Norsk fotball 2005
Norsk fotball 2005 | ||
---|---|---|
Herrar | ||
Seriemeister | Vålerenga | |
Cupmeistrar | Lillestrøm | |
← 2004 | 2006 → |
2005-sesongen var den 58. sesongen med seriefotball i Noreg.
Oversikt
endreEitt lag i Tippeligaen opna nytt stadionanlegg i denne sesongen:
- Aalesund flytta til Color Line Stadion 16. april. Dei opna med 2-1-siger over Odd Grenland.
Hendingar
endreEliteserien
- 2. august – Otto Ulseth fekk sparken som trenar i Tromsø. Ulseths assistenttrenar Steinar Nilsen tok over.
- 4. september – John Obi Mikel kom attende til Noreg for å spele for Lyn igjen.
- 25. september – I «seriefinalen» mellom Start og Vålerenga vann Start 3-0 og tok over leiinga i Tippeligaen.
- 23. oktober – Arild Sundgot sette ny klubbrekord i talet på toppseriemål for Lillestrøm da han skåra i ein kamp mot Fredrikstad.
- 23. oktober – Bodø/Glimt vart klare for nedrykk til 1. divisjon etter å ha spelt 1-1 mot Start.
- 24. oktober – Tom Prahl tok over for Roy Hodgson som trenar i Viking etter sesongslutt.
- 29. oktober – Vålerenga sikra seriemeisterskapen etter å ha spelt 2-2 borte mot Odd. Dette var VIFs første seriegull sidan 1984. Start måtte nøye seg med sølv etter å ha tapt 3-1 mot Fredrikstad. Aalesund rykte ned, medan Molde måtte spele kvalifisering. Fredrikstad-spelar Dagfinn Enerly braut nakken i ein kollisjon med lagkamerat Øyvind Hoås.
- 31. oktober – Ståle Solbakken forlét Ham-Kam, og tok over som trenar i FC København frå 1. januar 2006. Frode Grodås overtok som trenar, medan Lars Tjernås vart ny sportssjef.
1. divisjon
- 16. oktober – Stabæk rykte opp til Tippeligaen etter å ha slått Sandefjord 3-1. Alta rykte ned.
- 23. oktober – FK Tønsberg rykte ned i 2. divisjon. Det var òg klart at kampen mellom Moss og Sandefjord i siste serierunde vart ein rein opprykksfinale.
- 30. oktober – Sandefjord rykte opp til Tippeligaen etter å ha slått Moss 4-3. Moss kom på kvalifiseringsplassen, og spelte om Tippeligaplass mot Molde. Mandalskameratene og Skeid rykte ned til 2. divisjon.
Lågare divisjonar
- 8. oktober – Korsvoll, Start 2, Steigen og Åmot rykte opp til 2. divisjon.
- 15. oktober – Askøy rykte opp til 2. divisjon.
- 16. oktober – Tromsdalen sikra opprykk til 1. divisjon. KIL/Hemne rykte opp til 2. divisjon for herrar.
- 22. oktober – FK Haugesund, Oslo Øst og Sparta Sarpsborg rykte opp til 1. divisjon. Sparta Sarpsborg vann 15-0 over Fram Larvik i siste runde.
- 5. november – Kopervik og Stabæk 2 rykte opp til 2. divisjon.
- 6. november – Hammerfest rykte opp til 2. divisjon.
- 13. november – Ham-Kam 2 og Kristiansund rykte opp til 2. divisjon.
NM i fotball (cupen)
- 30. juni – Hønefoss stod for den store bomba i 4. runde i fotball-NM då dei slo Rosenborg 2-1 på Lerkendal.
- 21. september – Lillestrøm vart klare for cupfinalen etter å ha slått Vålerenga 2-0 i semifinalen.
- 22. september – Molde slo overraskingslaget Hønefoss 1-0 i semifinalen, og vart klare for finalen.
- 6. november – Molde vart cupmeistrar etter å ha vunne 4-2 over Lillestrøm etter ekstraomgangar i finalen. Dette var den andre cuptriumfen til Molde nokon gong. Det første kom i 1994.
Europacup
- 13. september – Rosenborg vann sin første bortekamp i Meisterligaen på seks år, mot Olympiakos.
- 29. september – Tromsø og Viking gjekk vidare til gruppespelet i UEFA-cupen etter å ha slått høvesvis Galatasaray og Austria Wien.
Kvinner
- 19. juni – Det norske kvinnelandslaget tapte 3-1 for Tyskland i finalen i fotball-EM. EM vart arrangert i England, og finalen vart spelt på Ewood Park i Blackburn.
- 27. august – Det norske kvinnelandslaget vann 4-1 over Ukraina på Åråsen stadion i VM-kvalifiseringa.
- 24. september – Det norske kvinnelandslaget vann 4-0 over Serbia og Montenegro i VM-kvalifiseringa.
- 1. oktober – Siste serierunde i 1. divisjon for kvinner. Arna-Bjørnar og Amazon Grimstad rykte opp til Toppserien.
- 15. oktober – Kolbotn vann Toppserien med to serierundar igjen.
- 29. oktober – Det norske kvinnelandslaget vann 1-0 over Italia i VM-kvalifiseringa etter en scoring av Lise Klavenes.
Herrelandslaget
endreNoreg fortsette i kvalifiseringa til fotball-VM 2006, i gruppe 5, mot blant anna Italia og Skottland.
* Noregs mål først
** Jubileumslandskamp i høve unionsoppløsningen mellom Noreg og Sverige.
Forklaring:
- Kr. = Kamprapport
- sm = Sjølvmål
- P = Privatlandskamp
- VMK5 = Kvalifisering til fotball-VM 2006, europeisk sone, gruppe 5
- VMKP = Kvalifisering til fotball-VM 2006, europeisk sone, playoff
Individuelle milepålar
- 30. mars – Steffen Iversen spelte sin landskamp nummer 50.
- 7. september – John Carew spelte sin landskamp nummer 50.
- 12. oktober – Jan Gunnar Solli spelte sin landskamp nummer 25, og fekk gullklokka.
- 12. november – John Arne Riise spelte sin landskamp nummer 50.
Noregsmeisterskapen
endreHerrar
endre- Sjå Noregsmeisterskapen i fotball for menn 2005 for alle resultat.
- Semifinalar: Lillestrøm – Vålerenga 2-0, Molde – Hønefoss 1-0
- Finale: Lillestrøm – Molde 2-4 e.e.o.
Kvinner
endre- Semifinalar: Asker – Røa 4-0, Kolbotn – Team Strømmen 2-3 e.e.o.
- Finale: Asker – Team Strømmen 4-0 e.e.o.
Tabellane
endreMenn
endreTippeligaen
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Vålerenga | 26 | 13 | 7 | 6 | 40–27 | 13 | 46 |
2 | Start | 26 | 13 | 6 | 7 | 47–35 | 12 | 45 |
3 | Lyn | 26 | 12 | 8 | 6 | 37–21 | 16 | 44 |
4 | Lillestrøm | 26 | 12 | 6 | 8 | 37–31 | 6 | 42 |
5 | Viking | 26 | 12 | 5 | 9 | 37–32 | 5 | 41 |
6 | Brann | 26 | 10 | 7 | 9 | 43–32 | 11 | 37 |
7 | Rosenborg | 26 | 10 | 4 | 12 | 50–42 | 8 | 34 |
8 | Tromsø | 26 | 8 | 10 | 8 | 31–30 | 1 | 34 |
9 | Odd Grenland | 26 | 9 | 6 | 11 | 28–51 | −23 | 33 |
10 | HamKam | 26 | 8 | 7 | 11 | 31–37 | −6 | 31 |
11 | Fredrikstad | 26 | 8 | 7 | 11 | 35–44 | −9 | 31 |
12 | Molde | 26 | 8 | 6 | 12 | 40–46 | −6 | 30 |
13 | Aalesund | 26 | 6 | 9 | 11 | 30–42 | −12 | 27 |
14 | Bodø/Glimt | 26 | 6 | 6 | 14 | 29–45 | −16 | 24 |
1. divisjon
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Stabæk | 30 | 20 | 7 | 3 | 63–23 | 40 | 67 |
2 | Sandefjord | 30 | 19 | 5 | 6 | 58–37 | 21 | 62 |
3 | Moss | 30 | 17 | 7 | 6 | 54–30 | 24 | 58 |
4 | Hønefoss | 30 | 17 | 5 | 8 | 52–41 | 11 | 56 |
5 | Bryne | 30 | 14 | 8 | 8 | 55–33 | 22 | 50 |
6 | Pors Grenland | 30 | 13 | 11 | 6 | 47–45 | 2 | 50 |
7 | Sogndal | 30 | 11 | 8 | 11 | 47–51 | −4 | 41 |
8 | Strømsgodset | 30 | 11 | 7 | 12 | 46–45 | 1 | 40 |
9 | Hødd | 30 | 10 | 7 | 13 | 53–54 | −1 | 37 |
10 | Kongsvinger | 30 | 11 | 4 | 15 | 41–48 | −7 | 37 |
11 | Follo | 30 | 8 | 10 | 12 | 40–47 | −7 | 34 |
12 | Løv-Ham | 30 | 9 | 4 | 17 | 31–47 | −16 | 31 |
13 | Mandalskameratene | 30 | 7 | 8 | 15 | 41–51 | −10 | 29 |
14 | Skeid | 30 | 8 | 5 | 17 | 39–58 | −19 | 29 |
15 | FK Tønsberg | 30 | 6 | 7 | 17 | 36–56 | −20 | 25 |
16 | Alta | 30 | 5 | 5 | 20 | 28–62 | −34 | 20 |
Kvinner
endreToppserien
endre1. divisjon
endreS | V | U | T | + | - | P | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Arna-Bjørnar | 18 | 17 | 1 | 0 | 89 | 10 | 52 | |
2 | Amazon Grimstad | 18 | 14 | 1 | 3 | 68 | 21 | 43 | |
3 | Grand Bodø | 18 | 9 | 5 | 4 | 45 | 28 | 32 | |
4 | FK Larvik | 18 | 10 | 2 | 6 | 47 | 44 | 32 | |
5 | Fortuna Ålesund | 18 | 7 | 4 | 7 | 29 | 29 | 25 | |
6 | Medkila | 18 | 6 | 2 | 10 | 24 | 42 | 20 | |
7 | Fart | 18 | 4 | 7 | 7 | 26 | 39 | 19 | |
8 | Bamble | 18 | 7 | 7 | 10 | 25 | 48 | 16 | |
9 | Byåsen | 18 | 2 | 3 | 13 | 32 | 71 | 9 | |
10 | Kaupanger | 18 | 1 | 3 | 14 | 20 | 73 | 6 |
Overgangar
endre- 12. januar – Lars Blixt frå Rosenborg til Fredrikstad.
- januar – Petter Werni frå Lillestrøm til Aalesund.
- januar – Karl Oskar Fjørtoft frå Hammarby til Aalesund.
- januar – Thomas Pedersen til Aalesund.
- januar – Håvard Sakariassen frå Moss til Bodø/Glimt.
- januar – Ruben Imingen frå Fauske/Sprint til Bodø/Glimt.
- januar – Ronny Deila frå Odd Grenland til Viking.
- 22. mars – Øyvind Hoås frå Molde til Fredrikstad.
- 1. juli – Bjørn Helge Riise frå Standard Liège til Lillestrøm.
- 1. juli – Magne Hoseth frå FC København til Vålerenga.
- 1. juli – Tommy Svindal Larsen frå 1. FC Nürnberg til Odd Grenland.
- 1. juli – Knut Henry Haraldsen frå Westerlo til Ham-Kam.
- 1. juli – Øyvind Svenning frå GIF Sundsvall til Viking.
- 4. juli – Tore André Flo frå Siena til Vålerenga.
- 4. juli – Raymond Kvisvik frå Brann til Fredrikstad.
- 7. juli – Alejandro Lago frå Fènix til Rosenborg.
- 7. juli – Sebastián Eguren frå Montevideo Wanderers til Rosenborg.
- 12. juli – Bjarte Lunde Aarsheim frå Viking til Start.
- 12. juli – John Anders Bjørkøy frå Hønefoss til Fredrikstad.
- 15. juli – Markus Ringberg frå Fredrikstad til Ham-Kam.
- 20. juli – Erik Hoftun frå Rosenborg til Bodø/Glimt.
- 24. juli – Thomas Myhre frå Sunderland til Fredrikstad.
- 31. juli – Roy Miller frå Club Sport Cartagines til Bodø/Glimt.
- 31. juli – Randall Brenes frå Club Sport Cartagines til Bodø/Glimt.
- juli – Roger Risholt frå Fredrikstad til Aarhus.
- juli – Toni Nhleko frå Jomo Cosmos til Viking.
- 8. august – Thomas Myhre frå Fredrikstad til Charlton, gratis.
- 30. august – Allan Borgvardt frå Fimleikafélag Hafnarfjarðar til Viking.
- 1. september – Hannes Sigurdsson frå Viking til Stoke.
- – Kristoffer Paulsen Vatshaug frå Bodø/Glimt til Start.
- 1. november – Petter Vaagan Moen frå Ham-Kam til Brann, 10 mill. kr..
- 1. november – Erik Holtan frå Odd Grenland til Moss.
- 14. november – Jarl André Storbæk frå Hamarkameratene til Vålerenga, ca. 5 mill. kr.
- 9. desember – Olivier Occean frå Odd Grenland til Lillestrøm, ca. 8 mill. kr.
- 9. desember Espen Isaksen frå Stabæk til Odd Grenland.
- 9. desember Erik Mjelde frå Løv-Ham til Sandefjord.
- 10. desember – Fredrik Winsnes frå Rosenborg til Aalborg.
NISO-kåring
endre- Det er spelarar, trenare og NISO-medlemmer som stemmer i Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjons kåring av årets lag og årets spelarar.
- Årets spelar, menn: John Carew.
- Årets spelar, eliteserien menn: Christian Grindheim.
- Årets profil, eliteserien menn: Kristofer Hæstad.
- Årets lag, menn: Arni Gautur Arason – Christoffer Andersson, Kjetil Wæhler, Bård Borgersen, Marius Johnsen – Alex Valencia, Christian Grindheim, Kristofer Hæstad – Morten Gamst Pedersen – Ole Martin Årst, John Carew.
- Årets spelar i 1. divisjon: Daniel Nannskog.
- Årets unge spelar, menn: Per Ciljan Skjelbred.
- Årets spelar, kvinner: Ingvild Stensland.
- Årets lag, kvinner: Christine Columbo Nilsen – Lena Ingelsrudøya, Marita Kaufmann, Ingvild Stensland, Ann Iren Mørkved – Solveig Gulbrandsen, Marie Knutsen, Hege Riise, Lene Storløkken – Tone Heimlund, Lene Espedal.
- Årets unge spelar, kvinner: Guro Knutsen.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |