Permtida

(Omdirigert frå Wuchiapingium)
Permtida
299–251 millionar år sidan
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 23 vol %[1]
(115 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 900 ppm[2]
(3 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 16 °C [3]
(2 °C over dagens nivå)
Viktige hendingar i perm
sjå • diskuter • endre
-300 —
-295 —
-290 —
-285 —
-280 —
-275 —
-270 —
-265 —
-260 —
-255 —
-250 —
Mesozoikum
Paleozoikum
Lopingium (Øvre perm)
Guadalupium (Mellomperm)
Cisuralium (Nedre perm)
Ei tilnærma tidsskala for hendingar i perm.
Skala: Millionar år sidan.

Perm er ein geologisk periode som strekkjer seg frå tida 299,9 ± 0,8 millionar år sidan til 251,0 ± 0,4 millionar år sidan.[4] Han er den siste perioden i paleozoikum. Perioden vart etterfølgd av trias, den første delen av mesozoikum.

Perm vart kalla opp etter kongedømet Permia i Russland av den skotske geologen Roderick Murchison i 1841, og ikkje den vesle byen Perm som mange ofte trur.[5]

Permsystemet er bergartar som er avsette i perm.

Oppdaging

endre

Uttrykket «perm» (eller permian) vart innført i geologien i 1841 av sir Sir R. I. Murchison, president i Geological Society of London, som identifiserte typiske stratum i ei omfattande russisk undersøking med Edouard de Verneuil. Murchison hevda i 1841 at han kalla «permtida» opp etter det gamle kongedømet Permia eller Store Perm.[6]

Inndeling

endre

Inndelinga av perm er ført opp i kronologisk rekkefølge, frå eldst til yngst, med aldra og viktigaste hendingar.

Cisuralium

endre

Epoken Cisuralium varte frå 299 ± 0,8 millionar år sidan til 270,6 ± 0,7.

Asselium

endre

Asselium (Krumaium/Uskalikium/Surenium/Wolfcamp), er den første alderen i perm, som varte frå 299 ± 0,8 millionar år sidan til 294,6 ± 0,8 millionar år sidan.

Sakmarium

endre

Sakmarium (Sterlitamakium/Tastubium/Leonard/Wolfcamp) er ein alder som varte frå 294,6 ± 0,8 millionar år sidan til 284,4 ± 0,7 millionar år sidan.

Artinskium

endre

Artinskium (Baigendzinium/Aktastinium) er ein alder som varte frå 284,4 ± 0,7 millionar år sidan til 275,6 ± 0,7 millionar år sidan.

Kungurium

endre
 
Dimetrodonar levde i kungurium i Nord-Amerika

Kungurium (Irenium/Filippovium/Leonard) var ein alder i som varte frå 275,6 ± 0,7 millionar år sidan til 270,6 ± 0,7 millionar år sidan.

Guadalupium

endre

Guadalupium, òg kalla zechstein eller mellomperm, er ein epoke der korallreva blømde i dei grunne hava og pattedyrliknande krypdyr på land vart erstatta av tidlege therapsidar. Han består av tre aldrar: Roadium, wordium og captianium. .

Under roadium var det låge mangfaldet caseidar i kungrium fortrengt og stort sett erstatta av eit rikt mangfald av tidlege therapsidar. Det er ikkje usannsynleg at desse tidlege therapsidane kan hatt ei stoffskifteutvikling i retning det pattedyr har. Uansett fylte desse dyra raskt ledige nisjar og vart særs varierte med både store og små plante- og kjøttetarar. Dei vekselvarme dyra frå tidleg perm døydde tidleg i denne alderen eller kanskje før.

Therapsidane høyrte til fleire særeigne (men som var i slekt) slektslinjer og ingen av dei hadde klåre forhistorier. Desse inkluderte dei moderat store Biarmosuchia, relativt lettbygde dyr med lange lemmer, den enorme kjøtetande Eotitanosuchium (i hovudsak storvokste biarmosuchidar), dei bisarre estemmenosuchidane som var planteetarar som ser ut til å ha halde til i myrområde og hadde rare gevirliknande beinutvekstar på hovudet, og dei store brithopodidae som høyrde til ei anna planteetande slekt og var meir kraftigare bygd enn biarmosuchidane. Merk at bortsett frå estemennosuchidan, som ersatta cotolyhunchinane som store planteetarar, var alle desse dyra kjøtetarar. Som den pelycosaur-dominerte faunaen i tidleg perm var dette eit primitivt økosystem med overvekt av kjøtetarar.

Sjølv om store og små primitive therapsidar herska i roadium, var det òg ein rik fauna av stamtetrapodar og uspesialiserte krypdyr.

Tetrapodane var hovudsakleg halvakvatiske fiskeetarar med ein krokodille-liknande utsjånad, men det var òg mindre akvatiske og heilt landlege artar. Bortsett frå den akvatiske Batrachosaurus høyrte alle til ordenen Temnospondyli.

Lopingium

endre

Klimaet i lopingium var varmt og tørt. Epoken, som strekte seg frå 260,4 ± 0,7 millionar år sidan til 251 ± 0,4 millionar år sidan, hadde ein av dei største ørkenane gjennom tidene, som dekte dei indre områda av superkontinentet Pangaea. Monsunar dominerte truleg klimaet på kysten og litt innover i landet. Det var truleg færre isbrear enn i tidlegare epokar. Epoken starta med ei utrydding av den dominerande therapsiden Dinocephalia og mange pattedyrliknande krypdyr som framleis eksisterte. Desse vart erstatta av mindre therapsidar, Gorgonopsia, Therocephalia og cynodontar. Andre dyr, som Pareiasaura erstatta dei planteetande Dinocephalia og mange dyr som tetrapodar, insekt og fleire var talrike på land. Dyrelivet i sjøen var òg rikt.

Dette tok slutt då ei masseutrydding enda lopingium og heile paleozoikum. Denne hendinga vert kalla perm-trias-utryddinga og var den største masseutryddinga som nokon gong har skjedd på jorda. Om lag 95 % av alle artar i havet døydde ut, og 75 % av alle artar på landjorda. Då utryddinga tok slutt var landet og havet i praksis tomt for liv, men enkelte dyr overlevde og kunne fylle tomrommet. Paleozoikum tok slutt og mesozoikum. Denne epoken er etterfølgd av tidleg trias.

Lopingium består av to aldrar, wuchiapingium (wujiapingium, djulfium, dzhulfium, longtanium, rustlerium, saladoan, kazanium eller castile), frå 260,4 ± 0,7 til 253,8 ± 0,7 millionar år sidan, og changhsingium (òg kalla changxingium, dorashamium, Dewey Lake eller tatarium) frå 253,8 ± 0,7 til 251 ± 0,4 millionar år sidan.

Havnivået i perm var generelt lågt og det var generelt få kystområde fordi nesten alle landmassane var samla i eitt enkelt kontinent, Pangaea. Sjølv om kontinentet var enormt hadde det kortare kystlinje enn seks til åtte mindre kontinent med same samla areal ville hatt. Dette kunne ha medverka til den omfattande utryddinga av sjødyr mot slutten av perioden, der særs mange sjødyr forsvann.

Paleogeografi

endre
 
Verda slik ein meiner ho såg i permtida

Under permtida var alle landmassane på jorda, bortsett frå delar av Aust-Asia, samla i eitt enkelt superkontinent kalla Pangaea. Pangaea låg på begge sider av ekvator og strekte seg mot polane. Dette hadde stor effekt på havstraumane i det enorme superhavet Panthalassa og Paleo-Tethys-havet, som låg mellom Asia og Gondwana. Kimmeria-kontinentet braut laus frå Gondwana og dreiv nordover til Laurasia, og førte til at Paleo-Tethys-havet krympa. Eit nytt hav voks fram i sør, Tethyshavet, eit hav som skulle dominere gjennom det meste av mesozoikum. Store kontinentale landmassar skapte klima med ekstreme variasjonar, mellom anna eit ekstremt kontinentalklima med store temperaturkontrastar og eit monsunklima med varierande regntider. Ørkenar ser ut til å ha dekt store område av Pangea. Slike tørre forhold var gode for nakenfrøa planter. Dei første moderne trea, (bartre, tempeltre og konglepalmar) dukka opp i perm.

Det er særleg tre område i verda som er kjende for store førekomstar frå perm, Uralfjella (der perm vart definert), Kina og sørvestlege område av Nord-Amerika, der Permbekkenet i Texas i USA har fått namn etter dei tjukkaste førekomstane av bergartar frå perm i verda.

Klima

endre

I starten av perm var jorda framleis inne i ei istid, så polområda var dekte av tjukke islag. Isbreane heldt fram med å dekke mykje av Gondwana, som dei hadde gjort gjennom siste del av karbontida.

Permtida, mot slutten av paleozoikum, markerte ei stor endring i klimaet på jorda. Mot midten av perioden hadde klimaet vorte mykje varmare og isbreane trekte seg tilbake, medan dei indre områda av kontinenta vart tørrare. Det meste av indre Pangea var truleg tørt med store nedbørsvingingar gjennom året. Denne uttørkinga held fram gjennom sein perm i lag med varierande varmare og kaldare periodar.

 
Dimetrodon og eryops- tidleg perm, Nord-Amerika
 
Edaphosaurus pogonias - tidleg perm
 
Ocher-fauna - tidleg mellomperm, Ural
 
Titanophoneus og ulemosaurus, Ural

Marint liv

endre

Marine førekomstar frå perm er rike på fossil av molluskar, pigghudingar og armføtingar. Fossilerte skjel av to artar virvelause dyr vert mykje nytta til å identifisere berglag frå perm og samsvare dei med funn frå andre stader. Desse var fusulinidar, ein slags amøbe-liknande protist med skjel som er ein Foraminifera og ammonitar, som er blekksprutar med skjel som ikkje er så ulike moderne nautilusar. Mot slutten av perm døydde trilobittar og mange andre sjødyr ut.

Landliv

endre

Livet på land i perm inkluderer mange typar planter, sopp, leddyr og forskjellige typar tetrapodar. I perm dekte ein massiv ørken dei indre områda av Pangea. Den varme sona spreidde seg på den nordlege halvkula og ein enorm ørken utvikla seg. Berglaga frå denne tida vart farga raude av jernoksid, som følgje av den intense oppvarminga sola hadde på den plantelause ørkenoverflata. Fleire eldre plante- og dyreartar døydde ut eller vart marginale.

I byrjinga av perm blømde framleis floraen frå karbontida. Om lag frå midten av perm skjedde dei ei stor endring i vegetasjonen. Sumptre som kråkefotplanter vart erstatta av meir avanserte bartre, som betre tilpassa seg endringane i dei klimatiske tilhøva. Mange viktige bartreartar spreidde seg i perm og fleire av desse utvikla seg til familiane ein har i dag. Kråkefotplanter og sumpskogane dominerte framleis kontinentet Sør-Kina sidan dette var eit isolert kontinent som låg nær ekvator. Her var òg truleg oksygennivået høgt. Tempeltre og konglepalmar dukka òg opp i perioden. Mange område hadde rike skogar med eit mangfaldig planteliv.

Insekt i perm

endre

Frå siste halvdel av karbontida og langt ut i perm var dei mest suksessfulle insektartane primitive kakkerlakkar. Seks faste føter, to velutvikla foldevinger og relativt gode auge, lange, velutvikla antenner, eit altetande meltingssystem, ein oppbevaringsstad for å lagre sperm, eit kitinskjelett som støtta og verna, i tillegg til ei form for mage og effektiv munn gav han store fordelar i forhold til andre planteetande dyr. Om lag 90 % av insekta var kakkerlakk-liknande[7]

Augestikkarar var det dominerande flygande rovinsektet og dominerte truleg alle rovinsekt.[8][9] Forgjengarane til desse er dei eldste dyra med venger ein har funne fossil av,[10] tilbake i devontida og er forskjellig frå andre venger på alle mogelege måtar.[11] Denne prototypen kan ha vore opphav til mange moderne eigenskapar hos dyr, sjølv seint i karbontida, og det er mogeleg at dei fanga sjølv små virveldyr fordi enkelte av artane hadde vengespenn på over 70 cm.[12] Fleire nye og viktige insektgrupper dukka opp på denne tida, som biller og tovenger.

Krypdyr og amfibiar

endre

Det landlege dyrelivet i tidleg perm var dominert av pattedyrliknande krypdyr og amfibiar, i mellomperm av primitive therapsidar, som Dinocephalia og i sein perm av meir avanserte therapsidar som Gorgonopsia og Dicynodont. Heilt mot slutten av perm dukka dei første archosaurusane opp, ei gruppe som var opphavet til dinosaurar i den påfølgjande perioden trias. Mot slutten av perm dukka òg dei første cynodontane opp, som skulle utvikle seg til pattedyr i trias. Ei anna gruppe therapsidar, Therocephalia (som trochosaurus), oppstod i mellomperm. Det var ingen flygande virveldyr.

I perm utvikla landlivet seg kraftig og dei første store planteetarar og kjøtetarar. Urreptilane i form av massive Pareiasaurar og mange mindre, generelt øgleliknade dyr, hadde sitt høgdepunkt i denne perioden. Ei gruppe mindre krypdyr, diapsidane starta å verte talrike. Desse var forgjengarane til dei fleste moderne krypdyr og dinosaurusar, flygeøgler og krokodillar.

Dei tidlege forgjengarane til pattedyra, synapsidar, med store krypdyr som Dimetrodon, treivst òg, fordi dei tilpassa seg det tørrare klimaet.

Amfibiar frå perm bestod mellom anna av Temnospondyli, Lepospondyli og Batrachosauria.

Perm-trias-utryddinga

endre
 
Perm-trias-utryddinga er merkt med «End P» her og er den viktigaste utryddinga gjennom historia.
For meir om dette emnet, sjå Perm-trias-utryddinga.

Permtida enda med den mest omfattande masseutryddinga som nokon gong er registrert, den såkalla Perm-trias-utryddinga. 90 % til 95 % av alle sjødyrartar døydde ut, og 70 % av alle organismar på land. På individuelt nivå kan kanskje så mange som 99,5 % av einskilde organismar ha døydd som følgje av hendinga.[13]

Det er funn mange spor etter massive flaumbasaltutbrot av magma som varte i tusenvis av år i Den sibirske drenpungen, som truleg må ha påverka miljøet og som klart kan ha medverka til masseutryddinga. At det var langt mindre kystlinje enn tidlegare, og dei stadig tørrare forholda i indre områda har truleg òg vore ei medverkande årsak. Basert på den estimerte lavamengda som vart produsert i denne perioden er det verste som kan skje at det vert kasta ut nok karbondioksid til å heve den globale temperaturen fem grader Celsius, nok til å ta livet av 95 % av livet.

Ein annan hypotese er at hydrogensulfidgass dampa ut frå havet. Delar av djuphavet vil i periodar miste all oppløyst oksygen slik at bakteriar som lever utan oksygen kan bløme og produsere hydrogensulfidgass. Om det samlar seg opp nok gass i ei oksygenfattig sone, kan gassen stige ut av havet og ut i atmosfæren.

Oksiderande gassar i atmosfæren ville ha øydelagt den giftige gassen, men etter kvart som det ikkje vart nok atmosfæriske gassar til å ta seg av den giftige gassen, ville hydrogensulfid-nivået auke dramatisk i løpet av få hundre år.

Modelleringar av slike hendingar indikerer at gassen ville ha øydelagt ozonlaget i den øvre atmosfæren slik at ultrafiolett stråling kunne ta livet av artane som hadde øydelagt den giftige gassen.[14] Det finst enkelte artar som derimot kan fordøye hydrogensulfid.

Ein annan hypotese byggjer på flaumbasalt-teorien. Ein auke i den globale temperaturen på 5 °C ville ikkje vere nok til å forklare at 95 % av livet på jorda døydde ut. Men ei slik oppvarming kunne sakte, men sikkert heve havtemperaturen slik at frosne metanreservoar under havbotn nær kystlinjene smelta og med ekstra metangass, i tillegg til dei drivhusgassane som alt var der, kunne atmosfæren ha vorte enno 5 °C varmare. Metan-hypotesen forklarar mellom anna auken i karbon-12-nivået som er funne midt i grenselaget mellom perm og trias. Det forklarer òg kvifor den første delen av masseutryddinga hovudsakleg tok livet på land, og at den andre bølgja tok livet i havet, før den tredje bølgja så tok liv på land igjen.

Ein meir spekulativ hypotese baserer seg på at gammaglimt frå ein nærliggande supernova var årsaka til masseutryddinga.

Trilobittar som hadde eksistert sidan kambrium døydde omsider ut i denne episoden.

I 2006 fann amerikanske forskarar frå Ohio State University spor etter eit mogeleg stort meteorittkrater med ein diameter på rundt 500 km i Antarktis. Krateret ligg 1,6 km under isen på Wilkes Land aust i Antarktis. Forskarar spekulerer i om dette nedslaget kan ha vore årsaka til perm-trias-utryddinga, sjølv om tidspunktet er så usikkert at ein berre veit det skjedde mellom 100 millionar og 500 millionar år sidan. Dei spekulerer òg i om det på noko måte kan ha medverka til at Australia vart skild frå Antarktis, som begge var ein del av superkontinentet Gondwana. Iridium- og kvartsnivåa i perm-trias-laget nærmar seg ikkje dei i krit-tertiær-laget. Sidan så mange artar og individuelle organismar døydde ut er det kasta tvil om meteornedslaget verkeleg kan ha vore årsaka. I tillegg sår fossil på Grønland tvil om teorien fordi dei viser at utryddinga skjedde gradvis og varte minst åtti tusen år med tre særskilde fasar.

Den varme sona spreidde seg på den nordlege halvkula der det dukka opp omfattande ørkenar. Bergartane som danna seg her frå denne tida er farga raude av jernoksid, som følgje av den intense oppvarminga frå sola på ei slik vegetasjonslaus overflate. Eldre plante- og dyreartar døydde ut.

Mange forskarar meiner at perm-trias-utryddinga vart skapt av ein kombinasjon av nokre eller alle hypotesane som er nemnd. Då Pangea vart danna vart det langt færre kyststrøk og dette kan ha medverka til utryddinga av mange dyreartar som levde nær kysten, både på land og i sjøen.

I Noreg

endre

I det som no er Noreg var permtida prega av omfattande vulkansk aktivitet med tjukke og eigenarta lavastraumar der rombeporfyr var ein karakteristisk bergart. Ein finn denne bergarten i ei skive av jordskorpa som sokk inn langs det som no er Oslofeltet. Bergartssmelter trengte òg fram under overflata og vart til larvikitt, syenitt og nordmarkitt eller andre djupbergartar. På kontinentalsokkelen utanfor Vestlandet finst det avleiringar frå saltsjøar og ørken. Dette var mellom anna viktig for utviklinga av petroleumsførekomstane i Ekofiskområdet.

Kjelder

endre
  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. F.M. Gradstein, F.M, J.G. Ogg, A.G. Smith, & al. (2004): A Geologic Time Scale 2004. Cambridge University Press PDF Arkivert 2013-11-01 ved Wayback Machine.
  5. Murchison, R.I.; de Verneuil, E.; von Keyserling, A. (1845). Geology of Russia in Europe and the Ural Mountains. Vol. 1: Geology. London: John Murray. s. 138–139. «...Convincing ourselves in the field, that these strata were so distinguished as to constitute a system, connected with the carboniferous rocks on the one hand, and independent of the Trias on the other, we ventured to designate them by a geographical term, derived from the ancient kingdom of Permia, within and around whose precincts the necessary evidences had been obtained. ... For these reasons, then, we were led to abandon both the German and British nomenclature, and to prefer a geographical name, taken from the region in which the beds are loaded with fossils of an independent and intermediary character; and where the order of superposition is clear, the lower strata of the group being seen to rest upon the Carboniferous rocks.» 
  6. "Origin of the Permian"[daud lenkje]
  7. Zimmerman EC (1948) Insects of Hawaii, Vol. II. Univ. Hawaii Press
  8. Grzimek HC Bernhard (1975) Grzimek's Animal Life Encyclopedia Vol 22 Insects. Van Nostrand Reinhold Co. NY.
  9. Riek EF Kukalova-Peck J (1984) A new interpretation of dragonfly wing venation based on early Upper Carboniferous fossils from Argentina (Insecta: Odonatoida og basic character states in Pterygote wings.) Can. J. Zool. 62; 1150-1160.
  10. Wakeling JM Ellington CP (1997) Dragonfly flight III lift og power requirements. Journal of Experimental Biology 200; 583-600, a. 589
  11. Matsuda R (1970) Morphology og evolution of the insect thorax. Mem. Ent. Soc. Can. 76; 1-431.
  12. Riek EF Kukalova-Peck J (1984) A new interpretation of dragonfly wing venation based on early Upper Carboniferous fossils from Argentina (Insecta: Odonatoida og basic character states in Pterygote wings.) Can. J. Zool. 62; 1150-1160
  13. http://www.historyfiles.co.uk/FeaturesAfrica/Permian_Extinction1.htm[daud lenkje]
  14. Kump, et al, 2005

Andre kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Perm
Cisuralium Guadalupium Lopingium
Asselium | Sakmarium
Artinskium | Kungurium
Roadium | Wordium
Capitanium
Wuchiapingium
Changhsingium
Paleozoikum
Kambrium Ordovicium Silur Devon Karbon Perm