1. januar
dato
(Omdirigert frå 1. Januar)
1. januar er den første dagen i kalenderåret i både den gregorianske og den julianske kalenderen. Det er 364 dagar att av året — 365 under skotår.
Merkedag
endreNasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
endreSjølvstendedag og årsdag for revolusjonen på Cuba |
Sjølvstendedag i Haiti | ||
Sjølvstendedag i Sudan |
Religiøs helgedag
endreBevegelege heilagdagar som fell på 1. januar i 2024:
Primstaven
endre- Nyårsdag eller åttande dag jul. Markert med timeglas, hjul eller kyrkje. Klart vêr denne dagen ville gje eit godt år.
Namnedag
endreIngen namnedag på denne datoen.
Helgendag i den katolske kyrkja
endre- Fulgentius av Ruspe (Fabius Claudius Gordianus Fulgentius)
Hendingar
endreUtlandet
endre- 45 fvt.: Den julianske kalenderen vart teken i bruk
- 404: Den siste gladiator-kampen vart halden i Roma.
- 1438: Albert II av Habsburg vart konge av Ungarn.
- 1502: Rio de Janeiro vart oppdaga av portugisiske sjømenn. Namnet tyder «Januar-elva».
- 1515: Francis, hertug av Angouleme, tok over trona i Frankrike etter Louis XII og blir François I av Frankrike.
- 1622: Det vart bestemt at 1. januar skulle vera første dagen i året i Den gregorianske kalenderen.
- 1651: Charles II vart krona til konge av Skottland.
- 1660: Samuel Pepys starta arbeidet med si vidkjende dagbok.
- 1700: Russland tok i bruk den julianske kalenderen.
- 1707: João V vart konge av Portugal.
- 1776: George Washington presenterte det første nasjonalflagget for USA, «Grand Union Flag».
- 1788: Første utgåva av londonavisa The Times kom ut (tidlegare namn: The Daily Universal Register).
- 1801: Unionen Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland vart etablert ved The Act of Union; tidlegare Storbritannia og Irland
- 1801: Ceres blei oppdaga, og blei klassifisert som ein planet. Seinare blei han klassifisert som ein asteroide, men er no i klassen dvergplanetar.
- 1804: Haiti reiv seg laus frå Frankrike ved at Jean-Jacques Dessalines erklærte sjølvstende.
- 1807: Napoleon sette i verk Fastlandsblokaden mot England.
- 1808: Slaveri vart forbode i USA.
- 1808: Sierra Leone vart britisk kron-koloni.
- 1829: Sankt Frans Regis Clet vart dømd til døden for å bedraga det kinesiske folket ved å forkynne kristendommen
- 1833: Storbritannia kravde herredømme over Falklandsøyane.
- 1863: Abraham Lincoln erklærte at alle slavar skulle vera frie menneske gjennom iverksetjing av Emansiperingsakta (vedteken 22. september 1862).
- 1880: Bygginga av Panamakanalen byrja.
- 1883: Skipet USS Enterprise (bygd 1874) vart teke or bruk.
- 1885: Montgolfier-brørne kryssa den Engelske kanal med ballong.
- 1886: Storbritannia annekterte Øvre Burma.
- 1887: Dronning Victoria av Storbritannia vart utnemnd til keisarinne av India.
- 1892: Det amerikanske innvandringssenteret Ellis Island vart opna.
- 1893: Japan tok i bruk den gregorianske kalenderen.
- 1899: Cuba reiv seg laus frå Spania.
- 1901: Nigeria vart britisk protektorat.
- 1901: Det Australske Samveldet vart etablert med Edmund Barton som første statsminister.
- 1912: Republikken Kina vart etablert.
- 1914: Den britiske kolonien Nigeria vart etablert.
- 1915: Det britiske krigsskipet Formidable vart senka av ein torpedo i Den engelske kanalen. 547 døde.
- 1919: Edsel Ford tok over som sjef i The Ford Motor Company etter far sin, Henry Ford.
- 1919: Det tyske kommunistpartiet vart stifta.
- 1934: Alcatraz i USA vart føderalt fengsel.
- 1937: Anastasio Somoza vart president i Nicaragua.
- 1942: 26 land signererte i Washington Erklæringa om de sameinte statar, i opposisjon mot akse-maktene.
- 1956: Sudan vart uavhengig republikk.
- 1958: EEC, forløparen til EU, vart stifta.
- 1959: Fidel Castro fekk full kontroll over Cuba og proklamerte republikken Cuba, etter at diktatoren Fulgencio Batista flykta til Den dominikanske republikken.
- 1960: Kamerun vart uavhengig av (Frankrike)
- 1962: The Beatles var på audition for Decca Records, men fekk avslag fordi «ei gruppe med gitaristar er på veg ut».
- 1963: Danmarks Radio starta sendingane av Program 3.
- 1973: Danmark, Irland og Storbritannia vart medlemmar av EEC.
- 1975: I Watergate-saka blei John Ehrlichman, H.R. Haldeman og John Mitchell funne skuldige.
- 1978: Ein jumbojet frå Air India eksploderte i lufta, 213 døde.
- 1979: USA og Kina oppretta diplomatiske samband, 30 år etter at Folkerepublikken Kina vart oppretta.
- 1981: Hellas vart det 10. medlemslandet i EU.
- 1984: Brunei vart eit sjølvstendig land.
- 1992: Tsjekkoslovakia vart delt i to statar - Tsjekkia og Slovakia.
- 1992: Boutros Boutros Ghali (Egypt) tek over posten som FNs generalsekretær etter Javier Pérez de Cuéllar frå Peru.
- 1993: Tsjekkoslovakia vart delt ved at Tsjekkia og Slovakia fekk status som sjølvstendige land.
- 1994: EØS-avtalen tredde i kraft.
- 2002: Euroen vart innført i EU.
- 2007: Romania og Bulgaria blir medlem av EU som land nummer 26 og 27. Samstundes blei euroen mynteining i Slovenia.
- 2007: Irsk blei offisielt språk i EU.
Noreg
endre- 1738: Bouvetøya vart oppdaga.
- 1830: Ugebladet for Skien, Skiensfjorden med Omegn kom ut.
- 1900: Porsgrunds Tidende starta med regelmessige utgåver, med Hans Reynolds som redaktør.
- 1900: Porsgrunn rettskrets vart avvikla og lagt under Gjerpen sorenskriveri.
- 1901: Noreg feira det nye hundretåret, medan Sverige og Tyskland valde (som einaste europeiske land) å feire det på 1. januar 1900 i staden.
- 1901: Aker kommunale pensjonsfond vart oppretta.
- 1901: Fattiglova av 1. januar 1900 tredde i kraft.
- 1902: Kristiania kommunale pensjonskasse vart oppretta.
- 1902: Narvik fekk bystatus.
- 1903: Departementet for det Indre endra namn til Departementet for udenrigske Sager, Handel, Søfart og Industri.
- 1904: Harstad fekk bystatus.
- 1905: Bergen kommunale pensjonskasse vart oppretta.
- 1905: Straffelovas §213 om strafferettsleg regulering av homofili blir teken i bruk. Lova vart oppheva 14. april 1972. Samtidig vart dødsstraff avskaffa for borgarlege brotsverk.
- 1911: Drammen kommunale pensjonskasse og Kongsberg kommunale pensjonskasse vart oppretta.
- 1911: Noreg hadde 2.390.402 innbyggjarar.
- 1913: Trondheim kommunale pensjonskasse vart oppretta.
- 1915: Fotballklubben Skeid vart stifta
- 1918: Noreg innfører rasjonering av varer på grunn av Englands blokade av Nordsjøen i 1. verdskrigen.
- 1919: Administarsjonstermen amt vart endra til fylke.
- 1919: Det noverande Finansdepartementet endra namn frå 5te Departement til Departementet for Finans-, Handels- og Toldvæsenet.
- 1925: Noregs hovudstad bytte namn frå Kristiania til Oslo. (Namnet Christiania vart gjeve byen i 1643 og endra til Kristiania i 1877.)
- 1989: Norsk Arbeidsgjevarforeining, Noregs Industriforbund og Norsk Handverkarforbund gjekk saman til NHO.
- 1994: EØS-avtala tredde i kraft.
- 1998: Noreg innførte den nye Røykelova.
- 2004: Noregs sjøterritorium vart utvida med 8 nautiske mil. Grensa går no ved 12 nautiske mil.
- 2004: Avinor innførte 100 % sikkerheitskontroll på norske flyplassar.
- 2004: Noreg hadde 4.577.457 innbyggjarar.
- 2004: Noreg innførte prikkbelasting på førarkort.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde den 1. januar.
- 1638: Niels Stensen, dansk teolog, anatom og geolog
- 1818: Jørgen Olafsen, norsk forfattar og politikar
- 1834: Lorentz Dietrichson, norsk kunsthistorikar
- 1881: Bertram Dybwad Brochmann, norsk forfattar og politikar
- 1895: John Edgar Hoover, amerikansk politisjef
- 1900: Hub van Doorne, nederlandsk industrileiar
- 1919: J.D. Salinger, USA-amerikansk forfattar
- 1948: Ellen DeGeneres, USA-amerikansk skodespelar
- 1961: Jeanne Boel, dansk songarinne og skodespelar
Døde
endre- Sjå òg Døde den 1. januar.
- 1204: Håkon III av Noreg
- 1515: Ludvig XII av Frankrike
- 1559: Kristian III av Danmark-Noreg
- 1766: James Francis Edward Stuart, britisk tronkrevjar
- 1782: Johann Christian Bach, tysk komponist
- 1793: Francesco Guardi, veneziansk målar
- 1853: Valentin Sibbern, norsk embetsmann
- 1858: Baltazar Mathias Keilhau, norsk geolog
- 1894: Heinrich Hertz, tysk fysikar
- 1953: Hank Williams, amerikansk countrymusikar
- 1972: Maurice Chevalier, fransk songar og skodespelar
- 1997: Townes Van Zandt, amerikansk musikar