Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1937

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1937 vart vunnen av Mjøndalen etter finalesiger 4-2 over Odd den 17. oktober. Målskårarar for Mjøndalen var Bjarne Pettersen som skåra i det 5. minutt, Harald Temte som skåra i det 55. minutt og Einar Andersen som skåra i det 67. og i det 86. minutt. Målskårarar for Odd var Karsten Forberg som skåra i det 64. minutt og Rolf Holmberg som skåra i det 65. minutt. 17 000 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Urædd stadion i Porsgrunn. Dommar var Alf Simensen frå Sarpsborg FK. Dette var tredje gong Mjøndalen vann ein noregsmeisterskap.

36. NM i fotball for menn
Sesong1937
TittelforsvararFredrikstad
Startdato6. juni
Finaledato17. oktober
VinnarMjøndalen (4. tittel)
FinalistOdd
FinaleresultatMjøndalen - Odd 4-2
ArenaUrædd stadion i Porsgrunn
FinaledommarAlf Simensen
Tilskodarar17 000
1936
1938

Mjøndalens vinnarlag : Sverre Nordby, Roald Amundsen, Hans Andersen, Arthur Simensen, Oddmund Andersen, Aage Nilsen, Bjarne Pettersen, Einar Andersen, Jørgen Hval, Trygve Halvorsen og Harald Temte.

Amundsen, Halvorsen, Nilsen, Pettersen og Hval var alle med på å vinne Noregsmeisterskapen i bandy for Mjøndalen same år.

Rundedatoar endre

  • 1. runde: 6. juni
  • 2. runde: 20. juni
  • 3. runde: 27. juni
  • 4. runde: 15. august
  • Kvartfinalar: 29. august
  • Semifinalar: 26. september
  • Finale: 17. oktober

1. runde endre

   

2. runde endre

   
  1. Drammens BK nedla protest fordi tverrleggarane var for høge. Protesten vart avvist av NFF. Aftenposten 24. juni 1937.
  2. Skeid nedla protest fordi KFK bytta ein spiller utan at denne var skadd. Protesten vart avvist av NFF då dei ikkje fann det bevist at spelaren var uskadd då han forlét banen. Aftenposten 24. juni 1937.
  3. Omkamp etter protest. Ranheim nytta ein ulovleg spelar i den første kampen, og protesten frå Sverre vart tatt til følgje. Aftenposten 30. juni 1937.

3. runde endre

   

4. runde endre

 

Kvartfinalar endre

Semifinalar endre

Finale endre

Kjelder endre

  • www.rsssf.no
  • Aftenposten
  • Asbjørn Halvorsen (red.) (1947). Norges Fotball-leksikon I. Oslo: Prent.