Wikipedia:Dugnad denne månaden/2013

Arkiv

Dugnad nett no:

Mal:Dugnad april 2024

Januar endre

Språk til Språkåret
Målsetjing: 365 gode språkartiklar!
Gjeremål:  
  • Opprett nye artiklar om språk slik at me har 365 artiklar på mal:einskildspråkartiklar
  • Sjå over artiklane me har (i malen eller Kategori:Einskildspråk) og legg til det som manglar av infoboks, litteratur, døme eller anna.
  • Kategorisere artiklar som er godt skrivne, og som har bilete, under kategorien "mogeleg framsideartikkel".
Tips:  
Undervegs: Nokre artiklar om store språk er vel små: Fransk, spansk, italiensk
Oppsummering: 31. januar hadde me 365 artiklar i einskildspråk.


Gode kvinneartiklar
Målsetjing: Å gjera noko med underrepresentasjonen av kvinner på Nynorsk Wikipedia.

Me treng fleire og meir omfattande artiklar om kvinner. Desse bør også gjerast synlege med lenkjer og omtale i andre artiklar.

Gjeremål:  
  • Identifiser manglar gjennom å leita fram eller laga oversyn over kvinner gjennom historia.
  • Kvar datoartikkel bør ha minst ei kvinne under Fødde og Døde. Dette bør så langt det går også gjerast med årsartiklane.
Tips:  

Dette er ei liste over noverande kvinnelege stats- og regjeringsoverhovud:

Joyce Banda, Alenka Bratušek, Denise Bronzetti, Laura Chinchilla, Julia Gillard, Dalia Grybauskaitė, Atifete Jahjaga, Cristina Fernández de Kirchner, Doris Leuthard, Angela Merkel, Park Geun-hye, Kamla Persad-Bissessar, Dilma Rousseff, Portia Simpson-Miller, Yingluck Shinawatra, Jóhanna Sigurðardóttir, Ellen Johnson Sirleaf, Simonetta Sommaruga, Helle Thorning-Schmidt, Hasina Wazed, Eveline Widmer-Schlumpf (frå en:List of elected or appointed female heads of government og en:List of elected or appointed female heads of state)

Undervegs:  

Nye kvinneartiklar i dugnadstida


Oppsummering: Me fekk 55 nye artiklar om kvinner og ein kvinnerelatert artikkel i dugnadsperioden, og gjorde dermed litt til å retta opp kvinneunderskotet. Mange ulike brukarar bidrog, anten direkte som del i dugnaden eller gjennom eigne prosjekt. Det blei gjort innhogg på felt der me har lite stoff, til dømes eldre tysk litteratur, noverande politikarar og personar frå mellomalderen og renessansen. Takk til alle som var med!


Forslag 1 endre

Sidan me har få gode artiklar om kvinner på Nynorsk Wikipedia, og mars er ein slags kvinnemånad, kunne det kanskje vera eit mål å få fleire og betre slike? Som ei fortsetjing frå føre månad er det til dømes framleis ei rekkje kvinnelege forfattarar som burde vera betre dekka. --Ranveig (diskusjon) 1. mars 2013 kl. 12:01 (CET)[svar]

Veldig fint om vi hadde hatt fleire slike artiklar som er på nivå med Halldis Moren Vesaas, til dømes på:
Men det er litt imponerande at me allereie hadde artiklar om alle desse...
~ Hogne (diskusjon) 1. mars 2013 kl. 15:10 (CET)[svar]
Ja, nokon har gjort eit godt grunnarbeid! --Ranveig (diskusjon) 3. mars 2013 kl. 16:24 (CET)[svar]
Eg synest òg dette er ein god idé. Og me treng vel ikkje berre begrensa oss til kvinnelege forfattarar heller? Idrettskvinner, politikarar, artistar.. Det er mykje å ta av! HallvardLid (diskusjon) 3. mars 2013 kl. 17:46 (CET)[svar]

Oktober endre

Stortingsrepresentantar 2013-2017
Målsetjing: Oppdatert artikkel om alle noverande stortingsrepresentantar og utfyllande artikkel om alle statsrådar.
Gjeremål: Opprett artiklar om dei stortingsrepresentantane me ikkje har artiklar om eller oppdater dei artiklane me allereie har.
Tips: Wikipedia på bokmål har artiklar om dei noverande stortingsrepresentantane som kan omsetjast. Sjå Liste over stortingsrepresentanter 2013–2017.
Undervegs:  


Forslag til dugnad endre

Kva med ein politikardugnad for oktober? Det manglar om lag 50 artiklar om våre nye folkevalde. Eg går ut i frå at statsrådane blir kunngjorte i løpet av månaden, og då bør me ha ein artikkel om kvar av dei også... HallvardLid (diskusjon) 30. september 2013 kl. 22:46 (CEST)[svar]

Godt forslag! Eg stiller meg bak. --Fredrik (diskusjon) 30. september 2013 kl. 22:56 (CEST)[svar]
Flott, eg har byrja eit reisverk. Legg gjerne til dei som manglar/treng litt omsut. --Ranveig (diskusjon) 1. oktober 2013 kl. 11:10 (CEST)[svar]


November endre

Opprydding og språkvask
Målsetjing: Gå gjennom artiklar som treng opprydding og/eller språkvask.
Gjeremål:  
  • Rett feil og manglar i artiklar som treng opprydding
  • Ta gjerne ut tekst som er for dårleg språkleg eller fagleg
  • Finn kjelder der dette mangler. Set gjerne inn eit {{manglar kjelder}}-merke om slikt manglar.
  • Fjern merka for opprydding og/eller språkvask når oppryddinga er gjennomført
Tips:  
Undervegs: Ved byrjinga av dugnaden har me 170 artiklar i oppryddingskategorien og 198 til språkvask. Rundt 1 347 artiklar manglar kjelder.
Oppsummering: Kategori:Opprydding har no 457 artiklar.

Kategori:Språkvask har no 411 artiklar.
Det er 2 312 artiklar som manglar kjelder.