Opningsseremonien for sommar-OL 2008 blei halden på Beijing National Stadium i Beijing. Seremonien tok til klokka 20:00 lokal tid (UTC +8) 8. august2008. Talet 8 er i kinesisk kultur knytt til lykke og tryggleik. Arrangørane hevdar at stadion var fullsatt med 91 000 tilskodarar.
Seremonien blei regissert av den kinesiske filmskaparen Zhang Yimou saman med dei kinesiske koreografane Zhang Jigang og Chen Yeiya. Seremonien fokuserte i stor grad på gamal kinesisk kultur og var svært kreativt utført. Dette var fyrste gongen ein brukte vêrmoderasjonsteknologi for å forhindre regn. Den olympiske turnaren Li Ning sprang den aller siste etappen av fakkelstafetten og såg ut til å springe gjennom lufta langs toppringen av stadion med fakkelen. Opningsseremonien varte over fire timar og har truleg kosta meir enn 100 millionar amerikanske dollar (om lag 600 millionar norske kroner). Både tilskodarar og internasjonal presse skrytte over seremonien som var svært spektakulær. Meir enn 15 000 personar opptredde under seremonien.
Fyrverkeriet bestod av 29 000 enkeltelement, som blei avfyrte frå meir enn 1 800 forskjellige stader i Beijing. Det trulege talet på fjernsynssjåarar var minst ein milliard. 204 land marsjerte inn, medan meir enn åtti politiske leiarar og kongelege var til stades.
Statsoverhovud og kongelege som var til stades under opninga av Sommar-OL 2008