   Spania
1974   Brighton   Sverige ABBA «Waterloo» 24 15,0 % 3,75   Italia
1975   Stockholm   Nederland Teach-In «Ding-A-Dong» 152 70,4 % 6,48   Storbritannia
1976   Haag   Storbritannia Brotherhood of Man «Save Your Kisses For Me» 164 80,4 % 8,33   Frankrike
1977   London   Frankrike Marie Myriam «L'oiseau et l'enfant» 136 66,7 % 7,35   Storbritannia
1978   Paris   Israel Izhar Cohen «A-ba-ni-bi» 157 68,9 % 14,04   Belgia
1979   Jerusalem   Israel Milk and Honey og Gali «Hallelujah» 125 57,9 % 4,17   Spania
1980   Haag   Irland Johnny Logan «What's Another Year» 143 66,2 % 6,94   Vest-Tyskland
1981   Dublin   Storbritannia Bucks Fizz «Making Your Mind Up» 136 59,6 % 1,75   Vest-Tyskland
1982   Horrogate   Vest-Tyskland Nicole «Ein bißchen Frieden» 161 78,9 % 29,90   Israel
1983   München   Luxembourg Corinne Hermes «Si la vie est cadeau» 142 62,3 % 2,63   Israel
1984   Luxembourg   Sverige Herreys «Diggi-Loo Diggi-Ley» 145 67,1 % 3,70   Irland
1985   Göteborg   Noreg Bobbysocks «La det swinge» 123 56,9 % 8,33   Vest-Tyskland
1986   Bergen   Belgia Sandra Kim «J'aime la vie» 176 77,2 % 15,79   Sveits
1987   Brussel   Irland Johnny Logan «Hold Me Now» 172 68,3 % 12,30   Vest-Tyskland
1988   Dublin   Sveits Céline Dion «Ne partez pas sans moi» 137 57,1 % 0,42   Storbritannia
1989   Lausanne   Jugoslavia Riva «Rock Me, Baby» 137 54,4 % 2,78   Storbritannia
1990   Zagreb   Italia Toto Cutugno «Insieme: 1992» 149 59,1 % 6,75   Irland
  Frankrike
1991   Roma   Sverige Carola «Fångad av en stormvind» 146 57,9 % 0,00   Frankrike
1992   Malmö   Irland Linda Martin «Why Me» 155 58,7 % 6,06   Storbritannia
1993   Millstreet   Irland Niamh Kavanagh «In Your Eyes» 187 64,9 % 7,99   Storbritannia
1994   Dublin   Irland Paul Harrington og
Charlie McGettigan
«Rock'n Roll Kids» 226 78,5 % 20,83   Polen
1995   Dublin   Noreg Secret Garden «Nocturne» 148 56,1 % 10,98   Spania
1996   Oslo   Irland Eimear Quinn «The Voice» 162 61,4 % 18,18   Noreg
1997   Dublin   Storbritannia Katrina and The Waves «Love Shine a Light» 227 78,8 % 24,31   Irland
1998   Birmingham   Israel Dana International «Diva» 172 59,7 % 2,08   Storbritannia
1999   Jerusalem   Sverige Charlotte Nilsson «Take Me to Your Heaven» 163 61,7 % 6,44   Island
2000   Stockholm   Danmark Olsen Brothers «Fly on the Wings of Love» 195 70,7 % 14,49   Russland
2001   København   Estland Tanel Padar,
Dave Benton og 2XL
«Everybody» 198 75,0 % 7,95   Danmark
2002   Tallinn   Latvia Marija Naumova «I Wanna» 176 63,8 % 4,35   Malta
2003   Riga   Tyrkia Sertab Erener «Everyway That I Can» 167 55,7 % 0,67   Belgia
2004   Istanbul   Ukraina Ruslana «Wild Dances» 280 66,7 % 4,05   Serbia og Montenegro
2005   Kiev   Hellas Élena Paparízou «My Number One» 230 50,4 % 8,33   Malta
2006   Aten   Finland Lordi «Hard Rock Hallelujah» 292 65,8 % 9,91   Russland
2007   Helsingfors   Serbia Marija Šerifović «Molitva» 268 54,5 % 6,71   Ukraina
2008   Beograd   Russland Dima Bilan «Believe» 272 54,0 % 8,33   Ukraina
2009   Moskva   Noreg Alexander Rybak «Fairytale» 387 78,7 % 34,35   Island
2010   Bærum   Tyskland Lena «Satellite» 246 53,9 % 16,67   Tyrkia
2011   Düsseldorf   Aserbajdsjan Ell & Nikki «Running Scared» 221 43,8 % 6,35   Italia
2012   Baku   Sverige Loreen «Euphoria» 372 75,6 % 22,97   Russland
2013   Malmö   Danmark Emmelie de Forest «Only Teardrops» 281 61,6 % 10,31   Aserbajdsjan
2014   København   Austerrike Conchita Wurst «Rise Like a Phoenix» 290 67,1 % 12,04   Nederland
2015   Wien   Sverige Måns Zelmerlöw «Heroes» 365 78,0 % 13,25   Russland
2016   Stockholm   Ukraina Jamala «1944» 534 54,3 % 2,34   Australia
2017   Kiev   Portugal Salvador Sobral «Amar pelos dois» 758 77,0 % 14,53   Bulgaria
2018   Lisboa   Israel Netta Barzilai «Toy» 529 52,5 % 9,23   Kypros
2019   Tel Aviv   Nederland Duncan Laurence «Arcade» 492 51,9 % 2,71   Italia

Etter landEndra

 
Dei innfelte delane til høgre syner Australia og Jugoslavia
Sigrar Land År
7   Irland 1970, 1980, 1987, 1992, 1993, 1994 og 1996
6   Sverige 1974, 1984, 1991, 1999, 2012 og 2015
5   Frankrike 1958, 1960, 1962, 1969 og 1977
  Luxembourg 1961, 1965, 1972, 1973 og 1983
  Nederland 1957, 1959, 1969, 1975 og 2019
  Storbritannia 1967, 1969, 1976, 1981 og 1997
4   Israel 1978, 1979, 1998 og 2018
3   Danmark 1963, 2000 og 2013
  Noreg 1985, 1995 og 2009
2   Spania 1968 og 1969
  Sveits 1956 og 1988
  Italia 1964 og 1990
  Tyskland 19823 og 2010
  Austerrike 1966 og 2014
  Ukraina 2004 og 2016
1   Monaco 1971
  Belgia 1986
  Jugoslavia 1989
  Estland 2001
  Latvia 2002
  Tyrkia 2003
  Hellas 2005
  Finland 2006
  Serbia 2007
  Russland 2008
  Aserbajdsjan 2011
  Portugal 2017

Etter språkEndra

Etter startnummerEndra

Start-
nr.
Tal på
bidrag
Sigrar Vinnarland
01 64 3 Nederland, Storbritannia og Sverige
02 64 0
03 64 4 Frankrike, Spania, Monaco og Irland
04 64 1 Tyrkia
05 64 2 Nederland og Noreg
06 64 1 Nederland
07 64 1 Storbritannia
08 64 5 Danmark, Nederland, Sverige, Sverige og Israel
09 64 4 Sveits, Frankrike, Austerrike og Sveits
10 64 3 Israel, Ukraina og Sverige
11 62 4 Storbritannia, Luxembourg, Austerrike og Portugal
12 61 3 Italia, Irland og Nederland
13 60 3 Frankrike, Noreg og Belgia
14 59 5 Luxembourg, Frankrike, Storbritannia, Irland og Danmark
15 58 3 Luxembourg, Spania og Sverige
16 58 0
17 51 7 Luxembourg, Irland, Irland, Irland, Finland, Serbia og Sverige
18 49 4 Frankrike, Israel, Vest-Tyskland og Danmark
19 42 3 Italia, Hellas og Aserbajdsjan
20 37 4 Luxembourg, Irland, Estland og Noreg
21 33 1 Ukraina
22 31 3 Jugoslavia, Tyskland og Israel
23 28 1 Latvia
24 23 2 Storbritannia og Russland
25 17 0
26 9 0
27 1 0
sist 64 6 Frankrike, Irland, Frankrike, Tyskland, Luxembourg og Jugoslavia

FotnotarEndra

1.^ Hemmeleg røysting der poenga ikkje vart kunngjort.
2.^ Spania, Frankrike, Nederland og Storbritannia vann tevlinga fordi det ikkje fanst reglar for kva som skjer om fleire land får like mange poeng. Med dei reglane ein nyttar i dag, hadde Frankrike vunne.
3.^ Vann under namnet Vest-Tyskland.
4.^ Prosentpoeng mellom første og andreplassen.
5.^ Bidraget vart framført på engelsk og ukrainsk.
6.^ Bidraget vart framført på engelsk og krimtatarisk.

KjelderEndra