Stormfuglar
Stormfuglar, Procellariiformes, er ein biologisk orden av sjøfugl. Dei fire familiane som utgjer denne ordenen er albatrossar, eigentlege stormfuglar, oseansvaler og stormsvaler.
Stormfuglar | |
Sølvhovudalbatross Foto: Mark Jobling
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Infraorden: | Stormfuglar Tetanurae Fürbringer, 1888 |
Det karakteristiske for alle stormfuglar er at dei lever det meste av livet på opent hav, pelagiske. Dei har ein kosmopolitisk distribusjon over alle verdshava, med det høgaste mangfaldet rundt New Zealand.
Stormfuglane er kolonirugarar, mange hekkar på øyar. Dei største artane byggjer reir på bakken, medan dei fleste mindre artar hekkar i naturlege hòler og sprekkar. Dei viser sterk revirtruskap, vil attende til kolonien dei vart fødd for å hekke sjølve over mange år. Stormfuglar er monogame og har langvarige parband som kan bli livslange.
Artane legg berre eitt egg for kvar freistnad på hekking, vanlegvis er det ei hekking pr. år jamvel om dei større albatrossane har hekking berre ein gong kvart anna år. Begge foreldra tar del i ruging og skaffar mat til ungane. Rugeperioden og tida fram til ungane er flygeføre er lang samanlikna med andre fuglar, men når ein unge er ute av reiret er han ikkje lenger avhengig av stønad og omsut frå foreldra.
Dei store stormfuglane er særs gode seglarar, dei flyg over store avstandar med få vengeslag. Dei små artane derimot, flyg med raske vengeslag.
Stormfuglar har lenge vore ei vektig matkjelde for mange menneske, og framleis vert det jakta på somme artar i nokre delar av verda. Dei har også vore gjenstand for ei rekkje kulturelle skildringar, spesielt av albatrossane sine ritual. Blant stormfuglane finn ein somme av dei mest trua fugleartane i verda, somme er utryddingstrua på grunn av introduserte rovdyr i hekkekoloniane, andre av marin ureining og av fiskeflåten. Vitskapsfolk, naturvernarar, fiskarar og styresmakter i verda arbeider for å motverke truslane, og desse tiltaka har ført til underteikning av Avtala om vern av albatrossar og petrellar, ein juridisk bindande internasjonal traktat frå 2001.
Biologi
endreUtbreiing og rørsler
endreStormfuglar har ein kosmopolitisk distribusjon over alle verdshava, men på familienivå og slektnivå er det nokre klåre mønstre. Antarktispetrell, Thalassoica antarktis, flyg over 160 kilometer for å kome til havet frå sine mest fjerntliggande hekkekoloniar på Sørpolfastlandet, og arten havhest hekkar på nordaustspissen av Grønland, det mest nordlege landstykket på jorda.[1] Stormfuglfamilien, Procellariidae, har den mest kosmopolitiske utbreiinga, men sjølv innanfor denne familien det er nokre hol i distribusjonen. «Eigentlege petrellar» Pterodroma, har generelt tropisk og temperert distribusjon, medan havhestar er for det meste polare med nokre tempererte artar. Fleirtalet av havhestar, saman med kvalfuglar, er avgrensa til den sørlege halvkula. Lirer har mest omfattande distribusjon innanfor stormfuglfamilien, sjølv om dei er fråverande som hekkefuglar frå Stillehavet nord for Japan.
Stormsvaler er nesten like utbreidde som fuglane i stormfuglfamilien, og fell inn i to ulike familiar, oseansvalefamilien, hovudsakleg på den sørlege halvkula, medan stormsvalefamilien finst særleg på den nordlege halvkula. I albatrossfamilien er fleirtalet av medlemmene avgrensa til den sørlege halvkula, og både beitar og hekkar i kjølige, tempererte område, sjølv om ei slekt, Phoebastria, lever over det nordlege Stillehavet. Familien er fråverande frå Nord-Atlanteren, sjølv om fossile rapportar viser at dei hekka der ein gong.[2] Til slutt er dukkpetrellar avgrensa til den sørlege halvkula.
Dei ulike artane i denne ordenen har ei rekkje ulike migrasjonsstrategiar. Nokre artar gjer regelfaste transekvatoriale migrasjonar, som grålire som årleg trekkjer frå sine hekkeområder på New Zealand og i Chile til det nordlege Stillehavet utanfor Japan, Alaska og California, ein årleg rundtur på 64 000 kilometer, ein av dei lengste målte årlege migrasjonen av alle fuglar.[3] Ei rekkje andre petrell-artar gjere transekvatoriale vandringer, medrekna oseanstormsvale og lordhowepetrell, men ingen albatrossar har trekkruter som kryssar ekvatorialbeltet fordi dei er avhengige av vind under flyging. Andre langdistanseflyttfuglar i ordenen inkluderer japanstormsvale som hekkar i det vestlege Stillehavet, og trekkjer til vestlege Indiahavet,[4] og boninpetrellar som hekkar på Hawaii og migrerer til kysten av Japan utanom hekkesesongen.[5]
Morfologi
endreStormfuglar varierer i storleik frå dvergstormsvale på 20 gram og 32 centimeter i vengespenn, til vandrealbatross på opptil 11 kg og 3,6 meter i vengespenn.[1] Alle stormfuglar har nasebora lagt inn i eit eller to røyr på det rette, djupt rifla nebbet som òg har nedbøygd spiss. Nebba er bygd opp av fleire hornplater. Vengene er lange og smale, føter har symjehud, og baktåa er underutvikla eller er ikkje-eksisterande. Fjørdrakta er farga området svart, kvitt og grått.
Ordenen har nokre samlande eigenskapar, og startar med den tubulær nasalpassasjen som blir brukt for luktesans.[6] Denne evna til å lukte bidreg til å lokalisere ujamt distribuert byttedyr på havet og kan òg hjelpe til å lokalisere reiret innanfor hekkekolonien.[7] Nebbstrukturen, med sju til ni ulike hornplater, er ein annan samlande funksjon, sjølv om det òg er skilnader på oppbygginga av nebbet innanfor ordenen. Petrellar har ei plate kalla Maxillaris unguis som dannar ein krok på nebbspissen. Dei mindre medlemmene av ordenen har ein kamliknande kjevekant, tilpassa for å beite på planktonisk føde. Til slutt produserer stormfuglar ei mageolje som dei lagrar i proventriculus. Denne olja kan brukast som ei kjelde for lagra energirik mat under lange flygeturar og nokre kan nytte olja som ein forsvarsmekanisme.[1] Mageolja er produsert av er restar av fordøydd føde. Alle stormfuglar produserer olja, unntatt dukkpetrellar.
Stormfuglar har trong for å avsalte kroppen, salt som fuglane får i seg på grunn av den høge mengda havvatn dei absorberer i livet til havs. Alle fuglar har ein forstørra nasekjertel ved nebbrota, over auga. Denne kjertelen er inaktiv hos artar som ikkje krev avsalting, men alle stormfuglar gjer bruk av kjertelen. Forskarar er usikre på dei nøyaktige prosessane i kjertelen, men veit at i generelle termar så fjernar kjertelen salt og dannar ein 5 % saltoppløysing som dryp ut av nasen, eller som hos nokre artar, dei slyngjer ut væska.[8]
Dei fleste fuglane i albatrossfamilien og stormfuglfamilien brukar to teknikkar som minimerer energibruken under flyging, nemleg dynamisk glideflyging og utnytting av hang. Dynamisk glideflyging inneber gjentatte stigingar inn i vind og senking i vindretninga slik at dei vinn energi frå den vertikale vindgradienten. Hang er den stigande lufta på lesida av store bølgjer. I glideflukta får albatrossar og kjempepetrellar stønad frå skulderlåsen, eit senelag som låser vengen når han er fullt utstrekt, slik at vengen blir halden utstrekt utan bruk av muskelkraft.[9] Blant sørlege stormsvaler, Oceanitinae, er det to unike flygemønstre, den eine er overflatetripping. Her flyttar dei over havflata medan føtene har kontakt med vassoverflata, dei kan halde seg stasjonære med raske flagrande vengeslag eller ved å bruke vinden til å forankre seg på plass.[10] Fregattstormsvala gjer bruk av ein unik variant av rørsle på havoverflata, ho held vengene urørleg og i ein vinkel mot vinden og skyv seg framover i ei rekkje byksande hopp.[11]
Dei fleste stormfuglar er ute av stand til å gå godt på land, og mange artar flyg inn og ut frå hekkekolonien berre om natta. Unntaka er dei store albatrossane, fleire «eigentleg petrellar», lirer og havhestar. Sistnemnde kan ufarleggjere sjølv store rovfuglar med sin fråstøytande mageolje, som dei kan kaste fram eit stykke mot åtakarar.
Hekkeåtferd
endreHekkekoloniar
endreAlle stormfuglar er kolonihekkarar, hovudsakleg hekkar dei på øyar langt til havs. Dei få artane som hekkar på fastlandet gjer det i ugjestmilde miljø som i tørre ørkenar, på Sørpolfastlandet og i fjellsider på New Zealand. Storleiken av hekkekoloniane kan variere frå dei som krev store revir, som kjempepetrellar, til tette koloniar på opp til 3,36 millionar par (1995) av arten stormsvale.[12] For nesten alle artar er forplantingstrongen for å hekke einaste årsaka til at stormfuglen landar på fast grunn i det heile. Nokre av dei større petrellane må hekke på vindutsette stader fordi dei krev vind for å ta av for å flyge ut å hente mat.[1] Innanfor koloniane vil para vanlegvis forsvare private, små territorium, som anten er det vesle området rundt reiret eller ei reirhòle. Kjempepetrellane og nokre albatrossar kan ha svært store revir. Konkurransen mellom para kan vere intens, likeins konkurranse mellom artar, spesielt for hòler. Større artar petrellar kan drepe ungane til andre artar, og jamvel drepe dei vaksne av mindre artar i tvistar rugeplass i hòler.[13] Hòler og naturlege sprekkar er mest brukt av dei mindre artane. Alle stormsvaler og dukkpetrellar er holerugarar, likeins mange andre artar i stormfuglfamilien. Havhestar og nokre av dei tropiske «eigentleg petrellar» og lirer er overflaterugarar, nett som alle albatrossar. Koloniar er ofte sett saman av fleire ulike artar av både petrellar og andre sjøfuglar.
Stormfuglane er mykje stadbundne, filopatriske, og syner «natal filopatri» ved at kvart individ har ein tendens til å kome tilbake for å hekke i same kolonien som fuglen vart fødd, ofte mange år etter at han forlét kolonien som ein nyleg flygedyktig ungfugl. Denne tendensen har blitt demonstrert med hjelp av ringmerking og ved mitokondrielle DNA studiar. I ringmerkingsforsøk vart ringmerka fuglar fanga nær reira der dei vart fødde, ein tendens som kan vere ekstrem hos nokre artar, til dømes var den gjennomsnittlege avstanden mellom klekkestaden og området der ein fugl etablert sitt eiget territorium 22 meter for laysanalbatross,[14] og ein studie av poseidonlire (Calonectris diomedea) som hekka nær Korsika, fann at ni av 61 ungfuglar av hannkjønn som returnerte for å hekke i fødekolonien sin faktisk hekka i same hòla dei voks opp i.[15] Studiar av mitokondrie DNA gjev prov for avgrensa genflyt mellom ulike koloniar, noko som sterkt antyder filopatri.[16]
Den andre typen filopatri, tendensen til å vere stadbunden, eller revirbunden, inneber at eit etablert fuglepar vender tilbake til den same hekkeplassen i ei rekkje etterfølgjande år. Blant dei mest ekstreme døma på denne tendensen var ein ringmerkt havhest som vende tilbake til det same reirområdet i 25 år. Gjennomsnittleg mengd fuglar tilbake til same reirplassen er høg for alle artar som har blitt studerte, med tal på rundt 91 % for spisshalepetrell,[17] og 85 % av hannar og 76 % av hoer av poseidonlire, etter eit vellykka hekkeforsøk.[18]
Parbinding og livshistorie
endreStormfuglar er monogame og dannar langsiktige parband. Hos nokre artar, spesielt blant albatrossar, kan det ta fleire år å utvikle eit parforhold. Etter å ha danna paret, vil parbandet bli halde ved lag gjennom mange hekkesesongar, i nokre tilfelle til ein i paret døyr. Kurtiseringsritual blant petrellar kan vere ein forseggjord affære og når sitt ekstreme blant albatrossar, der para av albatrossar praktiserer i mange år å perfeksjonere og forseggjorte samanhøyrande dansar.[19] Desse dansane er sette saman av synkroniserte førestillingar av ulike handlingar som til dømes fjørstell, peiking og roping, klikking med nebba, å gjere stirrande blikk, og kombinasjonar av slike handlingar.[20] Kvart einskild par vil utvikle sin eigen heilt individuelle versjon av dansen. Rituala hos andre stormfuglar er mindre forseggjorte, men tilsvarande åtferd for å danne par er registrert spesielt blant medlemmer av stormfuglfamilien som hekkar på bakken. Desse kan innebere synkroniserte flygingar, gjensidige fjørpuss og rop. Læte er viktig for å hjelpe fuglane til å finne potensielle partnarar og skilje mellom artar, og kan òg tene ein funksjon i å hjelpe individa i å vurdere kvaliteten på potensielle partnarar.[21] Etter at pardanninga har skjedd vil lætet òg tene til å hjelpe til å sameine att, evna det einskilde individet har til å gjenkjenne sin eigen partnar er òg påvist hos fleire artar.
Stormfuglar gjer første freistnad på hekking fleire år etter at dei er flygedyktige, for dei største artane så lenge som ti år. Når dei byrjar med hekking, gjer dei berre ein hekkeforsøk per sesong. Jamvel om egget går tapt tidleg i sesongen, vil dei sjeldan legge nytt egg denne sesongen. Eit stormfuglpar legg ned store mengder innsats i å leggje eitt einskild og forholdsmessig stort egg og oppdra ein einskild unge. Stormfuglar er har lang levetid, albatrossar er dei lengstlevande og i eit døme veit ein at ein fugl levde i 51 år, men var truleg eldre,[22] sjølv dei minste stormsvalene er kjente for å ha levd i 30 år.[23]
Hekking og oppvekst
endreFleirtalet av stormfuglartane hekkar ein gong i året og gjer det sesongmessig.[24] Nokre tropiske lirer, som brunlire, Puffinus nativitatis, er i stand til å hekke på litt kortare syklusar enn eit år, og dei store albatrossane i slekta Diomedea hekkar anna kvart år ved hekkesukksess. Dei fleste tempererte og polare artar hekkar i løpet av våren og sommaren, sjølv om nokre albatrossar og petrellar som westlandpetrell hekkar om vinteren. I tropane kan einskilde artar fordele hekkesesongen over heile året, men mest vanleg i avgrensa periodar. Stormfuglar kjem tilbake til hekkekolonien så mykje som fleire månader før egglegging, og viser seg regelmessig fram på reirplassen før paringa. Innan egglegginga tar til, vil hoene flyge ut på ei vandring for å byggje opp naudsynte energireservar for å leggje det relativt store egget.
Ruging av egget blir delt i turnus mellom kjønna, og hannen tar den første rugeøkta medan hoa trekkjer ut på havet. Lengda på individuelle rugeøkter varierer frå nokre få dagar til så mykje som fleire veker, der fuglen på reiret kan miste ei monaleg kroppsvekt.[25] Den totale rugetida varierer frå art til art, rundt 40 dagar for dei minste stormsvalene, men lenger for dei største artane, og for albatrossar opp til 70 og 80 dagar, som òg er den lengste rugetida som nokon fugl har.[26]
Ved klekking har ungane har opne auge, er tett dekt av kvite eller grå dunfjører, og har evner til å flytte seg rundt på hekkeplassen. Men ein forelder vil vere nær ungen i ei rekkje dagar, i ein «vaktfase». For dei fleste holerugarar, er dette berre til ungen er i stand til termoregulere, vanlegvis etter to eller tre dagar. Ungar av dukkpetrellar treng lengre før dei er i stand til å termoregulere, har òg ein lengre vaktfase samanlikna med andre holerugarar. Men overflatehekkande artar som må forhalde seg til eit større spekter av vêrtilhøve og å stri med predatorar som joar og fregattfuglar har følgjeleg enda lengre vaktfase, opptil to veker blant medlemmer av stormfuglfamilien og opptil tre veker for albatrossar.[27]
Begge foreldra bidreg til å mate ungen. Ungen blir fôra på fisk, blekksprut, kril, og mageolje. Mageolja består av nøytralt lipid, som er restar skapt av fordøying av byttedyr. Olja har føremonar framføre enn ufordøydd byttedyr som energikjelde for ungar, brennverdien er rundt 9,6 kilokaloriar per gram, noko som er berre lity lågare enn verdet for dieselolja.[28] Dette kan vere ein reell fordel for artar som flyg over store avstandar for å gje mat til svoltne ungar.[29] Olja blir òg brukt i forsvar. Alle stormfuglar produserer mageolje unntatt dukkpetrellar.[28]
Jamført med ein måse med same kroppsvekt, treng stormfuglungar nær dobbelt så lang tid til dei blir flygedyktige, mellom to og ni månader etter klekking. Årsakene bak tida er mest forbunde med avstanden til føda. Først er det få naturlege predatorar i hekkekoloniane, difor er det ikkje press for å bli tidleg flygedyktig. For det andre går det lang tid mellom kvart måltid ungen får på grunn av avstanden frå reirplassen til matkjelda, og dermed ville stormfugleungar med høgare vekstrate hatt mindre overlevingsrate.[1] Perioden mellom kvar mating varierer mellom artar og i høve til utviklingsstadium. I den første fasen får ungen små hyppige måltid, men seinare kjem måltida med lågare frekvens.
Tilhøvet til menneske
endreUtnytting
endreAlbatrossar og petrellar har vore viktige matkjelder for menneske så lenge folk har nådd ut til hekkekoloniane. Blant dei tidlegaste kjende døma på dette er restar av lirer og albatrossar saman med andre sjøfuglar i 5000 år gamle avfallsdungar i Chile.[30] Etter det har mange andre marine kulturar utnytta stormfuglar, i nokre tilfelle nesten til utrydding, både til livsopphald og i industriell verksemd. Nokre kulturar held fram med å hauste på stormfuglar på New Zealand og i Australia for produksjon og sal av kjøt og olje, kalla fangst på 'mutton birds',[31] til dømes brukar maoriar ein berekraftig, tradisjonell metode på sin 'muttonbirding'. I Alaska har folk på øya Kodiak fangsta gulhovudalbatrossar med harpun, og før utgangen av 1980-talet innbyggjarar i Tristan Island i Indiahavet har vorte hauste egga til gulnasealbatrossar, Thalassarche chlororhynchos og sotalbatrossar, Phoebetria fusca.[1] Albatrossar og petrellar trekkjer no òg til seg turistar einskilde stader, til dømes på Taiaroa Head ytst på Otago-halvøya. Om slik utnytting ikkje konsumerer, kan ho like fullt ha skadelege effektar og må forvaltast med omhug for å verne fuglane.[32]
Trugsmål
endreSomme artar av albatrossar og petrellar er «blant dei mest alvorleg truga taksa verda».[13] Dei står ovanfor ei rekkje truslar, kor levedyktig dei er varierer mykje frå art til art. Fleire artar er blant dei vanlegaste av alle sjøfuglar, inkludert oseanstormsvale, med anslagsvis 20 millionar individ, og smalnebblire, med anslagsvis 23 millionar individ. På den andre sida er populasjonen av einskilde andre artar knapt to hundre einskilde individ. Det er mindre enn 200 magentapetrellar som hekkar på Chatham-øyane, berre 400 madeirapetrellar og berre 80 Diomedea exulans amsterdamensis (underart av vandrealbatross eller sjølvstendig art). Berre éin art er kjent som utrydda etter 1600, det er guadalupestormsvale som ein gong hekka utanfor Mexico, sjølv om ei rekkje artar hadde døydd ut før dette. Mange artar er veldig dårleg kjente, fijipetrell har berre vorte sett ein handfull gongar sidan han vart oppdaga, og hekkekoloniar av maoristormsvala, ringstormsvale og melanesialire aldri blitt lokaliserte. Maoristormsvala var så lite kjent at ho var trudd å vere utdøydd i 150 år, heilt til gjenoppdaginga i 2003, men rekorden har bermudapetrell som var rekna som utdøydd i 330 år til gjenoppdaginga i 1951.
Linefiske er hovudtrugsmålet mot dei største stormfuglane. Agn på lineonglar verkar attraktive for stormfuglar på beite, og mange går etter agna og blir hekta fast når fiskebåtar set ut linene. Så mange som 100 000 albatrossar blir kroka og druknar kvart år på tunfiskliner.[33][34] Om dette talet er alvorleg, var det verre før 1991 då drivgarnfisket blei forbode, det var rekna at dette fisket tok 500 000 sjøfugl i året.[1] Fisket har ført til iaugefallande fall i populasjonen for nokre artar, og ettersom stormfuglar har lang tid for reproduksjon, kan dei ikkje erstatte tap av bestandar fort nok.
Introduksjon av framande artar i miljøet ved hekkekoloniane er òg eit trugsmål mot alle typar stormfuglar. Dette gjelder i hovudsak predatorar, dei fleste artar av albatrossar og petrellar er klossete på land og er ute av stand til å forsvare seg mot pattedyr som rotter, villkattar og griser. Dette fenomenet, der artar som lever på isolerte øyar viser svak åtferdsmessig respons når dei blir konfronterte med ukjente predatorar, har resultert i ei rekkje reduksjonar blant mange artar, og har medverka til utrydding av guadalupestormsvale.[35] Introduserte planteetarar kan òg forårsake problem for fuglar viss dei fører med seg uorden i økologien av øya. Eit døme er at innførte kaninar øydela underskogen på Cabbage Tree Island utanfor New South Wales, Australia. Dette gjorde hekkinga blant sotkragepetrell meir sårbare for naturlege predatorar og for skadar frå ein innfødd plante.[36]
Andre truslar er inntak av avfall som flyt i havoverflata. Når sjøfuglar svelgjer gjenstandar av plast, kan det føre til ein generell reduksjon i tilstanden for fuglen, og i nokre tilfelle føre til blokkering i tarmen, som fører til døden.[37] Søppel blir òg plukka opp som fôr til ungar, det bremser utviklinga deira og reduserer sjansane for vellykka oppvekst.[38] Petrellar og lirer er òg utsette for generell marin forureining, og dessutan oljesøl. Nokre artar, til dømes rodriguespetrell og gulnebblire, hekkar høgt oppe på øyar med folkesetnad, og er offer for lysforureining. Ungar som flyg frå reirkolonien er tiltrekt av gatelys og klarar ikkje å nå havet. Anslagsvis 45-60 % av nyleg flygedyktige gulnebblirer blir trekt til gatelysa på Tenerife.[39]
Evolusjon
endreFunn av fossil syner at stormfuglar har eksistert i minst 60 millionar år, ein DNA-basert studie frå 1997 stadfestar at dei levde i krittida og overlevde krit-tertiær-utryddinga. Denne biologiske ordenen vart åtskilt frå pingvinar, Sphenisciformes, og frå dukkarar, Gaviiformes, før krit-tertiær-utryddinga. Fossile funn er sjeldne, men 16 millionar år gamle fossil viser at albatrossar og lirer ikkje har forandra seg mykje sidan den tid. Ein trur dei utvikla seg først på den sørlege halvkula, sjølv om fleirtalet av fossil har vorte funne på den nordlege halvkula. Dette kan sannsynlegvis setjast i samband med at det er meir land å finne fossil på i nord. DNA-prov har stadfesta felles opphav for alle stormfuglar, jamvel om taksonomi innan ordenen er kompleks og varierande.[1] Fossila av dukkpetrellar går tilbake til miocen, med ein art frå familien skildra i 2007.[40] Talrike fossil frå paleogen er frå den utdøydde familien Diomedeoididae, med fossil som er funne i Sentral-Europa og Iran.[41]
Familiar og slekter
endreSlekter av stormfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[42] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[43]
Diomedeidae - Albatrossar
- Phoebastria, galapagosalbatross og tre andre artar i det nordlege Stillehavet
- Diomedea, vandrealbatross og kongealbatross samt 4 tidlegare underartar / no artar, dette er dei største albatrossane, lever sirkumpolar i Sørishavet
- Phoebetria, sotalbatross og gråalbatross
- Thalassarche, 9 artar av dei mest vanlege albatrossane på den sørlege halvkula
Oceanitidae - Oseanstormsvaler
- Oceanites, oseanstormsvale, dansestormsvale og pincoyastormsvale
- Garrodia, gråryggstormsvale
- Pelagodroma, fregattstormsvale
- Fregetta, kvitbukstormsvale, svartbukstormsvale og maoristormsvale
- Nesofregetta, kvitstrupestormsvale
Hydrobatidae - Stormsvaler
- Hydrobates, 17 stormsvaler
Procellariidae - Stormfuglfamilien, 96 artar
- Macronectes, to artar kjempepetrellar
- Fulmarus, to artar av havhestar
- Thalassoica, antarktispetrell
- Daption, flekkpetrell
- Pagodroma, snøpetrell
- Halobaena, blåpetrell, ofte rekna som medlem av gruppa kvalfuglar
- Pachyptila, seks kvalfuglar
- Aphrodroma, sølvvengpetrell
- Pterodroma, 34 artar Pterodroma-petrellar
- Pseudobulweria, fire petrellar
- Procellaria, fem Procellaria-lirer
- Calonectris, fire lirer
- Ardenna, sju Ardenna-lirer
- Puffinus, 21 Puffinus-lirer
- Pelecanoides, fire dukkpetrellar
- Bulweria, to petrellar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Procellariiformes» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2012.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Double, D. C. (2003). «Procellariiformes». I Hutchins, Michael. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 107–110. ISBN 0-7876-5784-0.
- ↑ Olson, S.L.; Hearty, P.J. (2003). «Probable extirpation of a breeding colony of Short-tailed Albatross (Phoebastria albatrus) on Bermuda by Pleistocene sea-level rise». Proceedings of the National Academy of Sciences 100 (22): 12825–12829. doi:10.1073/pnas.1934576100.
- ↑ Shaffer, S.A.; Tremblay, Y.; Weimerskirch, H.; Scott, D.; Thompson, D.R.; Sagar, P.M.; Moller, H.; Taylor, G.A.; Foley, D.G.; et al. (2006). «Migratory shearwaters integrate oceanic resources across the Pacific Ocean in an endless summer». Proc Natl Acad Sci. 103 (34): 12799–12802. PMC 1568927. PMID 16908846. doi:10.1073/pnas.0603715103.
- ↑ Van Den, Berg AB; Smeenk, C; Bosman, CAW; Haase, BJM; Van Der, Niet AM; Cadée, GC (1990). «Barau's petrel Pterodroma baraui, Jouanin's petrel Bulweria fallax and other seabirds in the northern Indian Ocean in June–July 1984 and 1985». Ardea 79: 1–14.
- ↑ Seto, N. W. H., and D. O’Daniel. (1999). Bonin Petrel (Pterodroma hypoleuca). In The Birds of North America, No. 385 (A. Poole and F. Gill, eds.). The Birds of North America, Inc., Philadelphia, PA.
- ↑ Lequette, B., Verheyden, C., Jowentin, P. (1989) "Olfaction in Subantarctic seabirds: Its phylogenetic and ecological significance" The Condor 91: 732-135. [1] Arkivert 2012-02-05 ved Wayback Machine.
- ↑ Bonadonna, Francesco; Cunningham, Gregory B.; Jouventin, Pierre; Hesters, Florence; Nevitt, Gabrielle A. (2003). «Evidence for nest-odour recognition in two species of diving petrel». J. Exp. Biol 206: 3719–3722.
- ↑ Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David, S.; Wheye, Darryl (1988). The Birders Handbook (First utg.). New York, NY: Simon & Schuster. s. 29–31. ISBN 0-671-65989-8.
- ↑ Pennycuick, C. J. (1982). «The flight of petrels and albatrosses (Procellariiformes), observed in South Georgia and its vicinity». Philosophical Transactions of the Royal Society of London B 300 (1098): 75–106. doi:10.1098/rstb.1982.0158.
- ↑ Withers, P.C (1979) Aerodynamics and Hydrodynamics of the ‘Hovering’ Flight of Wilson's Storm Petrel Journal of Experimental Biology 80: 83-91 [2]
- ↑ Erickson, J. (1955) "Flight behavior of the Procellariiformes" The Auk 72: 415-420 [3] Arkivert 2011-11-29 ved Wayback Machine.
- ↑ Parks and Natural Areas Division, Department of Environment and Conservation, December, 1995 Baccalieu Island Ecological Reserve, Management plan and regulations
- ↑ 13,0 13,1 Medeiros R., Hothersall B. and Campos A. (2003) "The use of artificial breeding chambers as a conservation measure for cavity-nesting procellariiform seabirds: a case study of the Band-rumped Storm Petrel (Oceanodroma castro)" Biological Conservation 116(1): 73-80 http://dx.doi.org/10.1016/S0006-3207(03)00178-2
- ↑ Fisher, H.I. (1976). «Some dynamics of a breeding colony of Laysan Albatrosses». Wilson Bulletin 88: 121–142.
- ↑ Rabouam, C., Thibault, J.-C., Bretagnolle, V., (1998) "Natal Philopatry and Close Inbreeding in Cory's Shearwater (Calonectris diomedea)" Auk 115(2): 483–486 [4] Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine.
- ↑ Ovenden, J.R., Wust-Saucy, A., Bywater, R., Brothers, N., White, R.W.G. (1991) " Genetic evidence for philopatry in a colonially nesting seabird. The Fairy Prion (Pachyptila turtur)" Auk 108: 688–694. [5] Arkivert 2011-06-13 ved Wayback Machine.
- ↑ Mouguin, J-L., (1996) "Faithfulness to mate and nest site of Bulwer's Petrel, Bulweria bulweria at Selvagem Grande" Marine Ornithology 24: 15–18. [6]
- ↑ Thibault, J-C. (1994). «Nest-site tenacity and mate fidelity in relation to breeding success in Cory's Shearwater Calonectris diomedea». Bird Study 41 (1): 25–28. doi:10.1080/00063659409477193.
- ↑ Jouventin, P.; Monicault, G. de; Blosseville, J.M. (1981). «La danse de l'albatros, Phoebetria fusca». Behaviour 78: 43–80. doi:10.1163/156853981X00257.
- ↑ Pickering, S.P.C., & Berrow, S.D., (2001) "Courtship behaviour of the Wandering Albatross Diomedea exulans at Bird Island, South Georgia" Marine Ornithology 29: 29–37 [7]
- ↑ Genevois, F; Bretagnolle, V (1994). «Male Blue Petrels reveal their body mass when calling». Ethology Ecology & Evolution 6 (3): 377–383. doi:10.1080/08927014.1994.9522988.
- ↑ Robertson, C.J.R. (1993). «Survival and longevity of the Northern Royal Albatross Diomedea epomophora sanfordi at Taiaroa Head" 1937–93». Emu 93 (4): 269–276. doi:10.1071/MU9930269.
- ↑ Klimkiewicz, M. K. 2007. Longevity Records of North American Birds Arkivert 2011-05-19 ved Wayback Machine.. Version 2007.1. Patuxent Wildlife Research Center. Bird Banding Laboratory. Laurel MD.
- ↑ Brooke, M. (2004) s.46
- ↑ Warham, J. (1990) The Petrels - Their Ecology and Breeding Systems London: Academic Press. ISBN 978-0-12-735420-0
- ↑ Brooke, M. (2004) s.67
- ↑ Brooke, M. (2004) s.75
- ↑ 28,0 28,1 Warham, J. (1976) The Incidence, Function and ecological significance of petrel stomach oils. Proceedings of the New Zealand Ecological Society 24 84-93 [8] Arkivert 2006-07-24 ved Wayback Machine.
- ↑ Roby, Daniel D, Taylor, Jan R E, Place, Allen R (1997) Significance of stomach oil for reproduction in seabirds: An interspecies cross-fostering experiment. The Auk 114 (4) 725-736. [9] Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.
- ↑ Simeone, A. & Navarro, X. (2002) Human exploitation of seabirds in coastal southern Chile during the mid-Holocene Rev. chil. hist. nat 75(2): 423–431 [10]
- ↑ Yolla Products, marknadsføring av fuglekjøt og fugleolje, Mutton Birds for Sale, lest 2. juli 2012
- ↑ Higham, J (1998). «Tourists and albatrosses: the dynamics of tourism at the Northern Royal Albatross Colony, Taiaroa Head, New Zealand». Tourism Management 19 (6): 521–531. doi:10.1016/S0261-5177(98)00054-5.
- ↑ The Royal Society for the Protection of Birds (2012) Save the Albatross: The threats Lest 2. juli 2012
- ↑ Brothers, NP. (1991). «Albatross mortality and associated bait loss in the Japanese longline fishery in the southern ocean». Biological Conservation 55 (3): 255–268. doi:10.1016/0006-3207(91)90031-4.
- ↑ Thayer, J. & Bangs, O (1908) The Present State of the Ornis of Guadaloupe Island Condor 10(3): 101-106 [11] Arkivert 2012-02-05 ved Wayback Machine.
- ↑ Carlile, N.; Proiddel, D.; Zino, F.; Natividad, C.; Wingate, D.B. (2003). «A review of four successful recovery programmes for threatened sub-tropical petrels». Marine Ornithology 31: 185–192.
- ↑ Pierce, K., Harris, R., Larned, L., Pokras, M., (2004) "Obstruction and starvation associated with plastic ingestion in a Northern Gannet Morus bassanus and a Greater Shearwater Puffinus gravis" Marine Ornithology 32: 187–189 [12]
- ↑ Her dør albatrossene av søppelet vårt, artikkel med video i vg.no den 24. mai 2012, lest 2. juli 2012
- ↑ Rodriguez, A. & Rodriguez, B. 2009. Attraction of petrels to artificials lights in the Canary Islands: effects of the moon phase and age class. Ibis 151: 299-310 [13][daud lenkje]
- ↑ Worthy, Trevor; Tennyson, Alan J. D.; Jones, C.; McNamara, James A.; Douglas, Barry J. (2007). «Miocene waterfowl and other birds from central Otago, New Zealand». Journal of Systematic Palaeontology 5 (1): 1–39. ISSN 1477-2019. doi:10.1017/S1477201906001957.
- ↑ Mayr, Gerald (2009). «Notes on the osteology and phylogenetic affinities of the Oligocene Diomedeoididae (Aves, Procellariiformes)». Fossil Record 12 (2): 133–140. doi:10.1002/mmng.200900003.
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
endre- The Agreement for the Conservation of Albatrosses and Petrels (ACAP)
- (no) stormfuglar hos Artsdatabanken
- (en) stormfuglar – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) stormfuglar i Encyclopedia of Life
- (en) stormfuglar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) stormfuglar hos Dyntaxa
- (en) stormfuglar hos Fossilworks
- (en) stormfuglar hos ITIS
- (en) stormfuglar hos NCBI
- (en) Kategori:Procellariiformes – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Procellariiformes – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Procellariiformes – detaljert informasjon på Wikispecies