Juletre frå Noreg til andre land

Juletre frå Noreg til andre land er ein tradisjon der ulike stader i Noreg sender juletre i gåve til stader i utlandet.

Det norske juletreet på Trafalgar Square i London, 2008
Skilt framfor det norske juletreet på Trafalgar Square i London, 2008.



Foto: Mike Fleming
Juletreet frå Oslo ved domkyrkja i Reykjavík, 2008.



Foto: Helgi Halldórsson
Juletre på veg til Grimsby i 1965, fotografert på kaia i Trondheim.



Foto: Ukjent / Trondheim byarkiv
Juletreet frå Trondheim på de Dam i Amsterdam, 1974.



Foto: Ukjent / Nationaal Foto - Persbureau B.V. / Trondheim byarkiv
Juletreet frå Kongsberg utanfor rådhuset i Gouda, ca. 2004
Juletreet frå Frogn på Pariser Platz ved Brandenburger Tor i Berlin, ca. 2008
Juletreet frå Lillehammer utanfor rådhuset i Düsseldorf, 2014

Fleire norske kommunar, Hordaland fylke og private grupper har årleg sendt eit grantre som gåve til byar og kommunar i andre land. Dette blir gjort som ein gest til venskapsbyar, i takksemd og for å skapa merksemd om Noreg i utlandet. Det best kjende av juletrea som blir sendt frå Noreg er treet som Oslo gjev til London og som blir sett opp på Trafalgar Square.

Skikken tok til etter andre verdskrigen. Først ute var Larvik, som første gong sende juletre til Frederikshavn i Danmark i 1946, deretter sende Oslo tre til London i 1947 og Bergen til Newcastle i 1949.[1][2] Alle desse byane sender enno årleg juletre til venskapsbyane sine (per 2016). Det har vore mest populært å senda juletre til Storbritannia og Island, der høvesvis minst 16 og 14 byar eller kommunar har fått juletre i gåve frå Noreg. Også fleire andre land har fått norsk juletre, blant anna har minst åtte byar i Tyskland og fem kvar i Nederland og Danmark i kortare eller lengre periodar fått juletre frå norske kommunar. Oslo har gjennom åra gjeve juletre til minst åtte byar i like mange land, medan Stavanger har gjeve til minst seks byar, dei fleste i Storbritannia.

I seinare år har den vennskapelege eksporten av juletre frå Noreg gått noko ned, i første rekkje på grunn av kostnadene, men òg av omsyn til miljøet og vanskar med frakt. Likevel fekk i 2016 minst 17 europeiske byar tilsendt juletre som gåve frå stadar i Noreg: Aalborg, Aberdeen, Eiði, Frederikshavn, Garðabær, Gouda, Grimsby, Hamburg, Kiel, Kirkwall, London, Newcastle, Reykjanesbær, Sauðárkrókur, Stykkishólmur, Sunderland og Wolfenbüttel. Eit spesielt tilfelle er Kirkwall, der St. Magnuskatedralen kvart år får juletre frå både Hordaland fylkeskommune og Grimstad kommune. Treet frå Hordaland blir sett opp utanfor kyrkja, medan treet frå Grimstad får plass inne i kyrkja. Dei blir tende med éin dags mellomrom.[3]

Å gje juletre i gåve til byar i andre land er ikkje berre ein norsk skikk. På Island, som ikkje har viltveksande gran, har mange byar fått juletre frå venskapsbyar i Europa. Til dømes gav Cuxhaven i Tyskland og Frederiksberg i Danmark eit tre kvar til Hafnarfjörður i 2000. Same år fekk Kópavogur eit juletre frå venskapsbyen Norrköping i Sverige.[4] Som følgje av omfattande granplanting på Island kunne islendingane sjølv for første gong gje eit juletre i gåve til TórshavnFærøyane i 2014.[5]

Frå Til Første gong Siste gong Ref./kommentar
Askar Flagget til Island Garðabær 1969 Pågår [6]
Bergen Flagget til Island Akureyri Gjeve i alle fall i 1952.[7]
Bergen Det britiske flagget Newcastle 1949 Pågår Sett opp framfor rådhuset i Newcastle.[8][2]
Bergen Det nederlandske flagget Rotterdam «Leilighetsvis».[9]
Drammen Flagget til Tyskland Kiel 1965 Pågår Setjast opp på Berliner Platz.[10][11]
Drammen Flagget til Danmark Kolding I alle fall gjeve i 1959 og 1960.[12]
Drammen Flagget til Island Stykkishólmur 1987 Pågår
Drammen Flagget til Tyskland Wolfenbüttel 1962 Pågår Gjeve av Druidelosjane i Drammen.[13]
Eidsvoll Flagget til Island Egilsstaðir [14]
Enebakk Det britiske flagget Caistor 2005 Pågår? [15][16]
Fitjar Flagget til Island Njarðvík 1979 [17]
Fredrikstad Flagget til Danmark Aalborg 1962 Pågår [18]
Frogn Flagget til Tyskland Berlin 1990 2013 Vanlegvis sett opp framfor Brandenburger Tor.[19][20]
Frogn Flagget til Japan Osaka 1994 2008 Treet og frakta blei påkosta av japanarane.[21]
Grimstad Det britiske flagget Kirkwall 1987 Pågår Eit samarbeid mellom Grimstad kommune og Fjære historielag. Juletreet blir sett opp i St. Magnuskatedralen.[22][23][24]
Halden Flagget til Tyskland Wismar [25]
Hóle Flagget til Island Hólmavík [26]
Holmestrand Det færøyske flagget Eiði Pågår Treet blir gjeve av Foreningen Norden i Holmestrand.[27]
Holmestrand Flagget til Island Siglufjörður I i alle fall gjeven i 1950.[28]
Hordaland Flagget til Frankrike Caen 1993 [29]
Hordaland Det britiske flagget Cardiff 1986 2010 Sett opp utanfor den norske kyrkja i Cardiff.[30] Hausten 2011 blei eit norsk grantre planta utanfor kyrkja, til minne om offera etter terrorangrepa i Noreg same år, og sidan då har dette permanente treet vore «norsk» juletre i Cardiff.[31]
Hordaland Det britiske flagget Edinburgh 1985 2005 Diverse problem gjorde at treet frå Hordaland måtte hentast lokalt i Skottland både i 2006 og 2007. Frå og med 2008 blei dette gjort til ei fast ordning.[32]
Hordaland Det britiske flagget Falkirk 1993 [33]
Hordaland Det britiske flagget Kirkwall Pågår Juletreet blir sett opp utanfor St. Magnuskatedralen.
Kongsberg Det nederlandske flagget Gouda 1956 Pågår Som takk for juletrea frå Noreg fekk Kongsberg i 2006 eit kunstverk i gåve frå Gouda. Glastreet blei sett opp på berget i Nybrufossen.[34]
Kongsberg Flagget til Island Sauðárkrókur Pågår [35]
Kristiansand Flagget til Island Reykjanesbær 1963 Pågår [36]
Kristiansund Det britiske flagget Grimsby Send i alle fall i 1950.[37]
Larvik Flagget til Danmark Frederikshavn 1946 Pågår [1]
Lillehammer Flagget til Tyskland Düsseldorf 1982 2015 Blei sett opp frmafor rådhuset på Burgplatz. Av økonomiske grunnar gav ikkje Lillehammer juletre til Düsseldorf i 2016. Partiet Dei grøne føreslo i staden at det skulle plantast eit tre som kunne pyntast fast kvart år.[38]
Lillehammer Flagget til Tyskland Essen [39]
Lillehammer Flagget til Sveits Lausanne Sende juletre i alle fall i 1983 og 1984.[40]
Moss Flagget til Island Blönduós [41]
Moss Flagget til Danmark Horsens Gjeve av Moss og Oppland lag av Foreningen Norden i 1951.[42]
Oslo Flagget til Belgia Antwerpen 1955 2001 [43][44]
Oslo Flagget til Italia Genova 1959 ? [45]
Oslo Flagget til Tyskland Hamburg ? [46]
Oslo Flagget til Japan Hiroo 1985 ? Moglegvis Hiroo på øya Hokkaido?[47][48]
Oslo Flagget til Danmark København 1998 ? [49]
Oslo Det britiske flagget London 1947 Pågår Sett opp på Trafalgar Square.
Oslo Flagget til Island Reykjavík 1952 2015 Sett opp på torget Austurvöllir, ved domkyrkja i Reykjavík.[50] Tradisjonen vart avslutta etter jula 2015.[51] Òg i 2014 vurderte Oslo kommune å slutta å senda juletre til Reykjavík, men ombestemte då seg etter at islendingane hadde protestert.[52]
Oslo Det nederlandske flagget Rotterdam 1951 2013 [53]
Porsgrunn Det nederlandske flagget Delft [54]
Ringerike Det nederlandske flagget Noordoostpolder 1970 2014 For å spara kostnader og av miljøomsyn blei det slutt på tradisjonen med norsk juletre i Noordoostpolder etter jula 2014.[55][56]
Rygge Flagget til Tyskland Berlin Treet blei sett opp på Potsdamer Platz i 2000.[57] Det var først freista sendt til New York, men blei ikkje tillate importert til USA, og hamna så i Berlin i staden.[58]
Sandnes Flagget til Frankrike Paris 1988 2000 Gjeve til bydelen Montmartre.[59] Sandnes sende ikkje tre i 1995, som protest mot franske atomprøvesprengningar.[60][61]
Sarpsborg Det britiske flagget Tottenham 1952 Tottenham var eigen kommune til 1965.[62]
Sigdal Flagget til Island Hveragerði [63]
Sortland Det britiske flagget Grimsby 2004 2018[64] Sortland overtok for Trondheim etter at godsbåtruta frå Trondheim til Grimsby var lagd ned.[65]
Stavanger Det britiske flagget Aberdeen 1993 Pågår Første gong til Aberdeen i 1993 (Rogalands Avis 2013) eller siste halvdel av 1970-talet (Rogalands Avis 2012).[66][67] I 2015 vurderte Stavanger å ikkje senda juletre til Aberdeen, fordi det var vanskeleg å finna eit passande tre. Eit akseptabelt tre blei likevel funne, og tradisjonen kunne halda fram.[68]
Stavanger Det britiske flagget Liverpool 2004 2007 [69]
Stavanger Det britiske flagget Manchester
Stavanger Flagget til Island Neskaupstaður 1987 [70]
Stavanger Det britiske flagget Sunderland Pågår For å markera 50-årsjubileet for tradisjonen med å senda juletre til Sunderland, planta representantar for Stavanger i 2012 eit grantre i Sunderland sentrum. Det skal ta over rolla som fast juletre frå Stavanger når det vert stort nok.[3]
Stavanger Det britiske flagget Tynemouth 1960 ?
Strand Flagget til Tyskland Bremen Gav juletre i alle fall i 2007.[71]
Stryn Flagget til Island Grýtubakkahreppur [72]
Tromsø Flagget til Kroatia Zagreb Tent av Erlend Rian, ordførar i Zagrebs venskapskommune Tromsø, i desember 1991. Sjølve treet var gjeve av Drammen Skogvesen.[73]
Trondheim Det nederlandske flagget Amsterdam 1963 2000 [74]
Trondheim Det britiske flagget Grimsby ? 2003 Sortland overtok for Trondheim etter at godsbåtruta frå Trondheim til Grimsby var lagd ned. Treet var opphavleg ei gåve til Grimsby frå Ranheim Papirfabrikk.[75]
Trondheim Flagget til Tyskland Hamburg 1996 2012[76] Første juletre i 1996 ifølgje Trondheim byarkiv, 1977 ifølgje Adresseavisa.[77]
Trondheim Det britiske flagget Newcastle
Vågsøy Det britiske flagget Lerwick Pågår? [78]
Ålesund Flagget til Island Akureyri Fleire år, m.a. 1955.[79]
Ålesund Det britiske flagget Hull 1949 [80]
  • Frankfurt am Main i Tyskland hadde i 1986 og 1987 eit juletre frå Ringerike. Dette treet blei likevel gjeve av Deutsch-Skandinavische Bank i Frankfurt.[81]
  • Styresmaktene i Aten ynskte i 1987 eit juletre frå Oslo, men førespurnaden blei avslegen.[82]
  • I etterkant av arbeidet med Oslo-avtala i 1993 tilbaud Noreg eit juletre til Betlehem i Israel. Israelske styresmakter takka nei til gåva, offisielt på grunn av fare for smitte av sjukdom til lokale israelske tre.[83]
  • I åra 1997-2002 gav Oslo eit «norskætta» juletre til Washington, D.C.. Strenge importreglar i USA gjorde det umogleg å importera eit tre frå Noreg, så ein nøygde seg med eit tre planta av norske innvandrarar i Iowa.[84][85]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Østlands-Posten: Her løfter de julegrana (22. november 2013, besøkt 7. desember 2016)
  2. 2,0 2,1 Dagbladet: Juletreet trenger ikke være hogd i skogen (12. desember 2011, besøkt 6. desember 2016)
  3. 3,0 3,1 Royal Norwegian Embassy in London: Trees: The Magic Number (13. november 2014, besøkt 8. desember 2016)
  4. Morgunblaðið: Fjöldi skoðaði jólatré og -sveina (12. desember 2000, besøkt 8. desember 2016)
  5. Vårt Land: Da julens tre-enighet nesten brast Arkivert 2016-12-20 ved Wayback Machine. (12. desember 2015, besøkt 8. desember 2016)
  6. NTB: Norsk dag i Gardabær (29. juni 2004)
  7. Dagur: Bæjarstjórnin í Bergen sendir Akureyri stórt jólatré - kom með Gullfossi til Reykjavíkur í gær (s. 1, 6. desember 1952, arkivert av Islands nasjonal- og universitetsbibliotek)
  8. Bergens Tidende: Vær så god, Newcastle! (13. november 2012)
  9. Bergen byleksikon: Vennskapsbyer (besøkt 7. desember 2016)
  10. Drammens Tidende: 47 år på Berliner Platz (7. desember 2011)
  11. Drammens Tidende: Juletrediplomati for 43. gang (20. november 2007)
  12. Dagens Næringsliv: For 50 år siden (3. desember 2010)
  13. RegionalBraunschweig: Die Friedenstanne leuchtet (29. november 2015, besøkt 9. desember 2016)
  14. Morgunblaðið: Kveikt á jólatré frá Eiðsvöllum (s. 31, 24. desember 1982, arkivert av Islands nasjonal- og universitetsbibliotek)
  15. Romerikes Blad: Enebakk-gran til England (18. november 2005)
  16. Østlandets Blad: Til minne om Tidemann (15. november 2008, besøkt 7. desember 2016)
  17. Bergens Tidende: Notiser (8. mars 2001)
  18. Dagsavisen: Juletre til Aalborg for 55. gang (17. november 2016, oppdatert 18. november 2016, besøkt 6. desember 2016)
  19. Akershus Amtstidende: Slutt på julegran til Berlin (26. november 2014)
  20. Frogn kommune: Frogn kommunes internasjonale samarbeid - Evaluering 2016 (Rådmannen i Frogn, 17. februar 2016)
  21. Østlandets Blad: Juletreet fra Drøbak tent i Japan (3. desember 2002)
  22. Kuben: Juletreet som fulgte i St. Ragnvalds fotspor (på Tumblr, 2. desember 2015, besøkt 7. desember 2016)
  23. Hordaland fylkeskommune: Julelysa tent i vår venskapsregion Orknøyane (19. desember 2012)
  24. Fædrelandsvennen: Til minne om helgenen fra Grimstad (20. desember 2008)
  25. Halden Arbeiderblad: De store jule-trærne skal på plass (24. november 2001)
  26. Ringerikes Blad: Juletre fra Hole (15. desember 2006, besøkt 11. desember 2016)
  27. Tønsbergs Blad: Et juletre kan brukes til så mangt (26. oktober 2002)
  28. Sigló: Gamla myndin: Jólatré frá vinabæjum (27. desember 2011, besøkt 11. desember 2016)
  29. Bergens Tidende: Den store juletreturneen (11. desember 1993)
  30. Hordaland fylkeskommune: Tende juletre i venskapsregionane (20. desember 2007)
  31. Hordaland fylkeskommune: Hordalandsjuletre planta i Cardiff (27. november 2011)
  32. The Scotsman: No more Norwegian wood as Xmas tree is home grown (11. november 2008, besøkt 7. desember 2016)
  33. Bergens Tidende: Hordaland fylke har formalisert nye vennskap (1. desember 1993)
  34. NRK: Et glasstre i fossen (5. desember 2006, besøkt 9. desember 2016)
  35. Laagendalsposten: Snart jul igjen (1. november 2016, besøkt 9. desember 2016)
  36. Fædrelandsvennen: Fra Kristiansand til Reykjanesbær (2. desember 2016)
  37. VG: Julegran til Grimsby (s. 5, 21. desember 1950)
  38. Epoch Times: Grüne wollen Weihnachtsbaum vor Düsseldorfer Rathaus abschaffen – „Unzeitgemäßes Ritual“ Arkivert 2016-12-20 ved Wayback Machine. (9. november 2016, besøkt 9. desember 2016)
  39. Gudbrandsdølen Dagningen: Fridde til tyskerne med tent julegran (26. november 2005)
  40. Aftenposten: Så tennes alle OL-lys (30. november 1984)
  41. Morgunblaðið: Svo brotna jólatré sem önnur tré (s. 49, 16. desember 1986, arkivert av Islands nasjonal- og universitetsbibliotek)
  42. Halden Arbeiderblad: Julegran fra Moss til Horsens (s. 3, 7. desember 1951, arkivert av Nasjonalbiblioteket)
  43. VG: Ambassadør Skaug overleverer sitt første juletre i London (s. 5, 29. november 1962)
  44. Aftenposten: Vurderte å kutte julegaven (2. november 2011)
  45. VG: Julegranene går ut (s. 4, 26. november 1959)
  46. VG: Stem på Norges vakreste juletre (16. desember 1997)
  47. Aftenposten: Julenissen fra Norge satser nå på Japan (20. desember 1985)
  48. NTB: Byen Okaido i Japan skal i år for første gang få norsk juletre (30. oktober 1985)
  49. Aftenposten: Kjentfolk saget julegran om kapp (19. november 1998)
  50. Morgunblaðið: Öll hin skæru ljós loguðu (7. desember 2002, besøkt 8. desember 2016)
  51. MSN (Aftenposten): Oslo skal ikke lenger sende juletregave til Island (4. juli 2016, besøkt 9. desember 2016)
  52. Aftenposten: Bråket fra i fjor er glemt – her sages årets juletre til Reykjavik (4. november 2015, besøkt 7. desember 2016)
  53. Aftenposten: Sender juletre til Island likevel (17. juni 2014, besøkt 6. desember 2016)
  54. Porsgrunns Dagblad: Hollenderne jubler over juletregave (27. november 2002, arkivert av Internet Archive)
  55. Ringerikes Blad: Ga anker, fikk steinrøys (12. mai 2005, besøkt 10. desember 2016)
  56. Leeuwarder Courant: Kerstboom Emmeloord niet langer Noors (3. desember 2015)
  57. Adresseavisen: Høyreiste norske julegraner over hele Europa (28. november 2000)
  58. Moss Avis: Lønn for treet (7. juni 2003)
  59. NTB: Sandnes sender juletre til Paris (29. november 1988)
  60. NTB: Sandnes sender juletre til Paris (21. november 1996)
  61. Sandnesposten: Ingen juletrær fra Sandnes til Paris (22. november 2001)
  62. Sarpsborg Arbeiderblad: Prektig hilsen fra Tottenham til Sarpsborg (s. 1, 16. desember 1964, arkivert av Nasjonalbiblioteket)
  63. Morgunblaðið: Kveikt á jólatré frá vinabæjunum (s. 60, 15. desember 1983, arkivert av Islands nasjonal- og universitetsbibliotek)
  64. url=https://www.grimsbytelegraph.co.uk/news/grimsby-news/sortland-cancel-christmas-tree-tradition-2649891
  65. Vesterålen Online: Sortland med juletre til Grimsby (9. november 2016, besøkt 6. desember 2016)
  66. Rogalands Avis: Juletreet som tok båten over Nordsjøen (23. november 2013)
  67. Rogalands Avis: Tente julegran i Aberdeen (29. november 2012)
  68. The Press and Journal: Aberdeen’s Christmas tree finally arrives after 312-mile journey from Stavanger (17. november 2015, besøkt 7. desember 2016)
  69. Rogalands Avis: Juletre underveis fra Stavanger (17. november 2011)
  70. Austurland: Norskt jólatré í Neskaupstað (s. 1, 30. desember 1987, arkivert av Islands nasjonal- og universitetsbibliotek)
  71. Strandbuen: Tysk storby får julegran frå Tau (28. november 2007)
  72. Fjordingen: Strynegran til Island (30. november 2009)
  73. NTB: Norsk julegran til Zagreb (6. desember 1991)
  74. Trondheim byarkiv på Flickr: Juletreet i Amsterdam (besøkt 7. desember 2016)
  75. Adresseavisen: Året var 1965, og det gjaldt å se opp for svære juletrær (27. november 2014, oppdatert 6. mai 2015, besøkt 9. desember 2016)
  76. Nygård, Marit Ytterland (3. desember 2013). «Her brukte det å stå et juletre fra Trondheim». adressa.no (på norsk bokmål). 
  77. Adresseavisen: Drar til Hamburg for å tenne tysk julegran[daud lenkje] (18. november 2011, oppdatert 23. august 2012, besøkt 9. desember 2016)
  78. Fjordenes Tidende: Har funnet juletreet (6. november 2013, besøkt 9. desember 2016)
  79. Lesbók Morgunblaðsins: Þetta gerðist í desember (s. 8, 8. januar 1956, arkivert av Islands nasjonal- og universitetsbibliotek)
  80. VG: Ålesunds juletre til Hull er tent (s. 8, 24. desember 1949)
  81. Aftenposten: Grønt, glitrende, sunt og prektig (17. desember 1987)
  82. NTB: Oslo-gran til London, Reykjavik, Amsterdam og Antwerpen (4. november 1987)
  83. The Independent: Norway's tree gives Israel the needle (12. desember 1993, besøkt 7. desember 2016)
  84. Aftenposten: Juletre fra Norge? No way! (22. oktober 1997)
  85. Aftenposten: Trekker tre (19. mars 2003)