Vår Frelsers gravlund

(Omdirigert frå Vår Frelsers Gravlund)

Vår Frelsers gravlund er ein gravlund i bydel St. Hanshaugen i Oslo sentrum, mellom gatene Ullevålsveien, Akersbakken og Akersveien. Mange kjende nordmenn er gravlagde på denne gravlunden, dels i ein særskild æreslund, dels i andre seksjonar.

Vår Frelsers gravlund

Kart
Vår Frelsers gravlund
59°55′16″N 10°44′42″E / 59.920994444444°N 10.745069444444°E / 59.920994444444; 10.745069444444
Frå den sørlege seksjonen av gravlunden.
Foto: Chris Nyborg

Historie endre

 
Det gamle gravkapellet på gravlunden er no Vår Frelsers ortodokse kirke, kyrkjelydkyrkja for Hellige Olga menighet, som er Den russisk-ortodokse kyrkja (Moskvapatriarkatet) sin fyrste kyrkjelyd i Noreg i moderne tid, skipa i 1996. Kyrkja har tilkomst frå Akersveien.
Foto: Chris Nyborg

Gravlunden vart teken i bruk sommaren 1808. Den fyrste som vart gravlagd der var Anna Lange Thulesius, ei enke etter ein prest i Den norske kyrkja. I 1864 kom kapellet på plass. Det har vorte forandra ei rekkje gonger. Ettersom det er svært få nye gravferder på gravlunden har det vorte overdregen til den ortodokse kyrkjelyden heilage Olga, som har konsekrert den som Vår Frelsers ortodokse kirke.

I 1903 vart gravlunden teken i bruk som æresgravlund. Den fyrste som vart lagt der var målaren Hans Gude. Nokre få år etter, i 1911, var gravlunden full, og det vart berre oppretta nye gravstader der festet hadde gått ut. I 1952 slutta ein heilt å opprette nye graver, men det var framleis mogleg å bruke familiegraver der det var plass. I seinare år har ein slutta å ta imot kistegravfreder på grunn av at leirgrunnen er lite eigna for slike, og det er dermed berre mogleg med urnenedsetjingar. Frå og med 2006 var det mogleg å få oppretta nye gravstader for urner. Den siste grava som vart oppretta i æresgravlunden er Borghild Hammerich si frå 1981, og planen er at det ikkje skal kome til nye, men at den skal takast vare på som eit kulturhistorisk minne.

Ein del av gravene vart endra på 1950-talet ved at ein fjerna steinrammer for å gjere vedlikehaldet enklare. Ein finn likevel ein rekkje monumentale gravminne der, mange av dei familiegraver som har vore brukt i fleire generasjonar. Over 4500 av gravminna er verdige til å verte tekne vare på, og vert difor ikkje fjerna sjølv om festetida går ut. Det er ikkje tillate å erstatte nokre av gravminna, inkludert dei som i seg sjølv ikkje er verdige til å takast vare på, med moderne monument, ettersom ein ynskjer å ta vare på særpreget for heile gravlunden.

Den katolske kyrkja har hatt ei nær tilknyting til gravlunden, ettersom den ligg rett ved sidan av det tidlegare katolske sjukehuset Vår Frues hospital og svært nær Oslo katolske bispedømme sine kontor, bustader og domkyrkje. Det er ein eigna gravstad for katolske prestar, og eit område for St. Josephssystrene. Ingen av desse har vore brukte etter at ein slutta å tillate kistegravferder.

På den austre delen av gravlunden står eit lite klokketårn. I motsetnad til det mange trur har dette aldri vorte brukt ved gravferder; det vart brukt til å ringe ved byrjinga og slutten av arbeidstida i den perioden då det var mange tilsette som stelte gravlunden.

Personar som kviler på Vår Frelsers gravlund endre

 
Grava til Bjørnstjerne Bjørnson og kona Karoline.
Foto: Domenico Erdmann / Riksarkivaren
 
Familiegrava til Henrik Ibsen.
Foto: Hedning
 
Rikard Nordraak (1842–1866) si grav. Nordraak døydde i Berlin og leivningane vart overført til Vår Frelsers gravlund i 1925.[1]
Foto: Dagny
 
Johan Sverdrup sitt gravminne med byste av Gustav Lærum.[2]
Foto: A-S. Ofrim
 
Skodespelarane Laura og Sigvard Gundersen.
Foto: GAD
For meir om dette emnet, sjå Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund.

Lista nedanfor er eit utval kjende personar som er gravlagde på Vår Frelsers gravlund. Det er ikkje meint å vere ei uttømmande liste over dei mange tusen som er gravlagde der gjennom tidene.

I æreslunden endre

Den vestre delen endre

Den sørlege delen endre

 
Gina Krog si grav.
Foto: Chris Nyborg
 
Ivar Aasen si grav.
Foto: Chris Nyborg

Den austre delen endre

 
Familiegrava til Camilla Collett og Peter Jonas Collett.
Foto: Chris Nyborg
 
Henrik Wergeland si grav. Gravminnet er ei gåve frå europeiske jødar og vart avduka 17. juni 1849.
Foto: Chris Nyborg

Den nordre delen endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Finn Benestad. «Rikard Nordraak». Norsk biografisk leksikon. Henta 4. april 2016. 
  2. Per Fuglum. «Johan Sverdrup». Norsk biografisk leksikon. Henta 4. april 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vår Frelsers gravlund