Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1991
Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1991 vart vunnen av Strømsgodset etter at dei slo Rosenborg i cupfinalen. Dette var fjerde gongen Strømsgodset vann ein noregsmeisterskap.
Sesong | 1991 | ||
---|---|---|---|
Tittelforsvarar | Rosenborg | ||
Finaledato | 20. oktober | ||
Vinnar | Strømsgodset (4. tittel) | ||
Finalist | Rosenborg | ||
Semifinalistar | Lillestrøm og Mjøndalen | ||
Finaleresultat | Strømsgodset - Rosenborg 3-2 | ||
Arena | Ullevaal Stadion | ||
Finaledommar | Roy Helge Olsen | ||
Tilskodarar | 27 240 | ||
← 1990
1992 → |
1. runde
endre2. runde
endre
|
|
|
3. runde
endre
|
|
|
4. runde
endre
|
|
Kvartfinalar
endre- Fyllingen – Mjøndalen 2-2, 2-4 e.e.o.
- Lillestrøm – Tromsø 2-1
- Rosenborg – Viking 3-2
- Strømsgodset – Eik-Tønsberg 2-1
Semifinalar
endre- Rosenborg – Lillestrøm 3-1 e.e.o.
- Strømsgodset – Mjøndalen 2-0
Finale
endre Strømsgodset vart noregsmeister etter at dei vann over Rosenborg med 3–2 20. oktober. Målskårarar for Strømsgodset var Odd Johnsen som fekk nettkjenning i det 14. og 28. minutt og Trond Nordeide som skåra i det 70. minutt. For Rosenborg skåra Karl Petter Løken i det 3. minutt og Gøran Sørloth i det 71 minutt.
27 240 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Ullevaal Stadion i Oslo. Dommar var Roy Helge Olsen.
Strømsgodsets vinnarlag:Frode Olsen, Vegard Hansen, Frode Johannessen, Arne Erlandsen, Jan Wendelborg, Glenn Knutsen, Trond Nordeide, Geir Andersen, Halvor Storskogen, Odd Johnsen og Kenneth Nysæther. Innbyttarar Arne Gustavsen og Juro Kuvicek.
Rosenborgs lag: Ola By Rise, Øivind Husby, Bjørn Otto Bragstad, Rune Tangen, Trond Henriksen, Kåre Ingebrigtsen, Stig-Are Enlid, Bent Skammelsrud, Karl Petter Løken, Gøran Sørloth og Roar Strand.
Kjelder
endre- www.rsssf.no
- Aftenposten
- Arvid Eriksen (red). Sportsboken 91-92. Verdens Gang. ISBN 82-90773-05-6.