Samiske valkrinsar
samisk valkrins
Valkrinsar
endreFrå og med Sametingsvalet i 2009 er det 7 valkrinsar til det norske sametingsvalet.
- Austre valkrins (Nuortaguovllu válgabiire / Østre valgkrets) femner Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Lebesby og Gamvik kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.
- Ávjovárri valkrins (Ávjovári válgabiire / Ávjovárri valgkrets) femner Karasjok, Kautokeino og Porsanger kommunar. Ni representantar skal veljast frå kretsen.
- Nordre valkrins (Davveguovllu válgabiire / Nordre valgkrets) femner Nordkapp, Måsøy, Kvalsund, Hammerfest, Hasvik, Alta, Loppa, Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.
- Gáisi valkrins (Gáiseguovllu válgabiire / Gáisi valgkrets) femner Kåfjord , Storfjord, Lyngen, Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken, Tranøy og Sørreisa kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.
- Vesthavet valkrins (Viestarmera válggabijrra / Viesttarmeara válgabiire / Vesthavet valgkrets) femner Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad, Kvæfjord, Andøy, Øksnes, Bø, Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes, Narvik, Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Saltdal, Gildeskål, Beiarn og Meløy. Fem representantar skal veljast frå kretsen.
- Sørsamisk valkrins (Åarjel-Saepmie veeljemegievlie / Sørsamisk valgkrets) femner Nordlandskommunane frå og med Rana og Rødøy og sørover, alle kommunane i Nord- og Sør-Trøndelag fylke, Sunndal, Surnadal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Tre representantar skal veljast inn frå kretsen.
- Sør-Noreg valkrins (Lulli-Norgga válgabiire / Sør-Norge valgkrets) femner dei delane av Sør-Noreg som ikkje høyrer til den Sørsamiske valkretsen, det vil seie fylka Møre og Romsdal utom Sunndal, Surnadal og Rindal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus, Oslo, Østfold, Oppland og Hedmark utom Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar. Fire representantar skal veljast frå kretsen.
Valkrinsar 1989-2005
endreVed vala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005 vart det vald inn tre medlemmer frå kvar av desse valkretsane:
- Várjjat/Varanger (kommunane Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø og Båtsfjord)
- Deatnu - Tana (kommunane Tana, Berlevåg og Gamvik)
- Kárášjohka - Karasjok (Karasjok kommune)
- Guovdageindnu - Kautokeino (Kautokeino kommune)
- Porsáŋgu - Porsanger (kommunane (Porsanger, Lebesby, Nordkapp og Måsøy)
- Áltá/Fálesnuorri - Alta/Kvalsund (kommunane Kvalsund, Hammerfest, Alta, Hasvik og Loppa)
- Davvi-Romsa - Nord-Troms (kommunane Kvænangen, Nordreisa, Skjervøy, Kåfjord, Storfjord og Lyngen)
- Gaska-Romsa - Midt-Troms (kommunane Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken og Tranøy)
- Lulli-Romsa - Sør-Troms (Sørreisa, Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad, Bjarkøy og Kvæfjord)
- Davvi Nordlánda - Nordre Nordland (kommunane Andøy, Øksnes, Bø, Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes og Narvik)
- Gaska Nordlánda - Midtre Nordland (kommunane Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Skjerstad, Saltdal, Gildeskål, Beiarn, og Meløy)
- Lullisámeguovlu - Sørsameområdet (kommunane i Nordland fylke frå og med Rana og Rødøy og sørover, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag og Engerdal kommune i Hedmark)
- Lulli-Norga - Sør-Noreg (fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold, Akershus, Østfold, Oppland, Hedmark (bortsett frå Engerdal kommune) og Oslo)