Barbara Dex Award

Barbara Dex Award, eller Barbara Dex-prisen, var ein årlig fanpris som vart tildelt den verst kledde artisten i Eurovision Song Contest. Prisen er kalla opp etter Barbara Dex, som representerte Belgia i Eurovision Song Contest i 1993 og kom på sisteplass i ein sjølvdesigna kjole.[1] Prisvinnarane vart røysta fram av fans og besøkjande på den belgiske nettsida songfestival.be. Prisen vart fyrste gong delt ut i 1997, og fram til 2016 var det fansida House of Eurovision som delte ut prisen.[2] I 2017 vart kriteria endra frå «verste kostyme» til «det mest slåande antrekket». I 2022 kunngjorde songfestival.be at dei la prisen på is på grunn av aukande kritikk og påstandar om at prisen kunne oppfattast som mobbing.[3] I staden skal prisen erstattast av ein ny pris som er under arbeid.[4]

Vinnarar

endre
År Land Artist Song Plassering Vertsby
1997   Malta Debbie Scerri «Let Me Fly» 9   Dublin
1998   Tyskland Guildo Horn «Guildo hat euch lieb!» 7   Birmingham
1999   Spania Lydia «No quiero escuchar» 23   Jerusalem
2000   Belgia Nathalie Sorce «Envie de vivre» 24   Stockholm
2001   Polen Piasek «2 Long» 20   København
2002   Hellas Michalis Rakintzis «S.A.G.A.P.O.» 17   Tallinn
2003   Russland t.A.T.u. «Ne ver, ne bojsia» 3   Riga
2004   Romania Sanda Ladoși «I Admit» 18   Istanbul
2005   Makedonia Martin Vučić «Make My Day» 17   Kyiv
2006   Portugal Nonstop «Coisas de nada» 19   Athen
2007   Ukraina Verka Serduchka «Dancing Lasha Tumbai» 2   Helsingfors
2008   Andorra Gisela «Casanova» 15 (Semifinale)   Beograd
2009   Ungarn Zoli Ádok «Dance with Me» 15 (Semifinale)   Moskva
2010   Serbia Milan Stanković «Ovo je Balkan» 13   Oslo
2011   Georgia Eldrine «One More Day» 9   Düsseldorf
2012   Albania Rona Nishliu «Suus» 5   Baku
2013   Serbia Moje 3 «Ljubav je svuda» 11 (Semifinale)   Malmö
2014   Litauen Vilija Matačiūnaitė «Attention» 11 (Semifinale)   København
2015   Nederland Trijntje Oosterhuis «Walk Along» 14 (Semifinale)   Wien
2016   Kroatia Nina Kraljić «Lighthouse» 23   Stockholm
2017   Montenegro Slavko Kalezić «Space» 16 (Semifinale)   Kyiv
2018   Makedonia Eye Cue «Lost and Found» 18 (Semifinale)   Lisboa
2019   Portugal Conan Osíris «Telemóveis» 15 (Semifinale)   Tel Aviv
2021   Noreg TIX «Fallen Angel» 18   Rotterdam

Galleri

endre

Referansar

endre
  1. «Moje 3 wins the Barbara Dex Award». eurovision.tv. EBU. 26. mai 2013. Henta 20. mai 2018. 
  2. «Eurovision's worst dressed: Who should win the Barbara Dex Award 2017? | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 15. mai 2017. Henta 20. mai 2018. 
  3. «Bye Bye Barbara Dex: Songfestival.be ends controversial "worst-dressed" award». wiwibloggs (på engelsk). 13. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  4. Granger, Anthony (13. mars 2022). «🇧🇪 Barbara Dex Award Has Been Canceled». Eurovoix (på engelsk). Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre