Aurgjelding
- Denne artikkelen handlar om målføret aurgjelding. For folk frå Aure, sjå Aurgjeldingar.
Aurgjelding (særleg bruka i ubunden form) eller aurgjeldsdialekt (særleg bruka i bunden form) er målføret som vert tala frå Ertvågsøya og austover i Aure kommune på Nordmøre og er ein variant av nordmøring. (For dialekten på Tustna sjå tustning.) Målføret varierer noko frå stad til stad. Som mange andre stader i landet er mange gamle ord og uttrykk i ferd med å koma bort. Men framleis er det eit tydeleg skilje mellom den nordaustlege luten Stemshaug og Vinjefjorden og den sørvestlege luten Ertvågsøya. Målføret i Aure sentrum er om lag midt i mellom desse og er det som er mest påverka utanfrå. Skiljet mellom gamle og unge aurgjeldingar er òg tydeleg.
Aurgjeldsdialekten liknar på hemnværing og fosenmåla med desse draga:
- Adjektiv på -leg endar på -li (tustning: -le)
- Personlege pronomen har æ-uttale: æ, mæ, dæ (valsøyfjording ɛ, mɛ, dɛ; tustning: e, me, de)
- Nektingsadverbet er oftast itj i Stemshaug (som i Hemne og på Hitra) og varierer mellom ikkje/ittje og itt elles. Tustning og valsøyfjording har normalt berre ikkje.
Aurgjeldsdialekten liknar på andre nordmørsmål med desse draga:
- Det er monoftongering av ei til ɛ og øy til ö i stavingsinnlyd (hemnværing ɛi, öy). I store delar av området er au diftongert til ʌ i stavingsinnlyd, men dette er meir variabelt gjennomført, og det manglar heilt i nordaust.
Aurgjeldsdialekten liknar på både ytre nordmørsmål (Valsøyfjorden, Smøla, Averøya, Eide, delvis Tustna, Frei og Gjemnes) og hemnværing med at historisk rð blir uttala som tjukk l.
Døme på aurgjelding
endre- För e tin va d vanli at fåłk rodd hell jikk nå dæm skuiłł iɲkvaiɲstan. D va dåli væga, så på sommara va d vanli å ro. Mæn på vintra va d manggång at d låg is iɲɲpå fjołå, å da löt dæmm ga. Vesst d va sny jikk dæm på sji, mænn vesst d va bærfråsst löt dæm ga på fotå, å d kunn varra strabasiøst vesst dæm ha stor böł, å d ha dæm myttjigått.
Ordtilfang
endreSpesielle bokstavar: ë: mellomting av e og æ, som i ëne (einer), ł: tjukk l, ɲ: nj, som i hoɲɲ (hund), ö: mellomting av a og ø, som i öre (aure)
- aiłł-bestandi-væg adj. ‘alltid’, bruka i staden for 'ałłvæg' når ein er lei av noko, døme: 'æ hełł på å bi lei tå sa råttja så e ałłbetandivær uttpå vitjen'
- aiłł-me-sæ adj. 'berre så vidt'
- aiłłvæg adj. ‘alltid’
- aiɲɲa subst. 'pusten', døme: 'å dra aiɲɲa'
- aiɲbłessiɲ adj. 'andpusten'
- aiɲsan/aiɲsa adj. 'til å ta omsyn til'; mest nytta i nektande form: 'han e ittje aɲsain'
- ałterert adj. ‘forkava/oppskjørta’
- aparta adj. 'noko for seg sjølv/uvanleg', frå fransk «à part»
- arbei prost verb ‘å gjera unyttig arbeid’
- armast verb 'plundra'
- atthåł adj. 'bakglatt', om ski
- attikåmmiɲ/attikåmma adj. 'komen på etterskot', eller 'glømsk'
- attlysiɲɲa subst. 'grålysinga'
- attåbak prep. 'attover'
- attåtsłæfft adj. 'svanger', om krøtter
- Aur namn 'Aure' (Stemshaug/Aure sentrum)
- avbakłe adj. ‘trasig/vanskeleg’, døme: 'dæm bodd nå så avbakłe te å'
- bakels subst. 'vafler'
- bakelspræst ‘subst. ‘prest som hovudsakleg rek gardtales for å drikke kaffi og et bakels’
- balber verb 'barbera'
- baiłł subst. 'ball'
- baiłłfët subst. 'ballfeitt'
- bałłstyring 'svanger 'ustyrleg/rebelsk fyr'
- bałłstyrin/ballstyra adj. 'vill/oppskjørta'
- bandiger adj. 'svanger'
- banått adj. 'svanger'
- barhane subst. 'kongle'
- bask subst. 'dyktig kvinnfolk, som får unna arbeidet'
- bełłivołiɲ/bellivoła/bellivołe adj. 'rimeleg', døme: æ skull ha hafft ei bellivola stortrøy
- bënkłevve adj. 'lett å få til'; ofte nytta i nektande form, døme: 'd va ittje så bënkłevve'
- besætt adj. 'mykje'/så overlag'
- bett verb 'strikka', døme: 'ho sett å bett håsså'
- błankskjærmhuv subst. ‘skipperhuve’
- błara ør verb uttrykk, døme: 'han blara ittje ør': ingen reaksjon
- błavåtta subst. 'ullvottar, utan fingrar'
- błessiɲ adj. 'gra, om småfe', døme: 'bottjen e błessiɲ'
- błålåppin adj. 'frosen, slik at fingrane blånar'
- błåsar subst. 'ein som er truande til litt av kvart', døme: 'han e nå mær så en błåsar'
- błåstae subst. 'tungt føre, på grunn av at det har rægna i nysnø'
- bokje adj. 'halvrått/halvtört', døme: 'han e sköydd, så hesjån e bokjn inda'
- bół subst. 1) 'bord' (fjøl), 2) 'bord' (ståve-/kjøkenbord), 3) ‘den vertikale avstanden frå kanten av koppen ned til drykken’
- bółrævvå subst. 'revne i bord i båt'
- borti stör å vedje adj. 'aldeles tullete', døme: 'fårsłaje hass va borti stör å vedje'
- botvon subst. 'von om at noko kan vølast'
- brók subst. 1) 'bukse', frå gamalnorsk: 'brók', 2) 'kraftig tøystykke under buken på krøttera når dei vart heisa om bord i dampen'
- brókgrei subst. 'bukseselar'
- breddame subst. 'attmed', døme: 'han slo mjøtja breddame spaɲɲå'
- brekkeł adj. 'i vegen for', døme: 'vægarbeie kom e brekkel fær slottonna'
- breɲɲhætt subst. 'brennesle'
- brókkjile subst. ‘gylf'
- bróksjöłv subst. 'det at ein er så redd at ein skjelv i buksa'
- brutuł subst. 'stor kraftig fyr'
- bruttulje subst. ‘lite overtenkt handling’, døme: 'han ha vel fårre me ei bruttulje no egæn'
- brøstveå subst. 'halsbrand'
- brynstronk subst. 'brynstokk/behaldar for å ha brynet i når ein slo med ljå'
- bråttagamp/bryttjagamp subst. 'hardbar/hardhendt fyr, som brukar meir krefter enn naudsynt'
- bunning subst. 'strikketøy'
- buɲɲingstekk subst. 'strikkepinne'
- busseronk subst. 'arbeidsjakke, vanlegvis av dongeri'
- bustinn adj. 'om vêret', døme: 'butinn e vêra'
- byssjlag subst. 'yttergong, der ein set av seg skorne', døme: 'skonnan står utti bysjlaja'
- bæłje verb ‘hyla/belja’
- bøł subst. 'børe', døme: 'han ha stor bøł'
- bøłtre subst. 'børtre'
- børnskap subst. 'utstyr', døme: 'du må vel vøł børnskapen för du fer på sjyn'
- børtɲ verb 'byrte', å skuva opp/ned veiken i lampa, så ho skein passeleg og ikkje osa, døme: 'kan du børtɲ lampå?'
- bøssmar subst. 'bismar'
- bækkre subst. 'vêr' (hansau)
- bæmmeł verb 'å drikka mykje og fort av noko', døme: 'han bæmła ti sæ ei heł mugg me sjör'
- bæssta subst. 'sting', døme: 'han skull ått dåktra fer å fjærn bæstain'
- bærsel subst. 'jammer/syting'
- bætta subst. ‘ëjt storvołe głæfs me oppstabla meddagsmat, helst fłatbrø oppå å puɲɲi, me siłł (hełł fesk) å pottet emyłłå’
- daiłłriɲ adj. 'i dårleg form'
- dekkeł subst. ‘lealaus pynt’
- dekkełdaiłł subst. ‘mildt skejllsord', ofte sagt til ungar
- deł verb 'sikla'
- deɲɲe verb ‘å gje nokon juling', døme: 'æ får veł ta å deɲɲgje tråłłpaɲtjen’
- depił subst. 'rest', døme: 'det e att ën depił tå rørån, mæn antaggli fær lite ått inda ei paiɲɲkak'
- dérme adj. 'nesten', døme: 'd va derme atn ha rodd-efrå dæm'
- dessn adj. 'disig' (mest nytta i Stemshaug)
- dol subst. 'svak lykt'
- dommering subst. 'ståk/styr'
- dragsjul subst. 'ein som dreg meg med seg verktøy og andre remediar, men ikkje legg det på plass etterpå'
- drakster adj. 'plunder', døme: 'd e ëjt drakster me sa kunnå'
- dra-ti-sæ verb 'hissa seg opp'
- dræktig adj. 1) 'dræktig ku', 2) 'dræktig båt' (båt me stor lasteevne)
- drubbin/drubba/drubbe adj. ‘i meste laget’, døme: 'd va drubbe langt'
- drył verb 'å kasta/sparka/senda iveg'
- dræve subst. 'kjeften', døme: 'kłappatt dræve!'
- dråkuɲɲe/dråk subst. 'jente'
- durabli/durabel adj. 'mykje/til gangs'
- dussebang adj. ‘i ruskete form’ (til dømes ved forkjøling)
- dvarsk adj. 'slapp/uopplagt'
- dyɲɲblöt adj. 'søkkblaut'
- dæmmeł verb 'fylla ei bøtte i ein gruɲɲ kulp, ved å legga ho forsiktig på sida og/eller bruka bøtta som ause'
- døkti adj. 1) 'flink', 2) 'rikeleg', døme: 'han la iɲɲå døkti me skrå'
- é subst. 'ærfugl'
- e æftas 'i gårkveld'
- ełing subst. 'byge'
- ełłei adj. 'opphald mellom bygene'
- ełt-att verb 'lata det vera litt att, døme: 'ełt att ën par baiłła'
- ënast-me subst. ‘å verta alvorleg’ (når det går opp for ein at noko er alvorleg)
- ënkarre subst. ‘einer’
- esjiɲ/esja/esje adj. 'tam/likar folk', om dyr, døme: 'kåpplamme va esje'
- ëterpong subst. 'sinnatagg'
- fahłast verb ‘mislukkast’, døme: 'd fahłast'
- fałafus adj. 'reisefeber', når ein kvidde seg for å reisa bort, eller er spent på turen
- fałau adj. 'i god form, og i stand til å fara', døme: 'fresk å fałau'
- fampin/fampa/fampe adj. 'ufanslig på grunn av mykje klede', døme: 'd e fampe me all sa kłeå'
- faɲtstræk subst. 'ugagn/prette'
- faɲtsyl subst. 'ein som gjer fantsreker'
- faɲtutlægg subst. 'ein måte å legga ut småbåtar på'
- faɲtått adj. 'om ein som gjer fantstræker'
- farra nållessn verb 'fara uvettig', døme: 'no må du ikkje farra nallessn'
- farsk/farskstör subst. 'upåliteleg person'
- faskstræk subst. 'ugangs-strek', døme: 'dæm joł farkstrækå'
- farskått adj. 'trollått'
- fełiɲ subst. 'å verta redd', døme: 'han drog fełin ått sæ'
- ferána adj. ‘forundra’
- ferboł verb 'å festa ting, slik at dei ikkje bles bort'
- fergæłeadj. 'for gale'
- ferkjila adj. 'forhasta/forkava'
- ferlekt adj. 'forlikte'
- ferteraɲɲes adj. 'irriterande'
- fernønn adj. 'bra', døme: 'd va fernønn atn vart oppjøs'
- ferstår-sæ verb 'slik er det', døme: 'ja d ferstår sæ'
- fertvart adj. 'vanskeleg/på tverke/sta', døme: 'd va nå fertvart at kua skułł kalv me vi va på buttittja'
- fesjiɲ/fesja/fesje adj. 'om redskap som fangar fisk'. døme: 'nydårja va fesja'
- fët subst. 1) 'feitt', 2) ‘feite i ball’
- fjæłg sæ verb 'å fli seg', døme: 'han fjæłga sæ ått hæłjen'
- fłatkak subst. 'ei flat kake steikt på omnsplata'
- fłettjesiłł/fłakksiłł subst. 'flekt sild'
- fłekkings verb 'lægg te flekkings': 'å legga på sprang'
- fłite fingarn sin verb 'å jærra dåli arbeid, slik at ein får dårleg rykte'
- fłöt subst. 'fløyte'
- fłöt verb 1) 'fort' (frå gamalnorsk «fljot»), døme: 'klokka flöta' (klokka går for fort), 2) 'fløyta' (laga lyd)
- frakk adj. ‘bra’ (mest nytta i nektande form), døme: 'han va ikkje frakk'
- frakkar adj. 'betre', døme: 'å ho e nå frakkar nymærra læł'
- framfusing subst. ‘ein som er om seg og tek seg til rette
- frammi-di adj. 'hørt det før', døme: 'æ truł æ ha vårre frammi di för'
- fritt-fersætt adj. ‘å gjera noko, som vert oppfatta som negativt, med vilje’
- frøsinn/frøsa adj. 'snarsint og i dårlig humør'
- fråstnavvar subst. 'ein sløv [navar]], nytta for å halda varmen under fiske
- fråsæfårrinn/fråsæfårra adj. 'forkava'
- fyrau adj. ‘fyrug/kraftig’
- fytiɲadj. 'såpass vind at det vart sjørokk'
- færjekaffe subst. 'traktakaffe som har stått og putra ei god stund, slik at han er beisk'; namnet kjem av at denne type kaffe ofte vart servert på fergjer der det var lite trafikk, slik at kafféen kunne verta gamal før han vart seld
- færrsæ adj. 'frampå for å skaffa seg fordelar'
- förvækkå subst. 'forrige veke'
- førreti tal '40'
- førstje/førstjeuɲɲe subst. 'jente'
- fåhe subst. 'problem/hending med uheldig utfall'
- gabarinkapp subst. 'kappe av gabarin'
- gaffe subst. 'tåpe/ein som er gaffåt'
- gaffåt adj. ‘å oppføra seg dumt eller tåpeleg', frå fransk 'faire un gaffe' (gjera noko dumt)
- gałe subst. 'gjerde'
- gallurre subst. ‘luring/flåkjeft’
- gammełsjy subst. 'roligare sjø etter at eit uver har lagt seg'
- gapått adj. ‘å oppføra seg dumt eller tåpeleg'
- gapstrækkå subst. ‘ugagnsstreker’
- gapstör subst. ‘ein som oppfører seg gapåt/tåpeleg’
- ga-te verb 'å dau', helst bruka om krøtter
- ga tå sæ skonnaiɲɲ verb 'å satsa for stort (ta seg vatn over hovudet)'
- gauder subst. ‘luring eller flåkjeft’
- głaning subst. ‘andlet’, 'døme: midt i głaninga'
- głeiɲɲ subst. ‘opning i skogen’
- głir verb ‘å gjær głir tå’ (å driva ap med, men som oftast på tull)
- głire adj. 'motlys', når ein ser mot sola til dømes
- głirstör subst. 'ein som gjer glir'
- głohopp subst. 'anna ord for «flatkak»'
- glohærsk adj. 'huga på', døme: ho va glohærsk ærre læver å rågn'
- głor ætte adj. 'huga på', døme: 'ho e alldeles glor ætte færskfesk'
- głyiɲɲ adj. 'glyinn e auå': å sjå dårlig ut i augo, til dømes når ein er sjuk
- głæffsinn adj. ‘snarsint og oppfarande’
- głåm verb ‘å glo', døme: 'han sto nå der å glåma’
- głåmskåp subst. 'egentleg eit apparat for å sjå på bilete, men i dag bruka om fjernsyn’
- głåpprægn subst. 'kraftig regn'
- głæfsiɲɲ/głæfsa adj. 'sint og oppfarande'
- gommeł verb ‘gomla’, døme: 'dæmm satt å gommła å åt'
- grakse subst. 'bottenfall i levertynna'
- grei subst. 'seletøy'
- greichå subst. 'morkake, i samband med krøtter'
- griniɲ/grina/grinåt adj. ‘sutren/i dårleg humør'
- grorvåłł/grorhaiłł subst. 'den eigenskapen at sår gror', døme: 'ho har go grorvåłł'
- gruggłiɲɲ adj. ‘i ruskete form’
- gröt subst. ‘graut’
- grötpiɲɲ subst. 'saltmat til graut', døme: 'æ vart så væmmełmaga tå sa gröta, så æ lyt hent litt spittekjøtt te gröypiɲɲ'
- grønsjettåburus adj. 'skjellsord'
- gråł adj. 'havesjuk/lyst på', døme; 1) 'gråł ætte pæng', 2) gråł ætte læver å rogn'
- gråłiɲ/gråła adj. 'ein/ei som er gråł etter noko'
- göł verb 'syngja, men ikkje så fint', døme: 'dæm göla å sång'
- gåɲgjarn subst. 'hengsle'
- gåɲgspærr verb 'gangsperr/stiv i kropp og lemmar; mest i føtene'
- gårp verb ‘rapa’, døme: 'han va antaggli mætt, fær han satt å gårga'
- gåttarågn subst. 'overmoden rogn, som ikkje smakar godt lengre'
- haggułe subst. 'ein spissbur, eller gauder'
- haiłł på verb 'hella mot ei oppfatning', døme: 'han hałła på di han Pe å'
- halvvokstring subst. ‘framvokstring/halvvaksen gut’
- haiɲɲræv subst. 'rekkverk'
- hałt subst. 'hassel '
- hałvfjerrømming subst. båt med tre rom, pluss eit smalt midtrom (melå)'
- halvlottkar subst. 'fiskar med halvlott'
- hammeł verb 'ro attover'
- hammełbainn subst. 'band av vier eller hamp som held årene på plass i kjeipane når ein hamlar'
- hammełrom subst. 'rom der ein sit når ein hamlar'
- hammeltåft subst. 'tofta ein sit på når ein hamlar'
- hams sæ verb 'å retta på hår og kleda'
- haɲɲaleddje subst. 'armar'
- haɲɲbögarom subst. 'albogarom'
- haɲɲåhaft adj. 'opprådd/handlingslamma', døme: 'æ vart mæstå haɲɲåhaft tå så okvass høvła'
- hanskast me adj. 'dragast med'
- harrnisk adj. 'illsint'
- hater subst. 'kløe', døme: 'ho va plaga me hater e vingsterfota'
- hau subst. ‘hovud’
- haue adj. uttykk, døme: 'd va nå haue å d' (når noko er speielt/uvanleg)
- haukråk verb 'å stypa haukråk: å rolla saman lekamen til ein ball og rulla seg nedover bakken'
- haua på adj. 'hå lyst på', døme: 'ho va hauvva på potetkak'
- hautułłiɲɲ/hautułła adj. 'svimmel'
- hav subst. 'bøtte-/grytehandtak'
- havaɲ adj. 'havande', døme: 'd e nå ën havaɲ båt'
- heiłł subst. 'eller/kva med?'
- heittgjort verb 'oppvarma' (om mat)
- hełpå verb 'driva på'
- hełått verb 'høveleg/til pass', døme: 'd kain bære hełått'
- heɲt så høvd adj. 'nevenyttig'
- hæsptre subst. 1) 'hespetre, 2) 'skjellsord om eit rafse kvinnfolk'
- hevviłł subst. 'høvel'
- hi/hin/hett pers. pron. ‘den/det andre i ho-/-han/inkjekjønn’
- hil subst. 'snøre med søkkje og ongel'
- hil verb 'lata søkkja fara til botnen, for så å dra innatt med jamn fart'
- holsar subst. ‘stor og/eller ufansleg' (kan nyttast om ein mannsperson eller om ein ting)
- hoɲɲ subst. 'hund'
- hoɲgrau adj. ‘svolten/hungrig’
- huɲɲer tal 100
- hyjn subst. ‘hjørne’ (mest nytta i Stemshaug)
- hyłłkak subst. 'anna ord for «flatkak»'
- hyttj subst. 'klepp 'eit treskaft med ein stålkrok i enden; reiskap for å lempa fik inn i båten'
- hyv verb 'kast'
- hørsp subst. 'eit oferdrageli kvinnfålk' (skjellsord)
- hørsp verb 'dra/trekkja', døme: 'han hørspa på sæ brótja'
- hök subst. ‘hønsehauk’
- hök verb 'ropa', døme: 'ka dæm står å höka ætte no da?'
- höse subst. ‘ein som finn på og gjer mykje rart’
- høyingvær subst. 'putevar'
- hæsj/hæch subst. ‘hals’
- hæks-ti-sæ verb 'eta fort', døme: 'vi har ta åss tija te å hæks ti åss mat för vi bynna å dra gana'
- hærsk adj. 'harsk'
- hæstsåvva verb ‘dubba av og småsova’ (slik som hestar ofte gjer)
- håklakuł subst. 'ankel'
- håłk subst. 'holke'
- hållstrar adj. 'fyr som fer med/finn på mykje rart'
- håntre subst. 'tåpeleg kvinnfolk'
- hånstör subst. 'tåpeleg fyr'
- hånåt adj. ‘tåpeleg’
- håss/håsså subst. 'strømpe/stømper'
- håssåbaɲɲ subst. 'strømpeband'
- håssålæstå adj. 'utan sko/tøfler', døme: 'ho jikk e håssålæstå'
- håssåsig subst. ‘strømpesig’
- iggełpåłe/iggełpave subst. 'ein som iglar seg innpå andre'
- illhört adj. 'tunghøyrd'
- illhaua adj. 'motvillig'
- illtåłau adj. 'hardfør/tåler mykje ilt utan å klaga'
- ijnhål adj. 1) 'open innvendig', 2) 'svolten'
- jammerdałł subst. 'sytkopp/ein som klagar og jamrar seg'
- jarp subst. 'talatrengt person'
- jessviɲt adj. 'lettvint'
- jep subst. 'grimase', døme: 'han skjær jepå'
- jester subst. 'jær'
- jiggliɲɲ adj. 'litt skavel på sjøen (bår-jiggeł)'
- jiggelværsk subst. 'ustødige saker'
- joł adj. ‘moden', om frukt og bær
- jurhåłłar subst. 'brysthaldar'
- jyn verb å glo, døme: 'han står å jyne'
- jærsæ adj. 'høver bra', døme: 'd jær sæ me na fargå der'
- jøł verb 'gjorda', døme: 'jøł lasset'
- kaffersłag? subst. ‘kva for noko?’
- kakknaå/kakknøå subst. 'brøddeig'
- kaillsnitiɲ/kaillvołiɲg adj. 'kald trekk'
- kanalje subst. 'skøyer'
- kanneflast verb ‘småsloss’
- kanøffel subst. 'skøyer'
- karrakłëɲ adj. 'øksn', om kvinnfålk
- karrarkaiłł subst. 'den fyrste mannen frå ein annan gard som kom inn i stova etter at kvinnfolka hadde teke til å kara ull etter nyttår vart karrarkaiłł til ho som sat og kara'; han skulle då ha ei lita gåve, som til dømes stræmpeband
- karravołiɲ adj. ‘kry’, døme: 'han va bra karravolinn'
- kattskałłe subst. 'tåsk/tomsing', bruka som skjellsord
- kattvask subst. 'snøgg/slurvut vasking'
- kaułɲa verb 'vorten kald', døme: 'no ha vel kaffen kaułna?'
- kaviɲ/kava adj. 'forkava'
- kjeiłł subst. 'jente/kvinne'
- kaviɲ adj. 'ansam/oppkava'
- kjeiɲspak adj. 'lettkjenneleg'
- kjetta verb 'å kila nokon'
- kjettin/kjetta adj. 'kilen'
- kjiɲtaskå subst. 'kusma'
- kjift adj. 'skummelt'
- kjon verb 'fora', døme: 'dæm kjona krøttera me silo'
- kjyɲɲau adj. 'uvanleg kjælen', helst nytta om ungar, døme: 'ho e bra kjyɲɲau'
- kjöłt subst. 'kulde'
- kjørstjiɲ/kjørstja/kjørstje adj. 1) 'treig/tverr/vrang person', 2) 'rar smak i munnen', døme: 'æ vart kjørstiɲ e munna tå sa hæggbern
- kjettiɲ/kjetta/kjettau adj. 'kilen'
- kłakk subst. 'fiskeplass'
- kjøłe adj. 'mykje', døme 1) 'd e kjøłe heitt', 2) 'kjøłe te greiå'
- kłatter-bort verb] 'sløsa bort', døme: 'han klattra-bort pængan sin'
- kledja verb 'klå'
- klægg subst. 1) 'klegg' (insekt), 2) 'sagt på tull til ein kjynnau unge'
- kłeɲhet subst. 'sjukdom'
- kłeɲɲiɲ/kłeɲɲa/kłɲɲe adj. 'utilbørleg venskapleg'
- kłure subst. 'ein fyr som fer med mykje rart', døme: 'han e nå ën kure'
- kłæks subst. 'klyse', døme: 'spøttkłæks'
- kłåpp subst. 'lita bru', døme: 1) 'låvkłåpp', 2) 'bru over ein bekk i marka'
- kłårsjytt adj. 'god sikt nedover i sjøen'
- kłåvvå subst. 'kløft', døme: 'd va ei stor kłåvvå ni bærja'
- knyp subst. 'nype'
- kóp verb] døme: 'han står nå der å kopa'
- kotiɲ adj. 'stappmett'
- krafskjærring subst. 'kjerring som tok i mot ungar når det vanskeleg/uråd å få tak i jordmor
- krest-tu-sæ verb] 'å sleppa or seg noko (muntleg)', døme: 'han kresta tu sæ at lænsmainn va ën otaɲɲe'
- krusægg subst. 'egg av poselen for å legga i [[verpekasse]n til hønene, for at dei skulle verpa betre'
- krute gått verb] 'oveleg bra', døme: 'd va krute gått sakt'
- kryshit subst. 'ein som er stolt utan grund' (meir nedsettande enn «karravołinn»)
- krægdå subst. 'meslingar'
- kråppklën adj. 'sjaber og ilt i kroppen', døme: 'æ vart alldeles kråppklën'
- kułłt verb] 'skrøna, men mindre alvorleg enn å lyga'
- kułłtmakar subst. 'skrønmakar/ein som snakker romsleg'
- kunnaiɲ subst. fleirtal av ku, i staden for 'kjyrn'
- kuriɲ adj. 'i pjuskut form'
- kusjitrus/kurus subst. 'kuruke'
- kvil dulin verb] 'kvila middag'
- kvitsømmer subst. 'hvitsymre'
- kvæssti verb] 'heva stemmen kraftig', døme: 'han kvæsstti skikkeli åttnå'
- kåbbkłys subst. 'manet'
- kålsvært subst. 'svarttrost'
- kåłłkårra verb 'velta'
- kåłtiɲ adj. 'om konsistens på fisk'; om ein tinar frosenfisk i varmvatn vert han kåłtin
- kånnå subst. 'kona'. døme: 'han ha me sæ kånnå'
- kårrabi subst. ‘kålrabi’
- langlætt adj. 'lang i fjeset'
- langsåmmt adj. 'kjedeleg'
- laiɲɲviɲ subst. 'søraustleg vind'
- lappe subst. 'frosk'
- larve adj. 'vanskeleg/dårleg stellt', døme: 1) 'd va larve å få te', 2) 'd va bære larve mennå e går'
- larvsjur subst. 'lurvut kvinnfolk, eller ei som slurvar med arbeidet'
- lët/lëte subst. 'tidspunkt', døme: 1) 'kallas lët kjæm du?, 2) 'd va e meddagslëta'
- ligga-ti-d verb] 'å ha det andsamt'
- lisel subst. 'likeglad'
- likæns adj. 'like'
- links ti verb] 'rista i', døme: 'no må du oppfør dæ, hełł så ska æ kåm å links ti dæ'
- lortpank subst. 'ein som har det med å skitna seg til'
- loktn subst. ‘oppe i lufta’ (berre nytta i bestemt form: 'oppi loktn')
- lommert adj. 'varmt og fuktig vêr'
- lortporsk subst. 'ureinsleg kvinnfolk'
- lygarstör subst. 'ein som lyg'
- löparkjærring subst. 'kjerring som rek gardimellom og slarvar'
- lörv subst. 'fille'
- lörvått adj. 'fillut'
- lösrepa adj. 'utan å bæra med seg noko'
- løin skår adj. 'ujamn skår etter ljåslått'; då hadde slåttakaren «skjemt seg ut»
- læggvatn subst. 'vatn, eller anna væske, for å få håret til å legga seg'
- læmster adj. 'støl i kroppen'
- lætt adj. 'farge', døme: 'kallas lætt e d på kvigåɲ'
- låppkasse subst. 'seng'
- lårmærrå adj. 'gangspærr/krampe i låra'
- malabarisk adj. 'ein/ei som det ikkje nyttar å snakka fornuft til'
- małur subst. 'briflabb'
- marroder adj. 'utsliten/i dårleg form'
- masjon subst. 'konfirmasjon'
- masjonskammerat subst. 'nokon som gjekk for presten samstunde'
- matvaiɲ adj. 'ein som ikkje likar all slags mat'
- megałłe subst. 'mellomgolv'
- meiɲ-sæ verb] 'blanda seg jamt og få rett tjukkleik og konsistens', når ein lagar mat til dømes
- mełbakka subst. 'marbakke'
- melå subst. 'midtrommet (smalt) i ein færing; ikkje alle færingar har eit slikt midtrom, men geitbåtane - som er vanlege i Aure - har det
- menasjeri subst. 'utstyr', døem: 'd e frøkteli te menasjeri du har me dæ'
- messabrent adj. 'svidd', døme: 'kakå vart messabrent'
- moiɲ adj. ‘om vẽret, når det ser ut for at det skal verta ruskevêr'
- moł verb 'å arbeida hardt', døme: 'han moła å breidd mökk'
- moł subst. 'bråk'
- mołjærri adj. 'arbeidssam'
- mołskog subst. 'tettvaksen/uframkommleg skog'
- mułbaɲɲ subst. 'snøre på sekk'
- murrull subst. 'morild'
- myhaɲtje subst. 'mygghank'
- myrułłkjærring subst. 'teårskåmma grå-/kvithåra kjærring'; i samband med bilkjøring tilsvarande hattkaill
- myttigått adj. ‘vanlegvis’
- møssmör subst. 'myssmør'
- möddje subst. ‘torsk’
- möł verb 'maula', døme: 'han satt å möla pålægg'
- möttaråkkå subst. 'ei fjøl med langt skaft, nytta for å skubba bort møkka attom krøtera'
- møsså subst. 'myse'
- møssådaiłł subst. 1) 'dall for myse', 2) skjellsord
- måddje subst. 'torsk' (Stemsugen)
- måłt subst. ‘molte’
- månjøsst adj. 1) 'måneskinn', 2) 'oppstyr', døme: 'finn'en på d så ska d nå bi månjøsst łæł'
- mått subst. 'møll', som gjer skade på klede, møblar og vekster
- måttetiɲ/måtteta/måttete adj. 'skadd av mæll', døme: seɲɲa va måtteta'
- måttkułå subst. 'møllkuler',
- na pron. ‘denne’
- nater adj. 'arbeidssam og uthaldane'
- nau adj. 'nok', døme: 'd e nau no'
- nausje/nösje adj. 'i snauaste laget’
- neafærre adj. 'lei seg/nedstemt'
- nebboł subst. 'nedbør'
- nittje subst. 'feitthinne kring innvollane, som ein tek vare på når ein slaktar'
- nittjefët subst. 'nittje nytta som baiłłfët'
- nons subst. 'ettermiddagsmåltid' (omlag kl. fem)
- nuggeł subst. 'bottenpropp i båt'
- nuggełhåł subst. 'hol i botnen på båt, for å tappa ut sjø og regnvatn'
- nuven subst. 'å ta nven tå: slita ut, setta i beit', døme: 'han tok mæstå nuven tånnå'
- næggeł subst. 'nagle'
- næppełt/næppłe adj. 'i snauaste laget’
- nætau adj. 'sparsom'
- nætt subst. ‘nøtt’
- nötasam/nötasamt adj. 'dyktig/arbeidssam'
- nötau adj. 'nøysam'
- nøing subst. 'nok', ‘ta nøing: byrja å hjelpa’, døme: 'ho leksa opp færrnå tess ho tøkkt d byɲt å ta nøing'
- nåjn pron. 'nokon'
- nållessn adj. 'noko til', døme: 'nållessn te finver'
- nå-så-nere adj. 'omtrentleg'
- oansjitt adv. 'uansett'
- obenau adj. 'vanskeleg å be'
- obsternasi adj. 'stridsam/sjølvrådig'
- obysræv subst. 'ugangkråke'
- ofannsli adj. 'tunvindt/uhanterleg'
- oferlekt adj. 'uvener'
- ofullfat subst. 'storetar/ein som aldrig vert mett'
- oframt adj. 'i tillegg til'
- ofysiɲ/ofysa/ofyse adj. 'ufyseleg', døme: 'han va ofysinn utpå vitjen e dag'
- ohaua adj. 'ikkje lyst til'
- ohæpp sæ verb 'skada seg'
- ohårveli adj. ‘ovleg’
- oł subst. ‘ord’
- ołstekk subst. 'selepinne'
- omsałös verb 'ubekymra'
- omsnakkaɲ adj. mest nytta i nektande form: 'ikkje omsnakkan' (ikkje til å tala om), døme: 'd va słekt spetakkel at d e ittje omsnakkaɲ'
- om-sæ adj. 'frampå for å skaffa seg fordelar'
- ongdiger adj. 'svanger'
- oppfar subst. 'oppflått: krusningar på sjøeoverflata når silda står i overflata'; var eit teikn på at det var bra med sild
- oppi d adj. 'ivrig/oppskaka'
- oppjøs adj. 1) ‘opphaldsver’ 2) ‘oppglødd’ (om ein person), døme: 'han vart oppjøs dun fekk hør d'
- oppskjørta adj. 'forkava’
- oppstaɲɲar subst. 'påle/staur/stolpe'
- oppsternasi adj. 'opprørsk', døme: 'sa halvvokstringan kan varre litt oppsternasi sommti'
- orelin/orela/orele adj. ‘trasig’, ‘vanskeleg’, døme: 'd va ën orełin setervæg'
- osjøttsam adj. 'uforsiktig'
- oskaffna subst. 'dårleg oppførsel'
- ostijn adj. ’om konistens på kokapotet, når poteten ryr sund som ost'
- otaiɲɲe subst. 'ugangskråke'
- oti subst. 'lite høveleg tidspunkt', døme: 'd va nå ei oti å staɲ-opp på'
- ovøłiɲ adj. 'uforsiktig/uryddig', om ein person
- ovætt verb 'besvima'
- oæffiɲ/oæffa/oæffe adj. 'brukbar', døme: 'd va ittje så oæffe ta her'
- pellar subst. 'tablett', døme: 'hå fekk nå pellara me dåktra'
- pelker verb 'plukka på noko'
- pelkerdaiłł subst. 'ein som pelkrar', ofte sagt til ungar som plukkar på ting
- pjusjin/pjuska/pjuskått adj. 'pjusken'
- pornuv subst. 'vriompeis'
- perkarbainn subst. 'gummistrikk/gummipakning for Norgesglas'
- pessferknytt adj. 'ulideli pissatronengt, men utan muligheit for å letta på trykket'
- pikpåsse subst. 'spisspose'
- pinsriå subst. 'ein periode med surt og kaldt vẽr før pinsa'
- poppelkveɲ subst. 'kvinnfolk som pratat mykje'
- pork-ottåɲ subst. 'styggtidleg'
- porsktysk adj. 'uforståelig språk'
- prakkast verb 'plundra'
- prekkełarbei subst. ‘vanskeleg finarbeid’
- pravat subst. 1) 'ugagn', 2) 'ein som gjer ugagn'
- pravat verb 'gjera pravat'
- prætt subst. ‘prette, lita ugangsgjerning utført på skjemt’
- puiɲɲbrók subst. 'underbukse'
- pæssa verb 'kviskra'
- pøɲgeł verb 'plundra', døme: 'ho sett å pøɲgła me ei brok ho ska söm-om'
- pøɲgełarbei subst. 'vanskelig arbeid'
- pøɲgla-båt subst. 'når ein batt fast ein stein, eller eit utrangert juletre, under ein båt vart han vanskeleg/umuleg å ro; dette var ei populær prette som halvvaksne gutungar fann stor hugnad i'
- pøɲgłått adj. 'trasig/vanslkelig'
- pøsj/pøch subst. ‘pølse’
- på hallinn/hallinna adj. 'knapt me tid', døme: 'd va på hałłinn at æ kom mæ me dampen'
- på hæktn adj. 'berre så vidt', døme: 'd va på hæktn at æ skułł ha vårte fer sen ått færjån'
- på læsstå adj. 'villstyri'. døme: 'han va ałłdeles på læstå'
- på rave adj. 'dårleg utført'
- på rusk adj. 'galen'
- påłe subst. 'eigenrådig eller litt spesiell mannsperson', døme: 'd e påłe ja'
- påpanka adj. 'kledd i tjukke tunge klede'
- pårra verb 1) 'pirka i', døme: 'ongain satt å pårra e matn', 2) 'arbeida utan å få gjort noko særleg', døme: 'han sto nå der å pårra'
- pårriɲ adj. om konsistens på fiskmat
- påsmættarsko subst. 'sko som ein berre stikk føterne inn/ned i, som til dømes gamle sko der hekken er bortskåren, eller avskårne støvlar'
- påssarygg subst. 'å bærra på påssarygg': å bæra nokon på ryggen, som oftast ungar
- påte subst. 1) 'flått', 2) 'kjynnau (kjælen) unge'
- påtår subst. 'påfyll'
- raffsin/raffsa/rafse 1) ‘snarsint’, 2) 'ustabilt vêr', døme: 'han e raffsin me vêra'
- raiɲheł adj. 'uten opning', døme: 'snyn ligg raiɲheł oppå marskå'
- rakkeł subst. 'noko vind og bølgjer på sjøen'
- rakkeł verb 'å gå seg ein tur', døme: 'han e ut å rakkła sæ ën tur'
- rakkłe adj. ‘ustødig’
- rakna-me-sæ verb 'vakna/få att medvitet'
- ravarbei subst. 'dårleg utført arbeid'
- ravgæłłe adj. 'alldeles feil'
- ravvadall subst. 'rotkopp'
- ravvełkałł/ravełłkjærring verb 'kall/kvinnfołk som rablar og snakkar'
- reɲfåkk subst. 'snøkave'
- riven-klår verb uttrykk: 'når vinden bles bort skyene'
- rivjarn adj. ‘arbeidssam’, døme: 'ho e ëjt rivjarn te å arbei'
- rognbakels subst. 'vafler laga av restar av rogn (frå fisk), blanda med vaffelrøre'
- rokkeł subst. når det bles litt, døme: 'vindrokkeł'
- rota adj. ‘oppkava å raffsa' (om kvinnfolk)
- rote adj. ‘frykteleg’, døme: d va rote ka'n błas'
- rotinn adj. 1) ‘frykteleg’, døme: 'hainn va rotinn me vẽra uttpå vitjen', 2) 'oppkava å raffsinn' (om mannsperson)
- ruɲlætt adj. 'rund i fjeset'
- røł subst. ‘tullprat/svada’
- røłiɲ adj. 'rotete, om person som snakkar usammanhengande og rotut'
- røss-e-håłł verb døme: 'mjøkja va så skjæmt at æ røss e håłł'
- røvvgłæfs subst. 'revsaks'
- ræmje verb ‘skrika’, døme: 'han ræmja å skrëk'
- råsså subst. 'vindkast'
- sa pron. ‘desse’
- saɲskrå subst. 'lita brun flyndre'
- sarv subst. ‘skrot’
- sekdułi/sektułi adj. 'rolig og forsiktig, og kanskje litt gamaldags'
- sekkełdaiłł subst. 1) 'ein/ei som siklar' (frå munnen), 2) 'ein/ei som siklar etter noko', døme: 'han sekła ætte færsksiłł'
- seɲɲamat subst. 'barselmat'; mat som sambygdingane kom med, for at barselkona skulle sleppa unna matstellet dei fyrste dagane etter fødselen
- sikasn adj. 'på sikasn', om nokon som ligg på det siste
- siladråppe subst. 'nysila mjølk, som enda er varm'
- sipskrå subst. 'kvinnfolk som lett tek til tårane'
- sjaber adj. 'dårleg/sjuk'
- sjellå adv. 'skjeldan'
- sjisje/schiche adj. 'pinleg', døme: 'brotja mi revna da å klev-åver rettjå; å du d va schiche'
- sjy subst. 'sjø'
- sjył subst. 'seterbu'
- sjyværsk/sjykłên subst. 'sjøsjuk'
- sjøłåss/sjøłdåkk/sjøłsæ adj. 'for oss/dykk/seg sjølve'
- sjølpessarbrók subst. 'kvinnfåłkuɲbrók så va åpa e skrava, slik at kjærringan slapp å ha tå sæ brótja nå dæm skull pess; d va vinli nå dæm hełtpå me utarbei, fer me sidt skjørt va d bære å huk sæ ne'
- sjå-ti verb 'venta med/sjå tida an', døme: 'vi får sjå ti, om en bi likar me vẽra'
- skabbernakel subst. 'eit magert kvinnfolk, døme: 'ëjt tynnt skabbernakeł'
- skaffna subst. ‘oppførsel’ (mest nytta i nektande form), døme: 'd va ittje noiɲ skaffna'
- skafte-grainn pron. 'ingen ting', døme: 'han sa ittje d skafte grainn'
- skałłe subst. 1) 'skallen på hovudet', 2) 'ein fyr som finn på mykje rart'
- skamvætt subst. 'vit til å skjemmast', om eit gjekk ut over vanleg folkeskikk
- skapelon adj. ‘utforming’ (om ein båt til dømes)
- skavêr subst. 1) 'uvêr', 2) 'om framfusande skjørtvesen (kvindfolk)'
- skjettikk subst. 'søle'
- skjettå subst. 'magesjau'
- skjettåfarrang subst. 'farang med magesjau'
- skjettårellik subst. 'skjellsord'
- skjör subst. 1) 'surmjølk', 2) 'umoden kjerne i nøtt, som framleis er kvit'
- skjømt adj. 'halvmørkt'
- skjømming subst. 'i halvmørkret om kvelden, når det var for mørkt til å arbeida, men for ljost til å tenna lampa. 'Å hell skjømming': 'å sitja i skjømminga'
- skołtværn subst. ‘hovudplagg’
- skomsveitt adj. 'gjennomsveitt'
- skrythæch subst. 'skrythals'
- skottrae subst. 'småved og rusk som ligg att i skottet'
- skoft verb 'skulka', døme: 'han skofta skułinn e går'
- skoł porskhuse verb 'å skola hovudet i hendene'
- skón verb 'driva dank', døme: 'han går nå der å skona'
- skoppe subst. ‘bille’
- skove subst. 'det som er fastbrendt i gryta'
- skrangłe adj. 'ristete'. døme: 'd e skrangłe før e dag'
- skrakkeł verb 'skratt', døme: 'han skrakkła å fłirt'
- skrangłinn/skrangla adj. 'i dårleg form'
- skravveldaiłł subst. 'ein som pratar mykje'
- skravvelkall/skravvelkjærring subst. 'kall/kvinnfolk som pratar i eit sett'
- skrokkełunne subst. ‘unge som oppfører seg dumt’
- skrokklått adj. ‘dumm/tåpeleg’
- skrommeł subst. ‘unyttig skrap’
- skræpp subst. ‘skreppe/veske’
- skuggreidd adj. 'uredd' (vanlegvis i nektande tyding), døme: 'han va ittje skuggredd' (han var ikkje lett å skrema)
- skułlerar subst. 'lærar'
- skvałłer subst. ‘skvalder/tomt/uinterresant og forstyrrande prat’
- skvappeł subst. 'skvappling av bårer (bårskvappeł)'
- skvættiɲ/skvætta adj. 'redd/nervøs av seg'
- sköydd subst. 'skodde'
- skåkredd/skåksky adj. 'om hest som skvett når han kjem borti skjekerne', døme: 'nymærra va e ørlittegrann skåksky'
- skållåbøtt subst. 'bøtte med matavfall', ofte grismat
- skårriɲ fær tongband adj. 'ein som er god til å prata for seg'
- skvættból subst. 'ein bodgang over ripa, for å hindra at sjøen gjekk inn i båten'
- sładderhank subst. 'ein som sladrar'
- słarkskaffna adj. 'slurv'
- słarskått adj. 'slurvut'
- słarstje adj. 'slark', i eit hjullager til dømes
- słëfft/schłëfft adj. ‘glatt’ (mest nytta om glatt barmark), dæme: 'd e słëfft borti sa skjettittja'
- słokkriɲ/słokkra/slokkre adj. 1) ‘utmagra’, 2) 'tynn/snart tom', døme: 'mjøłsettjen hełł på å bi słokkriɲ'
- słomsinn/słomsa/słomsåt adj. 'unøyaktig', døme: 'han va ën höse te å arbei, mæn han kunn varra litt słomsåt somti'
- słukhæłs subst. ‘slukhals/storetar’
- słuå subst. 'slegel' (for å trøska korn med)
- słåp subst. ‘langvoksen fyr’, døme: 'ën lang słåp'
- słævje verb ‘slevja/slafsa’, døme: 'hoinn słævvja å åt'
- smałła verb ‘bråka’, døme: 'ongainn smałła slik at d va trasi å hør ka ho sa'
- smełł-oł-ti verb 'å ikkje gi lyd frå seg', døme: 'd smałł ittje oł tinnå'
- smere adj. 'for søtt', døme: 'd va smere ta her'
- smötiɲ/smötja adj. 'tilgjord venleg'
- snarra adj. 'tvinna'
- snarragaidj subst. 1) tvinna gadd, 2) 'vriompeis'
- snarrviɲ adj. 'irritabel'
- snarsnytt adj. 'fort gjort'
- snavveł subst. 'godteri'
- snavveł verb 'eta godteri'
- snavvełdall subst. 'ein som likar å snavla godteri'
- sneddiɲ/snedda/snedde adj. 'lettvint/høveleg stor', døme: 'ta der va ei snedda vågn'
- sneppłe/snøppłe adj. 'i minste laget/litt knappt'
- snortiɲ adj. 'fortinn/sint'
- sny subst. ‘snø’
- snybom subst. ‘snø som legg seg på overflata av vatn/sjø’
- snytfiłł subst. ‘lommetørkle’
- snördaiłł subst. 'ein som er snørut'
- snøs subst. 'ein som fer med mykje rart'
- snåssa verb 'romsterera/snusa på ein nysjerring måte', døme: 'ka du fer å snåssa ætte du?' (ofte sagt til undar, når dei leitar etter noko godt, eller interessant)
- snåvva verb 'snåve', døme: 'han fer nå å snåvva å dætt'
- snåvviɲ/snåvva adj. 'ustødig/lett for å detta', døme: 'han ha vårte gammel å snåvviɲ'
- sołe adj. 'ein som finn på/fer med mykje rart'
- sołksam adj. 'om klede som er lett å skitna til'
- sommel-sæ-te verb 'få det gjordt', døme: 'vest han no kunn ha somła sæ te å fått ut gane'
- somliɲ adj. 'ein som somlar'
- sos subst. ‘saus’
- spark-kło subst. 'isbrodd'
- spetje-på verb 'frysa på', døme: 'du ska jærn sjå atn bi så kall atn spetcj på e natt'
- spir subst. 'problem/oppstyr', døme: 'd bi nå spir'
- spisskammers subst. 'matbu'
- spiss ørå subst. 'høyra godt etter, for å få med seg d som vert sagt'
- staup-kuł/staupeł-ełing subst. 'krafti ełing (byge)' (mest nytta i Stemshaug)
- speiiłł subst. ‘spegel’
- spisk adj. 'frisk og opplagt'
- spissbur subst. 'ein som finn på mykje moro'
- spitte-Pe subst. 'kjøttmeis'
- spjełing subst. 'tynn og forsiktig fyr'
- spællfækteri subst. 'spetakkel/lurveleven'
- spøå subst. 'stong', døme: 'kakspøå'
- spøtje adj. 'risikabelt'
- stakkałuɲɲe/stakkał subst. 'gut'
- stakkfałł subst. 'oppbrett på stakk'
- stannarlamp subst. 'lampe beregna på å stå på bordet'
- starviɲ/starva/starve adj. 'starvinn kåst': 'mat som ikkje er god og difor vanskeleg å få i seg', døme: 'd va ën starviɲ kåst'
- stomp subst. ‘stump’, ‘brød’ (før det er skore opp)
- stoms adj. 'brått', døme: 'd kom stoms på'
- stoppliɲ adj. 'stivbeint'
- storframmuɲ subst. 'vitjing av nokon som sjeldan er innom'
- storfæmti subst. 1) 'såjærrasviłt te kvinnfålk', 2) 'stor motorsykkel'
- storhuɲɲer tal '120'
- storkrøk subst. 'å gjera eit storkrøk': vera svært heldig
- storkuling subst. 'storm'
- stormiɲɲesj subst. 'storfolk'
- stor på makt adj. (idomatisk) ‘nytta når ein vert overraska over noko nokon finn på eller gjer’
- stortrøy subst. 'dressjakke'
- strekkatrøy subst. 'kofte
- stritje verb 'bremsa', døme: 'du lyt stritje to vesst d bynna å ga fær fort'
- stronk å stratiɲ adj. 'stram og rank'
- ströp verb 'kvela'
- stötkuł subst. 'ein kraftig eling (byge)'
- stuppułł subst. 'ein som er stivbent både e fotå å e hauvva'
- styraɲ adj. 'ivrig på/etter', døme: 'han va höłt styrainn ætte læver å rågn'
- styrvåł subst. 'rorpinen'
- størtkłën adj. 'alvorleg sjuk'
- suł subst. 'hespe'
- suł verb 'hespe', døme: 'han sula inn dårja'
- surskræpp subst. 'surt/sutrete kvinnfolk'
- svartstiłłå subst. 'blikkstilla'
- svav verb ‘tala om laust og fast’, døme: 'ka du svava om?'
- svinstryt subst. 'skjellsord'
- svøł rangt verb 'å få maten i vrangstrupen'
- svæggå subst. 'tynn kjepp for å slå med', til dømes for å banka klede'
- syɲɲost subst. 'ost laga av spreng mjølk'
- syntjekor adj. 'frå einannan' (om ting), døme: 'du må varra ferskti no så d ittje dætt syntekor'
- sytkråk subst. 'ei som klagar og jamrar seg'
- syå subst. 'meslingar'
- söphau subst. 'tullhau'
- söttje subst. 'lite lodd for å dra fiskeredskap nedover i sjøen'
- sørriɲ adj. 'sytåt'
- sæł fłæsk adj. 'betyr at underkjolen, som er kvit som flesk, er synleg under skjørtkanten'
- søtjo subst. 'myggliknande insekt, som stikk, og med ein klar summande lyd frå vengjene'
- sætt-ti verb 'heva stemmen kraftig', døme: 'ho sætt-ti åttnå'
- sætt-ætte verb 'skjenna/tala til rette'
- sævje adj. 'sakte', døme: 'd jikk sævje'
- såmnau adj. 'trøytt'
- så-nættast adj. 'så vidt'
- såjærrassviłł adj. ‘utruleg’ (i tydinga overraskande), dæme: 'han e såjerrasviłł ja'
- såtta/såtta-tå verb 'sladra/spreia rykte'
- såttabøtt subst. 'sladrehank'
- ta pron. ‘dette’
- talch subst. 'puslete fyr'
- talchått adj. 'ikkje noko særleg tess'
- tainnvarg subst. 'ein som er stor i kjeften'
- tamp verb 'å slita', døme 'vi tampa å rodd'
- tanna verb ‘springa’, døme: 'han tanna å sprang'
- tarramöddje subst. 'raud-brun torsk'
- tattagrei subst. 'brysthaldar'
- taus subst. 'jente (Stemsaug)
- teboł subst. 'oppstyr', døme: 'd va nåkkå te tebołå'
- tedragels subst. 'problem/hending med uheldig utfall'
- teks subst. 'søye'
- te pærs uttrykk: 'skal overvinnast', døme: 'veskjiå ska te pærs'
- te vokstraiɲ uttrykk: 'til å veksa i', døme: 'skonnann e e stöst laja, mæn dæm e te vokstrainn'
- tijort adj. 'svanger'
- tju tal 20
- tjuvraidje subst. 'småtjuv'
- tokkeł verb 'tull', døme: 'no tokła du'
- tokkłåt/tokkła adj. 'tullut/senil'
- tokkełdałł subst. 'tułłkałł'
- tokkełhøn subst. 'tułłkjærring'
- tokkłåt adj. 'forvirra og utanfor’ (ofte nytta i tyinga senil)
- toknast verb 'dragast', døme: 'ho toknast me en snarragaidj te kall'
- tokne subst. 'gjeller' (på fisk)
- tołslått subst. 'toreslått'
- tomrëpa adj. 'utan bør'
- tomtre subst. 'tomme kassar, tønner, o.l.'
- trebrætting subst. 'ein pengesedel som er så stor at han lyt brettast tre gongar for å få han ned i pengboka'
- trełe adj. ‘vanskeleg’, døme: 'ta her va trełe å få te'
- trołłpank subst. 'uskikkeleg fyr'
- trełast verb 'plundra'
- trivvlinar adj. 'trivelegare'
- tryga verb 'gå', døme: 'skulongainn tryga å jikk'
- trygå subst. 'sko'
- trynveå subst. 'rennløtje for å ha rundt trynet på grisen, for å få han ut or bingen når han skal slaktast'
- trynårgel subst. ‘munnspel’
- trøkkert subst. 'dørhandtak'
- trøy subst. 'jakke'
- trøy sæ adj. 'underhalda seg'
- trøå subst. 1) 'fiskarstong', døme: 'bambustrøå', 2) 'pedalar', døme: 'sykkeltrøå'
- trækkspællhåsså subst. 'ëit resultat tå krafti håssåsig'
- trångainɲ adj. døme: 'möttjatrångaiɲ'
- tu adj. ‘or/frå/ut av’)
- tusje/tucche adj. ‘frykteleg’, døme: d va tusje ja'
- tufsiɲ/tufsa/tufse adj. ‘forsterkande ord’, døme: 1) d va tuffse ka'n snya, 2) d va ën tufsiɲ fin båt
- tu-komminn/tu-komma adj. ‘utmagra’
- tullhau adj. ‘tulling’ (skellsord)
- tupp subst. ‘tosk’
- tuv subst. 'tue'
- tuvvå subst. ‘klut for å vaska golv ol. med’
- tværpåłe subst. 'sta og vanskeleg fyr'
- tvårrå subst. 'tvore'
- tyri subst. 'trasig og vanslege folk'
- tyttje adj. 'synast'
- tæg/tæga subst. 'teig'
- törv subst. 'torv
- tös subst. 'jente', døme: 'setertös (budeie)'
- tøłå subst. 'klede og anna som høyrer ein til'
- tør subst. 'tiur'
- tørv subst. 'plikt'
- tå-hëna adj. 'rundare i kantane', døme: 'tå-hëna örjełłing' (aurgjelding som ikkje snakkar skikkeleg aurgjelding lengre)
- tåłł subst. 'furu'
- tåłv tal 12
- tåpe subst. 'tosk'
- tå-rakkła adj. ‘forvirra og utanfor’ (ofte nytta i tydinga senil)
- tåsk-skaffna adj. 'dumheit'
- tåtokła adj. ‘forvirra og utanfor’ (ofte nytta i tyinga senil)
- tåtulla adj. ‘forvirra og utanfor’ (ofte nytta i tyinga senil)
- ugga subst. 'finnar, på fisk'
- uggiɲ/uddiɲ adj. 'føla seg i dårleg form'
- uiɲɲ-hålt adj. 'is med snø oppå'
- uɲɲseli adj. 'sjenert'
- uɲɲsjitt adj. 'sjenert/forsiktig'
- urriger verb 'ordna/styra med noko, som kanskje fører til litt støy', døme: 'ka du urigere me no?'
- urrigering subst. 'styr/ståk', døme: 'det va mytty urigering för vi fekk d te'
- urvin adj. 'trøyt og uopplagt'
- utjort adj. ‘uflaks’, døme: 'd va nå utjord at æ skułł kåmma fer sent ått færjån'
- utboł subst. 'skurk'
- utlée adj. 'så langt uti slekta at ein ikkje reknar det med lengre'
- utliggaɲ verb 'opprådd', døme: 'han vart mæstå utliggaɲ'
- utpågang subst. ‘nattleg friarferd på loftet til den utkåra’
- utpå verb 'å gå utpå', døme: 'd kan varra orele å gå utpå nå låfttråppa knirska'
- ut-tia adj. 'har gytt', døme: 'silla e ut-tia' (silda har gytt)
- ut-varrann adj. 'såpass vêr at det går an å vera ute'
- vabba verb] ‘å gå tungt’, døme: 'hainn gikk å vabba e jupsnya'
- vabbe adj. 'tungt føre'
- vabën subst. 'rull festa på ripa, for å dra snøret over'
- vaddesålekt/vaddelekt adj. ‘var det så likt/slett ikkje’
- vakkelvołe adj. 'lealaust'
- vakrom subst. 'vondt i ledda, ofte på grunn av einsidig arbeid'
- vałe subst. 'varde'
- vałłiɲ/vałłe adj. tungt føre, døme: 'vałłe før'
- vanjtarre subst. 'ein som er matvann'
- varaugt adj. 'drygt å ta av'
- vassdass subst. ‘WC’
- vassgås subst. 'vasslilje'
- vea verb ‘gå i noko som rekk oppetter føtene', døme: 'd va ittje jupar enn at d jikkan å vea'
- veiłłe subst. 'motet', døme: 'ta veiłe tå'
- véiɲ adj. ‘vedaktig’ (om konsistens på til dømes kålrabi)
- vemskåpp subst. 'vims'
- verrå subst. ‘stygg lukt’
- vẽrtu verb 'klårne opp'
- viłłspik subst. 'vill jente'
- viɲögd adj. 'skjelaugd'
- væg subst. 'veg'
- væmmełmaga/væmmłin/væmmła adj. 'uvel i magen/lyst på saltmat'
- væmmłe adj. 'blautt/ekkelt/kvalmt'
- vøł verb 'bry seg med', døme: 'd bi veł hełst ittje vøłt'
- våk subst. 'liten unge'
- yłłöv tal 11
- ækser verb 1) 'eksersera' (i militæret) 2) 'i overført tyding om nokon som likar å kommandera og bestemma', døme: 'ho va frøkteli te å ækser ti kałła sin'
- æłnakka subst. 'almanakk'
- æppełchin subst. 'appelsin'* ödder subst. 'older'
- ætte hainn adj. 'etter kvart'
- Ör namn 'Aure' (Ertvågsøya)
- öre subst. 'aure'
- ørfik subst. 'd å verta klypen i øre'
- örjelling subst. 'aurgjelding'
- ös/öster subst. 'ause'
- øksn adj. ‘brunstig’ (om krøtter)
- øłn adj. 'å halda varmen': 'æ löt slå flotje fær å hell øłn'
- ømse det. 'ymist'
- ømse-om det. 'annankvar gong'
- ørsk subst. 'kvardag'
- ørstoła subst. 'øyro'
- åfattåarbei subst. 'arbeid ein gjer innimyllå'
- åffse subst. 'bråkut framferd', døme: 'han for me ën åffse'
- åffsiɲ/åffsa adj. 'oppkava', døme: 1) han va åffsinn uttpå vitjen e går', 2) 'han va åffsiɲ dan oppdaga at dæm ha narran'
- åfyłłfat subst. 'ein som aldrig vert mett'
- åjø/åjøn subst. 'støy/bråk'
- åkkår adj. 'unnselig/forsiktig'
- åł adj. ‘huga på’, døme: 'hainn va ål ætte måłłt'
- åłder/åłster subst. 'støy/bråk'
- åłet adj. 'altetande'
- åłsveitt adj. 'gjennomsveitt'
- åmaiɲɲa verb 'overmanna/utmanøvrert'
- ångełvar adj. 'skvetten/lettskremt'
- årre subst. ‘orre’
- åsynet subst. 'i andletet', døme: 'han fækk sola mett e åsyne'
- åsynt adj. ‘forundra’
- åteti tal '80'
- åthåł subst. 'hol i isen på grunn av at sola skin på han (helst utpå vårparten)'
- åttdagga subst. 'ei veke'
- åvelag adj. 'bra', døme: 'd vart nå åvelag te finvêr'
- åvelagshët subst. 'storbra'
- åvaboł subst. 'nedbør'
- åvełt adj. ‘åvelt’, døme: 'hainn låg e åvełt borti sofaa'
- åverila adj. 'forhasta'
- åværje subst. 'om ein stokk eller liknande, som vart nytta for å slå eller forsvara seg med', døme 'ho bruka liminn så åværje'
Litteratur
endre- Barlaup, Asbjørn, Melland, Anna Lovisa og Todal, Anders S., Tu Aurgjelda 1998, Årbok for Aure Historielag, Aure Historielag, 1998.
- Grip, Olav, Målet i Aure[daud lenkje], Hovedoppgåve, Universitetet i Oslo, 1945?.
- Jenstad, Tor Erik og Dalen, Arnold, Trønderordboka, Tapir Akademiske Forlag, 2. utg., 2002.