New Zealand

land i Oseania
(Omdirigert frå Newzealandsk)

New Zealand eller Ny-Zealand er ein øystat i den sørvestlege delen av Stillehavet på den sørlege halvkula. Landet ligg i den polynesiske triengelen og er litt større enn Storbritannia og består av to store øyar, kalla Nordøya og Sørøya. I tillegg er der talrike mindre øyar, av desse er dei mest kjende og største Stewart Island/Rakiura og Chatham Islands. Frå nordspissen av Nordøya til sørspissen av Sørøya er det 1600 km. Landet ligg mellom 30 og 50 grader sørleg breidd. Maorinamnet på New Zealand er Aotearoa, vanlegvis omsett med Landet til den lange, kvite skya. Realm of New Zealand (heile landområdet der dronninga av England er statsoverhovud) omfattar også Cook Islands og Niue (sjølvstyre i fri assosiasjon med New Zealand), Tokelau og Ross Dependency (New Zealand sine territoriale krav i Antarktis).

New Zealand
Aotearoa

(norsk: New Zealand, newzealandsk)

Det newzealandske flagget Det newzealandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «God Defend New Zealand»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av New Zealand
Offisielle språk Engelsk, maori og newzealandsk teiknspråk
Hovudstad Wellington
Styresett
Kong
Generalguvernør
Statsminister
Konstitusjonelt monarki
Charles III
Cindy Kiro
Christopher Luxon
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
267 710 km² (75.)
2,1 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2006)
 – Tettleik
 
4 510 327 (125.)
4 143 279
16,8 /km² (168.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
26. september 1907
Nasjonaldag 6. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
166 000 mill. USD (69.)
37 200 USD (33.)
Valuta Newzealandsk dollar
Tidssone UTC +12
Telefonkode +64
Toppnivådomene .nz
Kart over New Zealand:
Kart over New Zealand

New Zealand er kjend for geografiske isolasjon: Landet ligg om lag 2000 km søraust for Australia over Tasmanhavet, og dei næraste naboane mot nord er New Caledonia, Fiji og Tonga. Gjennom den lange isolasjonen har New Zealand utvikla ein særeigen fauna dominert av fuglar, der ei rekkje er urydda av menneska som kom til øyane og dei invasive dyreartene som dei førte med seg.

Den største delen av innbyggjarane på New Zealand er av europeisk avstamming, dei innfødde maoriane er den største minoriteten. Asiatar og ikkje-maoriske polynesarar er betydelege minoritetsgrupper, særleg i byane. Det mest vanleg brukte språket er engelsk.

New Zealand er eit utvikla land med høg internasjonal rangering på ei rekkje område, mellom anna utdanning, økonomi og låg førekomst av korrupsjon. Byane i landet vert også rekna mellom dei med best levevilkår i heile verda.

Elizabeth II er som dronning på New Zealand statsoverhovud i landet, og vert representert av generalguvernøren. Den utøvande politiske makta ligg hos den newzealandske regjeringa.

Etymologi

endre
 
Kart frå 1657 som viser den vestlege kystlinja til «Nova Zeelandia».

Det er ikkje kjent om maoriane hadde eit namn på heile New Zealand under eitt før europearane kom til øyene, sjølv om dei omtala Nordøya som Te Ika a Māui (fisken til Māui - ein halvgud i maorimytologi), og Sørøya som Te Wai Pounamu («grønsteinvatnet», «grønstein» er jade), eller Te Waka a Māui (kanoen til Māui).[1] Fram til tidleg på 1900-talet vart Nordøya også omtala som Aotearoa (til vanleg omsett til «landet til den lange kvite skya».[2] I moderne bruk blant maoriar viser dette namnet til heile landet. «Aotearoa» er også til vanleg brukt i denne meininga i newealandsk engelsk, der det stundom vert brukt åleine, og stundom, i formell samanheng, kombinert med det engelske namnet for å uttrykkja respekt for dei opphavlege innbyggjarane i landet.

Det første europeiske namnet på landet var Staten Landt, som vart bruka av den nederlandske oppdagaren Abel Tasman, som i 1642 vart den første europearen som fekk sjå øyene. Tasman gjekk ut frå at landet var ein del av eit sørleg kontinent som hang saman med land som var oppdaga i 1615 utanfor den sørlege enden til Sør-Amerika av Jacob Le Maire, og dette hadde fått namnet Staten Landt[3][4].

Namnet New Zealand stammar frå nederlandske kartografar som kalla øyene Nova Zeelandia, etter den nederlandske provinsen Zeeland.[4] Ingen veit sikkert kven som først brukte dette namnet, men det kom i bruk første gongen i 1645, og kan ha vorte valt av kartografen Johan Blaeu.[5] Den britiske oppdagaren James Cook anglifiserte seinare namnet til New Zealand.

Sjølv om Nord- og Sørøya har vore kjende under desse namna i mange år, slo det statlege organet for namngjeving i geografiske og hydrografiske saker, New Zealand Geographic Board i 2009 fast at øyene ikkje har offisielle namn. Organet vil gjera Nord- og Sørøya til offisielle namn saman med maorinamn. Somme tidlege kart omtalar Sørøya som Middle Island («Midtøya»).[6] Sjølv om fleire ulike maorinamn har vore nytta, meiner maorispråkkommisæren (Maori Language Commissioner) Erima Henare at Te Ika-a-Māui og Te Wai Pounamu er dei mest høvelege namna.[7]

Historie

endre
For meir om dette emnet, sjå Newzealandsk historie.

Polynesisk innvandring

endre
 
Maoriane kom til New Zealand frå austlege Polynesia, etter ei lang kjede av sjøreiser.

New Zealand er eit av dei sist busette større landområda på jorda. Dei tidlegast kjende innvandrarane kom frå dei austlege delane av Polynesia. I følgje dei fleste granskarar kom dei i kanoar omkring åra 1250–1300.[8] Andre vitskapsfolk har sett fram ei tidlegare datering for den første innvandringsbølgja til øyene, så tidleg som i åra 50–150, men at desse menneska anten døydde ut eller forlet øyene.[1][9][10] Gjennom dei følgjande hundreåra utvikla desse nybyggjarane ein eigen kultur som no er kjent som maori. Folket vart delt i iwi (stammar) og hapū (understammar) som både kunne samarbeida, tevla og stundom slåst mot kvarandre. På eit tidspunkt flytta ei gruppe til øygruppa Chatham Islands der dei utvikla sin eigen Moriori-kultur[11][12]

Europeiske oppdagarar

endre

Dei første europearane ein kjenner til nådde fram til New Zealand, var den nederlandske oppdagaren Abel Janszoon Tasman og mannskapet hans i 1642[13]. Maoriar drap fleire av mannskapet, og ingen europearar kom attende til New Zealand før den engelske oppdagaren James Cook på reisa si i 1768–71.[13] Cook nådde fram til New Zealand i 1769 og kartla nesten heile kystlinja. Etter Cook kom talrike europeiske og nordamerikanske sel- og kvalfangarar til New Zealand, i tillegg til handelsskip. Dei bytta europeisk mat og andre varer, særskilt metallverkty og våpen mot tømmer, mat, kunstverk og vatn. I blant bytta europearane varer mot sex.[14]

Poteta og musketten forandra både maoriane sitt jordbruk og krigskunst, sjølv om dei påfølgjande muskettkrigane døydde ut så snart våpenbalansen mellom stammane var oppattretta. Frå tidleg på 1800-talet byrja kristne misjonærar å slå seg ned på New Zealand, og etter kvart omvenda det meste av maoriinnbyggjarane, sjølv om deira første mål stort sett var blant dei meir misnøgde elementa i desse samfunna.[15]

Då britiske styresmakter vart klåre over dei lovlause tilstandane i dei europeiske busetnadane, og over den veksande franske interessa i området, utpeika den britiske regjeringa James Busby som britisk representant på New Zealand i 1832. Busby mislukkast i å få i stand lov og orden i busetnadane, men fekk innført det første nasjonale flagget på øyene den 20. mars 1834, etter at eit uregistrert newzealandsk skip vart beslaglagt i Australia. Han samarbeida òg med den heller laust og uklårt samansette samskipnaden United Tribes of New Zealand (Dei sameinte stammane på New Zealand), som i oktober 1835 la fram og sende fråsegna Declaration of the Independence of New Zealand (Fråsegn om sjølvstyre for New Zealand) til kong Vilhelm, og bad om vern. På grunn av vedvarande uro og uvisse kring den legale statusen til sjølvstendefråsegna, tilskunda Kolonisekretariatet i London å senda kaptein William Hobson til New Zealand for å krevja overherredøme for den britiske krona over øyene, og forhandla fram ein avtale med maoriane. Waitangitraktaten vart først underteikna i Bay of Islands den 6. februar 1840.[16] Traktatutkastet vart skrive i ei bråvende, og forvirring og usemje om omsetjinga er enno til stades. Traktaten vert likevel stadig sett på som grunnlagsdokumentet for New Zealand som ein nasjon, og maoriane ser på han som ein garanti for deira rettar.

Som eit svar på freistnadane til New Zealand Company på å skipa ein separat koloni i Wellington, og dei franske krava i Akaroa, proklamerte Hobson, som no var vorten guvernørløytnant, britisk suverenitet over heile New Zealand den 21. mai 1840. Dei to proklamasjonane, som vart publiserte i New Zealand Advertiser and Bay Of Islands Gazette den 19. juni 1840 "hevda, på grunnlag av oppdaginga, rett til overherredøme for Hennar Majestet, Dronninga, over dei sørlege øyene på New Zealand, til vanleg kallaThe Middle Island (Sørøya), og Stewart's Island (Stewart Island/Rakiura); og over øya, til vanleg kalla The Northern Island (Nordøya), som har overgjeve suvereniteten til Hennar Majestet Den andre proklamasjonen gav ei meir utførleg forklaring på korleis suvereniteten over Nordøya var overgjeven gjennom underteikninga av Waitangitraktaten i februar.[17]

Under britisk styre hadde New Zealand opphavleg vore ein del av kolonien New South Wales, men vart ein eigen kronkoloni i 1841[16]. Hobson valde først Okiato som hovudstad i 1840, før dei styrande organa fekk sete i Auckland i 1841. Ei aukande mengde av europeiske innvandrar, særleg frå dei britiske øyene, kom til New Zealand. Maoriane var i førstninga interesserte i å gjera forretningar med Pākehā, som europearane vart kalla, og mange iwi vart velståande. Etter som talet på innvandrar auka, førte konfliktar om landområde til New Zealand-krigane1860- og -70-talet. Desse resulterte i tap og konfiskering av mykje maoriland.[18] Soga om europeisk busetnad og tileigning av land frå maoriane er enno kontroversiell.

 
Gustavus von Tempsky vert skoten under New Zealand-krigane

Eit eige styre for kolonien vart oppretta i 1852 då styresmaktene i Storbritannia vedtok New Zealand Constitution Act 1852 (den newzealandske sjølvstendelova av 1852). Det første newzealandske parlamentet møttest i 1854. I 1856 fekk kolonien sjølvstyre i alle saker utanom māorisaker og militærsaker. Mynde i slike saker vart tillagt koloniadministrasjonen i 1860-åra.[16]

I 1863 bestemte statsminister Alfred Domett at hovudstaden skulle flyttast til ein stad ved Cooksundet, truleg av otte for at Sørøya ville danna sin eigen koloni. Utsendingar frå Australia (valde av di dei vart sett på som nøytrale ) kom fram til at Wellington var ein tenleg stad på grunn av den gode hamna og den sentrale plasseringa, og Parlamentet kom saman her første gongen i 1865.[19] I 1893 vart landet det første i verda som innførte røysterett for alle kvinner.[16]

Det 20. og 21. hundreåret

endre

I 1907 vedtok New Zealand å verta ein sjølvstyrt Dominion innanfor det britiske imperiet. I 1947 slutta landet seg til den britiske Statute of Westminster Adoption Act 1947; dette gjorde New Zealand til Commonwealth realm (underlagt monarken utan å vera ein fysisk del av monarken sitt rike),[16] sjølv om Storbritannia i praksis ikkje hadde spela ei vesentleg rolle i styringa av New Zealand på lang tid. Sjølv om landet vart meir uavhengig politisk, vart det likevel meir økonomisk avhengig. I 1890-åra gjorde transport på fryseskip eksport av kjøt og mjølkeprodukt til Storbritannia mogeleg. Denne handelen førte til ein sterk økonomisk vokster på New Zealand.[20]

 
Infanteri frå den 2. Bataljon, Auckland Regiment i slaget ved Somme, september 1916.

New Zealand var eit pliktoppfyllande medlem av det britiske imperiet, og tok del i den andre boerkrigen (1899 - 1902), den første verdskrigen og den andre verdskrigen, særleg under slaget om Storbritannia, og det støtta Storbritannia under Suezkrisa. Landet var ein del av verdsøkonomien, og måtte som andre lida under den økonomiske depresjonen i 1930-åra. Depresjonen førte til valet av den første Labourregjeringa på New Zealand, som etablerte ein omfattande velferdsstat og ein proteksjonistisk økonomi.

 
Tino rangatiratanga (maorisuverenitetsflagg).

New Zealand gjekk gjennom ei aukande velstandsutvikling etter den andre verdskrigen. Men nye sosiale problem tok til å dukka opp: Maoriar hadde byrja å forlata den tradisjonelle rurale livsforma si og flytta til byane for å søkja arbeid. Ei maoriprotestrørsle utvikla seg etter kvart, ho var kritisk til eurosentrismen og arbeidde for auka verdsetjing av maorikulturen og Waitangitraktaten, som rørsla meinte ikkje var etterlevd av styresmaktene.

I 1975 vart Waitangitribunalet skipa for å granska påståtte brot på Waitangitraktaten, og i 1985 fekk det mynde til å granska historiske klager (frå før 1975). Som i andre utvikla land, akselerte den sosiale utviklinga på 1970-talet, og sosiale og politiske verdisynspunkt endra seg.

Då Storbritannia vart medlem i EEC i 1973, vart tilgangen til den hittil viktigaste marknaden for newzealandske eksportørar dramatisk redusert.. I 1953 gjekk to tredjedelar av eksporten frå New Zealand til Storbritannia, i 2003 var dette talet gått ned til 4,65 %.[21] Dette, saman med oljekrisa i 1970-åra førte til omfattande økonomiske og sosiale endringar gjennom 1980-åra under den 4. Labour-regjeringa på New Zealand, for ein stor del leia av finansminister Roger Douglas, som føresto ei radikal økonomisk-politisk omlegging, til vanleg kalla Rogernomics.

Klima

endre

Klimaet på dei to øyane er ikkje særleg dramatisk, men ofte ustabilt. På breiddegradene der Sørøya ligg har ein svært lite landområde elles på jorda, bortsett frå Patagonia, så den vestlege luftstraumen kan strøyme nesten uforstyrra rundt jorda før den treffer New Zealand, som dermed ofte vert råka av frontar. Sidan landet ligg midt i store havområde vert det ikkje så store temperaturendringar i samband med frontane, men ofte kjem det mykje regn og regnbyger, og nedbør som snø i dei høge fjella ein har i heile landet.

New Zealand dekkar ein god avstand frå sør mot nord. Auckland er derfor i middel eit par gradar varmare enn Christchurch. Fjella har ein god del å sei for klimaet. Enkelte område ligg i regnskugge og får så lite som 400 mm nedbør i året. Dei fleste områda får derimot nedbør om lag kvar andre eller tredje dag, og litt meir nedbør om vinteren enn resten av året. Vestsida av øyane er ein god del våtare enn dei større byane, særleg på Sørøya. Hokitika, som ligg på kysten like vest for nasjonalparken Arthur's Pass, har ein årleg nedbørsnormal på om lag 2800 mm. Isbrear og snø dekkjer fjellkjeda Søralpane der den totale årleg nedbøren (inkludert snøsmelting) kjem over 8000 mm. Snø har ein òg i dei lågareliggande områda på austkysten eit par gongar kvar vinter. Torevêr er sjeldan i dette maritime landet.

Vind er ein viktig klimatisk faktor på New Zealand, og ofte aukar vinden på til kuling gjennom Cooksundet. Av og til kan ein tørr og varm fønvind strøyme ned på austsida av Alpane. Her vert denne vinden kalla «norwester», og den fører ofte til langt mildare forhold om vinteren. Om sommaren kan han gje periodar med uvanleg høge temperaturar. Den mest spektakulære hendinga var då restane av ein tropisk syklon gjekk over Søralpane 7. februar 1973. Christchurch og andre byar fekk då temperaturar opp mot 42 °C, langt over den tidlegare nasjonale varmerekorden.

Nordøya ligg nærare subtropiske strøk og har sjeldan slike temperatursvingingar. Ved havnivå går temperaturen sjeldan under 0 °C eller over 30 °C, men frost er meir vanleg i indre område og dei høge vulkanske toppane er enno kaldare. Dei austlege områda kan kome opp i 35 °C i fønvindsituasjonar.

Kjende personar frå New Zealand

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Mein Smith (2005), side 6.
  2. King (2003) pg 41.
  3. The Discovery of New Zealand
  4. 4,0 4,1 Wilson, John (21. september 2007). «Tasman’s achievement». Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand. Henta 6. september 2010. 
  5. Mackay (1986) side 52–54.
  6. Author: Thomas Brunner. «THE — MIDDLE ISLAND — New Zealand — Enlarged from part of the Original Map published in 1851 by the Royal Geographic Society to Illustrate — THE JOURNEY OF — THOMAS BRUNNER». NZETC. Henta 6. september 2010. 
  7. Isaac Davison, North and South Islands officially nameless, New Zealand Herald, 22 April 2009. Henta 6. september 2010.
  8. Irwin, Geoff; Walrond, Carl (4. mars 2009). «When was New Zealand first settled? – The date debate». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 12. september 2010. 
  9. David J. Lowe (2008). David J. Lowe, red. Guidebook for Pre-conference North Island Field Trip A1 ‘Ashes and Issues’ (28–30 November 2008) (PDF). Palmerston North. s. 142-147. ISBN 978-0-473-14476-0.  [Henta 31.oktober 2010.]
  10. Sutton et al. (2008), s. 109. "This paper ... affirms the Long Chronology [first settlement up to 2000 years BP], recognizing it as the most plausible hypothesis."
  11. Clark (1994) side 123–135
  12. Davis, Denise (11. september 2007). «The impact of new arrivals». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 12. september 2010. 
  13. 13,0 13,1 Mein Smith (2005), side 23.
  14. King (2003) side 122.
  15. Peggy Brock, ed. Indigenous Peoples and Religious Change. Leiden: Brill, 2005. ISBN 978-90-04-13899-5. Side 67–69 Vitja 31.oktober 2010.
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 Political and constitutional timeline, New Zealand History online, Ministry for Culture and Heritage. Updated 6 December 2009. Henta 31. oktober 2010.
  17. «New Zealand Advertiser and Bay Of Islands Gazette, 19 June 1840». Hocken Library. Henta 30. september 2010. 
  18. New Zealand's 19th-century wars – overview, New Zealand History online, Ministry for Culture and Heritage. Updated 29-Apr-2009. Henta 1. oktober 2010
  19. Temple, Phillip (1980). Wellington Yesterday. ISBN 0-86868-012-5. Referenced in WellingtonNZ.com's Wellington Media Pack Arkivert 2010-05-25 ved Wayback Machine.. Retrieved 30 April 2010.
  20. Hugh Stringleman and Robert Peden. Sheep farming – Growth of the frozen meat trade, 1882–2001, Te Ara – the Encyclopedia of New Zealand. Ministry for Culture and Heritage. Updated 20 October 2009. Retrieved 31. oktober 2010
  21. «Overseas Trade Indexes Volumes». Statistics New Zealand. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Reiseguide for New Zealand frå Wikivoyage