Troms fylke
Troms (nordsamisk Romsa,[1] kvensk Tromssa[2]) er eit fylke i Noreg. Det grensar til Finnmark fylke i nord, til Nordland fylke i sør og til Lapplands län i Finland og Norrbottens län i Sverige i aust. Frå 2020 til 2023 var Troms ein del av Troms og Finnmark fylke. Dette blei likevel reversert, slik at Troms blei eit eige fylke igjen den 1. januar 2024.
Troms fylke | |||
Romssa fylka | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Tromsø | ||
Areal | 26 189,43 km² | ||
• land | 25 167,83 km² | ||
• vatn | 1 021,6 km² | ||
Folketal | 169 610 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 7 / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Elisabeth Aspaker | ||
Fylkesordførar | Kristina Torbergsen (Ap) | ||
Fylkesnummer | 55 | ||
Troms fylke 69°09′23″N 19°24′07″E / 69.15645°N 19.401855555556°E | |||
Wikimedia Commons: Troms | |||
Nettstad: www.tromsfylke.no |
Fylket har kystline mot Norskehavet, og landskapet er prega av både hav og fjell. Det omfattar talrike øyar, som Senja, Kvaløya og Ringvassøy, og fjordar, med Lyngenfjorden som den lengst. I kystområdet har fiske alltid vore den viktigaste næringsvegen. I det fjellrike innlandet, derimot, har ein hovudsakleg livberga seg gjennom dyrehald.
Det norske forsvaret er ein viktig arbeidsgjevar i Troms. Den sjette divisjonen, fleire fly- og helikopterbasar og radarstasjonar ligg her.
Politisk styring
endreTroms fylkeskommune har sidan attopprettinga den 1. januar 2024 blitt styrt etter formannskapsmodellen.[3] I perioden frå 2003 til 2020 hadde Troms fylke ein parlamentarisk modell.[4][5]
Fylkesvåpen
endreFylkesvåpenet viser ein griff. Dette er eit fabeldyr som er halvt løve og halvt ørn. Som våpen symboliserer griffen motet til ørna og styrken til løva. Griffen var merket til Bjarkøyætta. Denne slekta var i seinmellomalderen ei av dei rikaste og mektigaste i Noreg. Baron Bjarne Erlingssøn som døydde i 1313 førte griffen som våpen. Godset hans omfatta sannsynlegvis store delar av det som i dag er Troms fylke.
Kommunar
endreFolketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2024.
Nr. | Kart | Namn | Adm. senter | Folkemengd | Flatevidd km² |
Målform | Distrikt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
5501 | Tromsø | Tromsø | 78 745 | 2 524 | nøytral | Nord-Troms | |
5503 | Harstad | Harstad | 25 056 | 446 | nøytral | Sør-Troms | |
5510 | Kvæfjord | Borkenes | 2 845 | 513 | nøytral | Sør-Troms | |
5512 | Tjeldsund | Evenskjer | 4 281 | 814 | bokmål | Sør-Troms | |
5514 | Ibestad | Hamnvik | 1 311 | 241 | bokmål | Sør-Troms | |
5516 | Gratangen | Årstein | 1 070 | 313 | nøytral | Sør-Troms | |
5518 | Lavangen | Tennevoll | 986 | 302 | nøytral | Sør-Troms | |
5520 | Bardu | Setermoen | 3 986 | 2 704 | nøytral | Midt-Troms | |
5522 | Salangen | Sjøvegan | 2 069 | 458 | nøytral | Sør-Troms | |
5524 | Målselv | Moen | 6 714 | 3 322 | nøytral | Midt-Troms | |
5526 | Sørreisa | Sørreisa | 3 485 | 363 | nøytral | Midt-Troms | |
5528 | Dyrøy | Brøstadbotn | 1 073 | 289 | bokmål | Midt-Troms | |
5530 | Senja | Finnsnes | 14 894 | 1 953 | nøytral | Midt-Troms | |
5532 | Balsfjord | Storsteinnes | 5 571 | 1 496 | bokmål | Nord-Troms | |
5534 | Karlsøy | Hansnes | 2 237 | 1 086 | nøytral | Nord-Troms | |
5536 | Lyngen | Lyngseidet | 2 743 | 813 | nøytral | Nord-Troms | |
5538 | Storfjord | Hatteng | 1 825 | 1 543 | nøytral | Nord-Troms | |
5540 | Kåfjord | Olderdalen | 1 974 | 991 | bokmål | Nord-Troms | |
5542 | Skjervøy | Skjervøy | 2 794 | 473 | bokmål | Nord-Troms | |
5544 | Nordreisa | Storslett | 4 794 | 3 437 | bokmål | Nord-Troms | |
5546 | Kvænangen | Burfjord | 1 157 | 2 108 | nøytral | Nord-Troms | |
Totalt | Troms | Tromsø | 169 610 | 26 189 | nøytral | Nord-Noreg |
Politikk
endreDet er 37 representantar i fylkestinget.[6]
Partifordeling etter valet i 2023:
Parti: | Representantar: |
---|---|
Arbeidarpartiet | 9 |
Høgre | 7 |
Framstegspartiet | 6 |
Sosialistisk Venstreparti | 4 |
Senterpartiet | 3 |
Industri- og Næringspartiet | 2 |
Raudt | 2 |
Kristeleg Folkeparti | 1 |
Miljøpartiet Dei Grøne | 1 |
Nordkalottfolket | 1 |
Venstre | 1 |
Klima
endreKlimaet i Troms er prega av den kompliserte topografien, som gjev stor skilnad mellom kyststrøk og indre strøk.
Om sommaren bles bakkevinden som regel frå nord-nordaust ved kysten, medan det i fjordar og dalføre bles inn mot dei varmare indre strøka. Om vinteren bles det ofte kald utfallsvind og ved kysten er retninga som regel frå søraust til sørvest. Kuling og storm er ikkje så hyppig som på utsette kyststrekningar i Nordland og Finnmark.
Februar er den kaldaste månaden av året med ein middeltemperatur på kring -2 °C, medan middeltemperaturen i indre dalstrøk varierer frå -6 til -9 °C. Dei lågaste minimumstemperaturane som er målt er frå -10 til -15 °C ved kysten og frå -30 til -40 °C i dalstrøka. Middeltemperaturen for juli er 11–12 °C ved kysten og kring 14 °C i indre dalstrøk. Når det i midnattssoltida strøymer varm luft frå søraust, kan det bli opp mot 30 grader ved kysten og over dette i indre strøk.
På grunn av topografien varierer nedbøren sterkt i fylket. Årsnedbøren er omkring 750 mm i ytre kyststrøk og 1000–1500 mm i ein maksimalsone langs kystfjella. Over dei skjerma dalstrøka fell det berre 300–600 mm. Nær kysten kan det somme år komme særs mykje snø i samband med ustabil havluft frå nordvest. Ytre strøk har ein del tåke på sommaren, men det er elles sjeldan tåke i lågareliggande strøk.
Kjelder
endre«Troms – klima» i Store norske leksikon, snl.no.
- Referansar
- ↑ Lov om endring i lov 14. august 1918 nr. 1 om forandring av rikets inddelingsnavn (innføring av tospråklig navn på Troms fylke, norsk og samisk). Vitja 8. september 2018.
- ↑ http://www.kvenskestedsnavn.no/stedsnavn/view/836
- ↑ «Fylkesordfører» (på norsk bokmål). Troms fylkeskommune. Henta 8. januar 2024.
- ↑ «Politisk organisering» (på norsk bokmål). Arkivplan.no – Troms fylkeskommune. Henta 8. januar 2024.
- ↑ Eskild Johansen & Pål Hansen. «Skrotet parlamentarismen i Troms – men glemte reserveplan» (på norsk bokmål). NRK. Henta 8. januar 2024.
- ↑ «Partifordeling og gruppeledelse». Troms fylkeskommune. Henta 8. januar 2024.