Opna hovudmenyen

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1987

Noregsmeisterskapen i fotball for herrar 1987 vart vunnen av Bryne etter at dei slo Brann 1-0 etter ekstraomgangar i cupfinalen. Vinnarmålet vart skåra av Kolbjørn Ekker i første ekstraomgang.

82. NM i fotball for menn
Sesong1987
TittelforsvararTromsø
Finaledato25. oktober
VinnarBryne (1. tittel)
FinalistBrann
SemifinalistarRosenborg og Ham-Kam
FinaleresultatBryne - Brann 1-0 eeo
ArenaUllevaal Stadion
FinaledommarKjell Nordby
Tilskodarar23.080
1986
1988

Innhaldsliste

1. rundeEndra

   

2. rundeEndra

   

3. rundeEndra

   

4. rundeEndra

 

KvartfinalarEndra

SemifinalarEndra

FinaleEndra

Bryne vart noregsmeister etter at dei vann over Brann med 1-0. Målskårar for Bryne var Kolbjørn Ekker som skåra i det 104 minutt i første ekstraomgang. 23 080 tilskodarar såg kampen på Ullevaal Stadion. Dette var det første NM i historia for Bryne. Det var Bjarne Berntsen som førte Bryne til seier mot Brann. Før kampen uttalte han: «Eg håpar det beste laget vinn... over Brann!» Kjell Nordby frå Rygge var dommar.

Brynes vinnarlag: Lars Gaute Bø, Kolbjørn Ekker, Bjørn Gulden, Leif Rune Salte, Roar Pedersen, Hugo Hansen, Tor Fosse, Paal Fjeldstad, Arne Larsen Økland, Børre Meinseth, Jan Madsen. Geir Giljarhus kom inn for Gulden i det 100. minutt og Paul Folkvord for Madsne i det 115. minutt.

Branns lag: Bjarni Sigurðsson, Hans Brandtun, Per Egil Ahlsen, Jan Halvor Halvorsen, Redouane Drici, Erik Solér, Arne Møller, Lars Moldestad, Odd Johnsen, Halvor Storskogen og Trond Nordeide. Knut Arild Løberg vart bytta inn og Moldestad ut i det 64. minutt, medan Per Hilmar Nybø spelte ekstraomgangane i staden for Drici.

KjelderEndra